lørdag 15. desember 2012

Bestemorsansvar


Kvinna på dette biletet fekk eg respekt for. Eg møtte henne utanfor sjukestova i Boeny Aranata. Saman med det vesle barnebaret sitt låg ho ute i skuggen då vi kom frå kyrkja. Eg meiner ho sa at ho hadde gått i eit par dagar for å koma dit. Ho trudde legen skulle koma saman med oss. At ho vart skuffa då doktor Erik ikkje var med, var det ikkje vanskeleg å skjøna.
Barnebarnet hennar var 14 mnd, og var ei fin lita jente som smilte fint til meg. Ho var fødd med kløyvd lippe, og mora hennar hadde reist frå henne då ho var fødd, og det vart bestemora som måtte ta seg av henne. - Eg måtte jo ta meg av denne Guds gåve, sa ho. Kvar mora var blitt av visste ho ikkje.
Ho fekk møta sjukepleiaren som informerte om korleis dei  kunne få hjelp på kyrkja si sjukestova i Mahajanga.
Dagen etter var eg på denne sjukestova, og der møtte eg doktor Erik. Han var ein dyktig barnekirurg etter det eg forsto, og han hadde eit sterkt engasjement for folket. Kjem veslejenta seg til han vil ho få god hjelp, ei hjelp som vil gjera det lettare for henne å møta livet. Ein del får hjelp, og vi gler oss over det sjølv om vi veit at det er mange vi ikkje når. Eg håpar desse to kan lukkast!
 

torsdag 13. desember 2012

Min båt er så liten og havet så stort

Då eg var lita sto eg ofte om sommarkveldane ved gjerdet ned mot sjøen og såg på båtane som rodde ned med stranda. Eg hadde veldig lyst å vera med i båt, men vi hadde ikkje slikt framkomstmiddel, og mor og far var heller ikkje glade i sjøen. Eg hugsar ein kveld at det skjedde det eg hadde håpa på lenge, nabo Johannes ropa og sa eg måtte gå inn til mor og sei at i kveld skulle eg vera med ut og fiska. Det var lukke det! Men eg har aldri blitt glad i sjølivet, og for meg er det heilt ok at båten vår står på ei tralle nede i Haugane.
På Madagaskarturen min sto det båtreise i programmet mitt. Eg la ikkje så mykje vekt på det, det var dei siste dagane, og eg tok ein dag om gongen. Difor møtte eg lydig opp ved strandkanten i Mahajanga kl 0500. Eg tilstår at motet seig litt når eg såg båten og såg kor mange som skulle vera med. Men som mor ofte sa: "den som ut er komen, må ute vera". Vi var 13 personar som steig ombord. Både norske og gassarar. Frukosten vart servert ombord, Trond Henrik hadde med både kaffi og bagettar. Motet var tydeleg og synleg hos dei fleste, og eg roa meg med at går det for dei så går det vel for meg også.

Båten vi reiste med
Som biletet viser var ikkje båten så stor, og vi sat tett mot kvarandre. I mellom beina mine og han som sat rett over meg sto ei korg med tre sprell levande høner. Innimellom kjempa dei for fridom, men dei var overraskande rolege. Dei skulle bli til middag litt seinare
Turen bar ut i Mozambiquekanalen og målet var byen Boeny Aranata ca tre timars reise nord/vestover. Oppgåva var å møta folket der, og ha gudsteneste med nattverd for dei få kristne i denne muslmiske landsbyen i strandkanten.
Her set eg med rimeleg godt mot på veg utover! Den lunka sjøen slo inn over oss inn i mellom, men vi tørka raskt opp att i sola.
Det første biletet viser ilandstigning i landsbyen og her fann vi tenlege groper på stranda som tente til fotvask for gjørmete kvite leggar. Varmen slo i mot oss då vi steig i land, veit ikkje kor mykje, men tippar nærare 40 enn 30.
Vårt første møte var ein høflighetsvisitt hjå landsbysjefen. Han er muslim og tok godt i mot oss.
Hønene vart avlevert, og to lokale kvinner tok seg av matlaginga.
Den lokale kyrkja var ikkje stor, og kyrkjelyden ba oss om støtte til å byggja ny og større. Vi møtte også to menn frå ein naboby ca ei mil unna som også så gjerne ville ha hjelp til å få seg kyrkje.
Kyrkjelyden denne dagen hadde flest utlendingar, men nokre av folket i byen kom, og vi hadde ei god stund i dette enkle kyrkjerommet.
Hønene og risen vart severt på golvet, og det smaka godt.
Etter middag var vi på husbesøk hjå tre familiar, to kristne og ein muslims, og vi vart møtt med varme og respekt.
Turen heim har eg ingen bilete av. Grunnen var ganske enkel at vi raskt måtte pakka ned det som ikkje burde bli vått. Vinden hadde auka og bølgjene slo inn i båten. Det vart ein lang og våt tur, over fem timar der lunka hav slo over oss. Om eg lika det? Nei! Eg innrømmer at eg vart både trøytt, redd og våt. Sola gjekk ned og det vart mørkt og kaldare. Fullmånen avløyste sola og eg tenkte at dette burde eg oppleva litt eksotisk også. Eg klarte det inn i mellom, men var ufatteleg glad då vi nådde byen og eg kunne subba meg opp på det fine hotellet, få meg ein varm dusj og krypa under lakenet. Dette vart utan tvil den lengste og mest spesielle dagen på heile reisa.

Når alt er over så er eg glad for denne turen. Det er imponerande kva kyrkja mobiliserer for å nå unådde landsbyar både med sjukestove, vatn, opplæring og forkynning. Det er mange slike veglause unådde landsbyar i dette området. Eg har også fått erfara på nært hald at sjølv om NMS har vore på Madagaskar i 150 år, så er det endå unådde område Eg er stolt over misjonærane våre som står i dette arbeidet! Dei treng både mot og styrke. Eg takkar dykk for at de tok sjangsen på å ta meg med, men det var bra at de ikkje hadde informert meg om alt som kunne henda før vi drog...
PS! beklager dårlege bilder, men slik vart dei denne dagen :-)

søndag 9. desember 2012

For 350 kr


Bola ved sida av ovnen
Gjennom det diakonale storbyprosjektet vi støtta i Antsirabe, blir det drive arbeidstreningskurs for unge einslege mødre. Målet er at dei skal få seg arbeid og kunna forsørgja seg og borna. Den politiske og økonomiske situasjonen i landet gjer at det er vanskeleg å koma inn på arbeidsmarknaden. Det er ikkje lett å lukkast, heller ikkje med den hjelpa dei får gjennom dette kurset. Siste statistikk viste at ca 35% kom i arbeid etter kurset. Dette viser noko om situasjonen i landet.
I dag vil eg fortelja om Bola. Ei ung enkje i utkanten av Antsirabe. Ho lukkast. Bola mista mannen sin og sat igjen åleine med ei lita jente. Gjennom kurset, og gjennom ei økonomisk investeringsstøtte på 350 kr til steikeovn, har ho skaffa levebrød for seg og dottera si og svigerforeldra. I tillegg har ho tilsett fire unge kvinner som også får levebrød gjennom denne verksemda. Slike historiar er sterke, og eg skal seint gløyma den flotte, stolte og takksame unge kvinna.
På stien bort til  pizzabakeriet saman med misjonær Anna Rønningen og andre frå prosjektet
 Bola sto i døra og helsa oss velkomen. Tydeleg at desse to damene hadde møtt kvarandre før.
Vi blir orientert og Bola fortel om bedrifta si. Det er mykje arbeid seier ho, og arbeidsdagen starta kl 01.00. Deig skal setjast, kaker skal steikjast, og førebuing til morgonsal skal gjerast. Men ho klagar ikkje over det, tvert i i mot, ho er glad og takksam for det ho har fått til. Anna tolkar for meg, eg spør, nikkar og får innsikt - og eg blir imponert og glad!
Produktet var små kaker, dei fleste fylt med pizzafyll, og ein del med syltetøy. Det lukta sjølvsagt aldeles herleg inne i dette lokalet, og vi fekk ein stor pose velsmakande ferskvarar med oss.
Her er dei fire kvinnene som har fått arbeid. Det fekk kakene sine i plastbaljar, nøye oppskrive kor mange, og dette måtte dei gjer opp for når dei kom tilbake. Før dei gjekk ut samla Bola dei rund seg, folda hendene og ba om Guds velsigning og vern før dei tok ut på sine salsruter. Fin oppleving.

