tirsdag 19. desember 2017

Damaskduk i dagslys

Du kan ikkje stryka fine dukar i lampelys. Du må venta til dagslyset kjem, då ser du at det blir fint.
Dette sa alltid mor.
Å stryka i lampelys ville ikkje gje eit fint nok resultat!
Eg har erfart at det er rett, og difor set eg meg ned og skriv midt i julestria, medan eg ventar på dagslyset, og medan juledukane ligg dynka og klare til å bli fine - helst så fine som mor ville ha fått dei. Mor eller tante Ingeborg. For det er deira dukar eg skal stryka.
Kvite damaskdukar.

Mor kjøpte ein fin duk til oss til jul året etter at vi hadde gifta oss. Ho meinte alle heimar skulle ha ein kvit damaskduk. Den rekk over bordet utan plate og tek til å bli utvaska.
Den andre duken fekk eg av tante Ingeborg, Mor si eldste søster - eldst av 12, og godt vant til å ta ansvar for andre. Tante Ingeborg fekk ikkje born sjølv, men vi var alle tante Ingeborg sine born. "Du er en av våre", sa ho då ho gamal på sjukeheimen ikkje heilt kunne skilja oss frå kvarander, vi tante- og grandtanteborn som kom på besøk.
Tante Ingeborg hadde ein stor damaskduk.
Den skulle eg få - eg som skulle bli "prestefrue"!
"Denne skal du bruke når biskopen kommer", sa ho på sitt kunstige bymål.
Tante Ingeborg hadde tent i eit "fint" kjøpmannshus i Bergen, og ho visste korleis det skulle vera og kva som trongs, også for biskopen!
Og det vart ein bispeduk - tre biskopar, Thor With, Per Lønning og Ole D Hagesæter har fått middag servert på denne duken! Stroken i dagslys, fin og glatt og med kjærlege tankar til tante Ingeborg i Kirkegaten i Sandviken.
Men ikkje berre biskopar. Duken har blitt mykje brukt - så mykje at den har blitt slitt og til og med fått eit lite hol! Eg vil tru den er eldre enn meg, og det er med dukar som med alt anna - tida krev sitt! Men brukast skal vi både duken og eg, også denne jula.
Sola kjem ikkje i dag - kanskje ikkje dagslyset heller. Det får stå til! Eg håpar det skal bli bra.
Det er vakkert med nystrokne damaskdukar!

fredag 15. desember 2017

Mellom kjente og ukjente

Bortsett frå ca 10 år, har eg budd i Nordhordland!
Det fører til at eg kjenner, veit om og dreg kjensel på mange menneske eg møter i kvardagen!
Slik som i dag, på ein liten handletur i regionsenteret Knarvik!

Og så filosoferer eg litt over det i kveld

Eg tenkjer at eg alltid skulle ha god tid når eg møter kjensfolk
Og kjente møter eg ofte på denne staden
- Det er dei frå Masfjorden
- Det er han eg gjekk på skulen med
- Det er dei frå politikken, frå kyrkja, frå misjonen
- Det er dei frå gjenbruksbutikken, naboen, og turvenner
- Det er nye kjente, som med sine smil og vennlighet, spør "hvordan går det?"
- Og så er det slekta som det alltid er fint å møta

Men eg opplever også inn i mellom, å snakka med folk eg ikkje kjem på kven er
Vi pratar om laust og fast medan tankane mine leitar på spreng
Kvar har vi kvarandre frå
Stundom spør eg - det kunne eg gjort oftare
Spør eg ikkje, har eg noko å tenkja på resten av den dagen

Å kjenna mange gjev ei kjensle av å høyra til
Det er fint, og det opplevde eg i dag

Men du verden kor mange eg ikkje kjenner
Både i nærmiljøet sjølv om det eigentleg er lite, og i den store, store verda
Verda er fylt av milliardar menneske eg ikkje kjenner
Så mange, mange, mange menneske
Ein kan bli svimmel av tanken når den tek tak

Eg likar å sitja på ein benk og sjå på, og studera menneske eg ikkje kjenner
På ein framand stad. På ein flyplass. I storbyen.
Over alt - menneske
Med sin historie
Med sine draumar, sigrar og nederlag
Som alle har ei eller anna slags meining med å vera nett der dei er
Som kjem ein stad i frå
Som lever i det same sekundet som meg

Alle har eit anna mål enn meg, men innerst inne tenkjer vi som Herbjørn Sørebø seier det, at "Alle reiser er ein omveg heim!
Vi vil heim! Vi vil ha eit mål! Vi vil høyra til!

Og så kjem eg på Jonas Dahl sin julesong der det lyder slik:

Nå vandrer frå hver en verdens krok
i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem

Og finner du ham i krybbens hø
som hyrder så
Da eier du nok til freidig å dø
å leve på!

Kjente og ukjente frå kvar ein krok av verda
Mot Betlehemsbarnet, som gjev oss som finn han
noko å leva og å døy på!
I den vandrarflokken høyrer eg heime!

lørdag 9. desember 2017

Mi Betlehemsmark

- Og det skjedde i dei dagar då kong Haakon var konge i Norge, og far hennar var bonde på Skår at alle, då som no på denne tida, hadde eit felles fokus -  det stunda til julehøgtid! 

- Då for alle heim, kvar til "sin by" for å feira jul. Dei kom ikkje til hennar stove, der var alle heime, men til søre stova kom dei, og dei kom med "bylukt" som parfyme, tobakk og kjeks med rosa glasur. Nesten som vismennene - med røykelse og myrra - Men ikkje gull! Det var lite av gull!

- Og det skjedde på nytt og på nytt - kvart einaste år - at det vart feira jul i små stover og på store slott i kongeriket, fordi Skaparen av himmel og jord hadde sendt Son sin til verda som eit lite barn, fødd  i ein stall i ein by som hadde namnet Betlehem! Han som var verda sin frelsar vart lagt i det dei på Skår kalla ei gjøte, men som juleevangeliet kalla ei krubbe! Ho synes det var trist at det skjedde i stallen, sjølv om hesten var snill og ein av hennar beste venner. Men det var kaldt og mørkt der om kvelden og natta, tenkte ho! Kanskje skulle ho bedt far om å la lyset stå på om julekvelden! Det hadde vore lunare, men ho kom seg ikkje til å spørja! Kanskje nokon ville smila av henne då.

For juleevangeliet skjedde jo ikkje i Betlehem slik tidleg på 50-talet! Det skjedde rundt dei her på Skår!

Det tydelegaste bilete ho har av Juleevangeliet i "sin kontekst", er hyrdingane og englesongen! 
Dette skulle ho ønskt at andre skulle fått opplevd saman med henne, men ho fortalde det ikkje til nokon før ho var vaksen! Skjøna kanskje at biletet ikkje var nett slik ho såg det for seg.
Men, framleis, når ho høyrer om englebod til hyrdingflokken, så er ho der, nord om løa! Det var der dei var - hyrdingane.
Dei som var mellom dei lågaste på rangstien - nesten for kvinner å rekna, var det bodskapen kom til! Det er noko å tenkja på, tenkjer ho i dag!
Leiren til hyrdingane med bål og avslappa stemning, var nedom ein liten knaus nett nord om epletreet.
Og der altså,  midt på mørke natta,  kom det over Bøkevollfjellet først ein, og så etterpå ein heil himmelsk hærskare av englar som lova Gud og song!!
"Herrens herlegdom lyste over dei" og breidde sitt lys og herlegdom over Seimsfjorden, Mongstadgardane og bøane våre! Midt på natta lyste det heilt nord til steingarden, og fjorden glitra.
Det er nesten som ho fornemmar den fine songen medan ho sit og skriv.
Dei var heldige desse hyrdingane, tenk å få høyra og sjå og oppleva noko slikt, tenkte jenta på Skår!
I minnet hennar er dette ei perle!

