torsdag 24. november 2016

Kor lenge?

Kor lenge kan vår dyktige statsminister leva med ein statsråd som rir på den populistiske bylgja?
Kor lenge kan ho finna seg i retorikken som utspinn seg i innvandrings- og inkluderingsministeren sine spor og på facebooksida hennar?
Er det ei regjering verdig å ha ein statsåd som uttrykkjer at "hele verden kan ikke komme til Norge!"? Kven er det ev som skulle meina det? Det er då heilt villeiande og utanfor alle realitetar! Og korleis kan ei regjering leva med at ei av dei som sit rundt Kongens bord kallar meiningsmotstandarar for "hylekoret"? Eller korleis kan det aksepterast at utvising av to mindreårige gutar blir brukt som eksempel på handlekraft?
Korleis fremjar dette ein sakleg og verdig debatt om eit vanskeleg spørsmål?
Dette, og meire til, undrar eg meg verkelge over.

Lat oss for all del vera ueinige! Det er i brytningspunktet der meiningar kvessest at gode løysingar kan finnast - om viljen er til stade. Den populismen vi er vitne til om dagen, i "lukkerus" over m.a. Trump og populismen sin valsiger, må ikkje få "fritt leide" inn i demokratiet vårt.
Den overdrevne trua på kontroll og offentleg styring over menneske sine val, og stivbeint byråkratisk og utilgjengeleg språk, er heller ikkje sunt. Men eg forventar at det på regjerings- og stortingsnivå blir brukt sakleg argumentsjon, at det er vilje til å lytta, og til å debattera på ein verdig måte.

Ei debattform, og ein facebookstil som vi prøver å læra born og unge å styra unna i respekt for medmenneske, må ikkje rivast ned av personar rundt Kongens bord, eller andre som har fått folket sin tillit. Slike leiarar vil eg ikkje ha!

Statsministeren har sagt at ho "ville ikke uttrykt seg slik". Det trur eg henne på - men kor lenge og kor mykje vil ho akseptera utan å mista respekt og autoritet?

lørdag 19. november 2016

Regnet og vinden

Det velsigna regnet
som møtte mitt sjuke andlet.
Den friske vinden
som ruska mitt ustelte hår.
Det var som sekund av lukke
frå ei anna verd
utanfor huset med dei kvite frakkane.

Berre nokre ufarlege døgn innanfor
mellom gode smil og mykje varme.
Kjennes likevel som
å koma fri
verta vaska
verta rein
av regnet frå himmelen
og vinden frå fjella.

Så sårbare vi er
der innanfor.
Gå til Siloadammen og vask deg,
sa Meistaren.
Kjenn vatnet
og vinden
sitt underverk!

lørdag 12. november 2016

Skråblikk frå "grostolen"

Bloggen min er ikkje for dei store tankane og dei djupe utgreiingane.
Den er for dei enkle observasjonane og opplevingane for kvardagsmennesket, Kari.
I dag blir det eit nytt skråblikk frå stolen - denne gong frå "grostolen"!

Foten
Denne veka har foten min fått ny status - lårhalsbrot heiter det no. I fire veker har eg hoppa rundt på krykkjer, køyrt bil, halde opp til fleire talar og vore i Gjenbruksbutikken i trua på strekk og kraftig slag. På onsdag vart det ny diagnose, innlegging for operasjon og utskriving utan operasjon for å humpa vidare på krykkjer i eit par veker til! "Du er unik", sa legen i går då han studerte røntgenbileta og eg reiste heim med godt mot.
I skrivande stund får eg kontramelding frå sjukehuset, og i morgon blir det operasjon! Bra dei passar på meg! Eg var visst ikkje så unik likevel. Kanskje heller litt uvanleg!

Trump
Så har det fridomselskande og demokratiske USA vald seg ny president! Eg kjente eit indre stikk i heile meg då eg realiteten gjekk opp for meg! Kva er det som skjer? Er det så stor avstand mellom folket og makta at veljarane vågar eit slikt val? Det kan verka slik! I tilfelle er det eit varsko til både politikarar og velgjarar også hjå oss! 
Eg ber om at dette går betre enn frykta.

