fredag 30. september 2011

Lilla lyngblomst

Det har vore ein fantastisk septemberdag! Nydeleg temperatur og ei disig sol som sendte varme haustfargar inn på netthinna. Eg har hatt heimekontordag, og avslutta dagen med ein tur innover bygda, mot kyrkja på Seim.
I dag var det rette dagen til å planta lilla lyng på gravene. Det var dagen der eg kunne vandra stille på kyrkjegarden, lesa namn, ruska vekk slappe lobelia og avblomstra fuksia, og setja ned frisk, fin lilla lyng.
Då eg var jente hadde vi ingen graver å stella i familen vår. I dag har eg stelt seks. To barnegraver, to foreldregraver og to besteforeldregraver. Alle seks var "mine graver", det står Sørheim og Skår på dei. Tap, sorg, vemod, takk og kjensle av å høyra til vart omslutta av haustsola sine avdempa, gyldne fargar i dag.

Livet er vakkert og underleg - døden er uungåeleg.
I Skrifta finn vi ord om det meste. I dag tenkjer eg på dette:
"alt som hender under himmelen, har si tid,
ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp"
Slik er det berre!
Kva gjer sorga og tapet med oss? Eg kan ikkje svara kort på det. Tida lækjer ikkje alle sår, men tida og livet mildnar tapet og aukar håpet! Det kan eg takka for!

onsdag 28. september 2011

Kvinneskjebner

Eg las ein kommentar av Petter Stordalen i går, og denne kommentaren førte til at eg vart mykje i Etiopia i tankane resten av dagen.
Tankane  gjekk m.a. til  ei oppleving på ein kafè i Vest-Etiopia der vi hadde oss ein rast på veg frå Begi til Addis. Det var ein utruleg stank på den kafèen, og sjølv om det var ein utekafè var det svært ubehageleg. Lukta var av sterk, sterk urin, og det kom frå ei gruppe unge kvinner som ganske fort forsvant inn i ein minibuss. Det var ingen tvil - dette var kvinner som lei av fistulaproblematikk. Med det same dei hadde gått, kom personalet og fjerna stolar og bord dei hadde brukt. Det var ei trist oppleving.
Petter Stordalen hadde også møtt slike kvinner, og kommentaren eg las i går var denne "Når kvinner jeg møter sier at de heller vil dø enn å leve videre med fistula, så gjør det noe med deg."
Over 9000 kvinner i Etiopia blir kvart år i samband med fødslar, ramma av fistula. Livet deira blir totalt endra. Mange blir utstøtte frå familiane sine, og langt frå alle får hjelp.
Så tenkjer eg tilbake på samtalen vi hadde i legebustaden ved sjukehuset i Aira, der legen og helsepersonell fortalde både hjarteskjerande og rørande historiar frå kvinner med fistula sine liv. Eg klarar ikkje skriva om det verste eg høyrde. Mest inntrykk gjorde det kanskje likevel å høyra om den unge mannen som så gjerne ville gje kona si hjelp, som fekk henne til sjukehuset, og som sat ved senga hennar kvar dag og ikkje veik frå hennar side. Godt var det også å høyra om, og møta kvinner som hadde fått hjelp, og som endå til kunne få born igjen etter operasjon.
NMS sitt kvinnearbeid i Etiopia gjev hjelp til slike kvinner, og er ein viktig del av vårt arbeid. Både medisinsk hjelp med dei aktuelle problema, men også hjelp til eit mest mulig menneskeverdig liv for dei som ikkje har fått hjelp. F.eks det å kunna ha ein buss dei kan køyra til sjukehus, og anna praktisk utstyr til hygiene. Å utdanna jordmødre og betra fødselshjelpa er grunnleggjande viktig for at talet på skader skal gå ned. Det er ikkje unge kvinner verdig å ha det slik! Eg skjønar Stordalen, det gjer noko med ein - eg har også sett og møtt - og det er ikkje lett å gløyma. Vil du vita meir, og vil du hjelpa kan du sjekka her.

lørdag 24. september 2011

Tap og vinn med same sinn

"Tap og vinn med same sinn" sto det ofte på kamplistene til borna på den tida då yttergangen var full av småstein, og lukta av sure fotballsko var det som møtte nasa då vi kom inn. Trenarane ville med denne setninga fortelja sine håpefulle spelarar at det viktigaste ikkje var å vinna, men å gjera sitt beste og å ha det kjekt! Eigentleg litt rart at vi forventa at borna skal ta alt med "same sinn", når dei ser kor blodig alvor det er på den vaksne banehalvdelen.
I desse dagar pøver mange politikarar å leva etter same regelen. Som for fotballspelaren, så er ikkje dette enkelt for politikarar heller. Har ein ambisjonar og sterk motivasjon, er resutatet viktig både for små og store. Vinn vi - taper vi - vil det bli stang inn eller stang ut - har ein skote langt over mål, eller taper ein rett og slett på eit straffespark?
Valnatta kan vera både god og dramtisk, og politikk byggjer på tillit, tillit frå veljarane!
Når valnatta er over startar kampen om posisjonar, og fordeling av verv. Ombodsverv!! Då blir det ein ny kamp som set krav til ryddig spel.
Eg har opplevd ein del slike rundar opp gjennom åra, og møtt mange både vinnarar og taparar. Personleg har eg opplevd spel som førte til stang ut, og eg veit at det kan kjennast krevjande å etterleva mottoet på kampplanen, "tap og vinn med same sinn".
Vi blir glade og litt "høge" når det er klart at vi vinn, og vi blir skuffa og går ein tur i kjellaren når vi taper. Det er naturleg, fullt lovleg og menneskeleg! Difor skal ingen kritiserast for å visa glede over siger eller at ein blir skuffa over tap! Skulle berre mangla, vi er menneske sjølv om vi er politikarar. Eg vil gjerne møta den som klarar å møta vinning og tap med same sinn!
Min vesle refleksjon skal avsluttast med å ønskja alle nyvalde politikarar til lukke med den plassen de har fått på ombodsbana. Det er eit privilegium, og eit stort ansvar å vera ombodskvinner og menn. Eg veit at de alle, om enn med nokså ulik politisk ståstad, ønskjer det beste for innbyggjarane i kommune og fylke.
PS - for første gong på 24 år seier eg "de"om politikarar - det vart litt rart det...