Det er mange som slit og som ikkje lukkast. Slik har det vore og slik vil det vel kanskje alltid bli. "Dei fattige har de alltid hos dykk" sa snekkarsonen frå Nasaret. Om det er slik det må vera skal det i alle fall ikkje vera noko kvilepute for oss. Vi skal ha vår glede i å hjelpa "dei som det trengjer mest" for å sitera ordkunstnaren frå Ørsta. Når noko har lukkast skal vi takka og gle oss, og i same andedrag skal vi snu oss mot nye utfordringar og vera medvandrar for nye. Vi har arbeid lenge!
Men kjære venner - det er utruleg mykje vi kan få gjort for 350 kr!!! Det nyttar!

onsdag 5. desember 2012

Marolambo

Noko av det eg var mest spent på før eg reiste til Madagaskar var at eg skulle reisa med småfly. Men nok ein gong bekymra meg utan grunn. Trygt og fint kom vi oss dei strekningane vi måtte bruka MAF-flyet. På bileter er det generalsekretær i NMS, Jeffery Huseby som set i "førarsete".

Første flyturen gjekk frå Antananarivo til Marolambo, og det var med stor forventning eg reiste til denne byen eg hadde høyrt så mykje om i min ungdom. Mange av min leirgenerasjon hugsar når Torfinn Hestad til oss med til Marolambo! Og det vart ei stor oppleving- kanskje noko av det mest spesielle eg opplevde.

Då flyet sirkla over flystripa såg vi at det var mykje folk samla nede på bakken, og då vi kom ut frå flyet samla dei seg og song så nydeleg for oss.  Eg skjøna ikkje teksten, men det var på melodien "Nå takker alle Gud". Det vart eit sterkt møte, eg tilstår at tårene kom.  


Så gjekk turen gjennom ein landsby ned til elva, medan folket song sine fine songar. På den andre sida av elva sto alle skuleborna, også dei mottok oss med sine songar.

Turen over elva var også spesiell fordi den gjekk med ei "kabelferje", og det er noko eg har erfaring med frå Masfjorden. Skilnaden på Masfjordferja og denne var at elveferja vart driven med handemakt. Eg synes det var moro å vera litt drahjelp, det er mulig at gassarane syntes eg var litt rar... 


I samla flokk, som reine 17. mai-toget, gjekk vi så til kyrkja i Marolambo, Kyrkja vart full, midt på tirsdagen. Representantar frå kyrkje, fylke og kommune tok mot oss der. Vi sang, delte Gudsord og hadde helsingar til kvarandre. Ei spesiell stund, det første møte med gassisk kultur, folke- og kyrkjeliv.
Seinare på dagen fekk vi orientering om det integrerte landsbyutviklingsprosjektet NMS støttar i denne byen. Vi fekk høyra om auka avlingar for bøndene, om auka medverknad av kvinner i samfunslivet, om redusert barnedød og om at fleire lærer å lesa og skriva. Vi besøkte også biblskulen og barneskulen i byen: Fotturen tilbake i mørket med lommelykt i handa, står også for meg som ei spesiell oppleving. Du verden for ei annleis verd!

Avslutning på dagen var kanskje den minst trivelege. Ein bortreist munk si harde seng vart lånt ut til meg, og ei hissig bikkje passa vegen til utedoen. Men det gjekk bra, eg sov godt og om morgonen då lyset kom, såg eg at eg hadde vore omkransa av både pave, jomfru Maria og den gode hyrdingen! Ikkje rart eg sov godt då!
(det vart nokre rare feile datostempel på nokre av desse bilda- det får så vera)

søndag 2. desember 2012

Kjære venner!


Overlevering av gåva frå mine FB-venner
Tida er komen for å sei takk til alle som har vore med å gje meg høve til å overlevera over 55 000 kr til kyrkjebyggjande arbeid gjennom den gassisk lutherske kyrkja på Madagaskar.
Gåva vart overlevert til NMS sin representant på Madagaskar, Arild Bakke , og det vart gjort mandag 26. november på Lovasoa kultur-og kompetansesenter i Antsirabè.
For meg var det stort å få lov, på vegne av alle mine venner, å overlevara denne gåva! Sjekken eg hadde med var på 52 300 kr, men eg ser når eg har kome heim at summen har passert 55 000 kr! Det er fantastisk at det går an å gjera ei slik innsamling gjennom nokre timars arbeid på facebook og mail! TUSEN TAKK TIL DYKK ALLE!! Må de også få kjenna glede over å ha vore med!
Arild Bakke har eg kjent/fylgd med, sidan han var leirgutt på Kvamshaug. Han har fylgd oss på heile rundturen, og det var fantastisk å få del i hans kunnskap, innsikt og engasjement for folket og kyrkja på Madagaskar. Han vaks opp som misjonærson på denne øya, og kom til Norge som tenåring. No har han sjølv vore misjonær i ca 20 år, har blitt NMS sin representant på Madagaskar, og konsul for Norge på øya. Han er gift med ei flott gassisk dame , Landy, og har to nydelege born!

Kvinner med mange kilo murstein på hovudet!
Over alt vi kom, kom det folk med gode prosjekt dei ba om støtte til. Støtte til nye kyrkjebygg, både store og små,  og til rehabiliteringsposjekt. Dei ba om støtte til helseklinikkar og til medisinsk utstyr, søtte til utviding av bibelskular, døveskular og til landsbyutvikling.
Det vart ei utfordring for meg å tenkja på at det var så mange stader våre "facebookpengar" kunne bli brukt. Men det var også til stor inspirasjon å sjå kor mykje vi kan få for 55 000 kr. Dette skal eg skriva meire om i eigne innlegg ein annan dag.

Arild tolkar meg på innviinga av Shalomsenteret
Vi er einige om at pengare "våre" i hovedsak skal brukast til kunnskap og leiarutvikling til dei som skal leia og undervisa i kyrkje og skule. Kyrkje- og skulebygg av mustein eller tre er viktige rammer for trus-og kunnskapsformiding, men for ei veksande kyrkje er det også svært viktig å byggja kyrkje med kunnskap og forståing både av den kristne trua og av å vera kyrkje og medmenneske! Som f eks Shalom-senteret i Mahajanga som eg fekk vera med på innviing av. Eit senteret som har som hovedoppgåve å gje lokale kristne leiarar kunnskap om korleis ein møter muslimar si tru, om tryggleik i eiga tru, og i det å møta muslimar med  respekt samstundes som dei med frimod kan vitna om si kristne tru. Dette senteret vil bli ein viktig reiskap for den gassiske kyrkja, og eg trur også vi i Norge vil hausta viktige erfaringar frå dette senteret.
Det var naturleg og rett å overlevera gåva på ein enkel måte. Dette fordi det ikkje var landsstyreleiaren som kom med gåva, men det var Kari og hennar facebook-venner. Tusen takk endå ein gong for at de var med meg på dette!
Kjem det meire inn på kontoen vil det sjølvsagt gå rett inn i prosjektet!

torsdag 15. november 2012

Test

Dette er ein test. Eg må testa blogging frå iPaden min. Godt eg har Sondre og andre datakyndige folk rundt meg. Eg tenkjer eg må klara meg med dette brettet mitt når eg skal ut å reisa. Prøver eit bilde også, eg trykkjer publiser, og så ser vi kva som skjer. Blir det dumt så må eg sletta, og får eg ikkje til å sletta må eg venta til eg kjem heim. Set nemmeleg på råduset i Bergen og ventar på at klokka skal bli fem og møtet vårt skal starta.

lørdag 10. november 2012

"Intet nytt under solen?"