- Også denne jula når ho høyrer om englesongen, vil ho i tankar og kjensler vera der - nord om løa med englekor og glans over Bøkevollfjellet! Her hjå oss! Her til oss!

Bjørn Eidsvåg må ha sett noko av det same når han skreiv:

"Himlen sto i veldig lue,
engler sang om fred og fryd"

- og vidare:
"I det stille til de små,
bringer Jesus håp og fred.
Og han kommer, da som nå,
fra sin himmel til oss ned.
Julenatt med lys og glede
minner oss om Gud som kom.
Evig er han her til stede.
Nå står grav og krybbe tom!"
                 Salme 69 i Salmeboka

"Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blandt menneske Gud har glede i"

Barnlege tankar har blitt slipt og prøvd, men framleis kjenner ho glede over jula sin bodskap.
- Og ho gjer som Maria - Ho gøymer orda i hjarta, og blir ikkje ferdig med å grunna på, og gle seg  over dei!

tirsdag 5. desember 2017

Gruppeplassering

Du kan vera i "kvilegruppa" du bestemor.
Den kreative administratoren på 5, organiserte flokken.
Sjølv tok han rolla som sjef for "brytegruppa".
Bestemora var godt nøgd med plasseinga si, og kjente ingen trong for å skifta gruppe!

Men vil ho finna plassen sin i kvilegruppa?
Det tenkjer bestemora på dagen derpå.

Og ho tenkjer:
Er tida kome for å kvila meire
sova lengre
kjøpa seg ein ny stressless
gå rolege turar
sei frå seg alle oppgåver og ansvar
eller kanskje flykta til eit lysare land ?
Noko av dette vil ho prøva seg på å gjennomføra, men ikkje alt.
Men ho kvir seg for å bli plassert i ei slik Kvilegruppe!

Då ville ho heller ønskja at gruppa var ei gruppe der ho lærde endå betre å finna:
- kvile frå uro og tunge tankar
- kvile frå tunge tak og krevjande minne som ligg bak
- kvile frå ei snikande framtidsuro.

Slik kvile verkar forlokkande!
Som ein draum!
Medan ho ventar, øver ho seg på å setja si lit til han ho trur på,
og rett som det er låner ho salmisten David sine ord, og seier:
"Eg set mi lit til deg min Gud. I di hand er mine tider".
Og ikkje berre mine og David sine tider - det blir for smått!
Det gjeld VÅRE tider - til ALLE tider!

Det er den gode tanken som skal vera ordet i Kvilegruppa mi!


lørdag 25. november 2017

Frå minneboka

Med koffert, gitar og lysbileteapparat troppa ho, med sine 21 år på nakken, opp ein sein vinterkveld på slutten av sekstitalet på hurtigrutekaien i Bergen.
I ny vinterkåpe med skinnkrage, og brune nye støvelettar kjente ho seg kledd. Ho var på jobb og skulle på turnè med skulderveska full av leirbrosjyrer, med Bibel og lysbiletekassettar. Ein stad mot nord var målet.
Ho hadde fått lugar! De må vekkja meg i god tid før avstigningsstad, gav ho tydeleg beskjed om til mannskapet. Og med trygg lovnad om det, sovna ho - natta var like rundt hjørnet.

Grytidleg vakna ho - såg på klokka og skjøna at ho ikkje hadde vorte vekt, og at båten var på veg mot ein by ho ikkje skulle til!
Du får finna deg ein buss og reisa sørover att, var svaret ho fekk.
Problemet var at ho ikkje visste heilt kvar ho skulle. Ho skulle bli henta på kaien på den andre staden, og han som skulle henta henne hadde all info ho trong.
Så sto ho der, med den kvite kofferten, den grå gitarposen og lysbildeveska over skuldra, og såg at dei andre som også gjekk av båten, drog sin veg og ho sto att åleine på kaien ein gråkald morgon.
Mobiltida var langt unna, og telefonkioskane sto ikkje nett tett ute i distriktet.

Omsider fann ho ein buss. Ho kjende det som at ho var på reise i "ingenmannsland".
Men det gode er at den som har vore ute på reise før, har sine venner. Bussen kom til ein stad der ho hadde vore på oppdrag tidlegare. Der fann ho eit hus ho hadde "budd i", banka på døra og vart teke hjarteleg i mot. Ho fekk mat og seng og kvile, og vart sett på ein ny buss då det tok til å mørkna av kveld att. Det gode denne gongen var at ho hadde ein stad og eit namn i veska.

På endestasjonen sto det ein einaste taxi - Kan du køyra meg til Marta Mo (oppdikta namn), spurte ho. Kva for ei av dei, spurde han. Kva skal du? Eg skal på misjonsforeining, svara ho. Ok, eg veit kvar du skal, sa han og køyrde oppover lia over bygda.
Her bur ho sa han - ho betalte, og kjende seg spent. Bilen køyrde, og vintertunet såg så tomt ut. Det hadde blitt mørkt, og det hadde klåra opp. Månen sto over dei kvitkledde, svarte fjella, og ein augneblikk vart det storslått for henne!
Ho banka på døra - ingen svar. Ho opna døra og kom beint inn på eit kjøkken med ein stor vedkomfyr som blikkfang. Men ingen å sjå.
Så gjekk ho mot fjøset. Opna forsiktig døra, og kjende fjøslukta omslutta seg. God kveld, sa ho til mannen som møtte henne med eit spørjande blikk. Bur ho Marta Mo her, fekk ho spurd. "Ho sete bort under kyra der" sa han på sin typiske dialekt.
Det var ikkje anna råd enn å gløyma dei nye støvelettane og den fine kåpa! Ho måtte jo berre koma seg i hus på rett stad. Møtet skulle vore starta for lengst. God kveld, sa ho ein gong til - skal du ha misjonsforeinig i kveld? la ho til.
Kven er du, kven reiser du for fekk ho til svar. NMS fekk ho sagt.
Nei, eg har ikkje foreining for "gamlemisjonen", eg har for "sambandet" eg. Motet fekk seg ein ny knekk hjå henne i den fine kåpa. Men så reiste ho Marta seg frå frå mjølkekrakken og fylgde NMS-dama ut om fjøsdøra. Eg veit kvar du skal, sa ho - eg skal fylgja deg.
Så fann ho ei mjølkevogn. Tok bestemt koffert, gitar og skulderveske opp i, og sa: vi går nedover bøane - det er kortare. Og der, i måneskinnet med alt for glatte nye støvelettar gjekk misjonsdama og florsdama nedover på skaren. Misjonsdama såg det komiske i situasjonen, og smilte for seg sjølv - dei var eit kosteleg syn! Dette skulle ho dramatisera når ho kom heim, tenkte ho. Mor og søstre kjem til å le med meg då, tenkte ho.
Og dei heldt seg på beina begge, og det var eigentleg godt gjort!Skaren var skarp!
Det vart ikkje sagt mange orda - ho hadde det travelt, og fleire kyr som skulle mjølkast.

Og så etter eit døgn på reise banka den unge dama med ny kåpe med ein snev av silolukt, på rett dør. Ei grønmalt dør. Det er som ho endå kjenner den harde, flate døra som var tung å få lyd i. Ho hadde banka på utallege dørar i  heimbygda som lita då ho leverte ut mjølkeglas for far sin som var mjølkekontrollør. Ho kan endå hugsa korleis desse dørene var å banka på. Men no altså, ei heilt framand, grøn dør, og den måtte vera rett!
Ho venta vel helst eit smil og eit varmt velkomen, men det kom ikkje. Endeleg kjem de - er du åleine? Vi har kalla saman til ekstra møte på ei dag som ikkje er "vår" her i bygda, og så kjem det ingen! Men kom inn, så vi får starta møtet.

