søndag 20. februar 2011

Veke 7

Sola skin over gule bøar og grøne grantre. Det er vakkert og eg skal snart ut! Medan eg ventar på at sola skal få litt større radius set eg her og tenkjer - tenkjer på veka som ligg bak - tenkjer på engasjementa mine og det eg har brukt tida på.
Oppsummering i stikkorda - glede, engasjement, takk, sorg!
Glede over møte med mange dyktige og engasjerte KrF-arar. Er det nokon som trur at KrF berre er Inger Lise, Dagfinn og Knut Arild? Sjølvsagt er dei KrF, dyktige som dei er alle tre, men KrF er så mykje meir - det er hundrevis av engasjerte menneske i by og bygd som brukar timar, veker og år på sitt politiske engasjement, og som "gløder" sjølv i ei vanskeleg tid. Det er til oppmuntring å vera saman med dei.
Så er det Vandrehallproblematikken som har engasjert. Du verden - at det går an å skapa problem av at ei dyktig talefør ung dame talar statsministeren rett i mot! Eg er imponert! Kva er eigentleg problemet? Kven har talerett i dette samfunnet? Debatten omkring dette møtet er ikkje verdig samfunnet vårt, og saka det gjeld er alvorleg, svært alvorleg. Ønskjer vi verkeleg eit sorteringssamfunn i Norge?
Torsdag hadde eg NMS-dag i Stavanger. Fleire nyttige møte med medarbeidarar og styre. At rekneskapstala er gode i høve til budsjett er gledeleg. Vi lyt venta til alle tala er på plass, men at vi har nådd inntektsmålet vårt på 86.6 mill er fantastisk og samarbeidspartar, misjonsfolket og tilsette fortener stor takk. Ei gladmelding på NMS sin heimeside denne veka gjorde meg ekstra glad. Les! Det nyttar det vi arbeider med!
Det verkeleg tunge denne veka var å fylgja ei ung mor heime på Sandnes til grava på fredag. Dette har lagt bak alt denne veka. Mange spørsmål melder seg, desse spørsmåla får eg ikkje svar på før alle bokrullar blir opna og det som er skjult kjem fram i dagen!

søndag 13. februar 2011

Rare morsdagstankar

Eg set på mor sin kjøkkenstolplass med ein kopp kaffi og eit nesten perfekt kokt egg. Søndagsfrukost åleine i dag. Og med solstrålane kom det nokre rare Karitankar, men ikkje rarare enn at eg deler.

Eg kom på at det er morsdag i dag, og her set ei mor til fem og et frukost åleine. Men tru meg, det er faktisk heilt ok. Eg veit eg har ei sovande dotter på lemmen som har sine planar for dagen, eg veit at eg har ein son i Thailand som sjølvsagt ikkje kan vera her på morsdag, og eg veit eg har ein som som feirer andre mødre i Kragerø i dag, og det synes eg er flott! Det var difor ingen såre morsdagstankar som kom. Men den rare tanken som kom var denne: Feirer dei morsdag i himmelen?

Eg skulle gjerne visst litt meir i dag om korleis dei to som eg berre fekk fire morsdagar med, har det i dag. Fekk kjensle av at dei feirer morsdag! Desse flotte gutane som skulle vore 33 og 37 år, og som skulle vore her og vore opptatt med det same som dei andre! Skulle hatt familie, arbeid og alt det som 30-åringar fyller livet med. Kanskje hadde dei vore på andre kanten av landet, eller andre sida av jorda dei også? eller kanskje i eit hus nede på Haugane? eller kanskje?
Mine morsdagstankar går til dei på ein spesiell måte i dag. Eg når dei ikkje på Skype , men eg likar nett no å tenkja at dei feirer morsdag i himmelen, og at dei har bedt han som styrer sola at han sender nokre strålar inn på kjøkkenbordet til mamma som så mange gonger stelte dei nettopp innan for dette kjøkkenvindauga.
Eg synes det var ei fin morsdagstankegåve eg fekk, og eg takkar Gud for alle fem! Eg er ei rik mor!

Og, opp i mine eigne filosoferande morsdagstankar er hjarta mitt fylt av sorg og medkjensle. Eg tenkjer på dei tre borna heime på Sandnes som ikkje får feira morsdag i dag fordi det skjedde noko ueldeleg trist på fredag. Mine tankar går til Ole, Sara og Johannes som så heilt uventa mista si gode mor, og Bjarte som har mist kona si.
Når eg tenkjer på det, ja då er det rett at sola nett no har blitt gøymt av gråe skyer. Det er så meiningslaust og trist!