søndag 30. oktober 2011

Eit gamalt brev

I går fekk eg i hende eit gamalt brev, skrive av mor. Det var eit takkebrev frå henne til mor og søstre for julegåver. Det var kjekt å lesa, eg kjende att mor mi, og brevet var godt skrive.
Mor hadde fått ei skei, - den kom no så heilt uventa, eg hadde ikkje venta å få noko, men festleg var det, skriv ho. Kanskje var det skeia eg skreiv om ho fekk jula 1950? Eg vil lika å tru det. -  Ho Kari, og det var meg som toåring det, fekk ei dokke i eit badekar og "vart heilt begeistra", skriv mor. "Dal e dokko mi" ropte ho oppatt og oppatt, seier brevet. Det trur eg på, ho Kari kan bli begeistra framleis.
Så fortel ho om sokkar og labbar, lommetørkle, ein kakeboks, seks nysølvskeier frå svigermora, og at han Åsmund(far) hadde kjøpt henne ei kaffikanne! Kjekt å lesa. Mor verkar så glad.
Så skriv ho om kvardagen sin, om at ho burde fått hjelp til å sy klede til oss jentene. "Ingvild går i det blå foldeskjørtet både søndag og kvardag", les eg. Søstrene hennar var flinke til å sy, og ho hadde bruk for hjelp til å sy om konfirmasjonskåpa si til kåpe til søstra mi, skriv ho. Ho hadde ikkje mot til å gjera det åleine. Mor var alltid redd for å setja saksa i stoffet i frykt for at ho klypte feil og spolerte stoffet. Eg hugsar far måtte trå til å tenkja saman med henne. Det minnet kom no medan eg skriv.
Artig var det også å lesa kva ho fortel om Ingvild, som då var 5 år. - "Ingvild skriv så fælt om dagane, det er berre bokstavar det går i og no set ho her og tyt om at ho må få skriva namnet sitt på brevet". Og så står det INGVILD med slike bokstavar som alle femåringar skriv, sjarmerande!
Vidare skriv ho om at ho håpar silda kjem snart slik at far kan få seg ekstra arbeid i Marikoven. Gjelda må betalast. 1700 kr skal betalast i februar, står det. Mykje pengar det. Og så skriv ho at ho håpar at "du mor vil koma når han Åsmund reiser på sildarbeid". Mor likte ikkje å vera åleine med born og fjøs. Eg skjønar henne, og hugsar med glede når bestemor Hopland (som vi kalla henne)kom med sitt milde vesen og sine gode, oppmuntrande ord. Bestemor sa alltid at vi jentene var så fine, og at mor var så flink å stella med oss. Det sådde noko godt i småjentene, vi vart stolte av mor vår! Bestemor var ei flott mor til 12, og bestemor til mange...
Det er rart, og det er godt å lesa dette. Glede over sokkar og labbar, ei skei og ei kaffikanne. Sut for å få klede til borna, og håp om at silda, ekstrainntekt og bestemor skal koma. Sut for det daglege, og glede over det enkle.
Mor og far klarte seg, og dei hadde familie som trødde til med hjelp når det trongs. Ein stor familie, sjølv om mor si slekt var heilt borte på Frekhaug! Det var langt dit den gongen, fram og tilbake på ein dag var ikkje lett å gjennomføra - i dag brukar vi 15 min.
Verda, og tida har endra seg. Mykje til det betre, noko til det som er mindre godt. Sut for det daglege kjenner vi alle, og mange unge strevar med å få endane til å møtast, og til å finna sin plass i familie og kvardag. Glede over det enkle kjenner både små og store i dag også, det ser og opplever eg stadig! Likevel, eg er trur dei små gledene varer kortare enn for 60 år sidan. Vi er stadig på jakt etter nytt og reklamen skaper behov for stadig nye ting. Likevel, jakta på nye kortvarige gleder gjer oss neppe lukkelegare enn det mor og småjentene hennar vart for fine lommetørkle, ei kaffikanne og ei lita dokke jula 1950.
(Biletet: bestemor Hopland)

lørdag 15. oktober 2011

"En dag skal vi danse, skal vi feire"

