lørdag 22. desember 2007

God Jul

I kveld seier eg God Jul til blogglesarane mine. Jula snart på plass, og eg tenkjer at bloggengasjementet mitt tek seg ein pause.
Det kom eit vakker og rørande bilete til meg gjennom nettet i dag, frå andre sida av jorda kom det. Det gjorde med glad. Ei lita jente som er mi, langt der borte i "Østen" er Maria, er det ikkje flott? Ei stolt lita "mor". Eg gler meg over at stadig nye jenter og gutar får leva seg inn i det store underet som skjedde då Gud kom til jorda som eit lite barn. Dette vart flott for meg, og eg deler det med deg samstundes som eg ønskjer deg ei God Jul!

torsdag 13. desember 2007

Ungt initiativ

Oppslag i Strilen i dag om unge husbyggjarar i Skjelsundet er strålande. Det som er så bra med det er for det første at ungdomane har teke initiativet sjølv for å få til dette byggefeltet, og for det andre at dei gjev kommunen så flott attest på god service og god hjelp. Dette er ein flott og heilt ideell kombinasjon -ungt initiativ og imøtekomande administrasjon! Slikt blir det resultat av. Dette byggefeltet vil gje ein ny giv til folketalsutviklinga, nye hus, nye familiar og nye born! Lukke til!

onsdag 12. desember 2007

Det nyttar - dei lyttar!!

Eg set her i kveld og er ganske nøgt med folka "mine" på fylkestinget. KrF snudde i bokbåtsaka i fylkestinget i dag, og slikt står det respekt av synes eg. Det er tilitsvekkjande at dei viste at dei lytta til grasrota, eller kanskje eg heller skulle sei lytta til bølgeskvulpet som kom frå kystfolket!

Takk Torill - eg er stolt av deg! Takk til dykk andre også sjølvsagt, fekk berre ekstra lyst å framheva den flotte fylkesordføraren frå KrF i kveld!
Les meirfrå fylkestinget her

Samstundes er det ganske flott at folk som står saman om saker får påverknad. Eg håpar folket "reiser seg" i høve til saka eg har skrive om i innlegget under også....

søndag 9. desember 2007

Viktige verdisaker

Denne hausten har regjeringa vist oss at dei går til kamp mot viktige tusenårige verdiar i landet vårt.
På ein del område har eg sans for politikken som dei raud/grøne står for. Jagland og Stoltenberg understreka seinast i Høybråten sin 50-årsdag denne veka at det er mykje felles i sosial-og kristendemokratiet. Solidaritet og nestekjærleik er mykje det same berre uttrykt på sosial- og kristendemokratisk vis, vart det sagt av begge. Det er mykje sant i det.

Men det er også ein stor og djup skilnad mellom våre to ideologiar, og denne hausten har vi fått dette synleggjort svært så tydeleg. Vi har i Norge i dag ei regjering som aktivt arbeider for å fjerne det kristne verdi- og menneskesynet i det norske samfunn, og eg nemner tre, fire saker.

1. Endring av den krisne føremålsparagrafen i barnehage og skule
2. Forslag om kjønnsnøytral ekteskapslov
3. Ei liberal bioteknologilov
4. Borttak av kristendomen sin særstilling i KRL-faget
På eit kort blogginnlegg kan eg ikkje ta med meir, men det som eg denne søndagsmorgonen er mest opptatt av er endringa i KRL-faget som kom på fredag. Biskopane fryktar det vil "avkristna" Norge, Dagrunn Eriksen seier regjeringa rasserar KRL-faget. Dei har rett, og det er nok det regjeringa vil, og med det gjer dei avstanden mellom soslialdemokratiet og kristendemokratiet uoverkommeleg. SV får det slik dei ønskjer, og det store paradokset er at SP kan gå med på dette....

Dersom vi i Norge i år 2007 ikkje er i stand til å skjøna at det berre er når vi er trygge på vår eigen ståstad at vi kan ha respekt og forståing for andre si tru og overtyding, så er det grunn til å sjå mørkt på både integrering og gjensidig respekt i framtida.
Er det dette det norske folk verkeleg vil? Eg har vanskeleg for å skjøna det- over 80% døyper framleis borna sine til den kristne trua. Kyrkja skal forkynna, det skal ikkje skulen, men skulen skal gje kunnskap!
Eg håpar alle som er einige i dette skjønar at dette krev at vi vaknar og seier i frå, viss ikkje vil andre livssyn overta - det er umogeleg å tru på eit livssynsnøyrtal samfunn....
Ueinig???

onsdag 5. desember 2007

Bokbåten Epos

Bokbåten Epos er ein kulturinstitusjon langs kysten, også Masfjorden. Hordaland fylkeskommune har ansvar for delar av drifta og no har den blitt stroke i budsjettet. Dette vil bety at bokbåten som har kome med bøker og teater med jamne mellomrom, ikkje vil koma lenger. Mange av oss i Masfjorden synes dette vil bli ei tap for det kulturelle mangfaldet i dei små bygdene våre, og vi oppmodar fylkespolitikarane våre til å finna dei 1.5 mill kronene som trengs for å oppretthalda dette tilbodet. Vi trur de finn desse kronene, og vi oppmodar fylkestingsrepresentantane våre til å snu i denne saka.

tirsdag 4. desember 2007

Ein annleis dag

I går var eg saman med mange... Mange kjente - ikkje slike som eg kjenner akkurat, men slike som folk flest kjenner.....

Det er ganske underleg å vera i slike samanhengar, kva i all verda gjer eg der??? Eg lurar på det når sant skal seiast.. men det er jo spanande - og så veit eg jo kvifor eg er der - som fylkessekretærane i KrF sin representant - og det er ei ære- eg har mange flotte kollegaer!

Stoltenberg og Jagland - eg kjenner jo ikkje dei, og dei kjenner difinitivt ikkje meg, og eg synes det er heilt greit....

- men eg var i bursdagsbesøk saman med dei i går..merkeleg...