Ho kjende seg ikkje høg i hatten denne unge misjonsdama. Ho skulle jo ikkje sei noko på dette møtet - det skulle han som skulle henta henne på den første kaien gjera. Men kvar var han? Reiste han fylket rundt for å leita etter henne?
Kan eg nett få skifta litt på meg, fekk ho spurt, og så vart ho vist inn på eit kammers. Der fekk ho på seg skjørtet, som seg hør og bør ei omreisande misjonsdame, medan ho ropa inne i seg til han som styrer: No må du verkeleg trø til med hjelp Herre!
Og det gjorde han. Då ho kom innatt i stova såg ho til si glede at ho var bønhøyrd! Sjåføren var kome - ho slapp å tala - ho slapp å sei noko som helst, og ho kjende seg så inderleg takksam og trøytt!

torsdag 16. november 2017

Novemberdagen

Eg skulle bli inspirert i dag
førebu meg, og senda ord både til aust og vest

Men himmelen sender så meiningslaust mykje vatn
og det er så grått utom vindauga at tanken finn ikkje fram

Eg fyrer i omnen og tenner lys
Men det blir ikkje mindre vatn av det,
og det grå og tristaste landskapet du kan tenkja deg, forblir like grått

Nei, eg lengtar ikkje til Syden
eg lengtar berre etter litt lys og
nokre klåre tankar 

Det grå er så diffust, så ullent - lyset får ikkje tak 
men blir hemma slike dagar 
Lyset "bit ikkje på" nitrist novemberregn

Men kanskje det er i kveld dei kjem - tankane - når mørkre har kome
Kanskje tankane eg treng lettare finn fram mot den beksvarte novembernattsbakgrunnen

Kontrastar er bra 
Tydelege konturar viser veg
Og opplyste tankar dei trengs

onsdag 8. november 2017

Fem år og alltid

Han er då berre fem år!
Fyller det i dag!
Berre fem?
Bestemor synes han alltid har vore her!

Kva er det for ein tanke og idè?

Fem år kva er vel det?
Eit halvt tiår
ikkje eingong eit heilt,
og så seier bestemor at han alltid har vore der!

Bestemor går over bøane våre og skriv (det går an...)
Her har slekt etter slekt gått.
Kvar av dei sine korte eller lengre liv,
og mange rare, gode, vonde, kloke og ukloke tankar har blitt tenkt her før, tenkjer ho.

No går bestemora anno 2017 her og tenkjer sine tankar.
I dag tenkjer ho særleg på ein liten soneson
på fem -  og oppdagar ein rar tanke; 
- ho tenkjer at han alltid har vore her!

Bestemora skjøna at han ikkje har levd lenge.
Men lenge nok til at det kjennes som han alltid har vore der!
Det kjennes godt!

Takk for deg du gode tigergutten, Silas!
Godt at du er til!
Gratulerer med dagen din!

tirsdag 31. oktober 2017

Barndomsminne

Ho lika ikkje når fjorden var grå, lika ikkje fargen, lyset og det lauvtomme rognetreet som sto ved sjøkanten og sprikte med dei tomme greinene sine ut i den gråe vinterdagen. Ho kjente noko trist inne i seg ved desse fargane, det gråe lyset, den gråe fjorden og dei tomme, svarte greinene på rognetreet. Stundom sat ho ved stoveglaset og ville prøva å teikna dette treet, det var jo berre gråe strekar trudde ho, men erfarte at ho tok feil. Ho fekk det ikkje til. Det var mykje lettare for storesøstera å teikna, visste ho.

Men når fjorden var blå, og kveldssola kasta stjerner bortover vassflata, då var det annleis. Då lika ho å stå ved gjerdet - ikkje utanfor men innanfor - slik mor hadde sagt, å sjå på fjorden. Stå der og lengta etter ein fiskebolleboks med snøre og sluk på, og eit trygt fylgje ned på steinane slik at ho kunne få prøva fiskelukka. Ho hadde forresten laga boksen sin klar. Spikra ein rund pinne fast med ein pappspikar på kvar side. Det var handtak, det skulle ho halda i medan ho skulle halda fast i snøret med den andre, kjenna tyngda av sluken skapa kraft til snøret som skulle senda sluken ut til fisken. Ho kjende det i heile seg at det skulle bli spanande å dra inn, få snøret rundt boksen og dra i land ein sprellande liten torsk. Ho drøymde seg vekk med den tanken, for ho hadde prøvd det, og det skulle kunna gå .

Ho sto og tenkte på dette mange sommarkveldar - der på den rette sida av gjerdet, medan ho såg på båtane som rodde utover fjorden for å fiska i sommarkvelden. Ho høyrde dei før ho såg dei, båtane. Det var taktfaste knirk frå åredraga, og det var spennande å sjå kven som kom bakom trea i sjøkanten. Ein var kvit med grøn kjøl, ein var brun med raud esing, ein var tjørebreid og ein var kvit og raud. Ho kjende dei som sat oppi og rodde. Dei hadde båt dei, dei var liksom litt annleis enn oss  tenkte ho. 

Ein kveld skjedde det noko, som ein draum som vart oppfylt. -  Kari, ropa Johannes frå båten sin med dei raude sideborda - Kari, du må gå opp til mor di og sei at i kveld skal du utpå og fiska. Kva sa han? Skulle ho utpå og fiska? Litt andpusten sprang ho inn til mor . Mor, han Johannes seier at eg skal ut å fiska i kveld? Seier han det, seier mor litt spørjande - då må du ta sokkar på deg, og den raude jakka. Det er kaldt på sjøen om kvelden.

Lika mor dette skal tru? Det er ho som har sagt at sjøen er grå og trist når det er grått. At ho ikkje lika når det susar frå sjøen. Det er ho som seier at ho er ikkje vand med sjø, og at vi må passa oss for den. Men no finn ho klede til jenta si, og sender henne ned til båten til Johannes. Brått kjende jenta ein klump i magen, men det lyt våga seg. Det er jo dette ho har drøymt om så mange kveldar, at ho skulle få vera med, og no må ho gripa sjansen. Dette vil ho! Dette skal ho, og båten og Johannes låg ned med steinane og venta.

Johannes røykte pipe. Slik skulle det vera med han. Johannes var snill, og han hadde namn på alle dyra sine, kattar og sauer og kyr - alle hadde namn, tenkjer ho. Vi også har namn på dyr, men berre på kyrene, tenkte jenta - Ein gong fekk ho ein kvalp av Johannes, Laika sin kvalp, men då ho kom heim med den fekk ho ikkje lov å ha den, og ho måtte gå den tunge vegen og levera den tilbake! Johannes er snill, tenkte ho.
Jenta var trygg med Johannes. Ho kjende han, han var naboen hennar og ho hadde fått 25 øre for å finna hesteskoen på beitet deira ein gong eller to. No rodde han henne utover fjorden, og ho kan endå kjenna stemninga av sjø, åretak, piperøyk, og ei spenninga ved å halda i dorga hans.