Livet er vakkert og livet er vondt. Er vi heile menneske så oppdagar vi begge sidene, og erkjenner dei begge. Denne haustferien har stadfesta begge sidene for meg.
Nydelege barneborn og flotte born/svigerborn har vore innom. I dag kjem nokre tilbake, pluss tanteborn og vesle Jakob. Det er stort, og eg gler meg her eg sit og passar lørdagsgrauten som helst skal bli nok til åtte personar. Som ein bonus har vi også fått nokre nydelege haustdagar med fargar som gjev ro i sjela.
Men eg har også fått tid til å dvele ved det vonde. Det gjer vondt å lesa om dei kristne sine vilkår i Midt-Austen. Av 1. mill kristne i Iran er det berre 1/2 mill igjen, dei må flykta fordi liv og tru blir truga. Dei koptiske kristne i Egypt opplever undertrykking og det som må kallast forfylging. I Mogadishou har soldatar invadert SOS-barneby, i Johanneskyrkja i Bergen ligg 15 unge menn i angst og usikkerhet. I Thailand er over ein tredjedel av landet ramma av flaum, og det har vore fire drap i Oslo dei siste dagane. I stikkords form er dette noko av det vonde vi har blitt møtt med denne veka. Vi kjenner på avmakt.
Det er ikkje vanskeleg å sjå Gud i det vakre og gode, det er noko vanskelegare å sjå og forstå kvar han er i det vonde. Eller er det det ? Om eg les Skrifta rett så er det faktisk han vi møter i våre lidande medmenneske. "Eg var svolten, tørst, naken, sjuk, i fengsel og framand," les vi  og "det de har gjort (ikkje gjort) mot mine minste, har de gjort (heller ikkje gjort)mot meg." Dette utfordrar meg!
Det gode og det vonde vil utfordra oss heile livet, men eg likar å nynna på Bjørn Eidsvåg si vise om at "en dag skal rettferdigheten seire, en dag skal vi danse skal vi feire",  og eg håpar og ber om at eg ikkje blir så rik og sjølvopptatt at eg ikkje får oppleva det!

onsdag 12. oktober 2011

Ein god dag!

Mange har gratulert og ynskt meg ein god dag i dag, uvanleg mange, og facebook skal ha takk for det. 12. okt for lenge, eller kanskje berre for litt sidan, kom ei lita jente til Skår, og i dag har ho feira endå ein fødselsdag.
"Ha ein god dag", har mine vener meldt meg, og eg kan kvittera: Eg har hatt ein veldig god dag!
To små jenter kom i senga til bestemor tidleg i dag. Med smil, og pakker og kort! Stor stas og så absolutt eit høgdepunkt. Men eg har også gledd meg over vakker haustsol og ein dag utan ein så mykje som ein einaste regndråpe. Eg har hatt det fint i Bergen, og ikkje minst på kaffibesøk hjå Bente på Askøy!
Skårajenta er ei heldig jente og ho takkar vener, familie og Skaparen for livsglede, fellesskap, helse og arbeidslyst! Og så sender ho ei helsing tilbake til alle sine vener med ønskje om alt godt til dykk!

søndag 9. oktober 2011

Under våre hattebremmar

Vi kvinner likar å møtast. Slik har det vore, og slik er det framleis. Vi likar å koma saman for å dela tankar og liv, dela praktiske utfordringar, fortelja om born og barneborn, dela kakeoppskrifter og snakka om motar, dela jobberfaringar og reiseopplevingar, diskutera ting vi har lese eller sett på TV, opna våre tankar om tru og tvil, be saman, dela engasjement om kultur og politikk, og mykje, mykje meir. I mange stover, og rundt kafèbordet rungar latteren og fell det tårer når vi ser kvarander og deler liv med kvarandre.
Det er fint med dette fellesskapet, stundom organisert, andre gonger impulsivt.
Denne veka har eg hatt ei luksusveke! To slike kvinnefellesskapskveldar på ei veke er ikkje kvardagsskost, men godt og kjekt har det vore!
Benta Bratlund Mæland skriv om å møtast under hattebremmane. Det passar fint på det søsterskapet eg har opplevd denne veka.

Under kvar vår hattebrem
Vi møtes
under kvar vår hattebrem
ranke
berande våre levde liv
Vi ler mot kvarandre
og trassar vindkasta
Vi har krossa våre hav i
både storm og stilla
vi to
vi er blitt
herda
og mjuke mot livet