onsdag 31. desember 2008

Nyttårsønskje

Eg har mange, mange, mange nyttårsønskje - ikkje alle er like viktige men her er nokre som er viktige for meg, og eg tar dei i alfabetisk rekkefølgje:
Arbeid - at eg kan vera til nytte for dei som har tilsett meg og valgt meg
Born- at ingen barn skal ha det vondt....
Familie - at alle mine skal ha det godt og kjenna glede over livet
Kommune - at folketalsauken i Masfjorden held fram i 2009
KrF - at vi skal klara å formidla vår politikk på ein god måte og gjera eit flott val til hausten
Kyrkja - at kyrkja må vera tru mot sanninga og ha glede i formidlinga
Misjon - at misjonsengasjementet mellom kristne veks
Verda - at det blir fred
Verdiar - at kristne verdiar bli sett på som ein resurs og ikkje eit hinder

søndag 28. desember 2008

Oliver Twist

Den gamle klassikaren og min første kinofilm, Oliver Twist, har gått på TV eit par kveldar denne jula. Eg tilstår at den framleis gjer noko med meg.Eg blir opprørt over vaksne sin kynisme, og rørt over dei gode sjelene som trass alt finns der. Eg blir rasande over måten borna blir handtert på, og eg vert varm om hjarta over det ekte smilet og handa over barnekinnet.
Det gjekk jo bra til slutt for Oliver Twist og eg vart på nytt glad for det, men det er slett ikkje ei heil glede - kva med alle dei andre?
Kvifor fekk Oliver det bra? Fordi han hadde ein rik bestefar med makt!!
Kvifor var det så urettferdig - kven forbarma seg over dei andre gutane? Det seier ikkje soga noko om.
Men vi kjenner soga likevel - vi kjenner henne fordi den er slik i dag også.
Dagsrevyen i kveld melder om uro, bombeangrep og krigstruslar. Eg kan ikkje ta politisk stilling, til det er eg for "liten", men eg veit at mange gutar og jenter opplever i kveld at dei ikkje har nokon "rik" bestefar med makt til å redda dei ut av deira "helvete".
Eg tenkjer på dei "fattige bestefedrene" i kveld.

lørdag 27. desember 2008

Åleine i sentrum

Sp sin nye leiar har eg eigentleg stor sans for. Liv Signe Navarsete er på mange måtar ei klok og resultatorientert dame, og rett som det er kan eg identifisera meg med det ho seier, men slett ikkje alltid. Som feks når ho midt julestrida i eit intervju med Dagsavisa uttrykkjer at Sp er åleine att i sentrum! Då skjønar eg ho ikkje.Venstre og KrF har gått til høgre meiner ho, men SP er i sentrum. Det er nok ikkje nok med grøn jakke i det raude selskapet Liv Signe! Vi er mange som synes det er trist at Sp har gått så langt til venstre, og vi som framleis trur på sentrum, skulle ønskja at Sp hadde kome inn i det nye året med eit nyttårsløfte til folket som sa: Sp høyrersaman med Venstre og KrF - det er der sentrum er!
Godt nyttår!

søndag 21. desember 2008

Det lyste!

Såg du Jon Eikemo i kveld? Det gjorde eg - på NrK 1 frå Korskyrkja i Bergen! Fantastiske Eikemo! Ingen kan skildra Jakob Sande som han, og i kveld rett og slett "lyste det i stille grender" gjennom Eikemo si skildring av Jakob Sande sin velkjende julesong.
Stort, og oppbygging av beste slag for Masfjordpratredaktøren.
- Ord er ein fantastisk reidskap
- Musikk det same
- Med dyktig formidling kan sjølv ein TV-skjerm gje store øyeblikk....

torsdag 18. desember 2008

Kvinnekamp

Illustrasjonsfoto: Kristin FjeldeTjelle
Eg har aldri sett på meg sjølv som ei kvinnesakskvinne. Kvifor? Kanskje fordi eg har hatt det godt både som jente og kvinne, kjent meg verdsett og fått tillit. Eg har rett nok opplevd situasjonar der eg har opplevd å bli forbigått eller å bli tatt mindre på alvor enn menn, men det er ikkje det som har vore min kvardag.
For to veker sidan var eg i Kenya, og i går var eg i Stavanger for å bli informert om prosjekt i Etiopia som eg skal få sjå nærare når eg 3.januar reiser på mi "første misjonsreis" som NMS-leiar. Eg får nye perspektiv, også på kvinnekamp. Eit av prosjekta eg skal sjå handlar om kvinnesak, og når eg høyrer om kva kvardag mine medsøstre i denne delen av verda må tola pga manglande rettar og utdanning, tola av overgrep, tvangsgifte, omskjæring, ja då kjenner eg verkeleg engasjementet.
Difor er eg stolt over Prosjektet Women Empowerment i Etiopia. Det Norske Misjonsselskap (NMS) bidrar med finansiell støtte og rådgjevning i dette prosjektet. Eit første mål er å oppretta ein eigen kvinneorganisasjon i kyrkja. Så vil ein på alle nivå i kyrkja, og også i lokalsamfunna aktivt arbeida for å styrkja kvinner sine rettar, og kjempa mot vold, overgrep og undertrykking. For det tredje vil det bli satsa mykje på utdanning for å gje kvinner ein reell mulighet til å delta i styrande organ i samfunn og kyrkje. Denne kvinnekampen vil eg vera med på. Dette er også misjon!

mandag 15. desember 2008

"Mormor"

Det er litt rart å registrera, men eg vart vemodig ved å høyra at Anne-Cath Vestly har gått bort i dag. Mange gode minne og verdifulle stunder har ho gjeve meg og mine. Utallige er dei timane eg har lese høgt om Lillebror og Knerten, om Guro, om Mormor og dei åtte ungane og andre bøker frå denne livsnære og grensebrytande forfattaren. Mange godstunder har vi hatt, eg og mine "tre ungar", og for det aller meste fryda eg meg over forteljargleda og formidlingsevna. Eg treng ikkje skjula at eg sakna nokre dimensjonar som eg set høgt i bøkene hennar, men dei kunne vi finna andre stader.
No er denne fargerike forfattaren borte, men bøkene hennar har vi, og eg gler meg over at ein ny generasjon Sørheim har fatta interesse for Ole Alexander fili-bom-bom-bom....

