tirsdag 31. desember 2019

2020

2020
er eit vakkert tal
reint
enkelt
nytt

To-talet er
som ei svane på vatnet
på veg
framover
Søkjer noko 
noko å veksa på
noko å vera for

Ein null blir
ei ramme
som samlar
det vi søkjer
det vi finn
og det som berre kjem

Eg ber om
god driv
og 
godt innhald
for oss alle,
og særleg for den som treng det mest!

Må det bli fint å skriva 2020

Godt nytt år 

fredag 15. november 2019

Nærvær

Sitja stille
heilt stille
Sjå i løynd på eit leikande barn
Ikkje uroa

Sjå på munnen
som pratar og syng
Sjå på hendene som arbeider
og steller
Registrera små blikk
som kikkar opp på
bestemor som set med kryssordet
i stolen sin

Ho på golvet og
ho i stolen
treng sjå kvarandre
Sjå kvarandre
akkurat lenge nok

Må ikkje uroa,
men få eit glimt
av den gode leiken

Sjå opp akkurat lenge nok til
å sjå at bestemor
set der framleis

Bestemora kalla det for nærvær
Veslejenta har ikkje ord for slikt
men bestemor ser
at også ho kallar det nærvær.

søndag 3. november 2019

Spor

Spora de sette
lever
i kvar livstrevl
til timen kjem

For det de var
For det vi fekk
For det vi vart
Fordi de gjekk
Eit sår
Eit sukk
Ei Takk

"Nå er livet gjemt hos Gud
Vi overgir alt til Han,
Håpet er tent i liv og død,
Ingen er glemt av Gud"
- Svein Ellingsen - Salmeboka 872 - 4. vers.

søndag 27. oktober 2019

Velkomen heim

Tolv bot- og bededagslinjer

Han møtte to vidopne armar
sonen som hadde gått vill
Han gøymde sitt andlet i kappa
han hadde nok rota det til

Han møtte att far sin som elska
ein far som stelte til fest
Og han som var bortkomne sonen
vart festen sin hovedgjest

Farskjærleik bind ikkje barnet
ta ditt son, og gå dit du må
Men vit du at Far står med nåde
og opnar om du bankar på

onsdag 16. oktober 2019

I skipet

Tankar frå siste benk i kyrkjeskipet.


Sat på siste tofte
heilt bak i skipet
På toftene framfor
- skulder ved skulder -
sat slekt og bygdefolk
Dei fleste gråhåra
nokre var unge
Det var mange
som fylgde ein av dei eldste
som steig i land

Alle må vi til sist i land
- der reisa endar

torsdag 12. september 2019

Søvnen

Den velsigna søvnen
som fell over
to trygge, mette og reine små kroppar

Den velsigna søvnen
som slettar ut medvit
og legg travle hender og føter
til ro

De velsigna pusten
frå sovande småborn

Vakker
er søvnen
når den kjem til slike

lørdag 24. august 2019

I fylgje

Alltid
i fylgje
med meg sjølv

Nei
det blir usant
Ein er ein og
ikkje eit fylgje

Likevel er det det eg er
Eit fylgje

fredag 9. august 2019

Du vesle fugl

Kva tenkjer du på du vesle fugl
som sit så stille 
ved foten min?
Du ser så tankefull ut
der du sit
Er du redd?
Er du trøyt?
Sakna du nokon?
Berre sit her du
eg skal sitja så stille eg kan
og sjå på deg du vakre, vesle skapning i den store verda!
Du er ikkje åleine!

onsdag 10. juli 2019

Den nye dag


Om eg kunne velja....
- på den første nyskapte dagen
- dagen då alt blir nytt
om eg då kunne velja ein stad å vakna
av molda,
då ville eg vakna her
Eg ville ønskja den nye jord under den nye himmel, kunne vera nett her
At eg kunne vakna og sjå ut over ei nyskapt heimbygd
Ei velstelt, ny og grøn heimbygd
der folk og dyr
drikk vatn frå livsens elv
og et frukta av trea
fordi det ikkje skadar oss
Der fisken leikar inn vågen
og berrføtte småborn spring i fjøra utan å blø
og ormen ikkje lenger ligg i lyngen og skremmer dei
Og midt i mellom oss går Han vi sette vår lit til
Alle kjenner Han då, og Han kjenner oss ved navn.
Han som sigra over molda si makt
Også for oss i dette kalde landet langt mot nord
Vi er saman med han då, også vi frå denne staden
Saman med Han og med folk av alle nasjonar og tungemål
Vi skjønar vi er søskjen - då!
Og då skal vi «syngja, syngja, ja syngja ein ny jublande song»
sitat frå salme 272 i Salmeboka
http://www.karisorheim.no/2019/07/den-nye-dag.html

fredag 21. juni 2019

Mot rikare mål å trå

Alltid
vidare
Mot nye mål
Kjenna suget frå ytterkanten
og djupet
Frå det usette og det usagte
Det vi ikkje visste
som vi ikkje hadde ord til
Det ingen før har våga
og funne bilete til
Sprengja grenser
trå etter nytt land
Driven fram av
drivkrafta vi har.