Kristin og Siv, dei var der og - smilande, moderne Oslodamer som fekk meg til å kikka forsiktig nedover på kostymen min, kjente meg litt "bondsk" men det var faktisk heilt ok å kjenna seg slik.

Sponheim og Lønning, flotte retorikarar som held underhaldande talar med gode ord til jubilanten .

Jubilanten var KrF sin partileiar Dagfinn Høybråten. 50 år vart feira, og mange gode og velfortente ord vart sagt.
Eg tilstår at eg har fått meir og meir sans for Jagland. Han framstår reflektert og truverdig i ei tid der politikarar kan falla for freistinga til å overgå kvarandre med populistiske utsegn. Han held dessutan ein flott tale til Dagfinn Høybråten. Han snakka fint om ein politikar med integritet og vilje til å få ting til, om ein som er samarbeidsvillig, målbevist og dyktig. Det varma sikert Dagfinn, og det gjorde godt for oss andre- gode ord varmar- vi er alle sårbare menneske...
Det var kjekt og interessant å vera med men det er godt å koma heimatt- heimatt til eldreråd og barneforening i morgon.

lørdag 1. desember 2007

Born er born...

Eg vart i godt humør i dag, seks glade Masfjordborn på dobbelside i Strilen gjorde meg glad. Seks heilt vanlege born som fortel kva dei gler seg til, og kva dei drøymer om litt lenger fram i livet. Sjølvsagt vart eg litt ekstra glad fordi det er born eg kjenner og som eg synes er litt"mine".
Men det som var litt artig å registrera i dag, var at eg kjente meg att i desse tredjeklassingane. Dei gler seg til mange ting, og dei drøymer om det dei skal gjera når dei vert vaksne. Guten i gjengen skal bli brannmann og køyra helikopter, og jentene gler seg til dei kan få baby eller kan få passa små born. Fleire av dei har lyst på dyr..... Så gler dei seg til dei får gjera som dei vil når dei vert store- kjøpa snop, sjå skumle filmar,leggja seg når dei vil o.l. - slikt har vi tenkt før også...
Er det ikkje flott at det stadig er nye born som gler seg, som drøymer om framtida, som lengtar etter å klara seg sjølve? Det er viktig for oss å få del i slike tankar og draumar vi som etter kvart har fått eit realistisk forhold til kva livet oppfyller for oss.
Eg opplevde desse dobbelsidene i Strilen som ei god vitaminsprøyte i dag. Gleda, lengten, draumen den lever faktisk også i ei snart 60-år gamal masfjordjente,,
Det er framtid i slike tenkjande, lengtande og drøymande små barnetankar, og heldige er vi som kan sjå borna våre veksa opp i eit lokalmiljø der dei får høve til å utvikla seg. I KrF sitt program står det at "Borna og dei unge er Masfjorden sin viktigaste ressurs" Dei er det!

fredag 23. november 2007

Godt jobba Pål

Det må bli litt fylkespolitikk i dag, det har skjedd ein del positive ting som fortener omtale. Fylkesutvalet har vedtatt budsjettet denne veka og vår mann Pål Kårbø, har gjort ein flott jobb for Masfjorden og Nordhordland
Det første er det gledelege er at Masfjorden får 12 mill (4x3 mill) til utbetring av Stordalsvegen. Dette er ei oppfylging av Fyrtårnmidlar til skitrekket, og er tildelt av konsesjonskraftsmidlane. Mykje kraft har kome frå Stordalsområdet, og sjølv om det er "dråpar" som kjem tilbake denne gongen er det all grunn til å gle seg.

I tillegg til dette er det lagt inn prosjektmidlar til Pilotprosjektet vårt, ca 530 000 kr. Dette er viktige midlar for vidareføring av bygdeutviklingsprosjekta.

Det er også gledeleg at vi fekk gjenomslag for TAF-linje på Austrheim sjølv om eg i Strilen ser at Liv Oda gjerne vil ha sin del av æra for den. Det skal sjølvsagt ho og Ap få, men det er no eingong slik at dei som set i posisjon må få det inn på budsjettet og Pål har fått det til, det vil eg takka han for! For oss er det, i tillegg til det eg har skrive før om det faglege behovet for regionen, også viktig å styrkja Austrheim vgs som er ein liten skule i distriktet. Dette vil gje skulen ny kompetanse og status, og styrkja elevtilgangen til skulen.

At Osterøy får midlar til ny skule er også ei god sak for Nordhordland og distriktet. Det er jubel på Osterøy les eg i Bygdanytt

søndag 18. november 2007

Budsjettarbeid

Det er budsjett-tid i alle kommunar - hjå oss også.

Formannskapet har hatt to møte der budsjettet har stått på dagsorden.
Økonomien for Masfjorden kommune har vore trongare enn den er nett no. Vi som har vore med ei stund hugsar med gru tilbake til tider då vi var på minus år etter år, og at det var tider då vi endåtil måtte låna for å kunna betala ut lønn.
Sjølv om vi er i ein betrestilt situasjon no, er det all grunn til å styra "edrueleg" framover, vi ser at rammevilkåra endrar seg raskt, alt for raskt til tider. Likevel, budsjettet rådmannen har lagt fram for formannskapet er eit forslag som sikrar dei gode tilboda vi har, det aller meste er lagt inn, og som politikarar kjenner vi oss att i dei prioriteringane som er gjort. KrF leverte i møte inn tre innspel til det vidare arbeidet, bibliotektilbod på Sandnes, midlar til læremidel på skulane, og løysing for fellesrådet sitt transportbehov.
Vi grunngjev våre innspel slik:
Bibliotek:
Det er lagt inn 20% stillingsauke under bibliotek, vi finn det rimeleg at dette vert nytta på Sandnes der vi ikkje har slikt tilbod. Legg det gjerne til tenestetorget på kommunehuset, då får vi tilbod kvar dag.
Skule:
Ap ønskjer å utvida oblogatorisk skuletid for 5-6 klasse. I budsjettet står det at det hadde vore ønskjeleg med meir til læremidel og det er bakgrunnen for vårt forslag. Vi meiner også at dersom elevar skal gå på skulen meir enn den obligatoriske tida, så bør foreldra ha eit ord med i laget. For KrF er hovedfokuset meir til innhald, men vil foreldra prioritera fleire timar framfor oppdaterte læremidel, vil vi lytta til det.
Transport:
Fellesrådet har lenge signalisert at dei treng bil til å tansportera utstyr mellom dei ulike kyrkjene. Innanfor eigne rammer har dei ikkje funne rom for dette. Vi meiner Fellesrådet og kommunen må samarbeida om ei løysing for transport, og har bedt om at løysinga vert presentert i samband med komunestyret sihandsaming av budsjettet i desember.