Det kom litt fisk, og turen vart ikkje så lang. Kanskje kjende Johannes både Kari og mor hennar så godt at han visste at turen ikkje skulle vera så lang for dei to. Dei var ikkje så vane med sjøen, dei hadde ikkje båt der nord, men at Kari hadde stått så mange kveldar og sett ned på sjøen det hadde nok den barneglade naboen sett, og han skjøna at det var han som kunne gje nabojenta ein kveld på fjorden. Det var klokt og snilt av den gode naboen nede på Skår - tenkjer den vesle jenta 60 år etterpå.

lørdag 28. oktober 2017

Bladkrans

Det er siste laurdagen i oktober
Blada på trea får god hjelp til å dala ned på bakken
Det vekslar mellom sol og regn
og eg tenkjer at i dag skal eg ha ein inneheimedag

Eg har ein kringledeig til heving, og synes det er fint at den berre står der og gjer seg klar utan mi hjelp nett no
Så kan eg skriva - likar betre å skriva enn å baka

Håpar eg har hugsa å ta alle ingrediensane opp i deigen
Det er faktisk ikkje alltid slik - dei som kjenner meg veit
For det blir ikkje det same utan gjær
eller sukker, kardemomme
eller smør.
Mjøl og mjølk hugsar eg
kjem ikkje i gang utan det.

Kringla skal bli rund tenkjer eg
Eg kjem til å klippa oppsida og la det bli ein bladkrans
Så håpar eg at eg treffer med steiketemperatur og steiketid
Når den er kald skal den i fryseboksen
og så set vi att med berre lukta her i huset

For kringla skal brukast til dugnadsgjengen
som kjem med alle sine ingrediensar
som skal setja farge, smak og duft
som skal gje innhald og næring
og som saman skal baka ei god misjonsmesse
som kan gje glede, fellesskap og trivsel
og gje kampen mot urettferd og fattigdom fornya styrke
og stimulera iveren etter å dela tru og håp med medmenneske fjern og nær!


torsdag 19. oktober 2017

Togtankar

Set på toget
ut frå byen med sitt yrande, spennande og støyande liv
Sig avgarde gjennom stadig opnare landskap
med toghjul som seier:
mot vest, mot vest
Ein vakker, klår oktoberettermiddag
- der hausthimmelen stadig skiftar farge mot kveld
- der konturar av åsar og toppar markerer seg mot den gylne himmelen
og eg kan telja grantoppar mot synsranda
Over myrar og elveleie legg råskodda seg lågt
breier sitt teppe over gulnande gras.

No har eg site og sett, og sett
og det eg har sett blir til ord
her oppover dalen med dei kvite bjørkeleggene og dei stolte furuene,
og inn i meg kjenner eg glede over dette landet mitt!

Dette landet som har så mykje
som vil så mykje
og som er så lite
og likevel så stort

Og her får eg vera
inne på eit tog som susar avgarde
Her kan eg sitja å sjå og sjå, like til mørkre let auga kvila
og let tankane fara vidt og langt
heilt opp til han som har skapt alt "synleg og usynleg"
og som har sett vesle meg
og som har gjeve meg så mykje rikt.

Her set eg saman med han som har fylgt meg i 45 år
Vi ser mykje det same
vi pratar om det vi ser
og så er vi stille - stille
treng ikkje prata
let berre toget rulla og rulla

I går var eg, ei vanleg kvinne,
gjest hjå kongen på slottet hans saman med andre kvardagsfolk
No køyrer vi gjennom kongeriket hans og vårt
I dag har vi vore innom huset til dei som styrer gjer sine demokratiske vedtak

I kveld kjenner eg meg priviligert
i eit ope, vakkert og rikt land
med folkekonge og folkestyre!
Måtte vi ha klokskap og få visdom til;
- å ta vare på
- å vidareutvikla
- å dela
alt vi har til beste for dei som treng det mest.

søndag 15. oktober 2017

Ord frå godstolen

Ja, eg likar å vera ute!
Det store spørsmålet i kveld er: kvifor går eg ikkje ut?
Kvifor er dørstokken så høg?

Dette tenkjer eg på her eg set inne og kjenner meg søvnig i andletet og lat.
Eg burde gått ut i vinden og regnet!
Eg burde kjent meg søkkvåt og vaken, blitt kvikk og rask!
- Det er jo så herleg Kari!

Ja, for eg likar å vera ute, meiner eg, men eg set likevel inne og ser ut på piskande striregn og frisk vind som herjar på stoveglaset.
Men det rare og fantastiske er; eg kjenner at berre det å skriv nokre ord om regn og vind i andletet, gjer at eg kviknar til - at eg rett og slett vaknar!
Det var rart!!
Så kvifor gå ut då?
Å setja nokre ord på saka har alt gjort underveket!

Du verden kor mykje som blir løyst med ord!
Eg har sagt det før og seier det igjen - Ord er ein fantastisk ting!

Det var berre dette i kveld. Handling får bli eit anna tema! Ha ei fin veke!

søndag 8. oktober 2017

Kyrkjesøndagen

Kyrkja lever!
Også her heime på Seim!
På ein dag som denne med strålande haustver.

Vi var mange i kyrkja i dag. 
Konfirmantar for 50 og 60 år sidan hadde funne heimekyrkja si att.
Unge seimarar som går til undervisning dette året hadde sine oppgåver.
Søndagsskule for dei yngste.
Gode, glade salmar med Odd Leif sitt vakre tonefylgje!
Frivillege medliturgar!
Ein dyktig Torbjørn prest, som gav mat til tru og tanke.

Etter gudstenesta var det tur i haustsola som enda med
middag&misjon i bedehuset! Initiativrikt sokneråd!

Guds rike er nær!
Guds rike er her!
Her hjå oss på Seim, i Eitopia og alle stader der vi samlast om ord, sakrament og fellesskap.

Takk for trua!
Takk for kyrkja
Takk for fellesskapet!

onsdag 27. september 2017

Ein god kveld

Når du etter nesten 40 år kjem tilbake til ein stad
der du budde, arbeide og hadde engasjement,
då skjønar du at det har runne litt vatn i havet.

Når du set deg ned i den vakre kyrkja
som var ein basar og eit mål der framme,
og møter borna til dei vi var unge saman med,
og ser at dei er godt vaksne på veg mot 50,
og ser at foreldra deira ikkje verkar så mykje eldre,
ja, då må noko ha skjedd.

Men når musikken strøymer frå koret,
og saksofonen sender sine såre, iltre og glade tonar,
og når dei som var småborn i barnekoret,
fyller rommet med stemmer, strenger, tangentar og trommer
og du kjenner deg riven med,
då trur du at alder er eit tal.

Når vi møtes, deler gjensynsglede og vekslar  ord om livet,
så skjønar vi at mykje har hendt,
og mykje livserfaring har blitt tileigna.
Godt og vondt blir delt i korte ordelag,
og vi skjønar det er ein skilnad.
Alder blir meire enn eit tal.
det blir til eit liv av dur og moll
når musikken stilnar.

Takk for ein god kveld i Erdal kyrkje i samband med Kjell Bergsvik sin fantastiske 70-årskonsert.

fredag 22. september 2017

Når Kongen befaler

Då eg var lita hadde vi ein leik vi kalla "Kongen befaler".
Det var ein triveleg leik der vi fekk "befala" litt, og kven likar ikkje det inn i mellom?

For nokre veker sidan fekk eg eit svært overraskande brev i posten.
Frå det Kongelege hoff.
Der sto det:
"H.M. Kongens hoffsjef har i følge befaling den ære å innby Kari Skår Sørheim til Afternoon Tea - en samling for ildsjeler på det Kongelige slott tirsdag 17. okt. 2017 kl 1500. Pent daglig antrekk".

Kongen har "befalt" at eg, og sikkert mange andre også, skal inviterast til Slottet til ei samling for eldsjeler!
- Eldsjeler?
- Eg?

