Velkomen vesle Frøya!
Å halda deg i armane fyller bestemor med takk!
Å sjå inn i dine mørke u-utgrunnelege auge, fyller henne med undring.
Å sjå den leitande munnen din gjev glede - du vil veksa, verta sterk!
Å sjå dei sprikjande fingrane dine, får henne til å smila.
Det er lyst her ute, synes kanskje du!
Og mange rare lydar!
Mamma si stemme kjenner du, trur bestemor.
De har budd saman lenge allereie.
Det er det godt å tenkja på.
Vi kjenner deg ikkje enno.
Likevel, du høyrer så inderleg til her hjå oss!
Det kjenner vi!
Eit lite menneske skapt i Guds bilete, det er du!
Den tanken den er stor, du vesle jenta vår!
Hei! Takk for at du deler frå di kunstneriske gåve mvh Elna
SvarSlettTakk! Om det er kunst veit eg ikkje, men det er godt å setja ord på eit og anna.
SvarSlett