Denne boka gler eg meg til å lesa. Eivind Skeie har skrive bok om min "politiske helt"Jon Lilletun. Ingen har som han tent politisk engasjement i meg. Uredd, folkeleg og med "Hjarta på rette staden" gav han oss del i sine visjonar for eit meir rettferdig samfunn, eit samfunn for alle. Kanskje fordi han vaks seg fram av enkle kår, med folke- og søndagsskule som ballast, og aldri gav seg ut for å vera ein annan enn den har var, vart han ein stor politikar. Eg er takksam for mine møte med denne mannen, og eg gøymer i minnet dei lærerike timane han sat i bilen min på veg til ulike arrangement i Hordaland. Ein del vanskeleg tankar fall på plass når han på sin enkle måte forklarde sine synspunkt. No ser eg fram til nokre gode timar med boka, der biletet på nytt vert teikna av vossingen og KrF-aren Jon Lilletun. At boka er ført i pennen av ordkunstnaren Eivind Skeie gjer ikkje forventninga mindre.I dag har statsminister Jens Stoltenberg halde minneforelesing om Jon på Høgsskulen i Kristiansand.
Eg har hatt ei strålande helg- bryllup med mykje glede og glade menneske. I vår finaste sats rundt eit festdekka bord fekk vi gle oss over eit av livets største øyeblikk for to unge som er glade i kvarander. Som mor er ein slik dag eit høgdepunkt. Det varmar langt inni bringa å sjå ein lukkeleg son bli prega av både alvor, høgtid og glede. Rik kjente eg meg! Lukkeleg over Thorbjørn og hans vakre Trude!
Mandag morgon kom eg til Oslo og kontrastane møtte meg så sterkt der eg gjekk opp over Karl Johan. Eg vart overvelda av ei lei og håplaus kjensle. Kontrastane vart så sterke. Det er så tungt å sjå alle desse menneska som set samankropne på fortaukanten med sine tiggarkrus og ber om nokre kroner. Sjølvsagt kunne eg gitt, ein tiar her og ein tiar der.... Eg gjorde det også, men det hjelper då så lite både for dei og meg. Kvifor er verda slik? Dei har jo blitt bore fram av ei mor som har hatt draumar for sine gutar og jenter dei også! Kvifor er verda så urettferdig?