Slik eg forstår det er eg invitert pga mitt engasjement i NMS og NMS Gjenbruk i Knarvik.
Det gjer meg glad!
Eg brenn for dette arbeidet, sjølv om ordet "eldsjel" verka litt for svært!

Det store er at frivillege i NMS sitt arbeid vert verdsett av Kongen!
Den tanken gjev meg frimod, sjølv om det kunne vore mange andre som hadde fortent det betre enn meg. Det er mange, mange som lagt ned stort arbeid som frivillege i denne seriøse og viktige organisasjonen, som i år feirer sitt 175-årsjubileum.

Norske kongar har mange gongar gjeve honør til misjonsengasjerte menneske, og gjeve støtte og annerkjenning til norsk misjonsarbeid.
Under krigen, då NMS sin administrasjon vart overtatt av tyskarar, har det vorte meg fortalt at kong Haakon personleg støtta NMS med midlar for at dei mange misjonærane som var fastlåste ute på felta, kunne få til utkome sitt!
Vi har, og har hatt, kongar som lever nært folket sitt! Dei ser sine lands- kvinner og menn, og er til for oss alle!

Og når "Kongen befaler" så møter eg sjølvsagt både takksam og audmjuk på Slottet. Eg vil møta som ei av dei mange eldsjelene i NMS og NMS Gjenbruk i Knarvik, og i takksemd til Gud og den organisasjonen som har gjeve meg retning, oppgåver, tillit og meining til det å vera eit ganske vanleg og engasjert kristent menneske!

PS: Det store spørsmålet er - kva er eit "pent daglig antrekk" på Slottet?
Kanskje eit gjenbrukt antrekk? Eg treng konsulent og i dag har det blitt "rota" i stoffrestar på gjenbruksbutikken saman med #Erikkaprøvedokke#. Spennande alt i hop!

onsdag 20. september 2017

Frostig erkjenning

September er tida for å frysa.
Det er tida eg håpar sola endå har varme.
Det er tida eg meiner det er for tidleg å kle seg i ull.
Då frys eg heller i den skarpe haustdagen,
og let vinterjakken hengja i skåpet.

September er tida for å frysa.
Heller litt kalde fingrar enn å fyra i ovnen.
Heller håpa på ettermiddagssola, som kom i går.
Då frys eg frivilleg i septemberkalde stover,
og vel det kjølige livet.

September er tida for erkjenning med kalde hender.
Tida for å innsjå at lufta er kjølig i den lettaste jakken.
Tida for å innsjå at september varslar kulde, ull og ved.
Men eg slepp ikkje trua på septembervarmen i september,
då vel eg heller å frysa litt!

fredag 15. september 2017

Rytme

Rytme er ikkje mi sterke side.
Ikkje rytmen i musikken. 
Ikkje rytme i kroppen.
Ikkje rytme i dei mange daglege gjeremål.

Eg les om "Disippelrytmer" på denne fine haustdagen.
Gode, praktiske og pedagogiske råd som nører lengten, og gjev praktisk hjelp til å finna rytme til eit åndelege liv.

Eg har, som somme av dykk har lese her, hatt eit ønskje om eit lite kapell bort i skogen.
Ein stad for Gudsmøte!
Det får eg sjølvsagt ikkje,
veit heller ikkje om det hadde gjeve det eg lengta etter.

I dag les eg ei god bok om det å finna rytme,
og eg undrast  - vil eg finna den?
Eg eg laga for rytme?
Nesten som eg på førehand vil svara; nei dette passar ikkje for deg, Kari.

Likevel les eg meg glad av Vidar Mæland Bakke si fine bok.
Lett å lesa, fri for peikefing og klisjear, ærleg og med eit språk som er tilpassa vår tid!
Merkar at eg finn råd og inspirasjon til mitt åndelege liv - i min eigen rytme!


Tittel: "Disippelrytmer - Håndfast hjelp til et slitesterkt trosliv".
Forfattar: Vidar Mæland Bakke.
Forlag: Luther.

mandag 11. september 2017

Bestemor sin dåpssong

Bestemor sin dåpssong. Denne gongen til Frøya! 
Godt å få leggja dei små i Guds hender!
Songen vart laga til Mathea sin dåpsdag, men med nye born kjem det nye namn, og denne gongen var det Frøya sin tur! Bestefar har sunge songen på dåpsfest seks gongar no. 
Melodi: Ein fin liten blome.
Litt liten tekst, men håpar dei som ønskjer det,  klarar å lesa songen.


onsdag 23. august 2017

Sortering

"De kunne fylt huset med friske ungar dersom de ville".
"Har du samvit til å setja fleire slike born til verda når du ser kva liv dei har fått? 
Det første spørsmålet fekk eg av ein lege i trappa mellom 1. og 2. etasje på barneklinikken i Bergen for 40 år sidan. Det andre spørsmålet fekk vi på ein barnelegekonferanse på sjukehuset.

Sjølvsagt brenn slike fagleg utsagn seg fast i ei nedslått mor, og kvar gong sorteringssamfunnet vert drøfta og løfta fram, så kjem desse setningane tilbake : "De kunne fylt huset med friske barn", og "har du samvit til å setja fleire slike born til verda...." Kunne eg det?? Hadde eg det???
Det eg kan sei er at eg aldri ein einaste dag har angra på våre val!

Begge utsegnene kom frå unge og uerfarne legar. Frå deira side kanskje godt meint i omsorg for oss for gutane våre. Det kan eg, om eg legg godviljen til tenkja i dag, men det gjer framleis vondt.

Eg har nett site og sett ein video i samband med Erik Lunde si nye bok "Uønsket - menneske i sorteringens tid". Eg har ikkje lese boka endå, men tema som han tek opp er ufatteleg viktig, og eg er overtydd om at det ikkje er lettvindte problemløysingar Erik kjem med.
Som forfattaren seier innleiingsvis i intervjuet,  tek tema om uønska i sorteringssamfunnet utgangspunkt bortsorterte jentebarn i India (India manglar 50 mill jenter!!), og om linjer til bortsorterte "downsborn" i vår kultur.

Kultur, kunnskap og teknikk fører til sortering, og forfattaren ønskjer fokus på dei etiske vurderingane vi gjer i høve til slike grunnleggjande spørsmål.

Eg høyrer kommentarane eg fekk for 40 år sidan på ein ny måte: "Du kan fylla huset ditt med gutar" i India, eller "har du samvit til å setja born med kromosonfeil til verda i Norge?"

Samfunnet vårt må ikkje bli slik, og politikarar og fagfolk må heile tida vera villege til å drøfta desse problemstillingane, som er svære og kompliserte både for enkelindivid og for heile verdssamfunnet. 

Og så kan eg ha ein draum:
Tenk om alle 8. mars-tog i heile verda hadde denne paroelen : JA til alle jenterborn i India!
Og tenk om vi i vår vesle "andedam" Norge, kunne sagt: NEI til sorteringssamfunnet!

onsdag 16. august 2017

med ein gong

at sola er så sympatisk at den viser seg midt på ein onsdags ettermiddag her på vestlandet her eg bur
er så stort at eg straks må skriva om det medan sola framleis skin og før nye grå regntunge skyer kjem sigande innover fjordar og legg seg mellom fjell og det framleis blir vått og grått her sørom stadt ja det er så flott at eg må skunda meg å skriva medan eg endå kjenner gleda over dette naturfenomenet som kallast sol skunda meg slik at punktum og komma og stor bokstav og gramatikk og elles det som høyrer med for eit seriøst menneske når ho skriv blir kutta vi kan då ikkje hefta oss med slike teikn når det livgjevande teiknet som heiter sol viser seg over kongsbygda 5912 seim
så difor skriv eg at sola framleis er gul og varm og får oss til å bli lukkelege og glade nokre minuttar og som får oss til å tru at det blir litt tørke på dei nokre søkkvåte vedaskiene eg mellom regnbyene og alt for seint på år har lagt opp i dag men kvifor skriv eg i staden for å gå ut i sola vil nok lesarar undrast det er nok fordi eg skal ha noko som kan hjelpa meg til å hugsa at sola var nett innom seimsstranda eit par timar på ein heilt alminneleg onsdag midt i arendalsveka som sjølvsagt har trekt både sola politikar og andre snakkesalige storfolk til seg og det er jo forresten bra dei er der så får eg eit glimt av godtfolk og sol og sommar og i morgon kan eg gå på bruktbutikken og jobba og gle meg over at det er fleire kundar når det regnar enn i solskinnet
god kveld kjære lesar og kos deg med søster Ingvild sitt solbilete

mandag 14. august 2017

Utan datostempling

Tenk om alle tenkte slik som eg!
Då hadde mangt vore annleis,
og sjølvsagt ville verda blitt til det betre .

