torsdag 18. desember 2014

"Er du avholds?"

Ja, eg er framleis "avholds".
Slik har det vore, og slik vil det bli.
Kvifor?
Svaret mitt er enkelt - eg lar vera å bruka alkohol i solidaritet med dei som lir under eige eller andre sitt misbruk.
Har det noko for seg å ha eit slikt standpunkt?
Eg kan skjøna spørsmålet, for eg kan sjølvsagt ikkje måla verknaden av mitt val. Likevel er dette eit rett standpunkt for meg. Det blir for vanskeleg å nyta ei vare som har blitt til ei stor forbanning, og til øydelagde liv for mange medmenneske.

Til tider kjenner eg meg litt annleis, kjenner at eg er ein typisk, umoderne "vestlandspietist", men som oftast er det heilt ok. Eg kjenner meg respektert, ingen spør eller kommenterar, det kan til og med bli forventa av meg at eg seier nei takk, og som oftast er vi er fleire som vel det same. I mine miljø og samanhengar er det også som oftast alkoholfritt. Om eg har betre eller dårlegare livskvalitet enn dei som veljer annleis, er eg ukvalifisert til å meina noko om - men eg har det bra i "festlivet" mitt! Det er det eg veit,

Å vera avholds, og å argumentera for det slik eg gjer, kan lett opplevast fordømande. Eg skjønar det. Det kan verka som eg ser på dei som har eit anna svar enn eg, som lite ansvarlege. Eg ønskjer ikkje å gje andre den kjensla. Eg har respekt for andre sine val!

Som avholds tilhøyrer eg ein minoritet, og ville gjerne sett at fleire tok eit avholdsstandpunkt! Det auka alkoholforbruket uroar meg meire enn at det plagar meg å vera avholds. Eg trur også dette uroar mine "av og til-venner". Samfunnsmessig er aukande alkoholbruk ei utfordring.

Eg er glad for det fokus som media har på alkoholbruk i juletida.
Vi blir oppmoda til å visa måtehald for borna sin del.
Det er tankevekkjande å lesa at det er  besteforeldregenerasjonen bør skjerpa seg mest, og det er flott at  Davy Vatne går ut og seier at alkohol ikkje høyrer saman med julefeiring med born!

Eg vil tru på at denne bodskapen når fram! Borna fortener det!

tirsdag 9. desember 2014

Stakkars meg

Deler ein "klagesong" frå ein tyngre dag enn dagen i dag! God terapi å setja ord på, og å driva litt harselas med seg sjølv. Dette vart skrive på nittitalet ein gong.

Mørke tankar vil meg fata
motet frekt i frå meg taka
Motet mitt med mismot byter
glede, gneist og glød meg snyter
Set meg svartsynt, sår tilbake
bitter, sur som sildelake

Stakkars meg med mørke tankar
stakkars dei som rundt meg vankar
Grå og gruggen
sur og muggen
Mørk er dagen, svart er natta
tryggast liggja her på matta
teia still
verta snill
venta på det gode, glade
få det slik eg helst vil ha det
Eg vil vera optimist
ikkje vera tung og trist
Kom vekk meg, spark meg opp
meg stakkars elendige, sytande kropp

Tull og tøys og tilgjort klage
sytande sår for minimal plage
Få meg ut av mitt klagande hi
rist meg, skubb meg, lokk meg fordi 
slik vil eg ikkje ha det

Kva skal då til, kvar er medisinen 
som mørke kan bryta med lyse solstrimen?
Den er her rett ved meg
I handa den vesle
I smilet frå dei som gjev meg det beste
I orda som kviskrar:
Godt at du er her
Godt at du er nær
Godt å ha deg kjær

tirsdag 25. november 2014

Gledespil

Det gjekk ein jagande gledespil gjennom hjarta, og gjennom heile meg i dag. Den kom så uventa midt i ein situasjon som eg vanlegvis ikkje kjenner meg særleg komfortabel i. Eg sto i ein butikk i samtale med ei hyggeleg butikkdame. Det har nemmeleg dreia seg om julehandel i dag! Den nyslåtte pensjonisten tenkte å vera tidleg ute i år, og fordi ho er langt frå det som kan kallast ei shoppingdame, så krev slike dagar mykje, og ho kjempar seg eigentleg frå butikk til butikk, men jobben skal gjerast!