"Intet nytt under solen" - heile tida blir nye menneskeborn født inn i verda. Slik har det vore sidan det første skrik! Over heile verda, på slott og i slum ser nye menneskeborn dagens lys. Somme er etterlengta og nøye planlagt, andre berre melder sin ankomst. I same drakt og med nokonlunde likt eit skrik, kjempar dei seg inn i verda! Så langt nokså likt, før ei ulik livsferd startar for menneskeborna som skal ut i verda og leva sine liv. Innanfor sine eigne fødselsgåver, og innafor familie og samfunn sine rammer, skal liva deira levast, formast og utviklast. Ei spennande reise der vi som familie og samfunn har mykje glede og stort ansvar.

Godt å kunna tru på ein skapar i møte med nye menneskeliv. Godt og kunna sei med salmisten: "Eg set mi lit til deg, Herre, eg seier Du er min Gud, mine tider er i di hand. Salme 31.15

I dag må eg få presentera vår nyvunne rikdom! To nye barnebarn i haust! Det er nesten som eg ikkje heilt kan forstå at det er hjå oss det skjer! Men det er sant! På øverste bilde er det sonen Thorbjørn med sine to guttar, Lukas på 2 1/2 og Levi på 2 mnd, og under er det svigerdotter Eirin med Kaja på 9, Mathea på 3 og vesle Silas som er 3 dagar i dag!
I morgon set bestemor seg på flyet til Stavanger, kan ikkje reisa på misjonsreis til Madagaskar før ho har helst på vesle Silas (namnebror til Paulus sin misjonsreisekamerat...)
Bestemor må sjå, kjenna og lukta nyfødt! Det er alltid like stort!

 Men det er heilt rett, det er "Intet nytt under solen". Det vi opplever er ikkje unikt og spesielt, men eg tillet meg likevel å hevda at det er akkurat det det er! Heilt unikt! God helg!

søndag 4. november 2012

Snart på reisefot

Det er stille søndags formiddag. Sola er på veg, og eg reknar med at den snart tar bort det kvite rimlage som ligg på bøane. Det er allehelgensdag, og eg har nett sett fin gudsteneste frå Hamre kyrkje,  med nevø Inge Sørheim som prest. Det vart ei god stund!
Denne helga blir det mykje Madagaskarfokus. Eg har fått reiseprogrammet, eg les misjonshistorie, og eg oppdaterer meg på situasjonen på solskinnsøya slik den er i dag. 17. nov. er eg på veg. Har nett bladd i, og delvis lese på nytt boka av Øystein Mikalsen, "Frelsen kommer", og eg kjenner at dette kan bli spennande - og utfordrande - og slitsamt - og kjekt - og meiningsfylt - og inspirerande - og sikkert mykje meire.
Vi skal reisa øya på kryss og tvers - og eg øver tunga på namn som Antananarivo, Marolambo, Ihosy, Fianarantsoa, Antsirabe og Mahajanga og meire til. Eg ser eg skal reisa med både småfly(MAF-fly) og elvebåt. Med bil og til fots! Spennande! Eg skal møta alle misjonærane, og få innsikt i prosjekta deira.
Eg ser fram til å møta nyskapningen, kultur-og kompetansesenteret Lavosoa, og møta bebuarar i omsorgsbyen Mangarano. Vi skal på presteskule og døveskule og jordbruksskule - alt dette kjem til å treffa både hjarte og tanke og engasjement!
På denne øya har NMS hatt arbeid sidan 1867, og mange hundre misjonærar har gjort teneste her. Lenge var arbeidet på Madagaskar misjonen sitt arbeid. I dag er det den gassisk lutherske kyrkja sitt arbeid. I dag er vi partnarar med ei levande kyrkje som er sterk på menneskelege og åndelege ressursar, men som er fattige på pengar og materielle goder. Vi representerer eit land som er rike på pengar og materielle ressursar, men på mange måtar fattige på åndelege ressursar og levande tru. Difor treng vi kvarandre!
Eg har sett meg som mål å ha med meg  50 000 kr når eg reiser. Målet er snart nådd, manglar berre nokre tusenlappar (følg lenka her om du vil gi!) Så ønskjer eg at eg kan ta med meg heimatt åndelege og trusstyrkjande erfaringar frå møte med medkristne, og kunnskap om folk, kultur og samfunn frå eit folk som har det så annleis enn det eg kjenner.

torsdag 25. oktober 2012

Lemstrappa

Lemstrappa i det gamle huset der eg levde mine første barneår, kjem for meg kvar gong eg syng "Den fyrste song". Trappa var gråmåla, og veggen var grønmalt trepanel. På kvart bord oppover hadde søstra mi skrive slike R-ar som lærarinna hadde skrive i leksebøkene hennar. Storesøster øvde seg, skulle nemleg bli lærar,  - og lærar vart ho! I svingen på trappa sto far sitt gevær, det han tok fram og pussa og stelte kvar gong han skulle i heimevernet. Ikkje noko innelåst våpenskap der i huset nei!
Eg har mange minne frå denne trappa. Det sterkaste er kanskje den marsdagen i 1954 då far kom heim og fortalde at eg hadde fått ei ny søster. Eg vart så skuffa over at det ikkje vart bror, at eg måtte skunda med opp i trappa for at far ikkje skulle sjå at eg ville gråta. Eg ville jo ikkje visa at eg var skuffa. Men eg kan forsikra alle om at det gjekk fort over - heldig var eg som fekk ei veslesøster!
Songen som får meg til å tenkja på denne trappa har eg sunge i gravferd i dag - songen av Per Sivle - og setninga som får meg til å tenkja på lemstrappa er denne, "dei synte meg ein fager veg opp frå vår vesle stova"
Til langt opp i barneåra tenkte eg at den vegen det var lemstrappa det! Den gjekk frå stova og opp der eg skulle sova. Opp til soverommet der mor og far, og etter kvart tre jenter sov. Så enkel var mi tolking!
Eg har etter kvart forstått at det ikkje er lemstrappa det er snakk om. Eg har på nytt oppdaga det i dag når eg har fylgt ei god mor, bestemor,oldemor og tippoldemor til grava og vi har sunge denne songen. Eg har sett i dag på nytt at det handlar om noko anna enn ei gråmalt trapp!
Det handlar om verdiar som både løftar og festar oss, og som gjev oss himmel over livet og styrke til kvardagen. 
Mange mødre og fedre har med og utan tone sunge verdiane inn i barnehjarte og barnetanke. Verdiar som har gjeve barnet retning og kurs for både gode og tunge dagar og netter! I min generasjon er vi mange som "høyrer stilt frå mor si grav" og takkar for det vi høyrer, og eg gler meg over foreldre som formidlar verdiane vidare til sine små! Det ligg livskraft og livsmeistring i slik formidling!
Tryggleik og omsorg, og tru på ein Frelsar og ein himmel.

