tirsdag 6. august 2013

Bedehusvegen

Denne strekninga likte eg minst - lite lys her 
I kveld har eg gått meg ein kveldstur langs "bedehusvegen". Oftast går eg ein annan veg, men i kveld gjekk vegen innover bygda, langs bedehusvegen. Eg kom i tankar om alle dei kveldane eg gjekk innover bygda i alle slags ver på veg til korøving og møte - eller alle søndagane vi gjekk ein flokk med born frå Stranda til søndagsskulen. Fram og tilbake, sjeldan ein bil, ikkje sykkel - vi gjekk. Det var godt å vera fleire når det var mørkt langs vegen, vi var ikkje alltid like høge i hatten, og ikkje alltid var det vaksne med.
I kveld har eg tenkt mest på mine første inntrykk av møte med bedehuset.
Eg tenkte på dei gamle som sat der, alvorlege, og andektige med oppriktig engasjement.  På fremste rekkje sat han Lars. Han hadde stav og runde briller som han skubba opp på den brune, blanke panna når han skulle syngja. Han heldt sangboka tett opp til andletet, og flytta henne fram og tilbake etter som linjene førte songen vidare. Som jente synes eg det var rart og underhaldande. Eit par stolrader bak sat Sigvald og Helga. Sigvald ser eg for meg som leiartypen sjølv om han ikkje alltid leia. Han var alltid venleg, og han såg oss borna. Eg hadde positiv respekt for han, Helga minna meg om bestemor Hopland sjølv om ho ikkje likna. Det var noko med vesenet. Så tenkte eg på Alfred som hadde ei dotter som var misjonær. Han hadde tjukke brilleglas, godt humør og lo og prata med oss. Og så ho Frida som alltid måtte tørka tårene - "okk, desse tårena" var hennar uttrykk. Eg tenkte på ho Sigrun bak i kroken ved døra. Ho hekla fine grytelappar, og var glad i ungdomen. Og så dei frå Våtno, Nilla og Andreas, Berta og Anna og Maria - det var mange på barndomens bedehus. I tillegg til desse var det foreldregenerasjonen til oss som var små, dei kan eg ikkje nemna, no i kveld tenkte mest på dei eldste. Dei var prega av 30- og 40 talet, vanskelege tiår, og tiår som var prega av åndeleg vekking og fornying. Eg tenkjer på vitnemåla til somme av desse eldste. Det gjorde inntrykk - dei snakka om før og etter omvendinga - eg skjøna ikkje alltid det snakket, men at det var alvor for dei, det skjøna eg.

Biletet på bedehusveggen på Seim

Forkynnarane, som sto lenge på talarstolen, kunne eg ikkje unngå å tenkja på. Dei fleste menn, nokre kvinner. Det var ikkje nett noko lettvindt prat vi lytta til. Det var alvor - omvend dykk - ha olje på lampen - ver klare! Det var mange personlegdomar mellom desse omreisande talarane. Somme var til og med unge, og det vart spennande etter kvart.
Eg skal ikkje gje meg i kast med å analysera det vi høyrde, men berre konstatera at eg vaks meg vidare i trua på at eg var eit døypt Guds barn sjølv om eg ikkje hadde den omvendingsdatoen som predikanten helst ville at eg skulle ha. Det takkar eg for! At vi kunne lufta både frustrasjon og glede heime etter kvart som vi vaks til, var godt for oss - og at mor lo, med og av oss, då vi imiterte predikantane var befriande.
Når misjonærane kom på bedehuset kvikna eg. Då forsvann min avventande, og etter kvart som eg vaks til, kritiske haldning. Misjon var noko konkret, misjon var handling - det var bruk for meg - den store verda opna seg, og eg drøymde meg vekk til Madagaskar og Kamerun! Rett nok kunne eg få det vondt etter slike møte - det var så mange rundt i verda som ikkje hadde det godt og som ikkje kjente Jesus - og tenk om Gud ville ha meg til misjonær!! Den tanken kunne ta nattesvevnen frå ei veksande, heimekjær jente. Dette tenkte eg på i kveld.
Den beste tida på bedehuset var ungdomsåra. Koret med mange unge som hadde det kjekt saman, og Sigurd som fekk meg til å oppleva korglede. Eg fekk ansvar og tillit og utvikla evner og talent! Det er eg takksam for! At det var eit ekskluderande miljø har eg fått høyra seinare.  Det likar eg ikkje å tenkja på i kveld, og her kan eg ikkje skubba ansvaret over på andre.

Mykje var godt på barndomens bedehus. Noko var uklokt og skapte vanskar sjølv om det var tenkt i beste meining. Menneskesinnet er så ulikt!
Eg tenkjer med glede tilbake på fellesskapet på tvers av generasjonane, og omsorga vi fekk av dei gamle og vaksne, og eg kjenner det som ein rikdom. Bibelkunnskap fekk eg også mykje av, og songskatten er framleis min! Og sjølv om gudstenesta og kyrkja er min åndelege heim i dag,  har eg framleis tru på bedehuset, og eg deltek framleis når det høve slik eg gjorde det i min oppvekst.

Eg har kome til, både på mi livsvandring og på min bedehusvegvandring i kveld, at sjølv om eg har eit og anna som det ikkje er så godt å tenkja tilbake på, så har eg mest å takka bedehusvegen for, og eg vil med spenning fylgja med på kva som skjer langs vegen framover.