Så altså, i dag - i det eg sa; to gutar på to år, ein gut på snart fem, ei jente på fem og ei jente på elleve år, så kom det ein gledespil som eit skudd, som lyn i frå klår himmel og rett inn i hjarta! Den tok kontrollen over meg nokre lange sekund, og gjorde så godt at tårene faktisk ville fram,  Eg vart nesten litt forvirra, men henta meg innatt!

Dagen vart annleis! Kunne verkeleg desse opplysningane, om borneborna mine, fylla augene med tårer fordi ein gledespil bokstavleg tala kom som eit skudd rett inn i bestemorshjarta, midt inne i ein travel julebutikk?
Svaret er JA. Det skjedde i dag, og bestemora er ei julehandlande bestemorsoppleving rikare!!

Så kan ein kanskje sei at det var nok eit teikn på du er ei sliten og litt "nedpå" bestemor - og det kan det vera noko i..
Eller - du er då ikkje åleine, korkje i verda eller i "Knarvikjæ", som handlar julegåver til borneborn - og det er sant!
Eller - er dine så spesielle og eineståande at du let ein gledespil ta makta over deg midt inne i ein travel butikk?
Nei, nei - eg trur ikkje det. Det er nok berre for oss dei er så spesielle, andre har sine unike utgåver. Eg veit det, og unner alle å ha nokon som synes dei er unike for nokon.
Men eg unner også alle julegåvehandlande å kjenna at gledespilen kjem som eit skudd og tek kontrollen i nokre sekund! Det gjer godt!


tirsdag 18. november 2014

Husa

Til alle tider har menneske søkt ly bak vegger og under tak. I holer, i skur, i telt, i enkle hus og i slott har ein skapt eit "reir" for seg og sine. I dag legg eg ut eg nokre ord om endringar i bustadsmønsteret slik eg erfarer det frå min vesle flekk på kloden.

Dei ligg opp på hyllene sine 
desse einsame, gløymde husa
Eit utelys i mørkre seier at straummålaren må avlesast
- så har det nokon å venta på

Dei sprett opp på ledige knausar

der dei andre står
Tett i tett - som fuglekassar for menneske
som har heimen sin der om natta

lørdag 15. november 2014

Den lange jakta!

I dag tek eg til ordet i ei sak eg aldri tidlegare har engasjert meg i! Rett nok har eg ein gong i mi politikartid vore medmeklar i ei intern jaktløyvestrid i ein bedehuskjellar inne i fjorden, men det har vorte med det. I tillegg, rett skal framleis vera rett - kvart år skriv eg med glede hjorteløyve på gard nr 175 bruk nr 1 i Lindås til ein nabo, og med det gjev eg ein jeger rett til å jakta i staden for meg.
Men i dag tek eg bladet frå munnen og kunngjer pensjonisten Kari sine nyerverva Karitankar, pluss eit forslag til vedtak. Det dreier seg om jakt!

For det første (og dette burde eg nok visst); - kven kan gjera om vedtak om at jakta og jegerane skal eiga utmarka frå tidleg haust og nesten til jul?
Er det rett at f eks slike turglade pensjonistar som meg, slike som utan skyteprøve og våpen i hand, skal gå med hjarta i halsen i marka ein heil haust? Eg berre spør - og når eg no heller ikkje har noko politisk rolle eller stilling, så seier eg noko eg aldri har sagt før: Kvar er de politikarar? Dette må fiksast, og det må inn i alle parti sine komande kommuneprogram - seks veker hjortejakt må vera nok!

For det andre; Eg treng ein lett, skotsikker vest til bruk i skogen under jakta inntil vedtaket er omgjort! Eg stolar ikkje heilt på refleksvesten. Blir ikkje jakttida redusert, så må alle jaktlag bli pålagt å gje oss ikkjejegerar slikt verneutstyr!
For ordens skuld, og for all del gode jegerar; Eg stolar på at de veit kva dei gjer, og eg vil også ha hjortekjøt og ein redusert hjortestamme! Men det kjennes så nagande uttrygt så alt for lenge -  det kjennes som eg ikkje burde vera ute i marka på denne tida. Eg vil jo ikkje ta gleda frå dykk, og eg mistenkjer dykk så langt i frå at de vil ta gleda frå meg.