Ein slik hovmodig Karitanke kan til tider lura seg inn mellom tinningane.
Men ganske raskt innser eg at tanken er meiningslaus.
I vår hurtigtenkjande og hurtigutviklande verd, innser eg det.

For eg er så inderleg klar over:
At eg er i mindretal politisk, og at eg reiser på ferie i Norge.
At eg er det som kan kallast ein "moderat konservativ kristen".
At eg skriv nynorsk, er avholdskvinne, bur på bygda, og er utdanna på
søndags-folke- og folkehøgskulen!

Sjølvsagt tenkjer eg ikkje alle dei klokaste, eller dei mest nytenkjande, tankane.

I kjøleskapet mitt står det framleis eit par mjølkekartongar etter feriefolket.
Eg kvir meg for å kasta slikt, men dei er utgått på dato!
Eg nektar å kjenna meg som dei! Utgått på dato!

Og om ikkje alle Karitankar er berande tankar, så har eg nokre viktige punkt som eg vil meina er overordna for all sunn og veksande utvikling. 
I dag rettar desse seg inn mot både mot oss som veljarar og politikarar i den pågåande valkampen.

Kjære medveljar og politikar:
- Kjemp for dei som treng det mest!
- Løft menneskeverdet - i heile livsløpet!
- Ta vare på jorda for barneborna mine og dine - "ver føre var", det nyttar ikkje "å vera etter snar".
- Vi søsken på jorda!

Desse verdiane må ikkje få datostempel  i utviklings- og velferdssamfunnet vårt.
Desse verdiane vil endra verda.
Vi som har stemmerett har ansvar for det!

fredag 4. august 2017

Hamnesjefen

Ei voldeleg svane i Os
som trudde ho kunne få ros
når ho gjekk til angrep på feriekos!

Vi har ikkje store problema
når ei agresiv svane vert tema,
og saka blir toppsak i alle slags media.

Agurktid!
- agurk er agurk
ansvarleg ordførar blir til ein skurk
Høyrt slikt svanesnakk!
Kvakk, kvakk, kvakk!



mandag 31. juli 2017

Kvardagspoesi

Ho set opp i skykkja
og passar på skatten.
For regnet det tok oss,
- blir våte av vatn.

Men skatten han søv no,
han er ikkje kritisk
til romkvaliteten
som bestemor baud.

Lat regnet det pøsa
og sola forsvinna.
Vi to fann oss ly her.
Han søv, og ho smiler.

onsdag 12. juli 2017

Glansbilete

Eg er ein aktiv delar.
På facebook
og på blogg.
Ofte har eg noko på hjarta.
Ei oppleving.
Eit augneblikk
Eit engasjement
Eit ordspel
Eit synspunkt
Ein irritasjon
- og vips -så er det på nettet!

På facebook blir det ofte innlegg i "glansbiletestil".
Det eg blir glad for.
Menneske eg har møtt.
Om barnebarn.
Turar eg har gått og
vakker natur.
Ofte "dett" det ein setning ned i tanken - eg loggar meg på, og vips- så er det delt.
Slik er eg, og eg let meg få lov til å vera slik!

Ferietida er tid for "glansbiletestoff."
Også frå meg.
Det kan høyrast ut som at alle sorger, bekymringar,
uro og tunge tankar er borte med eit tastetrykk.

Alle skjønar at slik er det ikkje!

Vi har alle med oss bører av ulik slag i sekkane våre.
Tunge tankar
Sjukdom
Sorg
Vonbrot og problem av ulik grad
som kan vera tunge å bera.
Vi rømer ikkje frå oss sjølve, sjølv om nokre annleise dagar gjer godt.

Somme har tyngre sekkar enn andre.
Livet er underleg og verkar slett ikkje rettferdig alltid.

Gong på gong på ferieturen vår har ei salmelinje av Svein Ellingsen blitt nynna på.
Den lyder slik : "Vi bærer mange med oss i dag når vi går frem." (615 i Norsk salmebok).
Dette handlar ikkje om turar i fjellet eller på vegen, men om vegen fram til nattverdsbordet.

Sjølv om songstrofen har eit anna fokus, så har den vore med meg. Dette fordi eg har kjent at eg har "bore mange med meg" denne sommaren.
Vener og kjente som har møtt sjukdom og sorg. Sommaren vart ikkje slik ein hadde ønskt.

Vi kan ikkje bera andre sine bører, men det er godt å kjenna at det ligg noko i sekken min som får meg til å senda bøner til han som styrer - som Ellingsen seier det vidare:
"Vi bærer mange med oss, o Gud vi ber for dem".
Det blir naturleg for ein kristen å gjera det.

Mine eigne "bører" som så definitivt også er der, får ein annan dimensjon i slike møte.

Men vi deler ikkje alt!
Glansbileta mine vert lett delt!
Det kjem nok fleire av den sorten.
Lat oss gle oss over alt det gode vakre, kjekke og meiningsfylte vi opplever!

Ha ein god sommar!

torsdag 6. juli 2017

Steintankar

Foto: Knut Fr. Sørheim

Alle desse steinane
langt inne på fjellet
som ligg der som 
katedralar
skulpturar
monument 
frå evige tider
då landet steig fram
frå det istunge dekket
steig fram, og dreiv med
og fann plassen sin
langt inne på ville fjellet.
Foto: Knut Fr. Sørheim

Alle desse steinane
kva tenkjer dei?
kva ser dei?
Er dei einsame, 
redde og forletne?
Eller ser dei si meining med å liggja her,
akkurat her
i tusenvis av år?
Foto: Knut Fr. Sørheim

Eg ville ikkje bytta plass med dei
men eg ser dei
eg klappa somme
seier dei er fine 
at dei gjev meg ro
at eg kjenner tryggleik ved deira styrke.
Dei let seg ikkje rokka
av menneskehand,
av ein kuling eller snøstorm.

Dei ligg nok her
og berre er!


Slike steintankar vart til rare Karitankar langt inne på fjellet i dag!


søndag 2. juli 2017

Etter ei generalforsamling

generalsekretær Jeffery Husby
Ikkje sidan 2002 har eg vore på NMS si general-forsamling utan å ha hatt ei oppgåve som har krevd full konsentrasjon anten det har vore som dirrigent,
hoved-kommiteleiar eller landsstyreleiar. Det har vore lærerikt, gjevande og krevjande.
I år har det vore annleis, og det har vore så rett!