fredag 12. desember 2008

Mitt første kyss

I dag skal eg vera personleg - eg skal fortelja om mitt første kyss....
Eg var på handling på Rimi i dag og der traff eg ein kar eg ikkje har snakka med på uminnelege tider. Vi gjekk på skulen saman, men vegane våre har ikkje kryssast ofte sidan vi gjekk ut av framhaldsskulen for mange tiår sidan.
Vi prata om barndom og skulegang og med eitt kom eg på at han eg møtte hadde fødselsdag i dag, at han var 60 år i dag! - Eg har faktisk ikkje gløymt at han hadde fødselsdag 12/12! Eg likte at eg hugsa det, og han synes sjølvsagt det var kjekt. Under samtalen sa han noko artig - han sa: "eg hugsar godt andre dagen på skulen, då eg såg ei jente som såg grei og snill ut, og eg sprang bort og gav ho eit kyss på kinnet! Den jenta var ho Kari Skår!" Artig synes eg- og når han sa det, så hugsar eg det men det har nok ikkje gjort varig inntrykk.
Det vart eit spennande møte mellom handlehyllene i dag. To menneske som har delt klasserom nokre få år, som tilfeldig møtes innmellom reolane på Rimi opplevde at dei har noko viktig felles. Viktige barneår i eit klasserom og på ein skuleplass som har gjeve minner av godt og vondt, og som har sett spor som framleis lever i dei to 60- åringane. Vi fekk mykje å prata om.
På nytt vart eg minna på kva barneåra gjer med oss menneske. Kor sterkt opplevingar av aksept, respekt og av det å bli sett er. Kor lett det er for vaksne å trø feil ovanfor vare barnesinn og kor dei gode opplevingane ligg som perler i minnet og kallar fram smilet og dempar det vonde og leie.
Det første kysset kan vera spennande nok - sjølv for ein førsteklassing, det viktigaste er likevel den utstrakte handa og det aksepterande blikket som seier til den vesle førsteklassingen at du er viktig og eg bryr meg om deg. Investering i barneår kan ikkje verdsetjast nok!

onsdag 10. desember 2008

Imponerande

På søndag var eg på misjonsbasar på Frøyset. Midt i julebordtid og førjulsfestar av alle slag, inviterer misjonsforeninga til basar. Kanskje var ikkje tidspunktet det beste, det merkast nok rundt småborda i kyrkjelydssalen. Det er sanneleg ikkje lett i ei lita aktiv bygd å finna plass til alt, men dei trufaste og deira støttespelarar kom og gjorde litt av ein jobb. Kanskje var vi vel 20 personar.På veggen framme hang dei flottaste kunstverk - handlaga alt saman, det meste av Natalie, ei eldre dame på over 80. Store juledukar, løparar, serviettar, barneklede og labbar i utallige fargar og storleikar. Imponerande - dette er kunst, kultur og misjon. Auksjon for fleirfaldige tusen, åresalg og kaffikos i god basarånd. Og så andakt av prestefrua - eller av landsstyreleiaren - nei, det var nok av ho Kari - for inn i dette høyrer ho til, her er ho heime.
I fjor fekk desse nokre menneska inn ca 17 000 kr på basaren- tippar det ikkje vart så mykje mindre i år. Det er ganske flott, og når vi i tillegg veit at mange av dei same kvinnene har kjøpt handarbeida og sete dag ut og dag inn og sydd og strikka, ja då kan vi berre ta "hatten av oss" for misjonsinnsatsen til kvinnene på Frøyset.
Dette er kanskje ein utdøyande kultur, mange spår det og erfaring viser det. Vi skal finna nye vegar for misjonsengasjement for ei ny tid, og klarar vi å ta vare på truskapen som desse kvinnene legg for dagen så er det håp for misjonen. Det er nok meir eit spørsmål om truskap enn om juledukar..... På Frøyset er det begge deler.

søndag 7. desember 2008

No e da min tur

Som mine blogglesarar vil ha oppdaga har eg eit sterkt engasjement for det å ta vare på landbruket og det å dyrka jorda. Det er frå jorda og naturen livsgrunnlaget vårt kjem, ingen ting kan erstatta det.
Det er difor ei vitamininnsprøyting for meg når eg høyrer om unge har som har interesse for dette og som vil gjera noko for å engasjera og oppmuntra andre til å skapa seg næring gjennom den jorda som er tildelt oss.
Masfjorden bondelag satsar friskt på å få unge motivert til å ta ansvar for landbruket i kommunen. Difor fortener dei ros for initiativet dei har tatt for å spandera kurs på unge som har interesse for landbruk.
"No e da min tur- ei framtid på bygda og i landbruket" heiter kurset.
- Vi må motivere ungdomen til å gå inn i næringa, seier bondelagsmedlem Erik Kvinge. Flott Erik ! Som ein start tilbyr bondelaget å betale konferanseavgifta for masfjordingar under 30 år som vil delta. Dette er prisverdig og viktig.

onsdag 3. desember 2008

Opp med ubåten, statsråd!