Og for det tredje og siste; Ville det ikkje blitt betre klima i jegerheimane viss ikkje ein hadde denne jakturoa i seg månad etter månad ein lang haust?
Difor, og som den sentrums- og løysingsorienterte politikaren eg har vore(og er), så presenterer er med dette mitt forslag til vedtak:

Vedtek: Det vert frå 01.01.2015 innført 6 veker trygg hjortejakt for alle (unnanteke hjorten) i kongeriket Norge! Ved ev innføring av forsøksprosjekt, blir Lindås kommune i Hordaland utpeika som forsøkskommune.

tirsdag 4. november 2014

Vokster


Driv med haustvinden
inn i boka
til livet 
og finn 
gløymde dagar
som umerkande har bygd opp,
og medvitne dagar 
som armerte og reiv ned

Det er ikkje plass til alle sekunda
i medvitboka
Likevel har dei skapt livet 
til den eg er
her eg går og merkar
at livet framleis blir forma 
i vinden





lørdag 4. oktober 2014

Den kvite Ikea-senga


I dag har eg ein god dag! Eg går og steller til haustferieinnrykk! Vaskar, ryddar og reier opp mange senger. Store senger og små senger, barnesenger, køysenger og dobbeltsenger! Det er så kjekt! Når eg driv på med slikt arbeid spring tankane mange stader. Eg tenkjer på dei som skal koma, fryda meg over at vi har så mange. Eg kjenner på glede over nyoppreide senger og nyvaska rom, og kjenner meg så rik, så rik!
Når eg kjem til den kvite sprinkelsenga, kjøpt på Ikea i 1973, blir eg ekstra takksam! Tenk at eg har ein frisk liten bestemorsgut eller jente som skal få sova her i denne senga, senga som var senga til to onklar dei aldri har møtt, og som har hyst så mykje forventning, glede og så mykje smerte!
Så godt at livet går vidare! Tapet er framleis stort, men det øydelegg ikkje gleda over det eg har fått! Kanskje tvert i mot, det aukar gleda! 

Eg fann for nokre dagar sidan noko eg skreiv om den tomme sprinkelsenga. Det er skrive for mange, mange år sidan. Ingen har sett det før, det held sikkert ikkje poetiske mål, men det skildra litt av historien til denne senga - historien vår ! 

Senga den er tom
Har dyne, pute og bamse
men senga den er tom
Puten luktar kjent og godt
Har helseteppe, lyseblått
Helseteppe?
Nei, det inga helse gav
For senga den vart tom

Attmed senga tom
Står mor og far og gret
Alt for oss vart tomt
I glede vi kjøpte ei fin lita seng
der la vi vàrt vår første dreng
I dag er senga tom
Så hard, så hard vart livsens dom

Senga den vart tom
For andre gong vart senga tom
I spenning og takk og med hjartetung sut
vi la på nytt der ein fin liten gut
I dag er senga tom
Så hard, så hard vart livets dom

Og så vert tanken tom,
sinnet tomt og kroppen tung
Senga hyste to dyre skattar
som kjempa for livet meir enn vi fattar
No set vi att med dyner og putar
Men hjarta vårt hyser to gode gutar
Domen vår vart hard
Vi undrast;
Kvifor Far?

torsdag 2. oktober 2014

OL-nei

Eg er ikkje udelt glad for Norge sitt nei til OL sjølv om eg ut frå min overfladiske og tabloide innsikt, ser at det kan vera eit rett svar. Ser det er mange som jublar og hoverar i dag, det treng vi ikkje gjera. Pengebruk og pampespel er ute av proposjonar i høve til idèen, difor var avgjerda rett, men det er trist for den olympiske idè at ikkje Norge kan påverka ved å ta ansvar! Skal vi vera konsekvense bør dette bety at Norge ikkje deltek i OL!

Skreiv dette på facebookprofilen min i dag! Reaksjonar finn du der!
https://www.facebook.com/karisorheim

torsdag 25. september 2014

I Vårherres storstove!


Britt Romarheim fortel (foto: Borghild Sætre)
De som fylgjer meg på blogg og facebook vil vita at eg er glad i å vera ute i naturen. Eg opplever så mykje vakkert og flott der.
Av og til kan kombinasjonen av lys, luft og fargar bli overstrøymande, nesten sakralt. Andre gongar kan storslåtte i fjell, fossar og brusande hav nesten ta pusten frå meg, og i undring kan eg stå og studera maurtua sine byggverk med både andakt og respekt!
Det er så mangfaldig dette livet!

