onsdag 27. januar 2016

Strykejern og vaffelhjarte

Fine damer, enkelte i fargerike kjolar. Gode smil bak spente, spørjande andlet.
Vi gjev kvarandre ein god god-morgon klem, og eg prøver å hugsa namn som kling uvandt i munnen min.
I dag skal vi på butikkloftet for språktrening kombinert med arbeid desse kvinnene kan; stryka klede og laga mat.
Det er ikkje så lett å sei ordet "stryka" - Y-en vil ikkje passa heilt i munnen. Dei prøver på nytt og på nytt medan strykejernet går rutinert over gardinene.
På butikkloftskjøkkenet står ei ung, kvikk dame. Ho steikjer vaflar og har gule lappar på bordet og på veggen. "Jeg lager vafler" står det. Læraren som er med dei pratar, underviser, oppmuntrar og skriv på gule lappar. "Jeg lager vafler", seier dama.
Det er god stemning på butikkloftet, men det slår meg kor strevsamt det må vera med minimale lese- og skrivekunnskap å skulle læra eit heilt nytt språk. Godt at eg i det minste kan sei, og har ete "indjera"! At eg i det minste kan sei at eg har vore i Asmara og Keren, og at eg har vore på marknaden deira, og veit at der kan dei "pruta". Det nyttar ikkje i NMS- butikken :-)
Så har dei altså hamna her i vårt lokalmiljø - har med seg ein kultur vi ikkje kjenner, og er prega av opplevingar vi ikkje kan forstå. Latteren i Kaffikroken når kundane kom, prata og lo og smaka på vaflane, kjennes framleis som ei sitrande glede.
Godt å vera eit gjenbrukt medmenneske i NMS-butikken!

mandag 18. januar 2016

Froststille

Froststille
Berre lyden av knasande snø
under føtene mine

Lufta
Lyset
Sola
Snøen
Fjorden
Fuglane
Trea
Skuggen min, og eg

Eg uroar
Fuglane fyk opp der eg kjem
Snøen får fotefar der eg går

Forfedrane sine merke er her;
- Dyrka mark
- Gråsteinsmurar
- Granskog
- Gamle hus og
   kjerrevegar

Fjorden har eit florlett isteppe
Trea står som støypte
Ikkje eit vindrag
Fuglane flyg stille
Skuggen min er taus
Alt er froststille

Berre eg bryt stilla
når snøen knasar
under føtene mine

Eg kjenner at eg lever!

torsdag 14. januar 2016

Lys mellom stammane

Står i vindauga i skumringstimen
Ventar
Alltid ser det mørkare ut ute - når du står inne
Ventar på traktorlys i skogkanten, eg

Å sjå dei dukka opp
er kvardagslukke på høgt nivå

Ventar eg for lenge
er det ikkje lukke
men lette som er ordet
for lys mellom stammane


torsdag 7. januar 2016

"Bestemødre FOR"

Det er fint å vera bestemor på heiltid nokre dagar - flotte og kjekke born, og så langt går alt som det skal. Vi får kvardagen til å gå fint, rekk både skule og barnehage kvar morgon. Barnevenleg middagsliste er planlagt, og blir gjennomført! Til og med tomatsuppe og fine rundstykker til kvelds kan det bli!
Det er eit privilegium å få fylgja kvardagslivet til barneborn og få kjenna at vi byggjer tillit og tryggleik med kvarandre. Godt å få pussa små kvite tenner, og få sitja ved sengene til søvnen let travle små skrottar få kvila! Fint å vera bestemorspensjonist og ha tid! Fint å oppleva det eg ofte drøymer om. Som i denne fabelen!

Det er berre ein ting eg kunne tenkt annleis i dette bestemorsoppdraget, og det er at BarneTV kunne koma tilbake i tilnærma gamal form, og at det KUN blir sendt mellom kl 1800 og 1830, slik som i "gamle dagar"!
Ikkje det at vi har så mykje tid til TV her i huset, men kvar aldersgruppe skal få sine tilmålte minuttar, så blir det jo litt kveldsunderhaldning.
Vi ser på Brannmann Sam og Legofilm, på Annie, Emil og andre filmsnuttar som skal vera tilpassa 3 til 12-åringar. Menyen er full av alternativ, og alle tre har stemmerett. Det gjeld å vera rettferdig, pedagogisk og diplomatisk! Skulle vi ikkje bli einige, så har vi jo I-pad og mobiltelefonar i fleng, og BarneTV fins då over alt! (Godt med ein 12-åring som hjelper ei utdatert bestemor)

Og når så alternativa er utvald, og freden senkar seg i flokken, tek alle lydane til. Skvizz - svupp - kviiin, babu/babu og musikkliknande tonar! Sterke, kvasse lydar og stemmer rett inn i bestemor sin øyreteknikk! - Er det ikkje litt for høgt, spør bestemora. - Nei det er fint, er svaret. Til og med bestefar synes vist det er ok.
Då er berre ein ting å gjera; Ta ut lyden din bestemor - lag tomatsuppe til kvelds.

Eg har fått ein idè i kveld. Tenkjer på om eg skal starta ei aksjonsgruppe med parolen "Bestemødre FOR ein halv times BarneTV" -  eller aksjonsgruppa "Bestemødre FOR BarneTV med snille, mjuke lydar".
Ja, eg vil vurdera det!