søndag 23. januar 2011

Positivt møte

På onsdag var eg på årsmøte i Masfjorden KrF, og det var som vanleg ei god oppleving å vera saman med KrF-folket i Masfjorden. Når vi i dette lokallaget med ca 40 medlemmar møter 16 motiverte KrF-arar, då kan ein ikkje anna enn å bli oppmuntra. Helge Dyrkolbotn, gruppeleiar i Austrheim KrF held politisk tale. Han snakka om rolla som lokalpolitikar og lokal-KrF-ar, og gjorde det på ein måte som skapte både gjenkjenning og motivasjon. Helge er oppvaksen i Masfjorden, og han møtte både lærarar, skulekameratar og andre frå oppveksten på Matre.
Helge er ein politikar eg har stor tru på!

Marit Steinestø har gått inn i "min" rolle som varaordførar, og dette er ei flott utfordring for henne som ho klarar med glans. Eg gler meg til å sjå kva som skjer framover! Lukke til til både Marit og Siri som er representantane til KrF i kommunestyret. Siri Tangedal Kratzmeier vart vald til ny leiar i lokallaget etter at Marit sa frå seg attval.
9 mars er det nominasjonsmøte og ny kommunestyreliste skal veljast. Det blir spennande.

I går var det rådsmøte i Hordaland KrF og det var fylkestingsprogrammet som var tema. Masfjorden KrF har føreslått, og fått inn bru over Masfjorden i programmet, og ei formulering om avsetting av konsesjonskraftsmidlar til samfunnsutvikling i kraftområde er på veg inn. Dette jobbar Marit aktivt med, og Pål Kårbø som er gruppeleiar for KrF på fylkestinget er ein god medspelar.
Eg ser fram til valkamp og mange gode KrF-saker til beste for innbyggjarane i Masfjorden og i Hordaland!

Livet lever



Lunger som pustar
hjarte som slår
frisk og rørig i livet eg står

Hender som tek om
føter som går
arbeid og yrke og trygge kår



Tanke som tenkjer
kjensler i sinn
livet det lever i kvardagen min

Leva i medgang
i lukke og fred
leva i motgang med det som bryt ned

Livet det lever
i livet mitt òg
i grått og i klårt ver der livet eg såg

søndag 16. januar 2011

Mysterium

Eg har vore nær eit mysterium i dag
Så tydeleg og sterkt, Det kom så nær Eg skjøna det ikkje
Eg retta fram handa og fekk eit lite brød
Eg løfta eit beger og fekk nokre dråpar vin
Det var eit mysterium, eg gjekk så nær eg kunne
Det var eit mysterium som kom meg nærare enn eg forstår
Ei heilag stund

mandag 10. januar 2011

Våg meir

"Våg meir" er årstema for NMS 2011. Eit vågeleg og dristig tema, men eg likar det! Eg likar å bli utfordra til å våga endå litt meir.
Tema minner meg forresten om då eg var liten og gjekk med far i arbeid på garden. Det var noko eg lika! Når far utfordra meg til å gjera ting eg eigentleg tenkte var litt for vaksent for meg, så våga eg det likevel fordi far meinte at dette klarte eg! Eg har mange slike minne om barrierer som eg braut fordi eg vart utfordra, og fordi far trudde at dette klarar jenta. Og så hadde vi det så kjekt saman. Eg tenkjer med glede på humringa hans og glimtet i auga hans når vi fekk det til.

Gjennom eit etter kvart langt liv, er det mange som har utfordra meg til å våga meir. Eg er glad for det. I 2011 er det NMS som utfordrar meg til å "Våga meir" for misjonen si sak. Ja, eg skal våga meir, og eg skal gjera det av same grunn som då eg var lita, fordi eg har ein Far som trur på meg, og som merkeleg nok har bruk for "ei hand" av vesle meg. For, som eg likte å gå med far i skog og på åker, så likar eg også å gå med Far på "misjonsmarka". Det er meiningsfylt å bruka krefter saman med andre som også er innstilt på å våga meir! Så gjeld det for meg, og for alle som ønskjer å våga endå litt meir, at vi finn den beste og gode måten til å bruka engasjementet vårt på!

torsdag 6. januar 2011

Gjenbruk er nyttig!

I morgon, fredag 7. januar kl 1100 gjenopnar NMS- gjenbruk i Knarvik i sine nye lokaler. Det blir så flott! Eg har ferie denne veka, og eg tilstår at eg har ikkje klart å halda meg unna, eg har vore innom og "kikka", og det blir rett og slett lekkert! Dei er så flinke desse dugnadafolka - heilt imponerande kva dei har lagt ned av arbeidsinnsats. Eg tillet meg å visa nokre bilder som eg knipsa, og sjølv om ikkje alle detaljar og varer var heilt på plass, så gjev det eit inntrykk.





Det er inspirerande å sjå korleis desse gjenbruksbutikkane finn si form over heile landet. I 2009 gav gjenbruk nesten 12 mill i inntekt til misjonen, og det er all grunn til å tru at det vert noko høgare tal når tala for 2010 blir summert.

Gjenbruksbutikk har fleire verdifulle sider. Dei gjev for det første store inntekter til misjonen, dei er eit alternativ til vårt forbrukssambunn med bruk og kast-kultur, og den gjev ein sosial møteplass for menneske.
Håpar mange stikk innom. Her kan du finna oldemor sin kopp eller ein billeg veggseksjon. Her kan du også levera varer du ikkje lenger treng eller har plass til og samstundes vita at du støttar ei viktig sak!