På mandag hadde vi ein fantastisk septembertur i misjonsgruppa Tur&misjon i Nordhordland. Under ei sigande kveldssol, gjennom eike- og furuskog, vandra vi på ein god sti ut til neset der vi rasta. Det lukta salt sjø og sur myr, villsauene studerte oss, og makrellen viste sine spor inn i vågen! På vegen pratar vi, stifta nye bekjentskap og delte oppleving og liv med nye damer frå regionen. Nydeleg og sosialt!
I denne ramma sette vi oss ned med termos og sjokolade. Og under ei "Fager kveldsol" sitt smil,  fekk vi via Britt Romarheim sitt fine innslag, hjelp til flytta tankane frå Kvalvågneset i Lindås i Norge, til ein landsby nord på Madagaskar der døve born får ny framtid gjennom kyrkja og NMS sitt arbeid.
Og frå strendene på Solskinsøya løfta vi tanken, takka og bøna opp til han som har skapt, han som frelser, og han som gjev menneske eit varig håp! Til sist gjekk den vesle kollektveska frå Madagaskar rundt, og bort i mot 2000 kr vart tilført NMS frå dette enkle "foreiningsmøte" i Vårherre si storstove! Enkelt, uformelt, sosialt og sunt!
Ca 30 kvinner har vore med. Ikkje alle kan kvar gong, men det er stadig nye som blir med. Det er kjekt for, vi vil gjerne ha mange med - stova den er stor!
Har du lyst å bli informert om turane så send e-postadr di til: karisorheim@gmail.com, eller legg igjen ein kommentar på bloggen. Neste tur er 20. okt.
Du finn oss på facebook og det blir møta annonsert. Sjekk her

fredag 12. september 2014

Nettlivet

- du hadde ein fin fjelltur i går ser eg
- skal sei du fartar
- du fekk deg plommer i år også forstår eg
Slike kommentarar får eg ofte av både nære og fjerne venner når eg møter dei på butikken, på båten, i kyrkja, i skogen, på gata eller i telefonen.
- Ja eg lever ope med livet mitt, svarar eg tappert med litt flau smak i munnen. Men den smaken går fort over, vi har fått kontakt, pratar og deler vidare med kvarandre ansikt til ansikt. 

Skal eg vera ærleg så tenkjer eg stundom at eg er for ivrig, at eg kanskje skulle la vera å leggja ut så mange av mine opplevingar, synspunkt og engasjement - at det faktisk ikkje er så mykje å skriva om mykje av det eg formidlar. Deler du den tanken, så er eg faktisk einig med deg.

Av og til tenkjer eg også at det er litt skummelt å leva her på nettet! Eg har jo så mange flotte nettvenner - så mange fine kvardagsvenner, så mange kloke og dyktige venner, så mange misjons, kyrkje- og humanetikarvenner, så mange politikarvenner av alle slags fargar, så mange bondevenner, naturvenner, medievenner, turvenner. Eg har venner som sørgjer, som slit, er sjuke og som kjenner seg utanfor, eg har nyforelska venner og lukkelege besteforeldrevenner. Heile spekteret er mellom vennene mine her på nettet! Det er jo ikkje lett til å ta omsyn til alle på ein gong!

Kvifor deler eg likevel likt og ulikt på facebook og blogg?
Fordi eg er glad i livet og i menneske.
Fordi livet er så mangfaldig.
Opplever eg vakre ting i naturen får eg lyst å stiga opp på eit berg og ropa ut så all verda kan sjå det same som eg!
Ser eg ned i maurtua sitt fantastiske rike, vil eg gjerne ha eit barnebarn i handa og sei; sjå så flott Gud har skapt det!
Høyrer eg fin musikk, ein god tale, kåseri, andakt, dikt eller foredrag så tenkjer eg; dette skulle fleire fått høyrt! Når det kristne fellesskapet lever godt, ønskjer eg å inkludera og dela med mange, mange. Når eg kjenner meg provosert, når verdiane mine blir trakka på og latterliggjort kjenner trong til å "smella med dørene" og stå opp for det eg trur på.

Dette er sikkert nokre av grunnane til at eg skriv. Det er godt å få sagt det! Difor vil eg nok ganske sikkert halda fram å skriva. Kanskje endå til meire ettersom eg snart er over i ein annan kvardag. Eg held ikkje det for usannsynleg.