I år har eg site i salen - lytta, tenkt, bedt, undra meg og gledd meg!
Eg har site og lytta til strålande forkynning, nydeleg musikk og sang, og inspirerande misjonsinfo utan at tankar for eigne oppgåver har teke konsentrasjonen frå meg. Eg har gledd meg over mange dyktige aktørar i ein seriøs organisasjon. Eg har gledd meg over retning, profil og fokus. Ikkje slik at eg har vore einig i alt - og ikkje har eg støtta fleirtalet i alt, men slik må det vera mellom engasjerte menneske i ein demokratisk organisasjon.

Kva har gledd meg mest? Utan tvil dei solide bibeltimane med Karen Margrethe Eikenes Mestad og Håkon Kessel! Ein organisasjon som formidlar slik til fotfolket sitt, har min tillit! Det er vår bibelforståing og vår evne til å dela trua til glede, rettleiing og frimod som skapar eit sunt misjonsfolk. Må vi ta dette med oss i arbeidet vårt vidare for å "dela trua på Jesus - utrydda fattigdom og bekjempa urettferd".
Håkon Kessel og Karen Margrethe Eikenes Mestad

Så har eg gledd meg over spenstige programpostar - Salmekvelden på Domkyrkjetorget fredag kveld, med nærare 2000 frammøtte, var eit dristig, og i høgste grad eit vellukka arrangement, og dagens gudsteneste, med 3000 deltakarar var ei oppleving.

På dette GF har eg også fått betre tid til å helsa på folk, møta venner og samtala med mange. Det har eg gledd meg over!

Så skriv avisene at det er økonomisk "krise" i NMS, og at det er dei "gråhåra" som fyller salen! Det er ein del av sanninga, men ikkje heile. Eg har opplevd ein ny generasjon som ivrar for misjon, og eit NMSU som tek grep og jobbar målretta.
NMS har vore og er framleis ei litt for "tung skute" å manøvrera, men den er på rett veg.
Solastranda
Sjølvsagt kjenner eg på spenning for framtida, men det er sunt! Så ønskjer eg at vi "gråhåra" balanserar klokt mellom den "gamle og den nye" tid til beste for NMS. Det kan utfordra nokon kvar!

I kveld set Knut og eg i campingvogna vår utanfor leirplassen Himmel og Hav på Solastranda. Vi har fått god middag på huset, gått tur i vind og litt regn på stranda!
Det er så godt å koma hit att , det er så vakkert her ute! Lyset og bylgjene lever heile tida. Endrar seg etter vind og skylag, men alltid i endring!
Det er noko symbolsk over dette!

" For 174 år sidan reiste Schrøder til Zululand - nå kommer Zuluene til Norge", sa Tomm Kristiansen i sin festtale til 175-årsjubilanten NMS i går.
Det er noko av endringa - eg likar det!

torsdag 15. juni 2017

Den tredje sykkelen

Det er mulig at eg er litt overmodig, men eg har skaffa meg ein sykkel - min tredje sykkel! Ein svart damesykkel med korg! Og eg er litt forundra!

Den første sykkelen min kjøpte eg på avbetaling for ei og ei halv månedslønn! Eg kjøpte den hjå han Kåre på Seim Handel, då eg som 14-åring starta min vesle yrkeskarrière der. Eg vart trekt for 50 kr i løn pr mnd til sykkelen var betalt! Grei ordning for meg!

Sykkelen var ein blå og kvit DBS- sykkel, og den hadde fint kvitt, gult, grønt og rødt nett på bakhjula. Den var overmåte vakker i mine auge. 
 skjørt og kvitt forkle sykla eg til og frå butikken i regn, solskinn og mørke desse kilometerane i vel to år.
Men sykkelgleda vart heller kortvarig. Etter eit par år vart vidunderet, på mystisk vis borte inne ved meieriet, og sidan har ingen eg veit om, sett den. Skulle det ev finnast ein lesande, angrande syndar, må den gjerne ta kontakt. Tilgjevinga skal underskrivast raskt. 
For ordens skuld: eg har absolutt ingen mistenkt!  

Den andre sykkelen var ei investering gjort for salssummen av ein grøn VW Variant, og vart kjøpt for å få Kjartan til og frå barnehagen for nærare 40 år sidan. Investeringa vart gjort i mine unge, sprekare år, og den suste oss fort ned til Bakarvågen - utan hjelm og safe sikring av mor og gutt! Men vi kom frå det begge to. Denne framkomstdoninga vart ikkje med på flyttelasset frå Masfjorden til Seim. Helt ærleg må eg sei at eg har ikkje sakna den - vi har to bilar - må vita! 

Men så i går kom den tredje sykkelen min til tuns! Fint brukt, og med tre gear og ei koseleg korg frampå. Den vart kjøpt på NMS Gjenbruk for ein absolutt løyseleg sum sjølv for ein tilnærma minstepensjonist, og misjonen fekk pengane. Eg er godt nøgd med den ordninga! 

Kva skal eg så bruka denne sykkelen til? Ja det er det store spørsmålet som eg ikkje klarar å svara heilt på endå. I går og i dag har eg testa den. Det har gått rimeleg bra, berre eit lite skrubbsår på albogen, og ei litt usikker kjensle om framtida som syklist. 
Men så manglar eg då både hjelm, sykkelbukse og sykkelsko - eg manglar gul fin og synleg jakke med reklame på, og eg manglar gode sykkelhanskar. Kanskje det er det som manglar for at forma og motet skal koma på plass? 
Eller er det rett og slett manglande mot, frykt for å ramla og 20 år sidan sist eg sykla, som skapar den usikre kjensla?
Spørsmålet lyt "hengja i lufta" litt til!

Men eg drøymer om Jomfruland, om Jærstrender eller kanskje Danmark... Eg drøymer om beine flate sykkelvegar utan vind og regn og med varm sol. 
Kven veit? Det er lov å drøyma og å håpa, og campingvogna skal ha to syklar bakpå når den etter planen legg ut på årets tur om eit par veker!

tirsdag 6. juni 2017

Ord til vesle Frøya

Livet har brote seg fram frå sitt mørke og varme reir, og du er her hjå oss!
Velkomen vesle Frøya!

Å halda deg i armane fyller bestemor med takk!
Å sjå inn i dine mørke u-utgrunnelege auge, fyller henne med undring. 
Å sjå den leitande munnen din gjev glede - du vil veksa, verta sterk!
Å sjå dei sprikjande fingrane dine, får henne til å smila.

Det er lyst her ute, synes kanskje du!
Og mange rare lydar!
Mamma si stemme kjenner du, trur bestemor.
De har budd saman lenge allereie.
Det er det godt å tenkja på.

Vi kjenner deg ikkje enno.
Likevel, du høyrer så inderleg til her hjå oss!
Det kjenner vi!

Eit lite menneske skapt i Guds bilete, det er du!
Den tanken den er stor, du vesle jenta vår!

onsdag 10. mai 2017

Skogsmøte


Om sola berre fann meg
skulle eg retta meg opp og falda meg ut for deg,
og du skulle sjå at eg er vakker, 
sa kvitveisen 
mellom granleggene.

- Men du er då vakker, vakre kvitveis!
Vi hengjer med hovudet nokon kvar
når sola er sparsom, 
trøysta skogvandraren.

- Ja, vakre er de,
og vakre ting får de sjå,
også på dagar med bøygde hovud,
var det som noko song.

mandag 8. mai 2017

Biletet

Biletet
blir tydelegare
etter som åra går.
Det meste ligg bak
Eg blar i minna
og anar ein samanheng
i det som kom.

Noko ligg framfor.
Ukjent og framandt.
Framtidsuro er
eit plagande kryp
som slos
med framtidsdraumen.

Håpet har krefter
Håpet er krafta!

onsdag 19. april 2017

Med kopp og kropp

Eg ser deg på Lidohjørnet,
du innpakka kvinne med koppen din,
du lettkledde kvinne med kroppen din,
eg ser dine mørke auge.