Å trå etter "rikare mål"
lyder godt.
Måtte det vera det!

Anders Vassbotn sine "rikare mål å trå reglar" seier det enkelt og klokt:

"Å leva det er å elska det beste di sjel kan nå,
å leva det er i arbeid mot rikare mål å trå.

Å leva det er i livet å finna det største verd,
å leva det er å vinna til sanning i all si ferd.

Å leva det er å leggja all urett og løgn i grav,
Å leva det er i livet å spegla Guds himmel av"

søndag 9. juni 2019

Utan overskrift

Det ligg ein grøn traktor under salongbordet
Den har kvelva
og føraren er ikkje her
han for sin veg i ein bil utan lyd
I ein bil utan bompengar på veg mot søraust
Men traktoren ligg her
i skjul under ei noko full-lasta avishylle
under salongbordet
Den køyrde billeg den også
det er ingen bompengar hjå ei bestemor
men lyd hadde den
like til føraren for i den lydlause bilen
Der skulle han høyra på
lydbok
frå appen
som pappen
hadde lasta opp
- nei lasta ned
Kvifor lastar traktoren opp
og appen ned?
Det er det ingen som kan forklara bestemora i
den lydlause døsen
på sofaen
attmed bordet
som har ei full-lasta avishylla
med ein grøn traktor under.

onsdag 29. mai 2019

Brems

Eg vil bremsa
stå på dette stoppet lenge
vil ikkje vidare endå
Likar stunda
vil vera i den
Neste stopp veit eg ikkje
Nett no skin sola
kvelden kjennes ung
- men det er ikkje eg
Eg har ingen bremse
å stoppa sekunda med
dei berre tikkar og tikkar
vidare og
vidare
- og eg heng visst i stroppen
og fylgjer med
Det er kanskje ikkje
det verste det 

søndag 19. mai 2019

Myrull

Så godt det finst myrull
kvit og fin myrull
rein og mjuk myrull
som møter auga
varsamt og mjukt
Det er nok av
det harde,
det brutale
og glorifiserte
i denne verda!

tirsdag 30. april 2019

30 april

På ein kveld som denne
der russen startar festen
og andre teiknar raude plakatar til morgondagen
På ein kveld der Frp-Sylvi kvesser våpen
og vil ha straffa utmålt etter gatenummer
På ein kveld der dei viktige flygararane framleis streikar
og keisaren i Japan abdiserer
På ein slik kveld - dagen før flagget skal opp
set eg i stolen min og lengtar etter kusymre
Lengtar etter noko så enkelt som gul og velduftande kusymre

Kan det finnast noko betre å tenkja på på ein kveld som denne
enn ein gul, velduftande kusymre?

Om det blir med kusymrelengten i kveld
gler eg meg likevel over
at eg:
- ikkje er russ i natt
- ikkje skal halda appell morgon
- ikkje treng høyra meire på Frp-Sylvi
- ikkje er i streik
- og ikkje blir ny keisar i Japan

Livet er heilt ok med
gul kusymrelengt
Det er lov å håpa at
den kanskje kjem i hus i morgon
medan flagget vaiar
over bygd og by


søndag 14. april 2019

Heile verda song

Heile verda song
Alt vart fullt av jubel
Stemmer og orgelbrus
trompetklang og paukeslag
tona ut for all verda
"Jeg vet at Jesus lever!
Jeg tror at Herren Krist
når alle håp er ute
skal stige frem til sist"

Stemma brest
gledestårer finn veg
Sigeren hans
er sigeren vår
"når alle håp er ute"

Sitat frå Eyvind Skeie sin salme "Jeg tror på jordns forvandling"

søndag 31. mars 2019

Til granskogen

Kjære granskog!

Forakta og lite påakta
av mange
står du i skogen min
og gjev meg glede

Hadde du ikkje stått her
hadde eg ikkje fått kjenna gleda over
dei vakre lysportalane du lagar
når sola skin gjennom krunene dine
og ikkje kjent gleda
over glimta av bygda
og fjorden som tittar fram
mellom leggene dine
Heller ikkje hadde eg fått trødd på dei mjuke stiane
gjennom riket ditt

Hadde du ikkje stått her
hadde eg mista
opplevingar med deg
når småfuglande leikar gøymsle
og syng våryre songar i ditt eviggrøne fang
Eller når vinden lagar orkester
med djupe klangar mellom greinene dine
og fyller skogen med musikk
som skapar
undring og
mystikk
og stundom gjer meg
liten og redd

Takk du staute og rufsete granskog
som vi planta ein gong
for framtida
Du kjenner deg nok moden for nye oppdrag
Eg skjønar deg
men rår ikkje med det

Ver tolmodig
klor deg fast
Ein vakker dag kjem
saga fram til deg
og du får køyra på
på nybygde vegar
til ditt nye liv
- det livet du var planta for!