tirsdag 13. november 2007

Ei god sak

Austrheim vidaregåande skule ønskjer å oppretta ei såkalla TAF-linje med tolv elevplassar ved skulen . TAF er forkorting for tekniske allmenne fag, og i denne fireårige utdanninga får elevane både teoretisk og praktisk kunnskap. Linja vil vera knytt opp til næringslivet i nordre delen av Nordhordland og vil fylla ein etterspurnad som industrien i området treng. Vi kan lesa i Strilen i dag om at næringslivet er svært positive til denne linja, og vil gå inn med støtte på ulik vis. Fylkesrådmannen har innstilt negativt i denne saka, og det har økonomiske grunnar forstår vi. Det er likevel sterkt å ønskja at dette tilbodet kan opprettast og at dugnads- og spleiselagsånda lukkast i å få dette til. Det vil styrkja desentralisert utdanning, styrkja det faglege miljøet på denne skulen, og uttanna unge menneske til eit fag dei vil kunna praktisera i sitt nærmiljø. Ei kjempegod sak for ei vidareutvikling av opplæringstilbodet i ein region i utvikling. Eg ønskjer fylkespolitikararane lukke til med å finna midlar til denne linja.

fredag 9. november 2007

Kva er vitsen?

Kva er vitsen med Masfjorden? Eit tullete spørsmål som vart stilt på folkevaldkurset for kommunestyrerepresentantar i dag. Kva er vitsen med Masfjorden? Er det nokon som kan svara på eit slikt spørsmål?
Poenget var vel å få oss til å tenkja, kva betyr Masfjorden for oss, korleis tek vi vare på kommunen og korleis utviklar vi den framover dei neste åra.

Vi opplevde i dag at vi alle har ein sterk Masfjordidentitet, også eg som innflyttar har det, eg kjem frå Masfjorden seier eg når eg er utom grensene våre. Identiteten er viktig, og det er viktig å byggja den hjå born og unge som veks opp her. Fjella, fjorden, bygdene, kulturen og ikkje minst folka som bur her - det er vårt, vi høyrer til her, vi ønskjer at alle skal ha det godt her.

Kommunestyret neste periode blir eit bra kommunestyre trur eg. Eg har skrive det før her på bloggen, men eg seier det igjen, det er flott med så mange nye og så mange av den yngre garde. Dei har ny kompetanse å tilføra kommunestyret.

Ingen eg var saman med i dag er i tvil om kva som er vitsen med Masfjorden.
Eg konkluder slik:

1. Her er det godt å bu, her er det menneske eg høyrer til saman med
2. Vi har eit rikt og mangfaldig kulturliv og gode oppvekstvilkår
3. Vi har ein fantastisk natur som gjev rekreasjon og livskvalitet
4. Vi har ein rimeleg god økonomi og dermed gode tenester
5. Vi har eit felles mål om ikkje å vera oss sjølve nok, men inkludera fleire i bygdene våre
6. Vi vil fokusera på det positive

søndag 4. november 2007

Kyrkjefest på Solheim

Denne veka har vi hatt kyrkjefest på Solheim. I 125 år har denne kyrkja stått som Gudshus i Indrefjorden under overskrifta "Dette er ein heilag stad, her er Guds hus og Himmlesn port." I glede og sorg, på vanlege søndagar og på festdagar har folket kome til kyrkja si og møtt Gud og kvarandre.

Kyrkja har bore preg av slitasje og manglande vedlikehald, og under tildels stram kommuneøkonomi har den hatt strev med å bli prioritert. Under bispevisitasen for to år sidan vart det gjort et genialt grep av biskopen. Kanskje hadde han valet mellom å stengja kyrkja eller til å inngå ein positiv avtale med kommune og kyrkje, og han valde det siste- han lova kom att på 125 årsjubileet og at han då ville sjå ei opprusta kyrkje.
I dag var kyrkja fullsett, nyoppussa og vakker, og dagen vart ei markering av kyrkja sin sterke rolle i bygdene våre, ei levande folkekyrkje på sitt beste. Eg gledde meg stort over den nyoppussa kyrkja, over salmesong med mektig musikk, korsong av born og vaksne, over ein biskop som har evne til å formidla glede og alvor så det møter hjartene våre, og eg gledde meg stort over kø oppover kyrkjegolvet til nattverdmåltid. Eg gledde meg også over god mat og fin utstilling i grendahuset, og ikkje minst over det "gamle" ten-singarane som kom heim og song til oss. Kyrkja lever og vi skal ta vare på den!

Det er ikkje kommunen som skal styre kyrkja, forholdet mellom kommune og kyrkje ligg klårt i kyrkjelova, men som politikarar skal vi sjå til at kyrkja blir sett i stand til å ivareta sitt oppdrag både åndeleg og materielt. Det er difor trist at kyrkjestatsråd Giske reduserer tilskotet til fellesråda slik han har gjort i statsbudsjettet for 2008. Men ordføraren gjekk langt i dag i å lova at kommunen skulle sikra kyrkja midlar , og KrF skal sjølvsagt fylgja opp.