I NMS har vi siste året hatt som motto "Skapt til å dele" Det har ei djupare meining enn mykje av de eg deler, men kanskje er det likevel noko av det same. Vi er faktisk skapte som sosiale vesen som har bruk for å dela av det vi har fått, sett og oppdaga, og som kristne er vi skapte for å dela tru, tid og materielle gåver.
Eg lovar ikkje tunge, djuptpløyande innlegg om dei store tinga i livet og verda, men enkle Karitankar, impulsar, kjensler, opplevingar og meininar vil framleis koma.  
Så difor kjære venner; slett meg eller oversjå meg viss/når de går trøytte av pratet mitt!
God helg!


lørdag 6. september 2014

Haustvemod

Eg likar ikkje hausten
Eg likar ikkje at det mørknar
at trea mister blad, og at blomane visnar
- Det er koseleg å tenna lys, drikka te og laga innekos, seier veninner
Eg er ikkje der, sjølv om eg ser at det er trivelege stunder med tekoppen

Hausten minner meg om
at tida går
at det stadig mørknar
at det blir kaldare
at eg kan venta storm, snø og is

Eg ser det kan vera facinerande med naturen sine haustkrefter,
eg kan lika å sjå på stormen
Men det skapar noko i meg som eg ikkje likar

Hausten får meg til å kjenna på tungsinn,
på motløysa, og på det tunge eg har sett og opplevd
i meg, og rundt meg

Om eg blir deprimert? Kanskje. Det er jo det moderne, fagleg ordet som somme brukar for lett. Den som har hatt tunge depresjonar veit kva ordet betyr.
Nei, eg har kalla det tungsinn, vemod og molltonar, og har kalla det det i ca 40 år.
Og eg lever med det, på min måte

Det tunge og vemodige har ei tappande kraft, og det har ei skapande kraft. Det lever der side om side. Eg har blitt kjent med det

- Denne hausten blir ikkje lettare,
seier pesimisten i meg til meg

Eg har løyst nokre, og skal snart løysa fleire grep frå
mine medverkande, aktive og skapande sysler
Det kjennes som eit ny-erverva haustleg tap

Men eg må halda fast, og skapa mine nye rom der engasjement og kreativitet kan leva med sine gyldne haustblad, og gje meining til den nye kvardagen
Slik må det bli

Når den tida snart kjem, skal eg kanskje vassa i haustblad i skogen, i vinden og regnet og ei stadig lågare haustsol, og leita og venta og velja
Dei som har gått der ei stund seier det er rikt, travelt og fritt å gå der
Eg vil velja å tru det

Eg har ikkje tru på at eg nokon gong skal bli udelt glad i hausten, at stearinlys og tekopp og innekos skal ta bort hausten sitt vemod
Men eg skal ta inn nokre gylne haustblad, sei til dei at dei er vakre
Eg skal leita opp gledene av frukta som livet har gjeve meg

Så vil eg tenkja at det framleis skal bli frukt som kan plukkast frå greinene




fredag 15. august 2014

Bjørka mi

Vi har tusenvis av tre på garden vår - dei fleste kunne vi kanskje vore foruten. Det er difor rart at ein kan få kjensler for eit tre, men det kan eg! I dag har ei rimeleg ung, vakker bjørk falle for motorsaga. Den var nesten vaksen nok til å overta tuntrerolla, men av ulike grunnar måtte den ned, og eg vart trist! Merkeleg kanskje, vi som snart er innegrodde av skog.

For ein del år sidan opplevde eg eit langt større tretap! Midt opp i vanskelege dagar kom det ein kraftig storm som tok ei stor, vakker bjørk på Karihaugen. Då eg kom dit og såg det, gret eg høgt i regnet og vinden. Det var befriande å gråta over ei rotvelta bjørk, mange innestengte tårer kom ut då, og nokre linjer kom det også, og dei vart skrive ned av ei som knapt hadde skrive slike linjer før. 
Eg vågar å dela!


Bjørka mi

Eg står og gret over treet mitt – stormen tok det i går
No ligg det her med si slagne krune
med røter som sprikjer med opne sår
Kruna mot jorda i håplause flokar
røter mot himmlen som hjelpelaust ropar:
«No er eg ferdig, no kan du ta meg
kvist meg og kapp meg – hogg meg og sag meg
Så kan du gle deg du jenta mi
med varme og peiskos i stova di»

Attmed ei steinrøys vart røtene festa – røysa han oldefar la
Det var du liten, der vart du stor
og røtene dine fann plass i vår jord.
Friske og sterke dei bana seg veg
nedover, bortover, tenkte med seg at
greiner og knuppar dei kan rekna med
at næring og styrke og trivnad eg gjev
med glede til dei som har plass opp i dagen
- eg som i molda lyt krypa på magen

Du hadde nok vener du bjørka mi – du bjørk som no måtte falla
Fuglar som song opp på greina i mai
humla som surra fann mat ho var gla’ i
Men strekast i minne til bjørka var to
som tett innved stammen fann kvile og ro
etter strevsame dagar og surrande kjensler
Den eine var hesten, den blakke og fine
om endeleg fri i frå sele og grime
fekk skugge av kruna di, du rotvelta bjørka mi.

