mandag 26. mars 2012

Paradis

Paradis er staden der det gode er. Paradis er staden der det er harmoni og der det er framtid. I det første paradiset var alt "såre godt"  heilt til kunnskapen om godt og vondt vart utfordra av mennesket. Verda har seinare kjempa med konsekvensane som fylgde med å ha smaka av frukta på kunnskapens tre.
Eg har oppdaga eit anna Paradis! I naboutmarka fekk eg nyss om eit Paradis, og etter det kjentsfolk seier, var det Syslak`'en sitt Paradis. Om det stemmer veit eg ikkje, eg har aldri høyrt om dette paradiset før, og Syslak'en har eg berre eit svakt minne om. Så er det Seimsfolk som les dette og veit noko om Paradiset i Sprøklandsmarkjæ, så må de sei i frå. Mellom Husfjellet og Blåfjellet fann vi eit lite område som skal ha fått namnet Paradis.
Kva fann vi der? Vi fann ein mosegrodd steinmur vakta av eit stort mosegrodd tre. Neppe kunnskapens tre, men eit tre for fuglar og innsekt, og for livd for dyra. Nedanfor treet var det ei lita oppdyrka mark. Ingen stor åker eller slåttemark, men kanskje gav den mat til to/tre sauemunnar eller ei kyr. Paradiset låg i ei hole med lier på alle sider. Eg tenkte, her kunne paradismannen lagt eit lokk over om regnet vart for uthaldande. Litt nede mot nord rann ein bekk med klårt vatn, og vatn må eit paradis ha! Hjorten var nok her, fugl og småvilt også, vi såg spora. Vatn, jord, luft og eld, grunnlag for alle elementa, grunnlag for å dyrka og leva. Slik må det vera i eit Paradis.
Eg undrar meg på kva tankar mannen som sette opp muren og som dyrka marka, hadde om denne vesle plassen. Eg trur vel helst han ville ha det som ein plass for litt ekstra fòr til dyra sine nede på garden sin. Han hadde ikkje den største garden i bygda. Eller kanskje synes han at han hadde funne ei lita perle der oppe i marka der han fekk vera åleine, skapa noko og få utvida bruket sitt litt?
Eg veit ikkje, men eg blir i fylt av respekt når eg ser korleis forfedrane våre kjempa på for å få utkome til seg og sine. Dei brukte naturen, det var den dei hadde, men naturen hadde ikkje nok til alle på desse små gardane i vestlandsbygdene. Men draumen om Paradiset, og ønskje om å skapa og byggja hadde dei. Det ligg i mennesket si skapargåve frå det første Paradiset.
I dag manglar vi respekte for det jorda kan gje oss på desse små bruka våre. Vi byggjer oss Paradis med pengar, olje og teknikk. Vern av matjord er "gamalmannstankar" og vestlandslandbruk er som ein dråpe i havet, tenkjer mange. Eg er glad partiet mitt ser verdien av landbruk også i 2012, og at det den siste veka har kome med tydelege signal som støttar opp om dei som tar vare på markens grøde, i Paradiset Norge.eit

søndag 25. mars 2012

Viss sola kjem

Viss sola kjem i dag, (og det er akkurat som eg trur det kan skje, for ho var her faktisk i går), ja då skal eg helsa henne velkomen med glede! Eg innrømmer at eg nesten hadde gløymt heile sola ei stund, men sist helg var eg oppom skyene nokre gonger, og til mi store glede oppdaga eg at sola faktisk var der oppe! Høgt oppe, mange tusen fot etter det kapteinen seier, møtte eg den strålande sola. Ho laga eit eventyrland av skylaga, ja sjeldan har eg sett slike skyformasjonar som eg såg sist helg. Eg sat med smilet om munnen og fryd i sjela over den fantastiske verda høgt der oppe, og for gleda over at sola ikkje hadde slokna.
I går vakna vi til ei rask lettande skodde, og ei sol som kom med smil og varme, med stadig fleire opna krokusar og svulmande påskeliljeknoppar, med tørr asfalt og motorsagdur i lia. Sola kom med lufting av tepper, og med kaffikopp saman med nabo og tjeld i fjæresteinane! Lukkelørdag, rett og slett!
Viss sola kjem i dag vil eg også sjå det den avslørte for meg i går - dvs lengesidanpussa vindauge, støv i krokar, og visna kvistar og lauv på tunet. Sola vil på nytt visa meg at eg har litt å "hengja fingrane i", men det er heilt greit for i dag er det søndag.
Om sola også kjem over søndagsteksten i dag, er det godt. Maria budskapsdag heiter denne søndagen som vakna til sommartid og fekk så tidleg ein morgon. Den kjem med forteljinga om ho som på forunderleg vis vart mor til han som vi set vår lit til. Teksten i dag må møtast med tru, noko anna nyttar ikkje for meg.
Eg ventar på at sola snart kjem over søndagen til sollengtande vestlendingar, og andre solunderernærte kroppar rundt i kongeriket. Eg ber at lyset også skal koma inn i kyrkje og forsamlingshus og kasta undring og glede over mysteriet og det heilage i dag . Eg ønskjer sola kjem og opnar både knoppar og sinn, og fyller bleike sollengtande andlet og sjeler med glede og farge!
God søndag!
Bildet er laga av søster Ingvild