torsdag 25. oktober 2007

Fisk og vilt-damer

I dag har det vore kommunestyre med val av nemnder og utval, og KrF har grunn til å vera nøgde Det er ikkje så mange utval i komunen som før, difor er det heller ikkje så mykje å kjempa om.
Det som var litt spesielt i dag var at KrF fekk to "jenter"i Fisk og Vilt. Både Marit Steinestø og Lillian Andvik fekk plass der, og det synes vi svar ekstra kjekt, slik kan dei vera kvarandre til støtte. Både Marit og Lillian har interesse for dette feltet, er jegarar og friluftsmenneske, og vi trur dei vil vera med å fremja ei god forvaltning av våre naturresursar på dette området.
Siri Tangedal Kratzmeier kom inn i litt meir "tradisjonelle" KrF-utval, Brukarutval og Eldrerådet. Dette har ho gode føresetnader for og det er gode utval for ein KrF-ar.
Eg fekk ein del enkeltverv som fylgje av varaordførarvervet. Det kan bli greit å prøva nye oppgåver. Mest nøgd er eg med å få vera med i Styringsgruppa for Pilotprosjetet i kommunen.
Vi kjem tilå ta oppgåvene på alvor, KrF ønskjer vekst og framgang for kommunen og vi vil samarbeida med alle parti om gode løysingar.

onsdag 17. oktober 2007

Masfjordingar på Fylkestinget

Eg var som fylkessekretær på Fylkestinget i går, og i tillegg til å vera stolt over at KrF har fått ei flott ny gruppe og fekk attval på vår dyktige fylkesordførar Torill S Nyborg, var det også kjekt å registrera to masfjordingar på Tinget. Dei representerar jo etter mi meining "feile" parti begge to, men det hjelper ikkje - eg rett og slett overser slikt i ein slik samanheng. Dei er masfjordingar for meg, og det er god nok grunn til at eg har lyst å løfta dei fram i dag og ønskja dei lukke til med jobben .
Liv Oda Dale frå Ap, har vore med i fleire periodar, medan Petter Kvinge Tvedt, FrP er ny i denne samanhengen. Det er viktig med erfaring og fartstid, men eg synes likevel at det er utruleg bra at det finns unge som synes det er ok å delta i politisk arbeid! Eg har tru på dykk begge to!!

Lukke til i arbeidet med bompengepakka, Petter!Her må du lytta til Liv Oda, vi må lenger enn til Kvingo veit du !
Så eit stikkord til dykk begge: Konsesjonskraft!

tirsdag 16. oktober 2007

Vi vart skuffa - vi skal få det til!

Vi vart skuffa i dag. Fylkestinget gjekk ikkje for fylkesutvalet sitt framlegg om å tilrå godkjenning av bompengesøknad som finansiering av Nordhordlandspakka. Dette var uventa fordi fylkesutvalet si innstilling var å godkjenna pakka. Ordførar Ole Lysø i Austrheim sa i dag i NrK Hordaland at Nordhordland er sett 20 år tilbake, og eg vil tru at mange med han i Nordhordland kjenner det slik, ikkje minst innanfor næringslivet. Det er verkeleg eit tankekors at Hordaland Høgre går mot dette.

Eg vil tru at regionleiar, og vår ordførar Håkon Matre også er skuffa. Han har lagt ned eit formidabelt arbeid for dette prosjektet. Eg vart difor imponert over hans uttale til NrK Hordaland i ettermiddag, det høyrdes mest ut for at han alt hadde rista skuffelsen av, og fått nytt kampmot då han sa at dette SKAL vi få til.

Det er lov å bli skuffa, men det nyttar ikkje å gje seg. KrF skal jobba vidare saman med Håkon og alle gode krefter som arbeider for utvikling av Nordhordland.

Les fylkestinget sitt fleirtalsvedtak her

søndag 14. oktober 2007

På strikkeutstilling

Vi var i Haugsdalen i går og det var ei triveleg og inspirerande oppleving. Først var vi innom strikkeutstillinga og der fann vi mykje av interesse. Knut fann ein gensar som var "nesten" slik han hadde då han var skulegutt, og slikt vekkjer trivelege minner. Eg har omtala denne utstilinga på forrige innlegg, og skal ikkje skriva meir om dette enn at vi vart imponerte over det vi såg og alt arbeidet som Haugsdalsfolket presenterte. Dette er kultur- og tradisjonsformidling på eit høgt nivå.




Kari Molland og Marita Kjetland i og framfor fine strikkeplagg.

Tusen takk, dette er god Masfjordkultur!

onsdag 10. oktober 2007

"Frå indst til ytst"

Dei 50 fastbuande i Haugsdalen gjer ein kjempejobb med sine markeringar innanfor lokal husflid. I fjor var det sengeutstyr som var tema for utstillinga, i år er det bruk av ull som materiale for klede av alle slag, frå "inst til ytst, til kvardag og fest.
Dette er er eit svært viktig kulturarbeid, det er all grunn til å løfta fram alt det kreative som vårt "formødre" har skapt mellom fingrane sine. Dei gjorde det ikkje først og fremst for å "kosa" seg med handarbeid, men fordi det var eit heilt nødvendig arbeid for å få klede til familiane sine. Det var sikkert eit slit mange gonger, men eg trur også at mange hadde glede av å laga fine og nyttige ting. Skapar- og kunstnarevne kom fram mellom hendene deira, og eg likar å tenkja at dei hadde glede av å laga fine ting til mann, born og seg sjølve. Eg tenkjer at det vart litt av deira ansikt utad til kvarandre i lokalmiljøet -"Sjå kva eg har laga!" Men som i dag, kvinnene hadde nok ulik glede av dette, for ein del var det ganske sikkert eit ork, dei ville heller ha brukt tid og tankar på andre ting, men dei hadde ikkje korkje "Spar Kjøp" eller "Cubus" så ein hadde berre ein ting å gjera. Det står kjemperespekt av arbeidet til våre "mødre" og eg ser fram til å koma innom på laurdag.

lørdag 6. oktober 2007

Kva er det med Aksnesen?