Men hesten er borte, det veit du nok òg – du har han nok sakna lenge
Han og måtte gje seg nett slik som du må
når rota finn vanskar med feste å få
der livet si livskraft skal finne
Den andre venen du hadde er ho
som står her i stormen og sørgjer no
over at du og er borte
Hesten og treet og mange fleir’
blir borte for henne – og kjem ikkje meir.

Vemodet fyller den vesle jenta – jenta som no har blitt stor
Mykje ho lærer i storm og i blest
livet er langt meir enn solskinn og fest
Trea dei fell, dei gamle dei unge
alt lyt nok falla og det er det tunge
som mest fyller tanken til jenta her
Likevel veit ho – djupt der inne
at røtene hennar dei skal nok finne
feste som stormen ikkje kan nå
Det gjer ho godt å tenkje på

mandag 28. juli 2014

Pengesterk

Eg har faktisk meir enn nok av av det meste. Eg er rik! Eg har nok pengar, mat, ting, kvadratmeter, klede - ja eg har nok av alt eg kan få for pengar. Det har ikkje alltid vore slik, men eg har alltid hatt nok til det viktigaste.
I dag kan eg sei det ope og ærleg; eg er rik!
Ikkje det at eg trur eg er rikare enn andre gjennomsnittsnordmenn. Eg jobbar 50% og er ufør 50%, men eg vil likevel meina at eg er rik.

I sommar var eg på NMS (Det Norske Misjonsselskap) si sommarfest og generalforsamling. Ei fantastisk meiningsfylt oppleving. Der vart eg utfordra til å gje pengar til misjonen fleire gongar for dagen. Ulike misjonsprosjekt fekk kollekten, og eg gjekk gladelig til betalingterminalane for å gje støtte. Eg kjente meg faktisk priviligert som kunne gje til noko som var viktig, som eg veit nyttar, og som eg kjente eg brann for!
Vel heimkomen etter ferietur (i ein av våre to bilar m/campingvogn på slep), opna eg nettbanken og vart overraska. Saldoen var større enn eg tenkte, eg trudde ferieturen hadde tært meire på kapitalen. Endå større vart overraskinga då eg oppdaga at eg i min iver den eine dagen hadde trykt inn ei gåve som var noko større enn det eg i utgangspunktet hadde tenkt.
- Likevel var saldoen min større enn eg forventa!

Konklusjonen er at eg er rik, og at det eg gav og gjev er av mi overflod!

Ein del av min generasjon tenkjer at vi må "snu på skillingen" og vera forsiktige sjølv om vi eigentleg har meir enn nok. Eg er kanskje ein av dei. Andre i same aldersgruppa tenkjer at vi har arbeid og slite eit langt liv, og no er det tid til å bruka, plassera og til å nyta, medan endå andre av oss er minstepensjonistar med dyre bu-utgifter, og som må slita for å få endane til å møtast.

Eg har lært noko i sommar - eg har lært at eg gjev for lite av mine pengar. Saldoen til eige bruk blir for stor. Eg ofrar ikkje, eg gjev utan at eg merkar det noko særleg!

Inn i dette tenkjer eg på han som brukte biletet om kamelen og nålauga. Er det slik? Er det vanskelegare for ein rik å koma inn i himmelriket enn det er for ein kamel å gå gjennom eit nålauga? Set eg mi lit til saldoen og rikdomen?- er eg for lite avhengig av hjelp frå han som seier at "for menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud?"
http://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster

Eg vil gjera noko med dette. Eg vil gjera det ved å auka støtta mi til det arbeidet NMS driv for å gje menneske i verda "Verdig liv og Varig håp". Eg vil bidra meire til at kvinner og born kjem ut av fattigdom og undertrykking, og at kyrkjene får styrke til å nå lenger ut med det varige håpet!  Med eigne auge har eg sett at det blir god avkastning av pengar gjeve til denne organisasjonen, difor vil eg  investera litt meire i dette arbeidet.

https://nms.profundo.no/bligiver/index.php?pid=534289

Kvifor skriv eg dette her? Fordi eg vil forplikta meg!

søndag 18. mai 2014

Tur&misjon!

