lørdag 23. februar 2008

+ 15 !!

Kanskje vil dei i Meland smila litt av oss i Masfjorden som jublar over ein folkevekst på 15 i 2007. I Meland er talet på veksten 217, så skilnaden er ganske så stor! Aksnes'en i Strilen skriv at det er ein "liten folkevekst" i Masfjorden, og det har han jo for så vidt rett i, men han har også rett når han skriv at "Masfjorden kan gleda seg over" denne veksten. Det gjer vi! Det er tilflytting som står for veksten, fødselstalet (15) klarar ikkje å vega opp for dødstalet(19).

Vi ønskjer både tilflytting og høgare fødselstal, vi har plass til mange og vi har forventning til at den medvitne satsinga og positive tonen som er i kommunen vår no vil gje oss nye positive tal i tida framover.

tirsdag 19. februar 2008

Bygdeutvikling

Så er bygdeutviklingsprosjekta på Sandnes og Hosteland i gang også. På Matre har arbeidet pågått ei stund, og planen kjem til planutval og kommunestyre i vår. På Hosteland har gruppa hatt sitt første møte melder avisa Nordhordland , og på Sandnes blir det invitert til bygdemøte på Kafeen tirsdag 4. mars.
Kvifor gjer vi dette? Er det noko vits i eit slikt arbeid? Kan vi bli einige? Kan vi jobba godt saman og trekkja same veg?? Det trur eg. Eg trur ikkje vi vert einige om alt, og eg lovar eg at eg og KrF kjem til å kjempa for det vi meiner er god utvikling for bygdene våre. Men eg trur vi kjem til å koma vidare, at noko kjem til å skje etter dette arbeidet, og det eg håpar mest av alt er at bygdene vert attraktive å bu i, at folketalet aukar og at ny næring vert etablert.
Kommune og politikarar og konsulentar skal ikkje "trekkja ting nedover øyrene" på folk, men eg håpar vi kan lytta og leggja tilrette for det som finn gjenklang hjå oss som bur her.
Det vert spanande å sjå kva som kjem fram på bygdemøte på Sandnes, eg håpar bygdefolket kjem, og at ideane vert formidla.

torsdag 14. februar 2008

Trist

Eg hatar fliret som mange har hatt rundt munnen dei siste dagane, fliret til kommentatorar, politikarar og pressefolk. Det ser ut for at dei kosar seg - kosar seg fordi det har gått gale for ein ny og uerfaren statsråd.
Det er trist det som har skjedd, trist for statsråden, trist for statsministeren og trist at tilliten til sentrale politikarar vert svekka. Men det er menneske det handlar om, ufullkomne mennske som vurderar feil, ser for kort og vert til mat for svoltne pressegribbar, kommentatorar og opposisjonspolitikarar. Pressa og opposisjonen må gjera jobben sin, men eg toler ikkje fliret dei får rundt munnen samstundes som dei med alvorlege rynker mellom augo forkynner kor gale dette er...
Sjølvsagt måtte statsråden gå, vi kan ikkje ha tillit til henne lenger etter det som har kome fram, men det er eit underleg spel, og eg likar det ikkje.
Eg er politisk svært så ueinig med statsråden, i morgon skulle ho vel eigentleg lagt fram ei kjønnsnøytral ekteskapslov. Det er også trist. Ekteskap mellom mann og kvinne skal ikkje lenger ha ei særstilling i Norge, og vi anar ikkje konsekvensen av det. Men regjeringa har bestemt seg, og dei køyrer på utan konsekvensanalyser av kva det får å sei når ein forkasta den naturlege ramma rundt barnet sin oppvekst, saman med mor og far. Manuella Osmundsen får ikkje leggja fram den lova, kanskje er ikkje det det verste for henne nett i kveld. Den personlege tragedien for statsråden vonar eg ho får hjelp til å takla og det kjem nok ein ny statsråd på plass ganske snart. Det triste med det er at det diverre ikkje blir ein ny barne- og familiepolitikk av skiftet, men fortsatt ein politikk der dei vaksne sine behov går framfor barnet sin rett til ein far og ei mor.

onsdag 6. februar 2008

Brunost

Brunosten er eit herleg norsk femomen - brunkokt mjølk til fast form som gjev pålegg til uttallege skiver i norske magar. Sjølv ei lita norsk jente i Thailand, som eg ofte lengar etter, ønskjer seg brunost når det kjem norgesbesøk.

Masfjorden har sin eigen "Brunost" Neppe laga av berre mjølk, sjølv om det var den første føda for desse karane også. Vårt lokale band har vunne seg plass til Ungdomens Kulturmønstring til våren, og eg heiar på dei. Synes det er så flott at dei har glede av musikken sin, og at dei når vidare med den. Dei er nok eit bevis på at den lokale kulturskulen utviklar og gjev ungdomen eit musikkalsk grunnlag dei kan byggja vidare på. Kjekt å registrera at dei utviklar sin eigen stil, og opplever glede ved å formidla frå ein scene. Flotte karar som eg ønskjer lukke til.

Karane heiter Kåre Andre Hjartholm (gitar), Arild Haugsvær (gitar/song), Øystein Bolset Strand (bass) og Torgeir Andvik (slagverk).

PS- eg skulle gjerne visst korleis brunostnamnet har hamna på denne gruppa - har det med nistepakka til ein annan gitarist i nærmiløet å gjera? Har du svaret hadde eg likt om du la det på ein kommentar.

søndag 3. februar 2008

Change

Change er det store ordet for tida - i alle høve i Amerika. I den amerikanske valkampen snakkar alle om "Change!" Eg veit ikkje så mykje om kva som skal endrast, men eg har lært ordet, og det er for så vidt bra for kvar nytt engelsk ord eg lærer - skulle så absolutt ha kunna mykje engelsk nett no, kanskje må eg la ei spanande utfordring gå frå meg fordi eg ikkje kan nok engelske ord... Slik er det å vera gamal dame oppvaksen i ei anna tid....
Men det var ikkje det eg skulle skriva om, eg ville skriva nokre ord om politikarar som lover å forandra, og politikarar som forandra det dei sa dei ikkje skulle forandra. Er ikkje det litt rart? Lurar på om Senterpartiet føler det slik no. Eg har ingen trong til å harselera over dei, eg reknar dei som mine vener, og eg veit at mitt parti kan ha opplevd liknande... Det er nesten som eg får lyst å sitera Skrifta der det fritt oversett står - "det gode som eg vil gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil det gjer eg.." Kanskje litt uerbødig sagt, men denne bloggen min er ikkje så kjempeseriøs. Ikkje alltid så lett å vera politikar...
Det eg tenkjer på er Posten! Nedlegging av Posten, og det er ikkje berre på dei små stadane lenger er det "time for Change" lenger, nei også på store stader som Knarvik, Kleppestø, Nordheimsund, Bømlo osv. Nettutgåvene til lokalavisene hadde same overskrifta i går : Posten vert lagt ned, og 650 arbeidsplassar i distrikta går tapt.

"Det vi i Senterpartiet ikke kan forstå, er at omstillinger skal gjøres på en slik måte at det alltid er distriktene som taper, sa Åslaug Haga i Stortinget i 2003" Kanskje forstår ho det betre no når det er Liv Signe som som fremjar forslaget. Det er visst tid for Change - ikkje berre i Amerika!