Kva er det med Masfjorden, spør den rutinerte og stort sett dyktige Strilenjournalisten Livar Aksnes i avisa i dag. Det er noko han ikkje heilt forstår, eg veit ikkje om eg kan hjelpa han heller. Men det er jo trist at han vert så søvnig og sløv når han har vore hjå oss, og spesielt når han har vore på Sørsida.. Problemet vert vurdert som alvorleg, for han lurar rett og slett på om det er ein slags Tornerosesyndrom, eller som han seier det, "ei Tornerose-forbanning" som kviler over oss, for han vert så søvnig når han er på veg heimatt etter besøk hjå oss. Ikkje hjelper den vakre naturen han skildrar, ikkje får han kick av kommunestyremøta, ikkje hjelper det å tenkja harselerande tankar om bygdekrangel, latterlege tomteprisar, heller ikkje å syngja hjelper. Berre ei sterk oppleving har han hatt, og det kosta han eit blinklys... Trist dette, Livar. Likevel, eg ser det som positivt at det er når du skal heimatt du er trøyttast, eg vel å tolka det positivt.
Kva er det som skjer med Aksnesen??
Eg prøver meg med ei tolking: kanskje har han det slik som oss andre etter ein lang abeidsdag, vi vert beint fram trøytte. Ikkje alle arbeidsdagar er like gjevande, slik er det for meg også sjølv om eg jobbar i bydn. Eg deler gjerne mi erfaring, det hjelper stundom å høyra korleis andre opplever livet. Med meg er det så gale, Livar at ofte må ta ein stopp i bilen fordi eg vert så sløv. Eg kjempar meg oftast forbi Mundalsberget, men då skjer det- eg sløkkjer motoren, legg ned setet og sov nokre minuttar.. Det hjelper, men eg har faktisk aldri kome på at det hadde med Bergen eller Lindås å gjera, eg har alltid trudd at det var fordi eg hadde jobba på ein lang dag eg, men du sette meg på ein god tanke....
Og så - dersom Strilen sin utsendte er uroa for oss her inne mellom Soria-Moria i vest og dei flotte fjella i aust, så melder eg med dette at vi faktisk meiner at prinsen har vore her, prinsessa er lys vaken, og tornehekken den har vi ikkje sett.
Takk for ei morosam historie.
PS Er det somme som ikkje skjønar kva eg skriv om i dag,så er det fordi du ikkje har Strilen!

fredag 5. oktober 2007

Ingen gratisferje

Det vart ingen gratisferjer i statsbudsjettet 2008, veit ikkje om eg trudde på eller forventa det heller, slikt tek tid...Det er ikkje enkelt å få nye prosjekt inn på statsbudsjettet sjølv om det var ein aldri så positiv samferdselsminister som møtte delegasjonen frå Masfjorden kommune i haust. Det positive i denne runden er at tema framleis er "til vurdering i regjeringa, og vi oppmodar alle politiske parti i Masfjorden til å halda saka varm. Førebels får vi gle oss over at at rabatten på sonekort auka frå 45 til 50% frå 1. mai neste år.

Å driva lobbing for ei slik sak er ikkje så enkelt, og slett ikkje enkelt når det er tre parti som har "all makt" og berre to av dei som er represeterte i Masfjorden. Likevel, vi skal gjera vårt for at Masfjordsambandet skal bli kjent og halde varmt i KrF.

fredag 28. september 2007

Så bra!

Ein viktig post på KrF sitt valprogram er oppfyllt, og vi tek ikkje æra for det. Vi har ynskt samlivskurs for nybakte foreldre i kommunen i programet vår, og no inviterar Masfjorden kommune ved helsesøster Marta og psykiatrisk sjukepeiar Dag førstegongsforeldre til kurs! Så bra! Eg veit de har hatt lyst til dette lenge. Flott at de får det til.
Dette var ei av Laila Dåvøy's fanesaker då ho var barne og familieminister, og no er vi i gang i Masfjorden! Flott og lukke til.

PS! Eg har eit litt "gamaldags" sitat bak i hovudet mitt - det lyder omlag slik: "Den beste gåva ein far gjev til barnet sitt er å vera glad i mora" Dette kan sikert både mistolkast og vidaretolkast, men poenget er klart, foreldre som har det bra saman, gjer barnet godt!
Les meir

torsdag 27. september 2007

Sanketida over?

Endeleg ein dag med sol. Eg møtte Venke på Sandnes i ettermiddag, ho hadde vore på Klefjellet og henta ned tre sauer i det strålande haustveret. Endå mangla ho seks- sanketida er ikkje over endå, og vi håpar på godt ver så fleire juleribber kjem nedatt frå fjellet.

Men stemmesanketida er over. Det merka vi på kommunestyret på tirsdag, fire år til neste sanking og ein del politikarar kjenner seg visst rimeleg frie ser det ut for.
Vi skulle drøfta Matreplanen på tirsdag, men det vart ein trist affære. Rådmannen brukte først tre kvarter på å leggja fram planane, dei fleste gode og utviklande planar som skulle gje grunnlag for ein god debatt om ei viktig sak. Debatten kom ikkje. Ap sitt engasjement var å fjerna ein regulert hustomt, og så melde dei si interesse for å vera med i "brugruppa"- punktum. Ikkje eit ord om landbruket. Ap uttrykkte seg litt merkeleg om dette i lokalavisutspørjinga under valkampen, dei sa noko om at Ap berre ville ta jordbruksareal dersom det var regulert til bustad.. ! Eg stussa litt over dette svaret, håpa i det lengste det betydde at dei ikkje ville omregulera landbruksareal, men no regulerer dei ,og "kysten er klar".
I valkamputspørjinga sa Sp som forventa nei til å øyda jordbruksareal, men dei stemte i mot KrF sitt framlegg om å føra innatt landbruksarealet i planen- endå merkelegare enn Ap sin handlemåte. Kva seier veljarane deira??
FrP sa nei i ei avis og ja i ei anna, det var nok ikkje deira feil, eg hugsar deira svar i møte med lokalavisene som nei, i kommunestyret sa dei ja bustader på dyrka mark, kva meiner veljarane deira? Høgre og Venstre har jo sagt nei til tradisjonell landbruksdrift på Matre lenge, og vi lyt respektera det, men eg takkar i alle høve Karstein Totland for engasjement slik at vi fekk ein liten debatt. Men argumentet ditt Karstein om at vi kan ta saka att "neste gong", det vert for passivt for meg.
Eg skjønar bonden på Matre sin frustrasjon og engasjement, og eg frydar meg eigentleg over at det endå er unge bønder som orkar, som tek ansvar og som kjempar med nebb og klør for garden og framtida si på den. Alt for mange gjev opp. Du og dei andre der inne burde sleppa å kjempa mot dykkar eige kommunestyre, det er andre løysingar på bustadutfordringa,vi fattar ikkje at ikkje kommunestyret ser det.