søndag 11. mars 2012

Slik gjekk no dagen!

Eg har hatt ein roleg søndag. Eg skulle nok ha brukt den litt betre enn eg har gjort. Først og fremst  skulle eg gjerne ha vore på gudsteneste, men i dag vart vegen for lang og radiogudsteneste vart eit godt alternativ.Så skulle eg ha førebudd meg til Landsstyremøte i NMS til helga, men det vart berre litt "skumming" gjennom sakspapira i dag. Heldigvis var ikkje bunken så tjukk denne gongen. Eg skulle også skriva tale til pensjonistmøte på Andvik i morgon ettermiddag, men det løsna liksom ikkje i dag. Eg hadde endå til tenkt at eg kanskje skulle gje med sjølv eit forsprang på morgondagens jobbedag, men eg valde berre det kjekkaste - å melde inn to nye medlemar i KrF! Resten blir i morgon! Så skulle eg gått ein lang tur, men den vart berre ut i Bakhaugane og heimatt!
Men eg har sett på to gulldamer - dei fekk det til dei! Endeleg fekk eg fylgja både eit Kollenløp og eit VM-løp for skiskyttarjentene, og jammen vart det to gull! Kjekt!
Langrenn og skiskyting er flott! Klassisk langrenn er stilig spør du meg, og spenninga med skytinga gjer skiskyting så morro!
Dei er så flotte dessse skiløparane. Så enkle og beint fram! Herleg smil, naturlege tårer og nydelege dialektar som viser på TV at Norge er meir enn Oslo! Takk damer!
Elles så har jo to bergensarar naturleg nok vore i flomlyset frå den ivrige pressa denne dagen også.To trivelege bergensarar med sitt engasjement, sine politiske utfordringar og sine personlege problem. To svært ulike utfordringar skal dei takla, og koma vidare med. Eg ønskjer dei begge lukke til! Midt i det heile vil eg tru at dei begge to har kome eit stykke vidare i dag, og det unner eg dei!
Og no høyrer eg bilen til prestemannen min parkera ute på tunet. Det har vore ein lang søndag på han, men kjenner eg han rett vil han smila og sei at han har hatt ein grei dag! Og det har eg og, ein god søndag!
Ha ei god veke!

fredag 9. mars 2012

Berre vinden brusar...

Vi knappar jakken godt om oss
Set kursen rett mot vinden
Regnet piskar i andletet og vindkasta er kraftige
Men vi går
Paraplyane vrengjer seg, og vi gjev fort opp den livda
Smiler forsiktig der vi kikkar inni hettene til kvarandre
Smiler litt sjølv om hjarta gret

Så stoppar vi og samlast
Tett saman står vi
Som om vi vil gje kvarandre livd

"Fager kveldsol smiler over heimen ned", syng vi
"Jord og himmel kviler, stilt i heilag fred"

Nei, inga kveldsol denne føremiddagen på Landro kyrkjegard.

"Berre vinden brusar frå det opne hav
Vi står her og sørgjer ved den mørke grav!" høver kanskje betre

"Lova være Gud han som i si rike miskunn har atterfødd oss til eit levande håp
ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde"
Vi veit at presten seier det, men vinden tar orda!

Så står vi der i regnet og vinden, kjenner på sorg og på medkjensle med henne spesielt.
Ho som har mista mest!

Men vindkasta  hindrar ikkje den stille, heilage freden!
Den let seg heller ikkje stoppa av sorg og motvind.

Den er som ei kveldsol som smiler
Den er ein stad der vi kviler!