Eg er klar, og som de ser er det plass til mange rundt meg her!
Endeleg er vi klare til å starta opp misjonsgruppa Tur&Misjon! Dette har eg drøymt om lenge! Har hatt så lyst til å få i stand eit turfellesskap som også har plass til eit misjonsengasjement. For eit par veker sidan fann eg to til med same ønskje, og brått er vi i gang! Fleire har alt meldt si interesse. Spennande!
Mandag 26. mai kl 1900 går første turen av stabelen! Ikkje så lang, ikkje så tung og ikkje så forpliktande! Ca to timar medrekna ein god pause. Tidspunkt må tilpassast etter kvart, men vi startar her.
Første turen skal gå til Kvamsfjellet, og oppmøtestad er parkeringsplass på venstre side av vegen frå Isdal mot Åse, ca 100 m før fartsmålaren. Vi køyrer felles der i frå. Turen er i lett terreng. Så skal vi setja oss ned med termosen og dela nokre tankar om misjon og misjonsoppdraget. Det blir ikkje "bompengar", heller ikkje kilometeravgift, men vi skal ha misjonskollekt der vi legg i "korga" det vi vil støtta misjonen med. Gruppa blir knytta til Det Norske Misjonsselskap (NMS).
Denne tur&misjonsgruppa er for alle som har lyst, og vi tenkjer at Nordhordland er eit naturleg område å gå på tur i. Vi skal gå på tur, vi skal ha det kjekt, og vi skal støtta misjonen på denne måten!
Vi blir ein fast kjerne som tek ansvar for turløyper, program og informasjon, men vi vil gjerne ha mange med oss. Om du ikkje kan binda deg eller delta kvar gong, så er du like velkomen for det. Dette skal ikkje vera eit stressopplegg, men eit sosialt turmiljø inspirert av at tur og misjon har same motto: Gå Ut!

PS! Det er berre eitt krav for å vera med, og det er at du ikkje sluttar i di misjonsforeining om du får lyst å gå på tur med oss.
Det er Borghild Sætre som er praktisk tilretteleggjar, og som er med og dreg i gong. Vi har eiga side på facebook og her kan du fylgja med. Elles blir info sendt på mail og sms.

Send ein mail eller sms til Borghild Sætre,  borghild.setre@gmail.com  - 
959 40 582 dersom du ønskjer meire informasjon.

mandag 14. april 2014

Kven veit

Gud
kven veit?
er det
den overtydde
den tydelege
den lærde
den milde
den svake
eller
den sterke?

Gud
vi søkjer i Skrifta og skrifter
og
hjå kvarandre
I flokken
finn vi
dei overtydde
dei tydelege
den lærde
dei milde
dei sterke
dei svake
og
dei spørjande

Gud
gjer meg
mild
og sterk
og overtydd
og audmjuk
og tydeleg
og undrande

- let det seg gjera, Herre?

«Du visdoms, råds og styrkes Ånd,
du kraft av Herrens høyre hånd,
Du lysets bærer, Ordets tolk
For alle tungemål og folk,

ditt lys opptenn i vår forstand,
I hjertet kjærlighetens brann,
Til vanmakt vår og usseldom,
med hellig hjertestyrke kom!»

(Salme frå 800-talet omsett av Luther i 1524 og Landstad i 1855) 






onsdag 12. mars 2014

Visdom

Visdom og klokskap er ein rikdom, og er til styrke for menneske og fellesskap.
Lenge har eg tenkt at klokskap og visdom ville auka og veksa etter som åra legg seg til livet. Eg held fast på den trua framleis, sjølv om eg ser at åra kan auka faren for å stivna og å tenkja i fastegrodde baner. Det kjente er det trygge, det er testa og utprøvd, og blir dermed vegen vidare. Stundom er det rett, andre gongar er det eit hinder for nye krefter og ny utvikling.