tirsdag 25. september 2007

Litt konstitueringsfundering

Det nye kommunestyret i Masfjorden har konstituert seg i dag, og eg fekk raskt inntrykk av at dette blir eit spanande kommunestyre. Dette trur eg fordi eg m.a. såg at eg var ganske "gamal" i dag... Eg registrerte med tilfredshet at det var eit forholdsvis ungt kommunestyre som sette seg rundt bordet, eg var nest eldst i forsamlinga fann eg ut, og det var faktisk heilt ok. Eg synes det er så bra at det er mange yngre og nye politikarar som er med og tek ansvar. Faktisk var eg òg rimeleg ung då eg starta, 20 år yngre enn i dag.. Merkeleg- eg burde kanskje hatt vèt til å gje meg, men det vetet har eg ikkje fått endå, eg er kanskje litt politisk "seigliva" eller kanskje rett og slett ei "seigedame"??

Det andre eg registrerte som positivt var at det var ein perfekt kjønnsbalanse rundt bordet i dag, 8 kvinner og 9 menn! Slik har det ikkje vore før. Formannskapet vi valde i dag har faktisk tre kvinner og to menn, og varaordføraren vart endå til ei kvinne. Slike overtak og "sigrar"har ikkje vore kvinner forundt i Masfjorden tidlegare......

Synes også det er flott at det var heilt nye representantar på plass. Både Ap, Venstre og KrF har fått representantar inn som aldri har vore med før.
Eg ser fram til å bli kjent med heilt nye masfjordpolitikarar.

Vi skal utvikla kommunen - eg gler meg!

torsdag 20. september 2007

Masfjordingar med viktig jobb

Knarvik senter er ein positiv samlingsstad for både born, ungdom, vaksne og eldre frå heile Nordhordland. Men det er og ein stad der enkelte born og unge kjem i kontakt med miljø der dei får sitt første møte med alkohol og narkotika. I går var det informasjonsmøte på Nordhordland Folkehøgskule om den nyoppretta ungdomskontakten, skriv avisa Strilen.

Dette prosjektet er eit interkommunalt og tverrfagleg arbeid som også Masfjorden kommune er ein del av. Vi i KrF har sjølvsagt støtta opp om dette fordi Knarvik er ein viktig stad for oss. Dei fleste av ungdomane våre har Knarvik som den første stoppestad for eit liv på eigne bein, og senteret er ein viktig møteplass også for våre ungdomar.

Vi ønskjer dei to masfjordingane, May Bente Matre og Kristin Midtgård som har fått ansvar i dette prosjektet, lukke til!

onsdag 12. september 2007

Takk for støtte

Valet over og KrF fekk ein framgang på 0.9 %. Sjølvsagt er vi skuffa over at vi ikkje fekk tre representantar, men vi mangla omlag 15 stemmer for å få dette mandatet. Dette viser oss igjen at kvar stemme er viktig!
Forhandlingar om dei viktigaste verva er også over, og KrF har i samarbeid med Høgre, Venstre og FrP sikra Håkon Matre fire nye år som ordførar. KrF fekk varaordførar - den nye varaordføraren er altså meg...

Dette er ei løysing KrF er godt nøgde med, både det at det vart så brei semje om samarbeid, og sjølvsagt det at KrF fekk varaordføraren. Vi har særleg grunn til å takka Venstre som aksepterte å "berre" ha 1. varaplass i formannskapet.

I kommunestyret dei neste åra vil eg og Siri Kratzmeier møta fast. Marit Steinestø er første vara, Frank Kvinge 2. vara og Lillian Andvik 3. vara.

Vi skal gjera vårt beste for innbyggjarane i Masfjorden. To stemmer er berre to stemmer, men vi trur vi kan vera "gode" på samarbeid og gler oss til å ta fatt!
Takk til dykk som har hatt tru på oss og som har gjeve oss støtte !

Her finn du det nye kommunestyret

lørdag 8. september 2007

Gul rose

Så er det siste innspurten i valkampen. I går og i dag er Masfjorden KrF ute med gule roser. Dersom du ikkje har fått, så er det fordi vi ikkje møtte deg då vi var i di bygd. Om du ikkje har fått rose så har du i alle høve fått programet vårt. Kanskje er du i tvil kva du skal velja og for moro skuld kan du jo ta denne testen. Den er litt "søt" men kan vera ok på ein laurdagskveld.

Har du spørsmål til KrF før du bestemmer deg kan du leggja det under kommentar på dette innlegget, så svarar i kveld eller i morgon tidleg. I heile dag er det valkamp, og eg skal ut og køyra på partileiar Høybråten i dag. Eg skulle jo drive valkamp i Masfjorden, men slik er jobben min (men før eg reiser skal eg dela ut roser på Andvik og Sandnes...)De møter Marit, Lillian, Helge, Jon og fleire i bygdene i dag, snakk med dei og spør....

torsdag 6. september 2007

Berre veg, ferje og bru ?

