søndag 15. januar 2017

Bilete og bøn


Kunsten er ei gåve! Biletkunsten også. Ein blir ikkje fort ferdig med gode kunstverk.
Kyrkjene våre har mange slike skattar!
I den nye kyrkja i Knarvik er det ei fantastisk vakker altertavle - laga i glass og tre. Biletet mitt rettferdiggjer ikkje kor vakkert og mangfaldig denne altertavla er, men den kan gje eit inntrykk.
Den er laga av kunstnaren Tor Lindrupsen.

I dag har eg vore på ei god gudsteneste i denne kyrkja. Under den stille forbøna, som i dag gav god tid til personleg bøn, kom altertavla meg til hjelp!
På dei ulike mosaikkbileta fann eg bilete for bøna mi!
Eg fann det ufødte barnebarnet og Meisteren med dei andre på kneet.
Eg fann den arbeidande handa til alle som står i sitt daglege virke.
Eg såg den kjempande handa til dei som kjempar på ulik vis, og på den som held på å gje tapt.
Eg såg flyktningen.
Eg såg den vakre naturen i sommarfugl og blad, og kornet og fisken som blir oss til mat!
Og i sentrum for det heile var han som bøna vart retta til - den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus!
Andre gonger finn eg symbol som er knytta til bibelforteljingar og tekstar, og som på den måten er til inspirasjon, men i dag brukte eg altertavla for å hugsa på dei eg ville be for.
Kunstnaren har nok hatt sine tankar med dei ulike bileta, og eg tolkar neppe alt slik han har tenkt. Men slik er kunsten! Vi får lov å sjå og å bruka den!
Under altertavla står den eine av dei flotte prestane våre, Torbjørn Sæle. Det var også stor grunn til å takka for dei gode prestane våre!

lørdag 7. januar 2017

Dagen eg har

Eg øver meg i å lika vinterdagen
med is på vegen,
med vind som ular,
og lange mørke kveldar.

Sjølvsagt ser eg fram til våren,
til lys og livskrefter
som eg veit skal koma.
Men det er dagen i dag eg har.

Eg vil ikkje lengta til våren,
og øver meg på det!
"Dette er dagen som Herren har gjort."
Det er denne dagen eg har .

Våren kjem, og dreg nok ganske fort.
Haust og nye vintrar også
så lenge verda rir sin vande gang.
- Kjem det dagar, kjem det vår!

Eg har sett mine fleste vårar.
Kvifor skulle eg lengta etter våren?

søndag 1. januar 2017

Nyttårshåp

Ein dag går over i ein annan
Månen står i ny og
månen går i ne
Eit år glir over i eit nytt

Alltid

Frå æve
til æve
er berre Ein

Difor har eg feira jul
Difor går eg med håp
inn i eit nytt år!