Ubåten på Fedje må opp, statsråd!
Det er ingen anna varig løysing på den miljøbomba som ligg i matfatet vårt ute ved Fedje!
Eg håpar du forstår dette etter ditt møte med lokalsafunnet på Fedje i dag. Lytt til borna, foreldra, bestemødrene og politikarar som du møter i dag!
Tildekking er inga varig løysing, det veit du. Tildekking er berre ei utsetting, og bokstavleg talt ei "tildekking" av problemet.
Eg har tiltru til at du viser same handlekraft som du gjorde på Finnmarkskysten! Havområda rundt Fedje og Fensfjorden har mange nok risikofaktorar om ikkje denne gamle "synda" skal bli liggjande og skapa uro og problem for vidareutvikling av Fedje og store delar av Vestlandet.

søndag 30. november 2008

Takk for biskop Ole

I dag held biskop Ole D Hagesæter avskildsgudsteneste i Bergen domkyrkje. Det er med stor respekt og takk at kyrkjefolket i Bjørgvin tek avskild med ein trygg og varm kyrkjehyrde.
I åtte år av hans bispetid fekk eg vera leiar av Bjørgvin bispedømeråd. For meg var dette eit heilt spesielt samarbeid som har hatt stor betydning for meg personleg.
Få kan inspirera som biskop Ole, få kan forløysa tru som han, få kan lytta og gje råd som han og saman med born er han "ein einar". Barnebiskop lika han å kalla seg, og saman med borna har han sine store stunder.
Eg skulle ha vore i Domkyrkja i dag, men det gjekk ikkje for meg- det er eg lei for, men eg er takksam for alt det biskop Ole har betydd for små og store i kyrkja i Bjørgvin, og eg kjenner meg rik som har fått lært så mykje, og fått samarbeidt så nært med han.
Må Gud gje deg mange rike dagar biskop Ole, og må du framleis få bruka dine gåver sjølv om du "skiftar gir" og går inn i rolegare dagar, Takk til Gud for tida vi i Bjørgvin har hatt med biskop Ole.
Sjå meir i Stiftsnytt

tirsdag 18. november 2008

"Mitt Afrika"

Torsdag morgon er eg på veg til Kenya. Saman med kollegaer i KrF skal eg på konferanse i vel ei veke. Det er nesten ikkje til å tru at eg skal koma tilbake til dette spanande og flotte landet. Eg gler meg - og eg gruer meg.
Eg gler meg til å sjå folkeliv,oppleva kultur og natur, dra på safari - det er eksotisk og uverkeleg, og eg gler meg til å delta på gudsteneste med afrikanse medkristne, det blir stort. Men eg gruer meg til å gå gjennom slummen - det er ubehageleg - eg veit eg har godt av det!Eg har godt av å sjå korleis menneske som bur og lever der klarar å ordna kvardagen sin på eit minimum, godt av å sjå borna si glede over leik med ein fiskebolleboks eller med ein heimelaga fotball. Det blir også trist å sjå verknader av den politiske uroa som rådde i Kenya tidlegare i år, men kanskje også få sjå spor av håp og stolthet over den første farga presidenten i USA, Barack Obama, ein son av Kenya!!
Kamp for å overleva, håp og tru - veldige kontrastar - det går inn på meg, men eg har godt av det.

tirsdag 11. november 2008

Gje oss ei mindretalsregjering

Eg lengtar tilbake til mindretalsregjering.... Det gjekk an å få ting til då enten det var Ap, Sentrum eller Samarbeidsregjering som styrte. Vi opplevde på ein heilt annan måte at det gjekk an å forhandla, koma med innspel, kjøpa og selja litt, og så få viktige ting til. Slikt vert vanskeleg med ei fleirtalsregjering.
I dag har rådmannen og eg vore på Stortinget og prøvd å selja folkehøgsskuleideen på Sandnes. Ære vere Dagrun Eriksen og Ingebrigt Sørfonn som møtte oss, vel vitande at dei lite kan gjera. Men dei lytta, kom med gode råd og innspel og lova å ta saka vår med seg vidare, og vi gjekk faktisk ganske nøgde utatt på Løvebakken, vi to masfjorddamene.

Hadde det vore mindretalsregjering hadde kanskje det kome pengar til ein folkehøgsskule eller to i 2008, det er ikkje så mange kronene som skal til i den store samanhengen, i år ser det vanskeleg ut. Men det er berre eitt år att til valet og kven veit - kanskje får vi er ny mindretalsregjering - eg veit kva eg skal jobba for....

søndag 9. november 2008

Folkehøgskule på Sandnes

Veka som kjem skal eg ha ein del fokus på folkehøgsskuleprosjektet på Sandnes, har eg tenkt. Vi har dyktige initiativakarar, gode byggningar, positiv kommune og alt som trengs for å skapa nytt liv i den tidlegare aldersheimen på Sandnes. Dvs, vi har jo ikkje alt, vi må ha statsstøtte for å få det til, og det er ikkje det enklaste å få etter det eg forstår.
Diverre har det vorte slik at etter vi fekk ny raud/grøn regjering så har ikkje eit einaste nytt folkehøgsskuleprosjekt blitt lagt til budsjettramma. Det er trist og beklageleg. Folkehøgsskulen er eit unikt skuleslag som gjev unge lærdom for livet, det burde regjeringa sett og prioritert.
For Sandnes hastar det. Dei gode byggningane kan ikkje stå ubrukte så mykje lenger, dei forfell og taper verdi dersom dei vert ståande lenge slik dei gjer no. For Masfjorden hastar det også få auka folketal, og ein folkehøgsskule vil kunna gje positiv vekst i kommunen.
Veka som kjem håpar vi å få til eit møte på Stortinget for å "lobba" dette prosjektet, og vi håpar at nokon av dei som har makt til å sei ja, vil møta oss då.

torsdag 6. november 2008

Gjenbruk

I morgon kveld skal eg til Stavanger på 10 års-jubileum for NMS gjenbruk og det ser eg fram til.
Gjenbruk har blitt "god butikk" for misjonen - nesten 7 mill i inntekt i 2007, og over tusen frivillege, ulønna medarbeidarar er aktiv med. Mange av dei er pensjonistar som brukar av si tid til misjonsdugnad. Det er flott for misjonen, og eg vil tru det både er sosialt og spennande å vera med på.
Gjenbruk er fornuftig i vårt forbrukssamfunn. Bruk og kast er lettvindt for oss rike. Gjenbruk er miljøvennleg, og ved å gjen-bruka skånar vi miljøet og blir til meir bevisste brukarar.
Misjonen treng nye bein å stå på. Dei tradisjonelle misjonsforeningane er på ingen måte utradert, men ei ny tid krev nye arbeidsmåtar, difor er dette eit kreativ og spennande nytt bein å stå på. I Bergen har NMS ein triveleg liten butikk i Holendergata.

