fredag 30. mars 2018

Det er over- dagen

Det er over
Han tapte
Det er "det er over- dagen"

Krossen er tom
Meisteren er lagt i ei grav

Det er dagen for sorg og reorientering

Kan det ventast noko meire, kan det vel undrast
Dagen er ikkje dagen for dei store orda

Hadde eg vore mellom dei som trudde på han
gjekk eg nok sorgtyngd frå Golgata langfredagen
Hadde eg teke han for ein spottar
ville eg kanskje tru at eit problem hadde vorte løyst

Men orda frå krossen
ville fylgt med
Som eit gryande håp eller ei vaknande uro

"Det er fullført", hadde han sagt
Kva tydde det?
Det måtte nok grunnast på dette på denne "Det er over- dagen."

søndag 25. mars 2018

Om eg var der

Om eg var der -
hadde eg hylla han
eller hadde eg vendt meg bort?
Hadde eg kjent glede
eller hadde eg vore ein av dei ansvarlege
som kalla saman mitt høge råd?

Kven var denne palmesøndagsmannen?
Kva hadde eg gjort om eg var der?

Hadde eg funne palmegreiner?
Hadde eg teke jakka av meg
og lagt den for føtene hans,
eller ville eg rista på hovudet
og kjent vreide i hjarta?
Ville eg sendt han bort
eller ville eg hylla han?

Det kan eg ikkje svara på.

Men underleg nok, i dag kan eg sei med gravvaktene
"Sanneleg, han var Guds son!"
Han er verd vår takk og våre "palmegreiner"!

torsdag 15. mars 2018

Å få sagt det

Med fare for å falla for eigen dom og glorifisering av ei anna tid, deler eg dette! Ikkje noko stort åndsverk, men eg seier som karane ved mjølkerampen : "Godt å få sagt det"(og facebook vil eg jo ha...)

Gjev meg ein god gamal mjølkeramp
og karar med meiningars mot 
som syns det er godt å få sagt det 
som treng å få kjenna dei sa noko stort

Gjev meg eit kvinnfolk med forkle
som ymtar om mykje og mangt
som sladrar og kviskra og bløffar
og lett kjem med verda på kant

Ta frå meg ei lettvindt facebook 
med styggaste tankar og utenkte ord
som enkelt og frekt svertar andre
og trur den er klokast på jord

onsdag 7. mars 2018

Nebbet mot nord

Om eg var ei erle
ei lett lita erle
Då hadde eg starta 
returen mot nord
For tida er inne
til gratis å finne 
første billett og snu nebbet mot nord

Eg er inga erle
inga lett lita erle
Eg er 'kje i syden
treng ingen billett
Eg er her og lengtar
frys litt og ventar
at erla gjer rett og snur nebbet mot nord 

Kom hit vesle erle
du trippande erle
I går så skein sola
i dag så fell snøen
Men dette går over
og visst vert det vårver
når du tek til vett og snur nebbet mot nord

søndag 4. mars 2018

Draumen

Frå det gøymde
med natta og svevnen
kjem dei stundom
- i draumen

Meir enn eit bilete
meir enn ein tanke
er draumen
Så levande 
i dyrebare sekund

Dei som er gøymt
er ikkje gløymd
i mor sin tanke og sinn

Stundom takkar ho for draumen
- og ein gong er det ingen draum!