søndag 21. oktober 2012

Morgontankar frå Solastranda


Eg er på strategisamling for NMS på Solastranda denne helga. Saman med tilsette og tillitsvalde frå hele det verdensvide arbeidet vårt arbeider vi med vegen vidare for NMS. Her er det mange spennande foredrag og drøftingar, gode samlingar med song, bøn og forkynning og fin teateroppleving i Stavanger i gårkveld - alt saman til ettertanke og inspirasjon! Eg trivest i denne samanhengen, og høyrer til i dette arbeidslaget. Å ha fått tillit som landsstyreleiar gjer meg audmjuk, kampvillig og takksam.  Eg er i gang på fjerde året, har to igjen før denne epoken er over. Målet for oppgåva mi er enkelt sagt å medverka til vidareutvikling av NMS som aktør og reiskap for at nye menneske møter Jesus, hans kjærleik og frelse.
I talen min hadde eg to hovedfokus:

1.       Korleis kan NMS bli ein meir «lettbeint» organisasjon

2.       Kvar vil vi i framtida finna den åndelege og økonomiske motoren for NMS

For meg er dette viktige moment for vidare utvikling.
Eg har ikkje alle svara på dette i dag, men eg er overtydd om at det er viktige spørsmål for nytt og kreativt engasjement, og for styrke og kraft i arbeidet vårt vidare. Samtalen og drøftingane i går gav  mange viktige innspel. Det er med forventning og tillit til fellesskapet og misjonens Herre eg gjer meg klar til siste arbeidsøkt på denne konferansen.
God søndag
(og skal du ikkje på gudsteneste eller andre stader der du gjev di gåve i dag, så må du gjerne hjelpa meg med innsamlingsprosjektet mitt til Madagaskar. Eg manglar endå ein del før målet er nådd, og avreisedagen nærmar seg)
http://www.karisorheim.no/2012/09/byggeprosjekt.html


fredag 12. oktober 2012

Takk for dagen

Strålande sol og nydelege haustfargar. Haustferie og fødselsdag, heldige meg. Takk for livet, takk for dagen!

"Lunger som pustar
hjarte som slår
frisk og rørig i livet eg står

Hender som tek om
føter som går
arbeid og yrke og trygge kår

Tanke som tenkjer
kjensler i sinn
livet det lever i kvardagen min

Leva i medgang
i lukke og fred
leva i motgang med det som bryt ned

Livet det lever
i livet mitt òg
i grått og i fint ver der livet eg såg"

onsdag 10. oktober 2012

"Nå er livet gjemt"

I dag har eg brukt litt tid på å gjera blomar og hage i stand til haust og vinter. Dei blomsterpryda mjølkespanna, og den gamle sinkbaljen har mista si fargeprakt, og skal få overvintra inne. Blomane har hausten teke - eg var førebudd på at det skulle gå slik. Synes faktisk det er heilt ok, og det er nett som eg frydar meg over at potter og baljar skal få koma i hus og ha det trygt, tørt og godt inne. Kan ikkje vera stas å stå tomme ute i alle slags ver sjølv om bøtter og spann er døde ting. Men blomar og graset lever, og dør.
I dag er det 35 år sidan minsteguten vår vart fødd. Vesle Øyvind, han var ein nydeleg liten gutt. Ein knupp som sprang ut i livet, og såg så aldeles fullkomen ut. Men alt blir ikkje slik vi håpar, og slik det ser ut. Sjølv den vakraste rose visnar, og sjølv det mest fantastiske skal døy ein gong. Øyvind fekk fire og eit halvt år, akkurat som broren Åsmund. Men vakre var dei og verdifulle var dei, og livets rett hadde dei til fulle!
Det gjer meg vondt langt inn i sjela å vera vitne til debattar som går om dagen, m.a. frå Stortinget sin talarstol om tidleg ultralyd, og abort på grunn av ulike avvik. Var det vanskeleg å stå mot legar sin kunnskap og råd for 40 år sidan, er det slett ikkje lettare i dag. Eg har medkjensle med alle som i dag er i same situasjon som vi var i. Så einsamt, og så stort eit mamma- og pappaansvar når samfunnet seier at det ikkje er nødvendig at barnet blir fødd. Samfunnssvikt kallar eg det, sjølv om dei fleste politikarar er ueinige med meg i det.
Det er ei stor sorg, det er tøft og arbeidssamt når livet ikkje blir A4, men livet kan bli rikt, og blomebeda meir fargerike om også dei litt annleis blomane får vera med. Alle blomar skal jo visna -  og" mennesket er som gras", seier Skrifta. Dette ser eg tydelegare i denne haustdagen enn eg såg det for 35 år sidan.
Sorg og tap til trass, i dag vil eg gle meg over vesle Øyvind, og takka for den gleda han gav oss. Eg vil takka alle som forsto oss, som støtta og hjelpte oss, og så takkar eg Svein Ellingsen for alle hans flott salmar for krevjande livssituasjonar. I dag er det denne som passar så godt:

"Nå er livet gjemt hos Gud
Vi overgir alt til Ham
Håpet er tent i liv og død
Ingen er glemt av Gud"

fredag 28. september 2012

Snart oktober

Årstidene er fascinerande - vinter, vår, sommar, haust- År ut og år inn er det slik. Eit hjul som rullar og går, rundt og rundt. Kvar årstid si oppgåve, sin farge, si luft og si forventning.
I dag fyrer eg i omnen for første gong i haust, og den gode ovnsvarmen inntek stova. Sauene går våte i ulla sørom garden, og nordom går nokre småfrostige kviger og gneg dei siste håstråa, og eg innbiller meg at dei lengtar inn i fjøsen etter kvart. Berte i nabohuset har fått potetene i hus, og eg tenkjer at i morgon Kari, då må du ut å få blomsterkrukker og mjølkespann i hus. Det er ein lite freistande tanke, eg kjenner eg frys litt ved å tenkja den.
Sist fredag var eg på Fræna. Der var det gule kornåkrar, og i haustsola var dei eit syn. Våren og sommaren hadde gjort sitt med frøet, og det var innhaustingsklart. Rart at desse små korna på toppen av stråa er så verdifulle for livet! Rart å tenkja på at frøet, jorda, vatnet og lyset i fellesskap lagar mat! Er kjenner ærefrykt for jorda og livskreftene i den, og for runddansen i naturen som gjev kvile, grotid, vokster og innhausting. Difor gjer det meg godt at partiet mitt fremjar forslag om jordvern i Grunnlova.
- Vi har kort vekstsesong, seier ein smilande landbruksminister oppatt og oppatt. -Vi har det kaldt og vått og bratt, seier han også. Sant det. Men vi har det godt, og vi har kunnskap og økonomi og muligheter - 10% av inntekta vår går til mat, høyrde eg på debatten på TV i går, resten må vi ha til å reisa, oppleva, kjøpa bilar, hus og hytter for sa Hegnar. Han meiner det visst også. Eg har ikkje særleg greie på toll, importvern, EU-reglar og kva det no heiter, men eg meiner vi har grunn til å stoppa opp og tenkja over at dei aller fleste av oss har det godt i dette landet, sjølv om vekstsesongen er kort, og vedfyringa startar i september. 10% av innteka går til mat, viss det er sant....
Eg skal som de nok har registrert, til Madagaskar om eit par månader. Eg er spent, eg veit eg møter ei verd som er ganske annleis enn vår. Det kjem til å gje meg nokre veker kortare vinter, og det blir sikkert godt, men eg veit det kjem til å gjera noko langt meir grunnleggjande med meg - Eg er spent på kva det blir.
Ha ei god hausthelg der du er!
Legg lenka til prosjektet mitt her også.