mandag 3. november 2008

Jord = mat

- Utviklinga er Lindås-landbruket er dyster lesestoff. Berre i løpet av nokre få år er talet på gardsbruk halvert, og fulldyrka areal er redusert dramatisk frå 16.000 til 10.000 dekar.
Dette les eg i avisa Nordhordland, og det er Seimsbonden Reidar Konglevoll som ropar varsku.
- Vi oppfører oss som vi har eit hav å ta av. Faktum er at berre tre prosent av alt areal er landbruksjord her i landet. Då har vi ikkje råd til å tenkja lettvinte løysingar og økonomiske gevinstar her og no, held han fram.
Tre prosent - 3%- landbruksjord i Norge! Dette er faktisk ganske alvorleg! Landbruk er ikkje luksus, landbruk = mat !
Det er ikkje REMA 1000 som produserer mat, og vi lagar den ikkje av plast eller gass.
Vi treng JORD og vi treng BØNDER!
Dette må vi som politikarar ta på alvor. Sentralt må rammevilkåra på plass, lokalt må vern av dyrka og dyrkbar mark prioriterast. Vi må slutta å tenkja billeg byggjeland når vi ser flate bøar!
Landbruk er ei livsviktig næring, også i våre forholdsvis små forhold. Kanskje vil spørsmålet om det å bli sjølvforsynt med mat etter kvart bli meir påtrengjande enn vi likar å tenkja, også i Norge.

søndag 2. november 2008

Rått

Det er hjarterått å lesa om 13-årige Aisha i Somalia som vart steina for open scene skulda for å hatt sex utanfor ekteskapet. Sanninga var at ho hadde blitt voldtatt av tre menn og ville anmelda dette. Resultatet vart altså at det vart ho som hadde forbrote seg, og det var ho som skulle straffast. Ho vart steina av femti menn medan tusenvis såg på..
Oppgjennom alle tider har kvinner blitt straffa for slikt. Det er kanskje reglar og reaksjonsmåtar ovanfor menn også for denne type ugjerningar, men vi høyrer lite om det. Kvinnene derimot, som i ugangspunktet har lite å stilla opp med ovanfor overgriparar har fått møta konsekvensane, i alle kulturar.
På Jesu tid kom dei skriftlærde med ei kvinne som var tatt i ekteskapsbrot, dei ville at Meistaren skulle døma henne og lova sa at ho skulle steinast. "Den som er rein kan kasta den første steinen" sa han til den religiøse overmakta. Det var uventa og sikkert nokså provoserande, men vi veit at dei tusla seg bort ein etter ein, dei eldste først. "Heller ikkje eg fordømer deg", sa Jesus til kvinna då dei vart att åleine- "gå bort og synd ikkje meir", la han til...
Dette er ikkje enkelt. Religiøs makt og frykt for ikkje å halda alle bod og føreskrifter pregar mange kulturar, og på ulike måtar pregar det også vår kristne kultur. Jesu ord er ord til ettertanke, vi lever vel også med steinar i våre hender. "Den som er rein kan kasta første......"

torsdag 23. oktober 2008

Folkelig og frodig

Denne boka gler eg meg til å lesa. Eivind Skeie har skrive bok om min "politiske helt"Jon Lilletun. Ingen har som han tent politisk engasjement i meg. Uredd, folkeleg og med "Hjarta på rette staden" gav han oss del i sine visjonar for eit meir rettferdig samfunn, eit samfunn for alle. Kanskje fordi han vaks seg fram av enkle kår, med folke- og søndagsskule som ballast, og aldri gav seg ut for å vera ein annan enn den har var, vart han ein stor politikar. Eg er takksam for mine møte med denne mannen, og eg gøymer i minnet dei lærerike timane han sat i bilen min på veg til ulike arrangement i Hordaland. Ein del vanskeleg tankar fall på plass når han på sin enkle måte forklarde sine synspunkt. No ser eg fram til nokre gode timar med boka, der biletet på nytt vert teikna av vossingen og KrF-aren Jon Lilletun. At boka er ført i pennen av ordkunstnaren Eivind Skeie gjer ikkje forventninga mindre.
I dag har statsminister Jens Stoltenberg halde minneforelesing om Jon på Høgsskulen i Kristiansand.

onsdag 15. oktober 2008

Kontrastar

Eg har hatt ei strålande helg- bryllup med mykje glede og glade menneske. I vår finaste sats rundt eit festdekka bord fekk vi gle oss over eit av livets største øyeblikk for to unge som er glade i kvarander. Som mor er ein slik dag eit høgdepunkt. Det varmar langt inni bringa å sjå ein lukkeleg son bli prega av både alvor, høgtid og glede. Rik kjente eg meg! Lukkeleg over Thorbjørn og hans vakre Trude!Mandag morgon kom eg til Oslo og kontrastane møtte meg så sterkt der eg gjekk opp over Karl Johan. Eg vart overvelda av ei lei og håplaus kjensle. Kontrastane vart så sterke. Det er så tungt å sjå alle desse menneska som set samankropne på fortaukanten med sine tiggarkrus og ber om nokre kroner. Sjølvsagt kunne eg gitt, ein tiar her og ein tiar der.... Eg gjorde det også, men det hjelper då så lite både for dei og meg. Kvifor er verda slik? Dei har jo blitt bore fram av ei mor som har hatt draumar for sine gutar og jenter dei også! Kvifor er verda så urettferdig?

