lørdag 3. februar 2018

Februargreina

nakne, svarte vintergreiner
har si lukkestund
i skumringstimen
når februarsola spelar opp for dei 
med ein himmelglans
som får kvar grein og kvist
til å kjenna seg
sett
og
vakre
der dei strekkjer seg 
oppover 
som stolte
mottakarar av natta