torsdag 24. desember 2009

God Jul

" Her kjem me Jesus, dine små
og vil til deg i stallen gå
Send oss ditt ljos i hjarta inn
så vegen fram til deg me finn"
God Jul
Eg set her heime på julaftan og kjenner meg så glad
Alt eg treng har eg
Dei fleste av mine er heime
dei andre kjem etter kvart
Vi har det så godt
eg er så heldig!
Du vesle barn i krubba
som er så viktig for meg:
Takk for at du kom og vart ein av oss
Takk for håpet
Takk for meining midt i ei meiningslaus verd
Julebildet eg fann
viser meg at du er for alle
Må mange finna deg!
No luktar det pinnekjøt frå grytene mine
i stallen din var det sauer
Snart skal eg gå på badet og ta på med julekjolen min
eg vil pynta meg til festen vår for deg - vi har fest her heime i kveld, vi her langt i nord, i kalde vinterlandet
Snart kjem presten min heim og ungdomane mine inn frå luftetur i den vakkre vinteren vår
Då har vi det fint!
Eg trur du er her i Masfjorden også, du vesle barn
som gjev dine så djup ein fred
I morgon skal vi feira deg i kyrkja vår på Sandnes
Du skal få vakker musikk, vi kjem til å tilbe deg og lytta til Ordet ditt, og gje vår gåve til riket ditt!
PS! Du vesle barn - sjå til alle som ikkje har det så godt som eg i kveld
dei einsame
dei sørgjande
dei som frys
dei som er redde
- og - ver hjå borna i kveld du vesle barn
lat dei kjenna den trygg julegleda.

tirsdag 22. desember 2009

Gratulerer Eldbjørg

4. søndag i advent, i samband med gudstenesta i Granneheimen, fekk Eldbjørg Mjanger Frivilligprisen for 2009. Det var veldig kjekt og vel fortent. I mange tiår har Eldbjørg samla born til søndagsskule og barneforening. Dette har vore ei oppgåve som har "lagt på" Eldbjørg som eit ansvar, og framleis samlar ho borna på Kvingo til barneforening. I tillegg til dette er Eldbjørg engasjert i Elvikstranda fråhaldslag, og indre og ytre misjon. Mange eldre har oppgjennom åre blitt glad når Eldbjørg kjem innom eller når ho tilbyr skyss til ulike arrangement i bygda. Det er slike menneske friviligprisen er til for, og eg gratulerer Eldbjørg s hjarteleg!
Bilete frå Nordhordland.

mandag 14. desember 2009

Himmel på jord ?

Det er snart jul, eg kjenner det. Møteaktiviteten er avtakande, og meir og meir blir tankar og handlingar konsentrert om det å feira jul. Eg gler meg! Julekonserten i gårkveld i Sandneskyrkja gav meg den forsmaken eg trong. Takk til alle som deltok, og Jo og Marte si tolking av "Himmel på jord" vil eg seint gløyma. Tusen takk!!

Himmel på jord blir det neppe denne jula heller, men lengten og draumen etter fred på jord, fred med seg sjølv, og fred i dei nære relasjonane vert sterke i denne tida. Eg vonar vi i alle høve får eit glimt av himmel på jord denne jula.
(bilete http://www.amdam-art.no/amdam/bilder.htm)
Elles er eg glad for at ein stri møteperiode snart tar ferie. Denne hausten har vore krevjande, ikkje minst i NMS-samanheng. Store endringar i organisasjonen er vedtatt i landsstyret, og på laurdag vart misjonærbarnrapporten lagt fram i Oslo. Det var sterkt å møta over 300 misjonærbarn i alle aldrar, og det vart veldig rett at både NMS og NLM sto fram og beklaga manglande omsorg for misjonærborna. No går vi inn i ei viktig oppfylgingstid.
Misjonsarbeidet er prega av idealisme, visjonar og kall. Foreldreoppgåva står over alt, dette er slått fast gjennom denne erkjenninga.

På heimebane har eg fått vera ordførar dei siste vekene. Det har vore meiningsfylte veker og eg opplever sterkt å høyra til mellom folket her i "fjorden". Kommunestyret sist veke med budsjett og mange saker gjekk overraskande godt, sett med fungerande ordførar sine auge. Så godt som samrøystes på alle punkt i budsjettet er flott, og gode politiske debattar vart gjennomført.

Eg undrar meg av og til over alt eg har fått ansvar for, og eg ber om at eg må gjera jobben på ein truverdig og rett måte. Det er sjølvsagt eit alt for stort ønskje.
Himmel på jord? Neppe, men vi har alle vårt ansvar. Dette kjenner eg på i kveld....