Denne siste opplevinga tek på ingen måte gleda over den første frå meg. Gleda set djupt og sterkt. Men med sterke, gode kjennsler i sinnet vert det håplause i somme av dei trøytte blikka på Karl Johan så sterke. Kunne eg berre gjort eit under......

søndag 12. oktober 2008

Å vere i livet

Dette: Å vere i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

Ein glad 60-årig bloggar låner Haldis Moren Vesaas sitt gode dikt for å gje uttrykk for gleda over "å få vera i livet" Låner ord for å takka alle som har gjeve meg omsorg, fellesskap og plass i livet sitt - dei som har gjeve meg vame og tillit og bunde meg fast til livet. Eg har fått kjenna varme straumar, eg har merka tillit. Eg er eit heldig menneske, og eg takkar Skaparen for det.

lørdag 27. september 2008

La born vera born

Det er så merkeleg at vi vaksne trur vi stadig må bryta grenser for å nå inn til born og unge. Eg er ofte så flau på oss vaksne sine vegne. På den eine sida er vi så frustrerte og oppgitte over overgrep og vald mot born. Vi krev politiattest for kvar fotballtrenar, vi ropar høgt og er borna sin beste ven i den eine augneblinken, for så i neste øyeblikk å bryta nye grenser slik vi har registrert lesedebatten dei siste dagane.
Det er eit stort problem for borna våre at vi vaksne ikkje let dei få vera born. Det er bra at vi set ressursar inn på å verna borna for overgriparar. Men vi er så inderleg inkonsekvente.
Eg undrar meg stort over at ikkje vi med all den kunnskapen vi har om born og barnesinn ikkje skjønar, evner og har vilje til å hegna om dei få åra av livet som heiter barndom.
Vi vaksne "pøsar" på dei med reklame, motar, film og lesestoff som stadig tidlegare fører borna våre inn i vaksenverda. Skrekkfilmar - sex - vald- alt skal brukast for å fanga borna si interesse, også i skulen.

Difor seier eg takk til byråd Tomas Moltu (KrF) i Bergen for at du sette foten ned i går. Du tok eit vaksent standpunkt og fortener ros for det.
Eg likar ikkje å vera negativ -men det skjer ei grunnleggjande endring i barnekulturen, til og med i Kardemommeby.

Mitt poeng er - la born få vera barn, dei vert fort nok unge og vaksne.

torsdag 25. september 2008

filiprygg.no

filiprygg.no er ein flott blogg. Eg er så imponert over kva Bergen KrF sin unge gruppeleiar Filip Rygg får til på denne bloggen sin. I sommar har han eksprimentert med, og utvikla bloggen til ein proff, informativ og flott blogg. Gratulerer Filip!

Eg oppfordrar mine lesarar til å fylgja med på filiprygg.no

lørdag 20. september 2008

Prioritering

Det er ikkje alltid så enkelt å prioritera. Eg er ei dame som lett let meg engasjera og som ikkje alltid har "vet" til å sei nei. Nett no er eg i ein fase der nye oppgåver skal finna sin plass, og eg må prioritera på nytt. Kvar skal eg kutta? Eg veit det, og difor vart eg svært glad då eg var på formannskap og kollegane viste forståing for mi prioritering om å setja mitt nye verv i NMS først. Det kan bety at eg må melda ein del forfall, men vi er einige om å prøva dette ei tid. I tillegg fekk eg gode ord på vegen, og det gjorde godt.

Eg har tenkt å jobba for vidare for kommunen, engasjementet mitt er ikkje over, men det er greit å ha fått forståing for prioriteringa.

Det er godt å oppleva at vi i politikken har det greit saman, at vi er kollegaer sjølv om vi representerer kvar våre parti, og i somme saker er rykande ueinige.

søndag 14. september 2008

Frigjerande sanning

Som mine blogglesarar ganske sikkert har fått med seg er eg eit gudstenestemenneske. Eg er glad i kyrkja vår og trass i mangt som uroar meg i den, har eg eit "kjærleiksforhold" til denne kyrkja. Ingen stader møter eg Gud slik som når eg får leva meg gjennom ei gudsteneste. Salmar, tekstar og bøner nærer trua mi, og er det i tillegg ein prest som held ei god preik, ja då har eg det bra og opplever at eg kan gå ut att i kvardagen med fornya mot.
I dag har eg sete heime og vore på gudsteneste i Vangskyrkja. Ein av våre "gamle" vener frå studietid i Olso, John Ove Thaule leia gudstenesta, og eg vil berre sei til deg John Ove - Takk for for ei sterk og god gudsteneste. Takk for salmar, bøner og preike-takk for at du peika på sanninga, og at det berre er sanning som frigjer.

onsdag 10. september 2008

Sterke i Nordhordland

Gjennom mange år har KrF stått sterkt i Nordhordland og på jubileumsmarkeringa på Frekhaug 4. sept var ein del av KrF sine ordførarar/varaordførararar samla. Les meir i Nordhordland

Alle Nordhordlandskommunane har hatt KrF ordførarar, men i inneverande periode er det berre Astrid Aa Byrknes i Lindås kommune som har vervet.

Marie Simonsen i Dagbladet uttalte i samband med jubileet noko slikt som "at KrF var eit overflødig parti." Akersgata må få synast det. BA skriv at det er eit paradoks at det framleis er eit veljargrunnlag for KrF i verdens minst religiøse land...

Nei, det er ikkje tidsstraumen eller kultureliten som heiar fram KrF si sak, men det er vanlege menneske som har ei overtyding om at det kristne verdigrunnlaget er det beste å byggja eit samfunn på. Politikk som er bygd på Menneskeverd, Nestekjærleik og Forvaltaransvar vil overleva.

Det flotte er at det stadig er unge menneske som ser KrF som eit godt parti for sitt politiske engasjement. På 75 årsfesten sist lørdag var det mange festkledde ungdomar. Her er partileiar Dagfinn saman med to flotte jenter, og som vakne bunadskjennarar vil registrera, er ei representert i Nordhordlandsbunad. Jenta har røter frå Masfjorden, kjem frå Austrheim og heiter Tone Marit Dyrkolbotn.