fredag 14. september 2012

Byggeprosjekt

Eg har tatt på meg eit stort byggeprosjekt, og til det treng eg minst 50 000 kr. 18. november reiser eg til Madagaskar, og eg ønskjer å ha med meg kapital til prosjektet! Eg ønskjer å ha med noko til dette fattige landet og til kyrkja der, og eg brukar konseptet som NMS har som heiter "byggenkirke.no". Eg tar ikkje mål av meg å byggja ei kyrkje på 14 dagar, men eg ønskjer at kyrkja skal få støtte til sjølv å byggja. Støtte til å byggja anten det er ei enkel kyrkje, eller det er til å byggja innhald i den.
Eg tenkjer:
Om eg hadde x antall venner som gav 1000 kr til prosjektet!
Om eg hadde x antall venner som gav 500 kr til prosjektet!
Om eg hadde x antall venner som gav 100, 200, 300 eller 3000 kr!! Då hadde eg nådd målet mitt!!


Eg har mange venner som støttar misjonen med tildels stor summar, og som tenkjer at dette kan dei ikkje vera med på no. Det er heilt ok. Eg veit også at eg har venner som ikkje kan tenkja seg å gje til misjon i det heile. Det har eg respekt for. Men eg har også mange venner som er positive til misjon men som ikkje gjev så mykje til arbeidet. Dykk er eg frimodig ovanfor! Eg tenkjer faktisk at eg kan hjelpa dykk til å oppleva at det er flott å vera med på dette byggeprosjektet.
Kanskje er eg vel optimistisk- eg veit ikkje? Men eg er frimodig, eg ber ikkje for meg sjølv, eg ber for menneske og ei kyrkje som lever under forhold vi ikkje heilt kan setja oss inn i..

Eg kjenner ei stor glede over å få vera med i eit stort verdsomspennande misjonsarbeid. Eg kjem til å skriva litt om dette utover hausten, eg er som de veit glad i å blogga og å bruka facebook. Det blir nok ein del Madagaskar utover hausten.

fredag 31. august 2012

Ålesundkveld

Eg fekk ein nydeleg kveld i Ålesund i kveld. Eit fantastisk lysspel over fjorden, som heile tida skiftar i farge og intensitet. Bildet mitt gjer ikkje lysmeistaren til den storskaparen han er, men med så mykje anna av det eg "putlar" med, blir det berre eit bittelite bidrag.
Eg har gått og tusla litt på kaia i Ålesund i kveld. Sett på lyset, på gatene og sjøen, og for mitt indre auga har eg sett onkel Georg. Klokkardiakonen i Ålesund i mange tiår etter krigen, Georg Hopland. Denne festlege og fargerike onkelen som elska Ålesund. Som hadde engasjement for menneska og byen. Som styrde med diakoni og sosialpolitikk. Som hadde auga og hjarte for dei svake, og var godven med dei som hadde makta.
Onkel Georg kom til oss kvar sommar i min barndom. Han kom med årets Donald, med sigarettrøyk i så intens i stova at vi knapt fekk den vekk til jul, som kom med avisutklipp om det han hadde vore med på i byen sin, som fortalde, prata og lo. Onkel Georg anmelde også barnebøker for Lunde forlag, og bøkene han fekk delte han ut. Mi første onkel Georg-bok var "To tiører på reise". Den handla om kva to tiøringar opplevde i misjonærlomma på veg til, og inn i  Kina. Ei stor og framand verd. Boka "Noko til kar" fekk eg og, den opna draumen om eventyret på sjøen, og det plaga meg litt at det berre var gutar som opplevde slikt som eg syntes høyrdes spennande ut. Kvar fødselsdag fekk eg bok og kort frå denne byen. Ikkje berre eg, men han hugsa mange av onkelborna sine. At han også var ein ertekrok, som likte å erta både mor og oss jentene, måtte vi tåla. Han var jo alltid så glad.
No er eg i byen hans, har sett huset der han budde. Skulle gjerne funne grava, men det vart ikkje.
Men eg har funne minne, og eg kjenner at minna får meg til å kjenna meg takksam for denne fargerike onkelen. Han hadde nok likt ærendet mitt hit til Ålesund denne helga, i dag som KrF-ar, og i morgon som NMS-ar. Tippar han hadde sete med eit lite smil og hatt eit lite hint, om han hadde vore tilhøyraren min i morgon! Eg er frimodig nok til å tru at han hadde likt å vera der.

tirsdag 21. august 2012

Velsigninga

Kvar morgon, ca ved Shell- stasjonen i Breisteinkrysset, tek eg imot velsigninga! I Yarisen min, etter ein andakt med variert kvalitet og oppbyggingsverdi, og etter ein sang med eit salmeliknande tilsnitt, så kjem velsigninga. Kjente og ukjente kvinner og menn nedber gjennom lufta Herrens velsigning over meg, der - ca  i Breisteinkrysset.
Så godt, den gamle Aronittiske velsigninga, som har gjeve menneske fred og velsigning i tusener av år, kjem inn i bilen til meg kvar morgon kl 0826. Det er så flott, den gjer noko med meg - den gjev meg styrke!

Slik lyder den på mitt språk:
"Herren velsigne deg og vare deg
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred"

Så kan det verka som at eg er litt kritisk til ein del av formidling og songval. Det er slett ikkje heile sanninga. Mange formidlarar er svært gode, og kommuniserer den kristne bodskapen så godt at eg gler meg over at eg og mange av dei som køyrer bak meg, framfor meg og i mot meg, får høyre så flott formidling. Andre gonger synes eg det blir vel mykje alment prat, og at innhaldet med fordel kunne blitt plassert i ein annan programpost. Songvalet er for så vidt ok, eg likar mykje, men eg vil vel meina at med så mykje musikk som det elles er i radio heile dagen, så kunne songen i andakten vore ein salme eller ein song med kristent innhald. Fleire enn meg synes det gjer godt med ein salme på morgonkvisten, og det er eit hav å velja mellom innan for den kristne musikkskatten. Eg kan tilby meg å vera salmekonsulent.

Uansett vekslande kvalitet - Takk til NRK som gjev oss andakten - og takk for at den  inneheld velsigninga!

lørdag 18. august 2012

Medan grauten kokar

Forventning og takk, spenning og utfordring er stikkorda for hausten min slik han fortona seg i tanke og hjarte medan eg har gjort litt lørdagsarbeid i huset i dag. Og medan grauten putrar, deler eg litt.