Det har vore mykje veg, ferje og bompengar i denne valkampen og det er viktig. Likevel, dette er ikkje alt.
Masfjorden KrF vil først og fremst at eit godt oppvekstmiljø skal vera Masfjorden sitt varemerke. Vi vil ha eit lokalsamfunn der unge familiar trivst fordi dei og borna deira har det godt. Vi vil ha full barnehagedekning også når øyremerke tilskot fell bort, vi vil ha ein skule utan mobbing og som har tid til å sjå enkeltelevar sine behov. Vi vil tilby samlivskurs for førstegongsforeldre og ha eigen koordinator for familiar med funksjonshemma familiemedlemar. I tillegg er vi garantisten for fortsatt sertifikatstøtte på 4000 kr til unge som deltek på kurs om trafikk og rus.
For oss som er kandidatar for Masfjorden KrF er også dette viktig!

mandag 3. september 2007

Betre alderdom

Vi har ei god eldreomsorg i Masfjorden. Vi har ein god og moderne sjukeheim, omsorgsbustader og ei god heimeteneste. Likevel har vi utfordringar å ta tak i. KrF vil særleg ha fokus på innhaldet i eldreomsorga i tida framover. Dei eldre har, som alle andre, både kropp, sjel og ånd som treng næring og stell. Vi ønskjer at dei tilsette i omsorgstenesta skal få betre tid til den enkelte brukar slik vi veit at dei ønskjer å gje det. Vi ønskjer at det frivillege sosiale arbeidet som vert drive av organisasjonar, frivilighetssentral og kyrkje skal verdsetjast endå meir. Difor har KrF føreslått å auka budsjettrammene innanfor desse felta dei siste åra. Vi har fått til ein del, men ønskjer meir.
I programmet vårt står det m.a.:
KrF vil
- styrkja innhaldet i eldreomsorga
- vidareutvikla aktivitetstilbodet for eldre i bygdelaga
- støtta Frivillighetssentral, organisasjonar og kyrkja sitt arbeid for eldre

lørdag 1. september 2007

Førstegongsforeldre

Å bli foreldre er vel det største som kan skje, og eit nyfødt barn er ein fantastisk liten skapning. Eg snakka med ein ung far i dag, han hadde to små vogna, og med stolthet fortalde han at han hadde fire til! Eg vart imponert!

Å bli foreldre for første gong endrar tilværet for foreldra. Eit lite "vesen" som krev all merksemd, og som ikkje spør om sin rett til å få det. Dag og natt får ein ny rytme, og familielivet skal inn i ein ny fase.

KrF i Masfjorden ønskjer at alle nybakte førstegangsforeldre i Masfjorden skal få tilbod om eit enkelt samlivskurs.
Slike kurs er for tida svært populære, og vert meir og meir vanleg i heile landet. På kursa får ein kunnskap og orientering om kva som skjer med mor, far og barn i den nye livssituasjonen. Det er på ingen måte "krisehjelp" som skal tilbys, men kunnskap og forståing om kva som er "det vanlege" og "normale" i ein slik lukkeleg situasjon. Vi trur at samlivskurs førebyggjer kriser, gjer foreldra tryggare, og vil vera med å gje ein god og trygg oppvekst for det vesle "nurket"

torsdag 30. august 2007

Best på service

"Masfjorden- ein kommune me er stolte av"
Dette er mottoet for Masfjorden kommune, og i dag får vi nok ein grunn til å vera stolte - resepsjonspersonellet på kommunehuset har kome på førsteplass i Hordaland når det gjeld telefonservice. I tillegg fekk kommunen delt tredjeplass i service totalt. Stilig! Vi gratulerer og vi blir stolte!
Å bli møtt på ein positiv og tenestevillig måte i telefonen gjer at vi kjenner oss verdsett og viktige. De som gjer denne jobben er døropnarar inn til kommunen. Gratulerer til Gerd Alis, Haldis, Mona og andre som også tek godt i mot oss!

tirsdag 28. august 2007

Kva med skulen?

I mange valkampar kjem spørsmålet - kva skjer med skulen vår? Får vi ha skulen i vår bygd? Framfor dette valet er ikkje dette eit tema i Masfjorden. For KrF er det viktig å ha ro omkring skulestrukturen, og i programmet vårt står det at "vi vil ha tre likeverdige oppvekstområde"
KrF tenkjer at vi dei fire neste åra skal ha fokus på tilbodet skulen gjev, og vi vil særleg ha fokus på at den enkelte elev skal få høve til læring og utvikling ut frå eigne føresetnader. Vi er fødde ulike, vi skal utvikla oss ulikt, men alle er like viktige. Vårt engasjement for dei som strevar med skulen er sterkt. Taper ein dei første åra på skulen vert det vanskeleg å ta det att seinare.

Difor seier KrF:

"Vi vil gje skulen rammer som sikrar alle elevar gode læringsvilkår"

tirsdag 21. august 2007

Ideen vår sprer seg

Også Gulen KrF vil sponsa førarkort til unge. Ordførar Trude Brosvik seier ho vil føreslå dette for kommunestyret i Gulen. Til NrK Sogn og Fjordane viser ho til nabokommunen Masfjorden som alt har gode erfaringar med slike tiltak.
- Vi ynskjer at ungdomen vår skal få ein god ballast med å få vere med på kurs og dermed få særleg fokus på trygg bilkøyring og dette med haldningar mot rus og bil, seier ordførar og KrF-politikar, Trude Brosvik.

Vi i Masfjorden KrF helsar dette velkomen, og vi tenkjer at dette er eit opplegg som Masfjorden og Gulen svært gjerne kan samarbeida om. Det vil gjera opplegget vårt endå meir spanande og inspirerande for ungdomane.

lørdag 18. august 2007

1621+10=1631

Gladmelding: Folketalet i Masfjorden har auka med ti nye personar!
Det er gladmeldinga!
Hjarteleg velkomen de som har flytta, eller har blitt fødd hit.
Går det an å gle seg over ein folketalsauke på ti personar på fire månader?
Ja!
Folketalsutviklinga har hatt ein negativ trend gjennom mange år. Sjølvsagt går det ikkje an å tenkja at trenden har snudd, vi må nok sjå litt lenger før vi kan konstatera det, men det går an å gle seg over at våre gode lokalsamfunn har fått ti nye innbyggjarar.
NrK Hordaland sitt "ekspertpanel" etter debatten i Knarvik senter på onsdag, konkluderte med at i Masfjordpolitikken der var det harmoni for tida. Politikarane hadde eit felles mål og det var å snu den negative folketalsutviklinga. Dette var ein god attest synes eg, og KrF vil spela på lag med bygdefolket for å finna gode løysingar som gjev trivsel og "levebrød" for unge og gamle.

torsdag 16. august 2007

Sertifikatstøtte

Ordninga med sertifikatstøtte til unge er vi i KrF ganske stolte over. Det var ein del som rista på hovudet og sa at det berre var"valflesk" då vi føreslo ordninga for fire år sidan. Men det var ikkje valflesk, det var eit handslag til ungdomane som treng sertifikat når dei er 18 år, og nesten hundre unge har gjennomført kurset og fått støtte.
"Ei heilt ny verd opnar seg når vi får sertifikat" sa ei masfjordjente nyleg.
Støtta på 4000 kr som vi føreslo(men som diverre vart "berre"3000 kr) er knytta opp til eit flott og informativt kurs om rus og trafikk. Vi har berre høyrt positive kommentarar til kurset.