KrF vil nok overleva, og i høgste grad engasjera i tida framover.

lørdag 30. august 2008

Første dag med klubba

Så er eg i gang i mitt nye verv. På torsdag brukte eg for første gong klubba eg fekk overlevert av Lars Gunnar Lie 11.juli. Eg tilstår at eg reiste til Stavanger til mitt første oppdrag med ei viss spenning i kroppen, men samstundes var eg glad for å koma i gang. Lars Gunnar har eg stor respekt for - å overta etter ein som har sete ved Kongen sitt bord, som har leia finanskommiteen på Stortinget og elles hatt store oppgåver i samfunnet, gjer meg litt skjelven og eg undrast litt - kven er eg som gjer dette - vesle meg???
Likevel, det gjekk bra på vårt første møte! Ein solid administrasjon, dyktige styremedlemar rundt bordet og eg tenkjer - heldige Kari som får vera med å bruka tid og krefter på eit slikt meiningsfylt oppdrag saman med gode medarbeidarar. I tillit til at han som gav misjonsopdraget til fiskarar, tollarar og andre vanlege menneske på fjellet i Gallilea for 2000 år sidan, ser eg fram til nye møte.
Vi leste som bøn salmen "Din rikssak" heime ved kjøkkenborden ein morgon denne veka. Då merkte eg meg spesielt to adjektiv i denne bøna, det var STREK og VARM("og gjør meg sterk og varm"). Den bøna vil eg be for meg sjølv og alle medarbeidarane i Det norske misjonsselskap.
Og i dag vil eg sei til alle medarbeidarar: Lukke til når de skal ut i feltet denne helga - i alle verdenshjørner. Eg ber om at vi alle får vera "sterke og varme" i møte med oppdrag og enkeltmenneske. God helg!

lørdag 23. august 2008

Humør

"Eg kom for å visa at vi ikkje er fornærma" seier ordførar Trude frå nabokommunen Gulen til avisa Nordhordland i dag. Kjenner eg henne rett så sa ho det med ein rungande latter... Det er faktisk ofte vi ser og høyrer Trude slik som på bilete frå same avis. Saman med m.a. Terrakommunane vart ho som ordførar i Gulen invitert til landets første humørkonferanse på fredag. Dei synes visst synd i gulingane og andre "taparar" inne på Hjelmås. Men Trude svarar med humør for gulingane klarar seg nok.

På veg heim frå arbeid i går høyrde eg Inger Helene frå Humørfestivalen fortelja om seminaret og ideen bak festivalen, og bodskapen var enkel og for så vidt kjent: Det hjelper å le, det hjelper å ha godt humør, og det krevjande blir slett ikkje verre av at vi ler saman. Det var jo litt morosamt at dei skulle ha seminar om " å bli utbrent" på ein branntomt, men dette synes Inger Helene passa bra . Kreativt seier eg!

Eg mistenkjer ikkje arrangørane for festivalen for å forenkla eller fortrengja livet sine tunge sider, men dei ser det som ei inspirerande oppgåve å bruka humor som verkemidel for utvikling og framgang i bygdene våre. Det fortener dei honnør for!

At nokon brukar festivalen til å øydeleggja for andre slik vi las i Strilen på torsdag, synes eg mindre om. Slikt er tull! Så til dei som synes det er humor å plaga andre, så må eg berre sei: Dette er ikkje humor, det er utidig både for dei som vert plaga, og for dei positive kreftene på Hjelmås som spreier godt humør omkring seg. Så slutt med barnefakter og ikkje øydelegg for det positive!!

lørdag 16. august 2008

facebook

"Hei, og kjekt å sjå at dei gamle også inntek facebook, mammo er der og". Slike meldingar gler ei gamal dame og ny facebookar..

Ja, eg er på facebook!! Kvifor ? Tja, her er nokre grunnar:
1. Fordi eg hadde ungdomar heime i sommar som fiksa det for meg
2. Fordi eg synes det såg spennande ut
3. Fordi eg får kontakt med unge
4. Fordi eg likar kjappe meldingar
5. Fordi eg er det vi på strilamål kallar for "forveten"

Eg veit ikkje heilt kva eg har gjeve meg i kast med, men det gjer ikkje noko. Det er faktisk ganske facinerande å bli kjent med nye kommunikasjonsmåtar, og eg har tenkt å ha datamaskina med meg på gamleheimen og difor må eg følgja med.

Men altså - vi har fantastiske muligheter til å ha kontakt med kvarandre, og eg treng det.
Eg treng å kjenna at eg høyrer saman med andre, og no har eg prøvd meg på ein ny metode. Men eg treng også den gode, lange samtalen om liv, tru, sorger og gleder. Eg treng friske diskusjonar over kaffikoppen, i møte og i telefonen. Eg treng å lytta til andre sine meiningar og erfaringar, det er livslærdom i det. Om eg treng facebook er eg meir usikker på, men du verden så kjekt det er å oppleva at vaksne "Masfjordungar" "tanteungar" eller andre unge (og etter kvart eldre), spør om eg vil vera venner med dei.. Eg trur kanskje at eg etter kvart ser at eg "treng" også denne kontakforma - kven veit???

tirsdag 12. august 2008

Best i Masfjorden

Sjølvsagt er det kjekt å motta melding om at Masfjorden er den beste kommunen å bu i i Hordaland, og den femte beste i landet.
Vi som bur her og som kjenner kommunen veit at det er godt å bu her, vi har kjent det på "kroppen". Det underlege er at ikkje fleire oppdagar at det er godt å bu i ein kommune med full barnehagedekkning og med kort eller ingen ventetid for sjukeheimsplass. Underleg at ikkje fleire vil bu ein kommune der kulturlivet blomstrar og kulturskulen gjev alle plass, der dei kyrkjelege tenestene når alle, born og unge har idretts- og fritidstilbod, og den vakkre naturen med fjell og sjø ligg klar for våre føter.

Kvifor bur ikkje fleire i denne kommunen? Vel ein times tid til Bergen, 45 min til Knarvik?