Det er ikkje noko nytt at unge menneske framstår som kloke "forståsegpåarar". Dei har med sin nyerverva kunnskap sett "lyset", og mange proklamerer det høglydt. I deira verd er 5 ungdomår eit heilt liv, og 10 år er ein skjelsetjande historiske milepælar. Det er befriande når unge menneske står fram som oppdagarar av livet, trua, verda, rettferda og politikken, og eg tenkjer; den som kunne vera så trygge på sanninga, på kunnskapen og livet som desse. Sjølvsagt veit eg at det ikkje er heile sanninga, slett ikkje alle unge er trygge og sikre - og mange er både redde og utrygge bak fasaden, også av dei som framstår trygt. Godt er det når dei har nokon dei kan be om ei hand, eller søkja eit råd hjå.
Men poenget mitt med å peika på dei unge er å få fram det facinerande som eg opplever i møte frimodige unge menneske. Slike som kastar seg ut i den politiske debatten, som har det frimodige vitnemålet om trua, som er overtydde, idealistiske, som hevdar sitt syn med frimod og som har planar for framtida. Eg let med begeistra og inspirera.
Då eg i min ungdom høglydt proklamerte mitt syn på eitt og anna, sa stundom far: "eg høyrer du er på det klokaste no". Upedagogisk og irriterande var slike kommentarar. Andre gongar kunne han smila og seia - du er slett ikkje verst du Kari! Gode ord frå ein god far og ord som lever i meg endå.

Etter som år legg seg til år, gjer eg den litt forvirrande erfaringa at tanken, trua, vurderingsevna, eller vala som skal gjerast ikkje blir enklare, kanskje heller det motsette. Livet, verda og trua er ikkje svart/kvitt lenger, og etter som erfaringslageret av kloke og mindre kloke val legg seg til livet, skjønar ein at ein ikkje kjem til rette med alt dette før det endelege punktumet blir sett.
Difor, og nettopp fordi, eg vil leva eit heilt liv heile vegen, og eg skal ikkje slutta å be om visdom. Livet er rimeleg kort, reisa så varierande og reisefylgjet så mangfaldig.  Det trengs sanneleg store dosar visdomspåfyll - kanskje større dosar etter som tida går.
Og visdom er betre enn styrke, det kan vera godt å ta med når styrkebarometeret har passert det høgaste punket!
Salmisten seier; "Sjå du har hug til sanning i inste hjarta, så lær meg visdom i hjartedjupet"
Det får bli bøna for oss som ber - både unge og litt eldre.

Det vart Karitankane på denne flotte vårdagen etter ein nydeleg morgontur rundt Skår og Totland i godt fylgje!


onsdag 29. januar 2014

Erna og eg

I natt har eg hatt ein ferjetur saman med Erna. Ho hadde på seg den blå jakken sin, og vi sat nede i salongen med kvar vår kaffikopp. Heldigvis var det ikkje andre folk der, men ho prata stille til meg likevel.  Ho sat litt frampå setet på ein plommeraud skaisofa ved eit bord med eit rundt, gråmalt røyr som gjekk opp i det låge taket. Det var Erna som prata, eg sat berre lydhøyr og vaken, og vart meir og meir overraska over at ho delte slike tankar med meg. Eg såg på det som ein stor tillit til både meg og KrF, og tillit er det godt å kjenna.
Her eg set åleine med kaffikoppen min ein tidleg onsdags morgon, har eg endå litt av den høgtidelege kjensla i kroppen, den kjensla ein får når ein har drukke kaffi med ein statsminister. For sjølv om eg har gjort det før, så har eg ikkje vorte så blasert at eg ikkje har respekt for ein statsministar. Eg har berre eit problem her set med koppen min - eg klarar ikkje hugsa kva det var vi snakka om på denne ferjeturen. Det kjennes både flaut og pinleg. Men eg har kjensla i meg endå, kjensla av at vi var einige, og at eg lova at eg ikkje skulle nemna med eitt ord det ho sa før pressemeldinga hennar var kome ut. Og det kan ho jo stola på, for eg hugsar jo ikkje kva vi snakka om.
Men akkurat her og no kan eg jo håpa det var  reservasjonsretten til nokre få fastlegar rundt i landet ho sa ho ville stå opp for. At ho sa at samvitet og overtydinga må respekterast, og at ho sa at no gjer politikarar, helsepersonell, media og andre denne saka til abortkamp, og med det overser forpliktinga ein kan kjenna i høve til eige samvit. Og eg har alt sett at ho har sagt noko om dette, og eg stolar på at ho set foten ned. Lukke til Erna!

søndag 5. januar 2014

Nokon som ser

Eg runda kyrkjeveggen
ville sjå nedom gravene før gudstenesta
- brått var eg på heilag grunn

Det sto nokon ved gravene til våre
flytta litt på pynten
ville sjå det som sto der

Eg kjente ei djup glede

Så godt at nokon vil sjå
vil lesa og ta del i

Etter litt gjekk eg forsiktig ned
vi heldt fast rundt kvarandre
- tenk berre fem år, sa ho

Godt å vera der våre er
vera der nokon kan sjå