Helsing grunneigaren

fredag 22. mars 2019

Eit rom

Kvelden kjem
og eg kjenner meg heime
Då kan natta koma med teppet sitt
Breia det over dag og medvit

- om eg ikkje hadde eit rom
- om eg ikkje hadde ein stad når natta kom
Tanken skjønar ikkje slike ord

I eit endelause univers
mellom alle milliardar
gav livet eit rom 
for vesle meg

Eit rom med
kontrastar
lys og mørke
Men eg er heime
eg høyrer til
og natta kan koma
med teppet sitt
Breia det over dag og medvit
i rommet  som vart mitt

torsdag 14. mars 2019

Vy

Eg likar ordet VY
Eg likar folk med vyer
Folk som drøymer
som har ein idè dei trur på
- som dei endå til set ut i livet
Folk med vyer dreg verda framover
- om vyene er gjennomførbare då
Eg likar også ordet VY i laurdagskryssordet
Eit heilt ord
som blir ferdig
med berre to bokstavar
det er effektivt.
Det er Vyer over slikt eit kryssord
Men no tek toget ordet frå oss
- frå dei mange med vyer
- frå dei mange med draumar
- frå dei mange sitt kryssord
Dette treng eg tid på

- NSB skiftar namn til Vy -

søndag 3. mars 2019

Han Tinnitus og eg

Tinnitus spelar ein ciss
eller kanskje så er det ein dess

Same tonen
har ulike namn
Same tone
men ulik dur
Den eine er kryss
Den andre er b
Om lyden er lik
så kjen's det 'kje slik
B-en er mjuk
og kanskje litt trist
Krysset er hardt
er opplagt og friskt

Han valde tonen min sjølv
og flytta inn utan lov
Tvilar på om vi blir til vens

Ikkje berre det vi ber inn
tek seg eit rom

Så difor styrer eg slik:
Vil eg kvila frå fyren
då ber eg om dess
Vil eg halda meg vaken
 så ber eg om ciss

Slik lever eg og han Tinnitus livet
Han lagar litt kryss
han får meg til B
Når stundom han sovnar - eg takkar for det

torsdag 28. februar 2019

Augneblinken

Om eg gjekk vegen ein gong til
så vart den ikkje slik
Augneblinken den er aldri eins
Augneblinken den er ein

lørdag 2. februar 2019

Barndomsminne i skumringstimen

Ho ville så gjerne vera med far i skogen denne ettermiddagen.
Mor meinte ho kunne vera heime. Kanskje var det noko ho ville ha hjelp med - det hugsar ho ikkje i dag.
Men ho ville så gjerne vera med far. Kanskje kom det tårer til slutt.
Kvifor ho hadde så lyst nett den dagen veit ho ikkje, men ho veit at ho alltid trivdes med far sin ute.

Ho fekk viljen sin - eller kanskje ho berre fylgde den?  Til skogs bar det. Opp frå huset ved fjorden, og opp i Granlia, denne lia ho i dag set i stolen sin og ser opp mot medan ettermiddagsmørkre gradvis gøymer trea i skogen og kallar fram dette litt såre barndomsminnet.

Ho veit ganske nøyaktig, den dag i dag, kvar far held på med trea sine denne dagen. Ho kunne funne plassen om nokon ville sjå!
Hennar jobb var å få eit tau rundt den tyngste enden av stokken, dra den litt nedover lia, for så å sleppa tauet når stokken fekk fart, og suste nedover ved naturlovene sjølv.
Så gjekk ho ned, løyste tauet og gjekk oppatt etter ein ny.
Det var jo ikkje det største trea ho drog, men dei var store nok til å utfordre viljen og kreftene hennar.

Det var i ettermiddagstida dette. Ho merka at mørkret gradvis seig innmellom grantrea.
Ein gryande skumringstime.
Det suste i trekrunene, og ho kjende etter kvart at motet vart skifta ut med noko trist og tungt.
Inn mellom dei mørke granane kom det sigande inn noko sårt i bringa.
- Mor, tenket ho! Mor! Ho skulle vore heime hjå mor!
Ho som hadde gråte seg til å få vera med far på noko kjekt, fekk ein veksande klump i magen.
Det kjekke vart ikkje kjekt lenger, og gråten var vanskeleg å gøyma.

Spring heimatt til mor du, sa far, og såg forsiktig bort på henne.
Ho stussa ikkje, kasta tauet frå seg, og la på sprang, medan tårene trilla.

Far hadde forstått!
Han hadde gjennomskua!
Han kjente jenta si!
Ho vart både flau og glad!

- Kjem du no? sa mor.
Ho høyrde ingen anklage i stemma hennar!

Når skumringstimen kjem mellom trea i Granlia hender det stundom at dette minnet kjem til henne.
Ein sterk vilje, og eit vàrt samvit kan framleis skapa uro i henne som skriv.
Men i skumringstimen tenner vi lysa. Ho takkar for dei som tenner lys, og som framleis forstår og tek i mot henne slik ho er.