Ein del av svara veit vi, men neppe alle. Vi veit at vi skulle hatt eit meir allsidig næringsliv og at vi skulle hatt betre vegar. Eg trur at lukkast vi med desse utfordringane samstundes som vi klarar å marknadsføra oss som ein kommune med gode tenester, så vil folketalet aukast framover. Vi kan og skal ikkje lena oss tilbake og sei vi er best - det må målretta arbeid til for å "dela godene" med fleire.

søndag 3. august 2008

Solskjær

Det har vore ein fantastisk sommar med sol og varme - det har vore ein fryd! I dag det er ikkje "solskinnet" eg vil kommentera, i dag blir det "solskjæret" - dvs Ole Gunnar Solskjær... Ikkje det at eg har så god greie på fotball og dei store stjernene på fotballbanene i inn- og utland, eg er neppe kvalifisert til å skriva fotballkommentarar - det treng eg heller ikkje for det har vi meir enn nok av. Men at eg ein gong var ei entusiastisk fotballmor på sidelinja på bana på Hosteland til både glede og forargelse for mine håpefulle, det kan dei nok skriva under på... Alt dette andre denne magiske ballen fører med seg av opp- og nedturar, pengar, makt og ære det har eg ikkje lagt sjela mi i i nemneverdig grad. Men enkelte spelarar merka eg meg, og ein av dei er Solskjær.
Det er noko ekte og truverdig over denne karen frå Kristiansund, det har eg alltid syns, og i dag fann eg ein god kommentar i Vårt Land om dette flotte fotballførebiletet frå klippfiskbyen som eg gjerne vil dela med lesarane. Vi treng gode førebilete, alle dei tusen som nett har kjempa på Ekebergsletta treng det, vi i "Old Boys" klassen treng det.
Makt, ære, suksess og ikkje minst pengar tek lett knekken på det ekte i nokon kvar. Ikkje det at eg trur denne fotballspelareren er er lytefri, men han tilfører oss noko verdifullt ved sin måte å framstå på som vi treng i vårt samfunn, og når ein sunnmøring i Vår Land omtalar ein nordmøring som eit "hjertemenneske", ja då må det vera noko i det.

onsdag 16. juli 2008

Nytt oppdrag

På NMS si generalforsamling i Bergen sist veke fekk eg eit nytt og spanande oppdrag. Generalforsamlinga valde meg til leiar for NMS sitt landsstyre, og det ser eg på som eit stort og viktig oppdrag. Misjonsarbeid har alltid vore ein vikig del av mitt engasjement og eg ser fram til å ta fatt på denne oppgåva. Eg er både audmjuk og frimodig i høve til utfordringa og det kjennes godt å ha fått generalforsamlinga sin tillit.
(bilde- NMS)

God oppleving

I over to år har eg vore engasjert i arbeidet med førebuing av NMS(Det norske misjonsselskap)si 57.generalforsamling i Bergen. Sist veke vart arrangementet halde i Bergenshallen og mellom 2000 og 2500 menneske i alle aldrar var samla. Det vart ei stor oppleving og opplevinga var særleg god i høve til
a) samlingane om misjon, forkynning og musikk- og kulturopplevingar
b) gode debattar og vedtak som gjeld NMS sin veg og profil vidare
c) positive og nøgde deltakarar
Å vera med på ei slik samling får meg til å forstå at kyrkja er verdensvid, at bodskapen er for alle, og at vi står i eit trusfellesskap med menneske over heile verda.
Det kan stundom opplevast som at misjon er eit gamaldags fenomen og at dei som let seg engasjera er menneske med særinteresser. Å oppleva felleskapet med aller dei som deltok på GF desse dagane viste oss på nytt at misjonen femner vidt. Det var ei stor ære f eks at statsråd Solheim kom og held foredrag for oss om misjonen sitt viktige arbeid og det var ei kjempeoppleving då Sissel Kyrkjebø kom skridane og syngjande inn på scenen!
Det viktigaste med denne samlinga var likevel det at alle vi som var der fekk fornya vår tru på at Guds rike veks, at evangeliet er relevant både i Mali, Kina, Thailand, på Madagaskar og i Norge. Vi fekk fornya vårt mandat om å halda fram med dette viktige arbeidet, og eg er glad og lukkeleg over at så mange framleis er med!
(bilder- NMS)

lørdag 5. juli 2008

Sommarforventning


Sommaren er her! Eg lengta veldig etter den på forrige innlegg, og no er den perfekte sommaren på plass.
Rart dette kor vi lengtar etter sola,varmen og lyset og sjølv om heile gårsdagen og halve denne dagen har gått med til å vaska og styra i den svære prestegarden, så kosar eg meg. Alt kjem i eit betre "lys" når sommardagen er slik.

Men det er ikkje berre sola som gjer at eg har det bra som vaskande husmor! Det er flott å opna vindauge på vinterstengde rom, lufta, vaska og reia opp senger som står tomme mesteparten av året! Men no kjem folket vårt heim - frå Thailand, Oslo og Bergen og huset skal få liv og røre i nokre dagar og veker. Det er flott det!

No er det "berre" GF i Bergen att neste veke og så er ferien her. Då vil eg ha det slik som på dette biletet!

søndag 29. juni 2008

Sommarlengt


Det er grå søndagettermiddag - regn - grått og mørkt i stovene mine.
Eg set her og lengtar litt....
Eg lengtar etter
  • sol
  • sommarfuglar
  • blomster i solskinn
  • ..... og sutelause dagar....
Neste veke seier meterologane.
Fint det..
Eg gler meg....

søndag 22. juni 2008

Mange eller få?

Tomme kyrkjer! Glissent i kyrkjebenkane søndag formiddag! Slik likar mange å framstilla kyrkjene våre.
Vi har vore i Frøyset i dag - det var ei heilt vanleg gudsteneste utan noko ekstra. Så kom spørsmålet på kyrkjebakken etterpå medan Ivar serverte oss kaffi og kjeks - var vi få eller var vi mange i Frøysetkyrkja i dag? Vi var 20 stk - Korleis skal vi måla om vi var få eller mange? Sjølvsagt var det glissent i kyrkjebenkane, vi måtte ha vore ti gongar så mange viss det skulle vore fullt - men var vi få? Mitt svar er nei. Eg synes Masfjordingane er flinke til å bruka kyrkja si. Prosentvis var vi mange, og det skal vi ta med oss når vi kan synast vi er få. Det hadde vore flott om vi hadde vore endå fleire sjølvsagt, men 20 menneske er ingen liten flokk i våre bygder. Og gudstenesta er ikkje avhengig av kor mange vi er, Meistaren snakka om to eller tre og det målet nådde vi rikeleg i dag.

lørdag 21. juni 2008

Kraftspel

Det vert ikkje mykje blogging for tida. Dagane går så fort og det skjer så mykje......

