lørdag 25. april 2009

1000 x 1000 = 1 000 000

Denne veka har eg vore med å ta grep i NMS som eg gjerne skulle vore forutan. Rekneskapstala viser store raude tal og eit kvart ansvarleg styre må ta konsekvensen av det. I dag er mediene fokusert på dette.
I slike situasjonar er det viktig å ha to tankar i hovude samstundes - kva grep må vi ta for å redusera utgifter og kva grep tek vi for å auka inntekter.

Tusenkronersrulling er eit spontant tiltak sett i gang av AU på torsdag. Klart det er mulig å få mange til å ta eit tusenkronerstak for ei god sak! Eg tru faktisk mange vil vera glade for å få eit slikt tilbud. Det er svært mange som synes misjonsarbeid er bra og som gjerne vil vera med, det er berre det at det ikkje blir tid til forening, basar og andre tradisjonelle aktivitetar, og så gløymer vi å få sendt den giroen vi eigentleg hadde tenkt å bruka. Her kjem eit lettvindt tilbod til deg - klikk deg inn på NMS og du blir "losa" vidare.
Er du på facebook kan du bli med i gruppa vår.

onsdag 22. april 2009

12 x 1000

12 born har hatt misjonsbasar på Sandnes - ca 12 000 kr fekk dei inn - det blir 1000 kr på barn og det er kjempebra! Takk til alle som deltok, både små og store! Pengane går til kyrkjelydsarbeidet i Mukdahan.

søndag 19. april 2009

Pinglete og defensivt

Avisa Strilen sin leiar i går brukar sterke ord om Masfjorden kommunestyre sitt vedtak om ikkje å gå inn for deltaking i bygging av fleirbrukshall og basseng i Sløvåg i Gulen. Pinglete og defensivt er karakteristikken vi får. Slike ord er useriøse.
Det er alltid vanskeleg å gå mot gode initiativ, slik opplevdes det denne gongen også. Næringslivet har lagt mykje pengar i dette prosjektet, og vi kan kjenna oss som utakknemelege når vi ikkje tek i mot tilbodet, men pinglete og defensive er vi ikkje, vi er realistiske!
Vi er ein liten kommune med ca 1650 innbyggjarar. Vi har eit basseng bygd med støtte frå næringsliv, kommune og ein enorm dugnadsinnsats. Dette bassenget klarar vi å halda oppe delar av året, og frivillege stiller som badevakter.
Vi har, slik vi ser det, ikkje driftsgrunnlag for for to basseng om gåva frå næringslivet er aldri så raus.
Det er ikkje lett å sei nei til planane i Sløvåg. Vi har stor respekt for næringslivet der ute og arbeidet som er lagt ned i dette prosjektet, men som kommune meiner vi i KrF at Masfjorden ikkje kan vera med å ta investerings- og driftsansvar for eit slikt prosjekt.

tirsdag 14. april 2009

Første filmen

I dag er den første KrF-videoen lagt ut på Hordaland KrF. I går vart den presentert på ba.no.
Kanskje er eg litt barnsleg, men eg synes faktisk dette er litt stas, og når eg veit at det stadig vil koma fleire og endå betre saker frå oss (mine gode medarbeidarar Sondre og Vegard) ut over vår, sommar og haust, ja då tilstår eg at eg eigentleg ein ganske så nøgd fylkessekretær første arbeidsdagen etter påske!

torsdag 9. april 2009

Pasjon

Påskesamlar er viktig for meg - dei fører meg sterkt inn i påskebodskapen gjennom ord og musikk. Inn i denne bodskapen ønskjer eg meg også denne påska. Eg er takksam til salmediktarar som hjelper meg inn i liding, soning og siger.

Jakop Sande, min folkelege favoritt, hjelper meg også denne påska inn i det dramatiske - les eller syng:

Du som låg i natti seine, sorgtyngd,
vanvyrd og åleine
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og nagla,
kront med klungerkrans om panna,
medan augo brann i sorg,
du som sto i namnlaus pine
skild frå dei di kalla dine
einsam i Pilati borg!

Du som hekk til krossen nagla,
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!
Å, lat nådens blodstraum nå meg
offerlam frå Golgata!

Lær mi sjel kva du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du.
(Norsk salmebok 130)

onsdag 8. april 2009

"Miljøaktivist"

Det er tankevekkande det Malena Matre på 96 år formidlar gjennom avisa Nordhordland i dag.
- Ho skulle gjerne gitt regjeringssjefane i verda eit sanningsord om miljøtrusselen. Malena brukar sine poetiske evner og skriv om miljøet.
- Det hastar med å ta til fornuft, fastslår poeten frå Masfjorden. Ho er nesten som ein miljøaktivist å rekna. Engasjementet for jorda vår kjem til uttrykk i fleire av dikta hennar.
- Ta miljøtrusselen på alvor, er den klare meldinga frå Malena.

mandag 6. april 2009

Laila på VG- blogg

Vår dyktige stortingsrepresentant Laila Dåvøy er på VG-blogg. Her skriv ho korte innlegg og kommentarar om politiske tema.
Politikk er hardt arbeid og grundige utgreiingar, men politikk kan også formulerast kjapt og enkelt slik bloggstilen legg opp til.
Filip Rygg 2. kandidat til stortingsvalet for Hordaland KrF , og Sondre Olsen, vår kreative valkampmedarbeider sine bloggar, blir i BA i dag rangert blandt dei ti beste bloggane i Hordaland.
Og sjølv om fylkessekretæren ferierar, synes ho dette er stilig og flott!

fredag 3. april 2009

Oppsummering

I dag har livet roa seg, sola har titta fram, og huset mitt har faktisk opplevd å ha ei "husmor". Ikkje det at det er ferdig for påskeinnrykk, men eg har starta med å opna dører som har vore lukka sidan jul, og det kjennes godt. Vaskemaskina surrar og går og eg skal laga middag sjølv. Godt å vera heime, godt å kjenna at det er vår og at det snart blir liv i huset vårt att.
Denne veka har hatt mange fokus. Landsstyremøte i NMS med krevjande saker. Misjonærbarnfokus som rører djupt hjå alle som er berørt. Det har vore jobb med møter og kontorarbeid og det har vore kommunepolitikk med formannskap og styringsgruppe.
Det er mykje som er vanskeleg og krevjande, slik siste veka har vore. Det er også mykje som er godt og rikt - eg har forventning til at veka som ligg framfor skal gje påfyll av dette gode. Det er alt på gang! Eg har forventning til rolege vårdagar saman med mine, og eg har forventning til å oppleva påskebodskapen på nytt - det er det mørke og det lyse som møtes der også- og eg veit- det lyse vinn!
Eg ønskjer alle mine "medkjemparar" gode vår-og påskedagar!