
Høyr her:
Første ”annleissak”
Utvida skjenkeløyve i Stordalen Avstemming 13 ja - 2 nei(KrF)
(V og Sp stilte berre med ein repr kvar – difor ikkje 17 stemmer)
Andre ”annleissak”
Forslag frå KrF om vidareføring av ”Stjernestunderprosjektet” innanfor pleie og omsorg.
Avstemming 2 ja (KrF) 13 nei
Tredje "annleissak"
Bruk av landbruksareal til bustader og sentrumsutvikling på Matre:
Ikkje avsteming, men KrF kjente seg nokså åleine om å vektleggja vern om dyrka mark på Store-Matre.
(Sp hadde forlete møtet)
Korleis kjennes det å vera litt motstraums?
Eigentleg ok når ein er trygg på det ein står for.
Korleis kjennes det å tapa?
Surt – når ein har tru på at det ein står for ikkje er så dumt.
Men slik er politikken, og på fotballkalenderen til fotballspelarane i heimen i ei forgangen tid, sto det ofte ”Tap og vinn med same sinn"
Ikkje så dumt, men eg innrømmer at nokre saker er surare og litt meir uventa å tapa enn andre.
Men to stemmer er jo alt for lite.......
Så stjernestunder prosjektet skal ikkje fortsetja?? Det er jo forferdeleg trist. Stjernestunder er jo kvalitet og omsorg på høgt nivå...Stå kari - du gjer ein kjempejobb. Forstår godt at du er frustert.
SvarSlett- det betyr ikkje at tanken bak prosjektet er borte, den vert vidareført, og midlane vi fekk inn som ekstra midlar til eldreomsorg i budsjettet ligg der. Vi hadde likevel ønskt at det kunne jobbast meir konsentrert med utvikling av kvalitet og innhald i eldreomsorga, og ville gjerne at prosjektet kunne blitt vidareført eit år til slik sluttrapporten for prosjektet uttrykte som eit ønskje.
SvarSlett