onsdag 21. september 2011

Kveldstankar i storbystøyen

I kveld set eg  på eit hotellrom i Dronningens gate i Oslo. Med vindauga litt på gløtt kjem det mange framande lydar inn. Trafikk, høge stemmer, larm og udefinerbare storbylydar. Eg set her og filisoferar over kor annleis desse lydane er enn dei lydane eg til vanleg bur mellom. Det er stor skilnad, og eg veit kva eg likar best, og er heilt sikker på kvar eg høyrer heime! Bymenneske har eg aldri vore, og det er liten grunn til å tru at eg skal endra meg mykje på det området.
Her i denne støyen, i dette mylderet av lydar, kjem det fram eit bilete av nokre menneske eg passerte ned i gata her litt tidlegare i dag. 20-30 slitne menneske eg møtte i Skippergata. Politi og vektarar var rundt dei på forsiktig avstand. Openlyst delte dei flaske og klemmar. Eg vil tru at dei delte andre ting også, ting som ikkje høyrer dagen til. Det gjer vondt langt inn i meg å sjå desse menneska, unge og litt eldre. Dei ser så slitne ut, og dei ser så gode ut. Eg tenkjer på smilet eg fekk frå ein av dei - på katten som vart leidd i band av ein annan. Det vitnar om omsorg, omtanke og godleik. Dei skulle ikkje ha det slik desse menneska, tenkjer eg. Ingen skulle gå slitne i Skippergata!
Eg tenkjer på at ein gong var dei alle slike små, nydelege og tillitsfulle born som den vesle bestemorsguten som eg har fått leika med i dag, har fått hatt på fanget og lese for, og som eg fekk pussa tennene til og ta pysjen på, før eg gjekk hit. Så nydeleg og tillitsfull!
Kvifor fører livet så mange til Skippergata?
Det er sikkert mange svar på det, og ingen av dei er enkle og eintydige. Likevel så veit vi at mange born ikkje har det så godt som vesleguten min. Vi vaksne taklar ikkje alltid livet, og vi kan koma til å svikta sjølv dei vi elskar aller mest. Eg vil tru at det var mange fedre og mødre blant dei eg møtte i Skippargata i dag, og eg veit at dei elskar borna sine dei også!
Det er lite eg kan gjera med dette i kveld, men eg seier: Kjære Gud sjå til dei rus-slitne borna dine på gata i storbyen i kveld! Sjå til borna deira også! Gjev oss evne og vilje til å hjelpa dei som ønskjer hjelp! Lat velferdssamfunnet bli einige om å prioritera rusomsorg. Amen!

søndag 11. september 2011

Kantarell

Eg har tusla i skogen i dag. Funne store fine kantarellar. Dei har så fin farge - ein lysande varm gulfarge - og eg er ikkje i tvil, den kan eg plukka! Faktisk den einaste eg er heilt trygg på å plukka, der eg går inn i skogen åleine. Eg tar meg sjølv i at eg smiler når eg finn ein lysande "klase" av sorten, og spontant kjem det eit halvhøgt JA!
Tankane flyg så fritt inni skogen. Eg tenkjer på mine, dei små eg gjerne skulle hatt i handa med på denne turen, på dei store som eg veit tenkjer på sitt! Eg tenkjer på misjonen, på kyrkja, på politikk og alle dei spente kandidatane "mine" den siste lange søndagen før eit val. Eg tenkjer på sauer og hjort, på far, på middagen, på Gud, på vatnet som renn og renn, på hausten, ja endå til på jul!
Men kantarellen sin flotte farge og assosiasjonane den gav meg, dominerte i dag. Fargen var til forveksling lik på fargen som dominerer alle dei tusen brosjyrene eg har hatt i handa dei siste vekene, - og på plakatane, - og på annonsene (eg har stressa med). Den varme fine gulfargen likar eg! Det er faktisk berre den eg kjenner meg heilt trygg på i morgon. Kvifor? Fordi den set menneskeverdet i sentrum! Også det aller svakaste livet! Difor er eg trygg på valet mitt!

mandag 5. september 2011

Skrivetørke

Det har blitt lite med blogging i det siste. Lesarane mine har registrert det, og eg må jo vera ærleg å tilstå at det har gjort godt for egoet mitt at somme har gitt uttrykk for at dei saknar oppdatering. Eg lovar, det kjem!
Eg har forstått at stor forfattarar og skribentar av og til kan bli ramma av dei dei kallar skrivetørke. Om det er det eg er råka av kan eg ikkje svara sikkert på. Eg vil vel helst tru at det er sesongarbeidet i min bransje som fortrengjer skrivegleda og legg den i dvale for ei tid. Det er hektisk for ein  partisekretær i desse dagar.
Men, når eg først er her så må eg få sei - alle treng ikkje stemma på dei store som er i vinden, må eg berre få be om at du klikkar deg inn her. Godt val.