I dag kjenner eg mest på bestemorspenning og bestemorsglede - storejenta vår skal starta i 4. klasse på mandag, og dei to små skal starta i nye barnehagar same dagen. Måtte det bli bra for dei alle tre! Kvardagstryggleik og læring er viktig for veksande menneskeborn!
I september kjem det eit nytt barnebarn i Oslo, og i oktober eit i Sandnes. Det er ikkje lenge til! Bestemorshjarta bankar i glede, takk og spenning ved tanken på to nye liv som snart skal møta den store verda, og Skaparen blir stadig møtt av bestemor sine sukk og bøner om ei god vandring ut av den lune verda dei framleis er i, og inn i den gode og krevjande verda! Store ting! Velkomne og etterlengta er dei i alle fall!
Så er mammahjarta uendeleg glad og letta over at ein spennande operasjon er over, og at alt gjekk bra for jenta hennar denne veka, og glad for at misjonærsonen har kome trygt heimatt til sine frå oppdrag i den vide verda. No må både jenta og guten kvila seg ut, og henta friske, nye krefter.
Det høyrer også med i tankane mine at ein liten triveleg liten firbeint venn måtta forlata Askøyfolket vårt denne veka. Vi blir så glad i slike trufaste venner, og kjenner oss triste over tapet.
For 40 år sidan var det stor aktivitet i huset her, kjem eg også på - det var berre ei veke att til bryllup! Leirsesongen var over, og vi hadde tid til å tenkja på bryllup. Du verden - 40 år! Er vi så gamle - eller var vi så unge? Det vart ein flott dag, og neste søndag skal vi i alle fall finna på noko kjekt når landsstyrehelga i Stavanger og gudsteneste i Masfjorden er over. Vi synes vi fortener ei lita enkel intern markering! Ingen som kjenner oss vil påstå at vi fekk ein lett start, men vi har kjempa saman, delt glede og sorg, og er framleis trygge på at det er oss to! Fem born vart rikdomen vår, sorga er at to av dei berre var hos oss i fire år. Men no kjem borneborna, og skattkammeret vårt aukar !
Eigen heim har vi også endeleg fått oss, etter 38 år i andre sine hus! Det er fantastisk, vi gler oss over det kvar einaste dag!

Slik var nokre av Karitankane under vaske-og ryddejobben i dag. Når grauten på komfyren er i magen skal eg ta fatt på saksdokument og tenkja misjonstankar ei stund. Det er faktisk eit velsigna og spennande arbeid, og skal eg vera ærleg trivs eg betre med det enn med støvsugaren!

onsdag 25. juli 2012

Om å leva som vi talar

Å leva som ein talar er ikkje alltid like enkelt, og denne siste veka har utfordra oss på dette.
Etter det forferdelege som skjedde i fjor sommar har vi har fått eit sterkt, godt og vakkert språk om kjærleik, menneskeverd, respekt, likeverd og demokrati. Orda vart henta fram att under markeringa i helga, dei har på nytt løfta oss, og samhaldet har blitt styrkt. Vi hadde bruk for dette, året har vore ufatteleg tungt for mange!
Vi meiner det vi seier, og eg trur mange praktiserer det med større medvit enn før. Det er godt å finna store, varme og gode ord både i sorg og glede. Eg veit det, for eg gjer det sjølv. Ord hjelper oss til å koma vidare, gjev samhald og løftar!
Det er ikkje lett å leva som vi talar. Som kristne erfarer vi dette, og ofte blir vi råka av folket sin dom - "de er ikkje betre enn andre!" Og folket har rett! Kristne er ikkje betre enn andre!  Kallar vi oss kristne, så er det av Guds reinspikka nåde, eine og åleine!

Vår handsaming av romfolket er det som skapar kontrasten denne veka - orda om likeverd, respekt og menneskeverd blir brått for store. Vi klarar rett og slett ikkje å leva som vi talar! Alt for mange "gode nordmenn" vil ha bort desse folka som "ikkje høyrer til her". Desse som "forsyner seg av skattebetalarane sine pengar" - vi seier "buss dei heimatt!"
Og eg tenkjer - kva ville eg sagt om dei inntok bøane våre - sette opp telta sine mellom rundballar og veksande gras! Ville eg gått med vaflar og nysteikte bollar og helsa dei velkomne?
Ein ting er eg sikker på! Vi har eit ansvar og ei plikt, og dei har sine plikter og rettar. Orda våre forpliktar oss! Eg forventar at styresmakter finn ei løysing saman med dette folket - det blir neppe ei stor økonomiske utfordring. Staten bør hjelpa kommunane med dette.
Desse folka, som har ein kultur og eit levesett som er annleis enn vårt, skal også ha sin rett til å eta, bu og arbeida. Deira menneskeverd er av nett same kvalitet som vårt! Ikkje noko meir, og ikkje noko mindre!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn av brød og muld
eies av alle.

(til Ungdommen av N. Grieg)

fredag 13. juli 2012

Blå jakke

Du er så fin i blått du Kari, sa mor
Eg lika det ikkje
Gutane hadde blått

Søstera mi fekk raud jakke, ho kledde visst det
Eg ville gjerne hatt raud jakke, eg også
Jentene hadde rødt

Eg har kjøpt meg ein blå jakke i dag, og eg ser at mor hadde rett
Ser du meg etter vegen i ein blå jakke, kan du vita at eg synes eg kler den

Men Erna er blå, og Siv er blå
Det er veldig blått om dagen
Det kjennes mest som då eg var lita, blått er ikkje heilt fargen min, ikkje rødt heller erkjenner eg

Eg kjøpte meg også nye joggesko
Dei har gulgrøne striper, dei lyser opp!

Eg ønskjer meg breiare gulgrøne striper

fredag 29. juni 2012

Annleis dagar

Herleg å kjenna at ferien kom i dagtidleg. Lang frukost med god tid til avisene mine. Eg spanderte nesten to timar på aviser, på ei skive med plommesyltetøy og ei med blåost, pluss kaffi, vatn og to Omega 3. Det kjentes som ei luksusoppleving! Det var heilt greit at denne dagen starta med regn, for morgondufta som møtte meg av nydusja natur, gav meg ein "smak av sommer".
Ferie er eit rart ord. I min oppvekst var ferie noko berre byfolka hadde. Dei kom på bussen i Isdalstø, og fylte den opp med koffertar, sekkar, ungar, materialar til hytta, og ikkje minst med bymål. Vi strilane vart litt tause på bussen slike dagar. Bussen fekk ofte nye stopp "flytte på landet- dagar", det synes vi var rart. Byfruene (ikkje alle rett nok, for nokre var utflytta bygdefolk), forventa faktisk at Sverr'n stoppa bussen ved deira hytteveg. Slikt vågde ikkje vi!
på nabotrappa på 50 talet saman med byfolket
Det var spennande med byfolk, og kjekt når "våre" byfolk kom. Dei fleste rundt på gardane hadde "sine byfolk". Nokre fekk seg hyttetomt og bygde seg eit lite paradis, andre inntok "søra støvo" eller lemmen.  Slik var det på mange tun.  Det var spennande å vera jente utan ferie, når feriefolka kom. Dei kom med nye impulsar, med bymål og nye slagarar, med nye motar og endå til med sminke og ukeblad! Verda vart større, men vi syntes det var utrulig rart når dei kom i fjøset og skulle henta "muamelk", eller at dei ikkje kunne handtra ei rive. Av og til kunne vi kjenna oss litt framande i eige nærmiljø dei første dagane etter at feriefolket kom, men det gjekk fort over. Det vart folksamt og spennande sommardagar på landet både for oss som budde der, og for dei som kom. Eg tenkjer med glede på barndomens sommarveker, sjølv om vi aldri reiste på anna ferie enn eit par dagars tur til bestemor på Frekhaug! 
Då vi vart eldre fekk vi reisa på leir. Bestemor i Vågen spanderte. Det vart dei første "reisebortopplevingane" eg fekk, men dei var til gjengjeld svært så gode! Misjonsleir på Kvamshaug vart avgjerdande viktig for meg! Dei sommaropplevingane gav meg også spenning og utvikling, og har prega heile livet! Eg møtte heile verda på leir, framande land og kulturar kom nær gjennom misjonæren si store forteljarglede. Vi møtte kulturar der ikkje eingong skuleferie var ein del av tilværet - fordi det ikkje var nokon skule å gå på.
Det kristne fellesskapet vart også utvida, og barnetrua fekk næring og vaks! Kallet til misjon modnast på leir, og ein vakker leirdag kom ein flott ung teologistudent i min veg. Det er faktisk i år 40 år sidan den sommaren vi ikkje hadde tid til å ha bryllup før langt uti august, fordi leirsesongen måtte vera avslutta før bryllupet!
Gjev at mange gutar og jenter og vaksne med, får gode annleis dagar denne sommaren. Gjev at gode relasjonar kan byggjast, og at tru og kall får gro også denne sommaren!