Kristen
Media melder at det var dei kristne som gav makta til Trump. Dette fell mange av oss kristne tungt for brystet. Eg kjenner meg i same bås som Lisa Maria Hareide som på si facebookside sa at "I dag kaller jeg meg ikke kristen." - " i dag kaller jeg meg for en Jesu-disippel" Og når vi ser korleis somme i det konservative kristennorge jublar over sigeren, så kjennes det ikkje som vi lever i same verd! Vebjørn Selbekk i avisa Dagen skriv glimrande godt om dette!
Vi kjem nok til å kalla oss kristne framleis vi som trur på den Treeinige Gud! Men vi må ha lov og undra oss over at det berre er abortkamp, kamp mot homofile ekteskap og Israelspolitikk som skal definera kva som er kristne kampsaker! Jesus viste oss noko langt meire!

Skulegudsteneste
Så kom skulegudstenestedebatten. Den er jo like viss som den første snøen. Kva eg meiner treng eg ikkje utdjupa. I dag spør eg berre; Kvifor avlyser vi ikkje heile jula? Kva skal vi med jul? Er det julenissen, luciafesten, pepparkakebyen som er jul, eller er det handelsstanden si fest? Er det julemusikkstemning og juleborda som er jula? Tåler ikkje borna og skulane våre i eit fleirreligiøst samfunn, eit møte med kyrkja, - ja moskeen eller synagoga for den del? 
Eg veit at dei aller fleste lesarane mine stiller dei same spørsmåla som eg.

Sjakk
Og så har sjakk-VM starta. På NrK2 var det stille og fredeleg underhaldning i går kveld. Men du verden så mykje det kan prarast om nokre menn som set bøygd over kvite og svarte figurar med artige namn! Av og til slår ein bonde eller springar til, og etter mange timar er det over. 
Som ei som har hatt tre born som har vakse opp i sjakkbygda Sandnes i Masfjorden, har det ikkje vore til å unngå å stifta kjennskap til dette rutete brettet. Eg innser at dette er godt for konsentrasjon, tankearbeid og strategi, og eg likar dette "stille" spelet sjølv om eg aldri har vunne ein einaste kamp!

Messe
Sist helg hadde vi flott misjonsmesse for NMS i Knarvik. Mykje folk i alt for små lokaler, og ca 1/4 mill til misjonen. I dag har NLM si messe - dei har flytta til Nordhordlandshallen og slår nok resultetet vårt! Storveges at misjonsmesser slår til.
I morgon er det gudsteneste(messe) på Seim. Då hadde eg tenkt å humpa meg ut av "grostolen" og til kyrkje! Det blir det neppe - om ikkje nokon ombestemmer meg endå ein gong :-)
God helg!

fredag 4. november 2016

Ei av dei

Eg ser og møter kvinner som har flykta frå krig, ufred og farar så godt som kvar dag. Mange er blide, positive og kontaktsøkjande. Andre er sky, unnvikande og kanskje redde. Alle har dei sin historie og opplevingar. Eg har lytta til ein del av dei.

Dette tenkjer eg på i dag:
  • Kva om eg var ei av dei som etter månader, ja kanskje år på flukt hadde blitt omplanta til dette vesle, rike landet med snø på langt oppe i nord!
  • Kva om eg hadde mista mine kjære og alt eg eigde og hadde bygd opp!
  • Kva om eg var ei av dei som fekk med meg nokre av dei eg er aller mest glad i på reisa!
  • Kva om eg var ei av dei som kom heilt åleine!
  • Kva om eg fekk eit hus med varme, senger, mat og nokre kroner i lommeboka!
  • Kva om eg møtte hyggelege menneske som ville meg det beste - på eit framandt språk!
  • Kva om det var eg som måtte streva for å finna ord for mine behov, min lengt og min historie!
  • Kva om alt det eg hadde bygd opp av kunnskap, erfaring og kvalifikasjonar måtte prøvast på nytt i eit bitte lite land der det bur færre menneske enn det var heime i den øydelagde byen min!
  • Kva om eg var ei av dei som måtte venta lenge på dei viktige svara!
Korleis ville eg hatt det då?