Men eg har eigentleg mykje på hjarta og her er nokre Kraftspelopplevingar/ tankar

Kraftspela på Matre sist helg gav meg mange flotte opplevingar, og eg nemner tre i den rekkefylgja eg opplevde dei. Vårt første stopp var Reinå gard med hest og gris, sau og kyr, glade born og smilande vaksne. Kristin og Arnold sin profil på gardsdrift og inkludering er inspirerande ! Dei driv både godt landbruk, bygdeutvikling, kultur og opplæring på ein gong.
Eg sørgjer endå over at vi ikkje fekk fleirtal for vern av dyrka mark på Matre på forrige kommunestyre.

Den andre opplevinga var kulturprisen som vart tildelt Arne Berg og Jan Olav Fosse (manglar bilde!) - det var så velfortent. Eg har jo visst ei stund at det ville bli slik, og eg gledde meg til å vera med på denne utdelinga. Det var også heilt på sin plass at damene dykkar vart heidra! Skitrekket i Stordalen hadde neppe blitt slik som det framstår i dag utan desse karane og deira medhjelparar.


Men så, og de for tilgje meg, det største denne dagen var møte med Sør-Afrikanske ungdomar som kom med glede, musikk, dans og song! For ei oppleving! Eg smilte og klappa og ønskte at det ikkje tok slutt! Musikk har eit felles språk - musikk er ikkje avhengig av status, rikdom og velstand sjølv om mangel på dette til ein viss grad kan avgrensa utfoldinga. Det var så flott å oppleva desse fargerike ungdomane på skuleplassen på Matre, omkransa av mektige Matrefjell. Vi som i tillegg deltok på seminaret tidlegare på dagen, som gav orientering om bakgrunnen og arbeidsvilkåra for dette bandet, fekk ein ekstra dimensjon over opplevinga. Eg er ikkje i tvil: Masfjorden kommune må arbeida for å inkludera eit slikt band i vårt kulturbudsjett, og vi må ha som mål at nokre av våre musikkantar får reisa til Sør-Afrika for å oppleva desse ungdomane sine daglege rammer for livs- og musikkutfalding. Eg tok det uformelt opp i formannskap og kommunestyre på torsdag, og vi vil fylgja det opp. KrF har stor tru på at utveksling av slike erfaringar er viktig for våre born og unge å få del i.

torsdag 29. mai 2008

Eg forstår det ikkje...

Eg forstår rett og slett ikkje kva stortingsfleirtalet tenkjer når dei om nokre få dagar klubbar gjennom ei lov som seier ja til dei vaksne sine rettar, og nei til borna sine. Eg skjønar det ikkje.
Statsministeren seier den nye ekteskapslova er eit ja til kjærleiken.....
Det gjer meg vondt å vita at den lova Ap, SV, SP, Høgre og Venstre vedtek 11. juni vil gje rett til å skapa born utan far. Slik blir det, i si glede over å gje homofile same rettar som hetrofile så aksepterer det same fleirtalet at det kan skapast born som skal veksa opp utan å vita kvar dei kjem i frå og utan rett til å vita kven som er far deira, kvar halve identiteten deira kjem i frå!
Eg vert ulukkeleg på desse borna sine vegne, og eg er redd vi ikkje skjønar konsekvensen av kva dette fører til av identitetsproblem for desse borna. Andre vaksne sin kjærleik og omsorg kan ganske sikkert vega opp for ein del av dette tapet, men det kan aldri dekka over dei mange djuptgripande og grunnleggjande spørsmål eit barn og ein ungdom stiller - kven er eg? kvar kjem eg i frå? kvar høyrer eg til?
Med opne augo - eller kanskje heller med tildekka augo - pålegg samfunnet norske born slike byrder - eg skjønar det ikkje og det gjer vondt å tenkja på det.
Borna er det viktigaste vi har, utan born stoppar livet! Men born skal ikkje produserast for å dekka våre vaksne behov, det minste borna må kunna krevja av oss vaksne er at dei får vita kven dei er. Takk til Laila Dåvøy og alle andre i KrF som har prøvd å kjempa mot denne lova. Eg har fått vera nær mange av dykk og merka kampen og engasjementet dykkar. Det ser diverre ut for at vi taper kampen i denne omgang men vi kan ikkje gje oss - ein gong må folket vårt vakna og sjå kva som skjer med borna våre.

tirsdag 20. mai 2008

Fantastiske masfjordingar!

Eg er så full av takk ! Masfjordingar er eit heilt spesielt folkeslag, det viste dei oss på nytt i gårkveld.

Her har dei måtta "slite" med ein prest og familien hans i 25 år, og så møter dei oss slik på 25-årsdagen!

Tårer og kjensler tok overhand. Takk, og ei inderleg kjensle av å vera glad i folket, kyrkjelydane og kommunen fylte heile meg då eg kom til kyrkja i solskinnet i går kveld.

Kyrkjebakken fyltes av musikkantar, musikk og Sørsidefolk- frå ferja som la til land kl 18.40 strøymde det folk frå Nordbygda og Indrefjorden, Knut som hadde vore "kidnappa" heile dagen av sine flotte medarbeidarar, kom inn kyrkjeporten med eit ansiktsuttrykk som eg såg det budde mykje i. Der vart han møtt med feiande musikk, møtt av forventningsfulle born som hadde del i ein stor hemmelighet, foreldre som kom med kakefata sine og gode klemmar, eldre med faste handtrykk og venlege blikk...

Det var stort!
Og så - når dei første inntrykka ute var under kontroll, gjekk vi inn i ei kyrkje som også vart full av folk, musikk, song, og ord! At vi så kunne avslutta med kyrkjekaffi i ute på kyrkjebakken i vakker kveldsol, gjorde opplevinga fullkomen. Sjå også denne lenka
Eg trur dei som hadde teke initiativet til dette gjorde det for å gle oss, og dei lukkast! Eg kjenner eg framleis skjelv litt i bringa når eg set her og skriv dagen derpå.

Tusen takk for ei flott oppleving!