mandag 31. mars 2008

Kvar var ?????

Kvar var helsetilsyn, mattilsyn, barnevern, brannvern, politi, forsikringsselskap, kritiske og redde foreldre??
Over 150 born i alderen 4- 11 år var samla på leir med ei handfull leiarar frå den lokale kyrkjelyden i ein fattig landsby i nordaust- Thailand. Eit yrande liv- born, hundar, kattar og sikkert det som verre var.... At det gjekk an!! Maten vart til under skuggen av eit stort tre, koppar og kar vart vaska undet ein spring med kaldt vatn bort i ein krok, bosset vart brent mellom springane barneføter, toalettforhold innbaud langt frå til hyppige besøk- og likevel - alt gjekk faktisk bra i 35- 40 varmegrader.....

Skilnaden til Norge var påtakeleg - og ingen "tilsyn" kom... Til og med denne bloggaren overlevde, ja ho sovna endåtil på ei matte under eit skuggefult tak. Var skikkeleg "bestemor" som midt i ungeståket og mett av thaimat på aluminiumstalerken, tok seg ein "dupp". Ja ho var faktisk ganske lukkeleg fordi det gjekk an... glad fordi ingen tilsyn kom, og glad fordi dei få som styrte det heile var avslappa og bestemte! Det var ein fantastisk dag der born hadde det flott, fekk god mat, undervisning, leik og fellesskap i ei verd som var så totalt annleis enn vår, men likevel så flott. At det gjekk vel, tenkjer eg, at ikkje dei ramla ned dei smale og bratte trappene, og slo seg forderva, skambrende seg - men eg såg knapt ei tåre...

Ikkje det at eg meiner vi at ikkje skal ha tilsyn, men det er no litt rart at vi her heime knapt toler å sjå ein mjølkekartong utgått på dato, utan at vi vert sjuke........det er noko rart med oss.....

onsdag 12. mars 2008

Annleis påske

Det vert ei annleis påske i år. I morgon tidleg set vi oss på flyet,Knut og eg og reiser til våre i Thailand. Tenk at det er sant! Det er kanskje ikkje så miljøansvarleg å ta ein slik påsketur, men det får våga seg, beint fram. Eg håpar mine vener i KrFU tilgjev meg, for bestemorshjarta vann,og eg gler meg grenselaust. Så får eg heller la væra å hogga ned litt av skogen rundt meg og slik ta ansvar for miljø og klimaproblematikk....

Familie og misjon- det er ein god kombinasjon for meg, og i fjorten dagar skal eg gløyma arbeid og politikk(trur eg)..Eg ser fram til å få vera saman med mine, og eg ser fram til å delta i det kristne fellesskapet i kyrkja i Thailand. Påskedag skal vi få vera med på dåp - der m.a. ein av språklærarane til Eirin og Kjartan som har gjennom kontakten med misjonærar har teke i mot den kristne trua, og skal bli døypt på påskedag. Det blir stort!
Kanskje kjem det eit innlegg frå Thailand også -kanskje ikkje. God påske til dykk alle som les dette! Påska er den flottaste av alle kristne høgtider, og Guds kyrkje har ingen landegrenser!

fredag 7. mars 2008

Opptur

Bygdemøte på Sandnes på tirsdag var ein "opptur"for oss som hadde ansvaret. Over 50 menneske pressa seg inn på puben, og vi opplevde å vera mange som vil utvikling for Sandnes. Vi fekk eit svært spennande og inspirerande innleiingsforedrag av konsulentane vi har engasjert. Samtalen omkring karta som vart utlagt på borda var kanskje det eg synes var mest oppmuntrande, det viste det vi visste - vi har mange tankar om korleis vi vil ha det i bygda.

Sjølvsagt vil vi måtta ta stilling til vanskelege prioriteringar, og eg håpar vi vil gjera det i "fred og fordragelighet", det må vera vårt mål. Også ungdomen var godt representer på møtet, det er flott. - Eg har hybel i Knarvik no, men eg har veldig lyst til å flytta tilbake hit når eg er ferdig med utdanninga, seier Lillian Andvik til Strilen. Godt sagt Lillian, det er musikk i mine gamle øyro!

mandag 3. mars 2008

Er du for, er du i mot

Har du opplevd det? Er du for noko, så vert du oppfatta som at du er i mot! Som KrF-ar opplever eg støtt denne problemstillinga - er du KrF-ar, er du i mot! I mot det meste! Og seier vi at vi er for noko, så er det berre ein fordekt måte å sei at vi er i mot noko anna. Debatten om ny ekteskapslov er ei typisk slik for eller mot sak, og det er ikkje vi sjølve som bestemmer vinklinga, men dei som vil skapa eit bestemt inntrykk av oss ut frå eiga oppfattning.
I BT på søndag står det at KrF går til felles front mot homoekteskap. Det er det som er bodskapen vår synes det som, men det vi ønskjer å sei er at vi kjempar FOR ekteskapet mellom mann og kvinne. Men det blir for dumt og politisk "ukorrekt"å skriva i ei overskrift i avisa... for det er jo MOT homoekteskap vi er, dermed er vi håplaus bakstreverske, og det pliktar ei kritisk presse å informera om! Kva kan vi gjera med slikt? Veldig lite.

Men altså, på bloggen min kan eg skriva at det er FOR ekteskapet mellom mann og kvinne vi er. Det er vårt budskap, fordi vi trur at mor og far gjev den beste ramma rundt borna sin oppvekst, og difor vil vi at denne ordninga skal ha ei særstilling i samfunnet vårt! Så "gamaldagse" er vi, og vi seier det, ikkje for å proklamera noko vi er i MOT, men for å sei kva vi er FOR!