Denne saka skal KrF vera garantist for vidare fordi:

-vi ønskjer at dei unge i kommunen vår skal forstå at dei er viktige

- fleire unge kan bu heime og samstundes koma seg på skule, arbeid, trening og til vener på eiga hand

- dei unge får god informasjon om rusen sin verknad, og at rus og trafikk ikkje høyrer saman.

tirsdag 7. august 2007

Bru over Masfjorden

Det er svært positivt at leiaren i Strilen i dag, 7. aug går ut med solide argument for, og støtte til bru over Masfjorden. Bru over fjorden er den fornuftigaste satsinga for at kommunen skal uviklast og næringslivet skal kunna satsa her.
Det har ikkje vore mykje fokus på bru over Masfjorden dei siste åra. Masfjorden KrF har ikkje vore aktiv på denne fronten og har lite å skryta av i så måte, andre parti har stått for det vesle fokuset som har vore. No har saka kome på dagsorden att, og med hjelp av eksterne midlar er det mulig å gjera undersøkingar for traseval. Dette er positivt.
Det som for KrF sin del har gjeve ny nærig og realisme til arbeidet med bru over Masfjorden, er debatten som på nytt har kome om konsesjonskraftmidlane som fylket disponerar. Det er faktisk rett som Strilen skriv at ”Mangel på pengar treng ikkje vera noko argument”, og dei peikar på konsesjonskraftpengane. Lenge nok har kraftmidlar frå Masfjorden finansiert veg og bruprosjekt i andre delar av fylket. Vi er glade for at KrF sin gruppeleiar på Fylkestinget, Pål Kårbø har sterkt fokus på Masfjorden sine interesser i denne saka. Mellom anna av den grunn står det i Masfjorden KrF sitt program for neste periode:
”Masfjorden KrF vil:
- arbeida for at det på sikt blir bygd bru over Masfjorden
- arbeida for tilbakeføring av konsesjonskraftsmidlar

Likevel - opprustning av tilførselsveg til Rv 39 frå Sandnes til Andås må koma først. Det er viktig - med eller utan bru!

søndag 5. august 2007

"Har du samvit til dette?"

Eg fekk dette spørsmålet for snart 30 år sidan. Det var ikkje kven som helst som spurde meg, men ein barnelege. Eg sat stor og rund med eit nytt barn i magen. Attmed meg låg ein liten fireårsgamal son i senga si, sterkt prega av ein sjukdomen han døydde av nokre veker seinare. Vi var på barnelegekonferanse på Haukeland, og alle viste at barnet eg hadde i magen også kunne vera sjuk, noko han diverre var. Det var der eg fekk spørsmålet:"Har du samvit til å setja fleire slike barn til verda?" Eg hugsar ikkje svaret eg gav, men kjensla eg fekk sit i meg.
Spørsmålet kom endå ein gong tilbake denne sommaren. Debatten om kva som er eit verdig liv, endå til forsvarleg samfunnsøkonomisk, har på nytt vore på dagsorden.

"Jeg kan ikke se nødvendigheten av med viten og vilje å sette barn til verden som vi vet med sikkerhet vil komme til å koste samfunnet enorme summer i pleie, omsorg og utstyr" skriv ein FrP-politikar i Stavanger Aftenblad i sommar. 80% av alle foster med Down Syndrom vert abortert i Norge.

Kva slags samfunn skal vi ha i verda sitt rikaste land? Kva er eit verdig liv? Kven skal bestemma kva slags barn vi skal få?

Eg er opprørt langt inni sjela, over det som skjer i verda sitt rikaste land! Det er samfunnet eg er opprørt over, ikkje foreldra som må kjempa med umenneskelege val.

I verda sitt rikaste land skal vi ha råd til og plass for alle. Vi vert fattige utan!

Masfjorden KrF vil at foreldre med funksjonshemma born skal få endå betre hjelp. I programmet vårt står det: "KrF vil at kommunen skal ha ein fast koordinator som sikrar gode tilbod til familiar med funksjonshemma born" Vi vil at hjelpetenestene som familiane teng skal koordinerast gjennom ein eigen koordinator. Det er eit slit for oss som foreldre å gå frå kontor til kontor, frå fagperson til fagperson, fortelja historia og problemet til stadig nye personar. Hjelpetiltaka må leggjast oppi hendene på dei som treng det, vi har råd til det.

Vala vi må gjera er vanskelige og vi meiner det er samfunnet si oppgåve å tilby hjelp og støtte, ikkje å stilla foreldra dei negativ spørsmål som det eg fekk og som mange andre foreldre har blitt møtt med. Sjølvsagt skal vi med GODT samvit setja våre funkskjonshemma born inn i verda. Sjølvsagt !

tirsdag 10. juli 2007

Ferietid

Det er ferietid. Gode dagar der arbeid og mykje av dei vanlege aktivitetane kjem inn i ein annan rytme.

Mitt hovedfokus denne ferien er familie - nett no er huset fullt, og eg har det flott. Heldige er eg som har ein familie, og bra er det at eg får tilhøyra eit parti som har familien i fokus!


Det blir pause på bloggen ei stund framover vil eg tru. Breibandet har ikkje kome til hytta, og det er faktisk heilt ok.

Eg ønskjer mine blogglesarar ein god og fargerik ferie, anten slik to av mine feriegjestar har funne roen, eller på den måten som ispirerar deg mest.