Vi treng annleis dagar, og vi kan gjerne kalla det ferie! God sommar!

lørdag 23. juni 2012

PC- død

PC-en min er død. Det gjev ei merkeleg, og ei nokså hjelpelaus kjensle. Det var jo så mykje som låg inn i denne vesle maskina. Mykje arbeid, og mykje av meg. Heldigvis hadde eg backup på jobbsakene, men det private det er borte. Det meste av innlegg, talar og andaktar, små dikt og filosoferingar er borte. Litt har eg på papir, noko på bloggen, men langt frå alt! Kjedelig!
Det var neppe stor kunst eller ein stortalars verk som forsvant. Det var helst amatørtankar, enkle erfaringar og vitnemål, og verda lever godt utan dette som var samla på mi maskin. Men det var litt av meg som forsvann, eg kjenner på det. Det har vorte ein del skriving, og mange talar og innlegg dei siste åra. Men maskina er død, og eg hadde ikkje passa på å ta backup, så dette må  eg berre akseptera.
Då er det fint å tenkja at ord lever, og mykje av det eg har mist hadde utgangspunkt i eit levande ord. I maskina gjorde ikkje desse orda noko teneste, men eg vil våga å tru at noko set att i hjarte av det øyrer og auge har møtt.
Det har vore mange gode og krevjande stunder i førebuing og under formidling. Det har forma meg og  gjort si gjerning. Men eg hadde ting eg ikkje har fått formidla eller brukt, det synes eg er verst å mista. Håpar inspirasjonen og orda kjem tilbake i ei betre utgåve når eg må starte på nytt, kven veit.

God jonsokhelg!

tirsdag 12. juni 2012

Prioritering

Det kjennes som at dagane i denne veka vi nett har starta på burde hatt fleire timar. Det er så mykje meire enn det eg rekk eg så gjerne skulle vore med på. Men eg må prioritera, og sjølv om valet eigentleg er lett, så er det visst ikkje det likevel.
Torsdag er det Oslo i jobbsamanheng, reiser i morgon. Frå fredag morgon er det landsstyremøte i NMS i Stavanger. Det er eigentleg ikkje noko å diskutera - det er dette eg skal. Det blir både kjekt, nyttig og viktig, og når eg i tillegg skal få møta dei tre borneborna og foreldra deira inn i mellom, ja då er det eigentleg lukke nok!
Einar og Ruth Andvik
Men det er med vemod eg må konstatera at eg ikkje får fylgja vår gode ven og støttespelar, Einar Andvik til grava på fredag. Ein heidersmann med si glede i familie, natur, misjon og kyrkje har nådd målet, og er heime hos den Jesus han har formidla så sterkt på søndagsskulen for fleire generasjonar i Andvikgrenda. Han har betydd så mykje for oss! Forteljarevna hans fekk både store og små til å lytta, antan det var jakthistoriar eller bibelforteljingar han fortalde. Eg ville gjerne fått fylgd han den siste vegen, men eg trur han ville forstått prioriteringa mi!
Takk for Einar, og signe hans gode minne.
Det neste eg gjerne skulle hatt med meg er jubileum for kullet mitt på Frekhaug. Rundt 60 av dei eg vart sterkt knytt saman med i eit viktig ungdomsår, skal samlast på Frekhaug fredag kveld. Eg ville gjerne ha vore der også, fått prata og knytta banda på nytt. Men det er litt fint å tenkja på at engasjement mitt for NMS og misjon, vart stadfesta dette folkehøgskuleåret. Det vart heilt klart for meg dette året at eg ville tena misjonen - korleis visste eg ikkje, men med spenning og forventning sa eg mitt ja til misjoneskallet på Frekhaug.
Så ser eg altså ein samanheng og aksepterer konsekvensen (nesten). Men eg skulle gjerne sett at døgnet hadde hatt litt fleire timar, og at avstandar hadde kunne krympast slik at eg hadde fått med meg alt eg så gjerne ville på fredag!

torsdag 7. juni 2012

Tida sto stille

Eg fann att noko eg har leita etter i mange, mange år - kanskje i over 50! På ein tidleg solrik søndagsmorgon fann eg det. Det viste meg at noko berre er, sjølv om det er lenge sidan sist eg såg.
Kva som fekk meg til å finna, får liggja, men

Tida sto med eitt stille
berre eit lite øyeblikk
men lenge nok
eg fann det eg har leita etter lenge
staden der tida står stille og gjev tilbake av det som er


mandag 28. mai 2012

Det gå'kke an!

Vi har hatt besøk av ein liten Oslogutt på vel to år i pinsehelga, og vi ser han kosar seg når han med eit lurt glimt i auga og eit smil om munnen seier - "det gå'kke an!" - Vi blir stolte, og gler oss over barnebarnet som har oppdaga talekunsten! Ingen over og ingen ved sida av guten vår, og vi slår fast at det faktisk går an! Det går an at stadig nye menneskeborn lærer orda og språket, og takk for det - det er ein spennande livsfase.
Språket er ei gåve. Stundom tenkjer eg- tenk om vi ikkje hadde hatt orda! Vi har berre 29 bokstavar i alfabetet vårt, men du verden kor mange ord det kan bli av det! Andre gongar let eg meg frustrera over at eg er så lite språkkunnig, at det er så mange spennande menneske, historiar og kunnskap som går meg forbi fordi eg eg har lært for lite språk.
På den første pinsedagen skjedde det eit språkunder - utan språkkurs og langvarige studier tala læresveinane på mange ulike språk! Folk undra seg som rimeleg var, og spurde - "er ikkje dette gallilearar - korleis kan det ha seg at dei snakkar på vårt språk?" Legen Lukas, som har skrive Apostelgjerningane, ramsar så opp alle folkegruppene og språka som var representert i folkehavet den første pinsedagen. Underlege ting, eg let meg imponera! Og eg får lyst å sei, som vår vesle Lukas med Oslo-dreis seier det - "det gå'kke an!"
Men det går an! Kyrkja vart fødd denne dagen, og ved Heilagandens nærvær lever den vidare mellom oss. Av den same ande blir vi drivne vidare for at alle menneske skal få høyra om Kristus på sitt eige språk og oppleva Heilaganden si kraft!

lørdag 19. mai 2012

Du store verden....

Det er mulig verda treng slike karar som tar seg ein dagstur frå Molde til England med privat jetfly, og som av den grunn får førsteoppslag i nyhetene dag etter dag. Det er mulig vi treng slike oppslag for å få tak på dei verkeleg store sakene verda har å handskast med, eller som kanskje får oss til å forstå at vi høyrer til eit noko bortskjemd folk. Kanskje er vi mett av krig, rettsaker og bondeopprør, og difor kosar vi oss litt med ein modig Solskjær og ein hissig Røkke. Vi likar beint fram slike vaksne karar som får levebrødet sitt og meire til, av å springa etter ein ball til alle døgnets tider.
Eg har lenge hatt sansen for Molde og for Ole Gunnar Solskjær. Det har eg framleis, sjølv om det er Sogndal som ligg mitt fotballhjarta nærast denne sesongen. Tidlegare synes eg Molde beint fram trong min sympati, som den veslebroren frå småbyen på nordvestlandet dei var. No er dei redda av Røkke og Solskjær, og då synes eg bygdebyen langt inne i Norges lengste fjord, Sognefjorden, trengst å heiast fram.
Eg likar å heia på Sogndal om dagen, og 16. mai-kampen tar eg for det det var, dei var rause den kvelden synes eg! Det har kome store personlegdomar frå Sogndal før, slike som stortjuven Gjest Bårdsen, statsråd Kjell Bondevik og NMS sin første misjonær, Hans Paludan Smith Schreuder. No har Flo-folket inntatt Sogndal, og eg har tru på dei!
Men poenget mitt var eigentleg ikkje å skriva om fotball, men berre kommentera det litt forunderlege - at ein Solskjærtur til England blir førsteoppslag, dag etter dag på nyhetene!
Det er nok ein del med denne verda eg ikkje forstår.

søndag 13. mai 2012

Veke 19


Veka har gått fort og har hatt mange fokus som engasjerer. I stikkordsform kjem litt av stort og litt mindre stort, som eg har merka meg :
  • Småborn blir lagt bort for å døy - i Norge - i 2012. Vi blir rysta
  • Idrettshelten og Øygardsstrilen, Alexander Dale Oen vart gravlagt. Eit stort forbilde, og ein mann med bakkekontakt og verdiar! Tungt å mista!
  • Partiet mitt i formuleringstrøbbel, partileiar tok ansvar og sette skapet på plass!
  • Gunnar Sønsteby har gått bort - historia hans må leva!
  • Skokasting i rettsalen - meiningslause og streke historiar har kome også denne veka
  • U-båten på Fedje skal tildekkast, eller skal den det? Ny tenkjepause i regjeringa. Hardt jobba av regjeringspartia frå vest!
  • Bomber og uro i Syria, verkar håplaust
  • The Elders har hatt møte i Oslo - mykje kompetanse, livsvisdom og engasjement
  • Gjenbruk gjev overskot for misjonen! 14. mill til NMS. Stor glede, og stort engasjement - 1. juni opnar butikk nr 41 i Sandnes!
  • Gullruta med kjolediskusjonar - du verden seier eg, kvar si lyst, heilt opplagt!
  • Fleire ønskjer kyrkjeleg konfirmasjon, og som kyrkje er vi takksame for det 
  • Eg kom vel i frå kusymreplukkinga i Sjøtødna i år også, men det er med hjarta i halsen på hylla i sjøkanten. Neste år bør eg utstyra med med tau! Uansett - kusymre gjev livskvalitet!
Eg fann eit Ivar Aasen sitat denne veka - eg likte det, og det er slik:

"Betre å vende i bekken enn i fossen"
Det kan verka som mangt har kome langt uti fossen, men veldig bra at noko snur i elva!

mandag 7. mai 2012

Heimesiger

Det er lenge sidan sure fotballsko og små lass med grus og småstein fylte gangen vår. Ein kveld vi hadde fått heim ein trøytt og lukkeleg gutt, vart desse linjene skrive:

Heimesiger
Fotballsko
svarte, illeluktande i gangen min
Den eine ligg trøytt på sida
Den andre har gjort eit lystig sprett
vrengt av seg småstein og sand på golvet mitt
Trøytte knottar møter meg, svarte knottar som har vorte grå
Grå av sand og grus fordi dei måtte springa etter ein ball
Ein ball det var så stort å få treffa
treffa med innsida eller spissen
Treffa slik at den fann ein annan svart sko
Aller helst treffa slik at den ikkje fann ein annan sko eller hanske, men at den fann eit nett.

Trefte du eit nett i dag du som er så trøytt at du har sovna på sida i gangen min ?
Vart du ikkje ferdig på grusen du som har gjort eit sprett til her på golvet mitt ?
Du finn ikkje noko nett her - men grus finn du, og sand finn du, så du kan kjenna deg heime. Den vert her til i morgon. Eg tek den ikkje bort i kveld.
 
I kveld vil eg berre tenkja på det du har gjort med guten som eig foten som bar skoen. Tenkja på han som med sveitt lugg, skitne sokkar og stinkande gymbag kom heim på stive bein med smil om munnen. Skoen hadde møtt ballen og ballen hadde møtt nettet!

Guten ligg på sida og sov han også. Angen av dusjsjampo fyller rommet hans
I gangen ligg skoa like skitne og illeluktande. Det skal få liggja. Dei har gjort noko med han som eig dei. Gjeve ei god kjensle, sjølvtillit og fellesskap. I morgon kan dei hausta andre erfaringar.
Difor tek vi vare på dei gode - i kveld. Dei skal få liggja.

Er eg ei rar mor ? Eig eg ikkje ordensans? Klarar eg ikkje oppdragarrolla ?
Tenk om nokon kjem i gangen min i kveld!

Lat dei koma. På lemmen har eg ein trygt heimattkomen, frisk og glad gut.
Eg vil tenkja på og skriva om det i kveld.
Difor seier eg takk til deg du svarte, ekle, dyre, uryddige fotballsko.
I alle høve i kveld
Det gjeld å ta vare på dei lukkelege stundene.

tirsdag 1. mai 2012

Barndommens rike

Barndommens rike for meg er Skår! Denne vesle, vakre staden ved Seimsfjorden i Nordhordland med utsikt over mest heile bygda. To små bruk, og ein enkel kjerreveg til tuns. Huset vårt er borte, vi ser grunnen der det stod til høgre på biletet over. Eit  gammalt, lite hus med ei lita stove i kvar ende og eit kjøkken i midten. To lemmar oppe. Halve huset var kårfolket sitt, og halve vårt. At det var lite og gammalt sveiv meg aldri, det var heime! Eg hadde alt eg trong, mor, far, to søstre og mange dyr!

Då eg var 11 år flytta vi frå denne staden, og opp til vegen. Det var berre nokre minuttar å gå, men det var dramatisk nok for meg. Eg skjønar at far og mor valde den løysinga i dag, men eg skjøna det ikkje då. Eg lengta tilbake til huset, til dyra og sjøen. I dag ser floren vår ut som på bildet over. Selja veks inni den nedrivne løa, som den gjer det i så mange nedrivne gamle løer.
Utanfor denne gråsteinsmuren hadde eg mi første medvitne oppleving av det å vera til, og å vera ein del av den store samanhengen! Ein mørk, stjerneklar vinterkveld låg eg  i snøen ved løemuren og såg opp på den svimlande stjernehimmelen. Det vart ei sterk oppleving for den vesle jenta, den set i henne framleis. Der ho låg i snøen fekk ho ei kjensle av å vera eitt med denne himmelen - Guds stjernesmykka golv! Der oppe var Gud, og han såg henne der nede i snøen, det var ho sikker på. Far var i floren, mor og dei andre inne i huset, ho kjende seg tvers igjennom trygg, kjende at ho høyrde til! Ho høyrde til på Skår, hjå mor, far, søstre og dyr, og ho høyrde til i Guds store verd, han som såg henne, vesle Kari i snøen.
Heldige vesle jente tenkjer den vaksne jenta! Varige verdiar frå barndommen! Då får det heller våga seg at selja veks der høyet skulle ha vore!

Det kjennes godt å ha flytta tilbake til barndommens rike, men det er ganske greit at ikkje huset står der det sto, det var nok eit framtidsretta valg foreldra mine gjorde. No har eg glede av å gå turar i dette landskapet, og over dei velfriserte bakkane til Ottar. På tunet hans er nesten alt som før, og på fine vårdagar er det lite som kan måla seg med ein tur "rundt Skår".