Eg skimtar skuggane bak deg
som tek det i koppen,
som tek frå deg kroppen
i byen min
og på gata vår.

Eg kjenner på opprør
på smerte og sinne
av skuggane dine.
Du er då mi søster
eg også er kvinne!

søndag 9. april 2017

Det enkle og det vanskelege!

Det var enkelt å leggja ut eit lite bilete på facebook av ein vellukka fjelltur  i dag - rett nok den mest krevjande etter lårhalsbrotet for nokre månader sidan.
"Alle" venene mine likar sjølvsagt ei slik melding.  Ei kjekk, positiv gladsak, og mine vener skjønar det! Eg gler meg!

Men dette er jo ei lita, og på mange måtar ei "ikkjesak" på ein dag som denne.
Kanskje det er difor vi likar det.

Terror i Stockholm, fleire drepne - vi blir rysta .
Eksplosiv gjenstad funne i Oslo, ingen skada men vi kjenner noko kjem nært.
Terror i to kyrkjer fulle av folk i Kairo - mange drepne - vi gret med våre kristne søskjen i Egypt.

Vi skal ikkje la vondskapen lamma oss, seier leiarane våre, og vi samlast i store flokkar.
Vi skal søkja saman og vera sterke saman.
Vi skal ikkje døma alle som er annleis enn oss, som terroristar.
Vi skal ikkje tru det er enkle løysingar, og snakka "ned" dei som sit med det store ansvaret!
Spar oss for lettvindte løysingar!

Så skal vi skal stå opp for:
- fridom og demokrati
- menneskeverd og solidaritet
- retten til å tru og tilbe.
Som kristne skal vi be! Be til vår Himmelske Far om styrke, nåde og miskunn!

Så kjem påska med sin dramatiske og gode bodskap!
Det blir godt - det gjer meg trygg!
God Påske!

torsdag 30. mars 2017

Om å dela trua på Jesus

MT (Misjonstidende) har utfordra meg til å skriva nokre ord om korleis eg deler trua på Jesus! Eg legg det ut her på bloggen fordi eg har mange spennande lesarar her!
Mange har sine tankar om dette  - eg lyttar gjerne til dei!

"Dela trua på Jesus"

"I min ungdom vart vi sterkt oppmoda til å «vitna om Jesus». Personleg fekk eg aldri tak på dette! Vitneforma slik den framsto vart ikkje naturleg for meg, og eg såg på meg sjølv som eit dårleg Jesusvitne. Det var inga god kjensle, for ønskje om å dela trua hadde eg så avgjort.
Gjennom åra har eg blitt litt meire frimodig. Eg kjenner det som ei stor glede å få formidla trua på Jesus anten det er frå talarstol, over ein kaffikopp, ved barnesenga, eller via blogg og facebook.

Jesustrua har vorte tryggare, og endå meir viktig for meg med åra. Det er eit privilegium å få leva under Guds store nåde. Trua og fylgjene av den, er ei gåve eg får. Ei tru som frelser og frigjer! Ein strålande bodskap som eg verkeleg ønskjer å dela nært og fjernt!
Slik eg erfarer det har det blitt lettare å snakka med andre om tru i dag enn kva eg opplevde for nokre tiår sidan. Vårt fleir-religiøse samfunn fører til at samtalar lettare kjem inn på tru, og skilnader på tru. Angrep på kristen tru og kultur, og ulike syn på den kristne læra, skapar også samtalar om tru med folk flest. I slike samtalar deler eg gjerne trua på Jesus. Min nokså aktive bruk av sosiale media opnar også dører for dialog om Jesustru.
Mellom min generasjon møter eg ein del «uforløyst» tru. Ein del kjenner seg ikkje verdig, ikkje god nok. Når slike samtalar fører til auka trusfrimod, då kjenner eg glede. Eg trives ekstra i slike samanhengar. Fint å vera pensjonist og ha tid til kaffikoppsamtalar.
Så tenkjer eg at eg deler trua mi ved å delta i det kristne fellesskapet gjennom gudstenester, misjonsarbeid og kristne fellesskap her eg bur. Plassen min skal ikkje vera tom utan svært god grunn. At mange søkjer saman er eit vitnemål i seg sjølv.

Dei siste åra har eg henta inspirasjon frå unge kristne venner og frå kristne frå andre delar av verda. Dei unge har eit enkelt og naturleg språk for trua som eg likar, og somme kristne frå andre kulturar snakkar meire naturleg om Jesus  enn det vi i vår kultur har gjort. Ein kristen innvandrar kom inn på gjenbruksbutikken «min» ein dag, såg frimodig på meg og spurde: «trur du på Jesus?»
Det er ikkje det første eg spør mine medmenneske om, men frimodet og fokuset utfordra meg.
Skal eg bli inspirert til å dela trua på Jesus, som NMS så bra formulerer det, er det viktig å henta inspirasjon og næring til trua. Det får eg gjennom Bibel og det kristne fellesskapet!"

onsdag 22. mars 2017

Fargerike sokkar

I går gjekk mange av oss med ulike sokkar,
i alle høve medan vi tok bilete av det og la det ut på sosiale medier.
I dag er dei fleste sokkane like vil eg tru.

Sokkemarkeringa var god! Svært god!
Ser dei kranglar om eigarskap til ideen i etterkant. Det må ikkje øydeleggja markeringa,
for idèen er god!
Så flott at så mange står opp for dei som er annleis, seier eg!

Det er lett å ta på seg to ulike sokkepar!
Artig kan det også vera om ein gjer det saman med andre.
Eg kunne også ha gjort det -
eg likar slike gode og billege verkemiddel, og eg synes det er flott at
mange fargerike menneske vart synlege i går!

Så kunne eg gjort dette innlegget mitt om til politikk.
Eller etikk!
Eller menneskeverd!
Eller til rettferd!
Eller til teologi!

Eg gjer ikkje det i dag!
Den som har "sokken" på veit kvar den strammar,
same kor fargerik, festleg, utslitt eller holete den kan vera.

Dette veit eg litt om!
Bodskapen min i dag er denne:
Lat ingen få høyra
- Kvifor skaffa du deg slike "sokkar" - var det nødvendig i 2017?

mandag 13. mars 2017

Det er natt for Levi

Søvnen
tek tak om to kvikke augo.
Den pratande munnen
blir stille.
Medvitet seglar
inn i si eiga underlege verd,
og let ein aktiv liten kropp få kvile.
Pusten finn sin jamne rytme.
Den varme handa,
som har halde fast i mi,
slepper taket.
Det er natt for Levi!

"Den grøne votten" heng på ein gran i skogen i kveld.
Den reiser si eiga reis i draumelandet.
"Eg er trygg hjå deg"
lagrar seg tillitsfult i barnehjarta.

Bestemor
kunne gått i stova no
men ho set og ser og ser.

Det er fred over eit nysovna barn.

Ein fred som skal fylla opp bestemorshjarta
til neste gong.
Gud signe desse skattane mine!

tirsdag 28. februar 2017

Skidraumen

Det vart ikkje skikjendis av meg!
Ein liten draum hadde eg kanskje som jente, eg klipte i alle høve ut ski- og skøytekjendisar frå dei sparsome bileta som kom i avisene vi hadde heime. Dei limte eg inn i ei gamal kladdebok,  med heimelaga kveitemjøls-lim.
Det låg nok kanskje ein draum der på lur!
No har eg nett sett på dei dyktige skidamene, med Marit Bjørgen som hovedperson. Og brått var tankane ca 60 år tilbake.

Dei første skia mine fann far på loftet i bestemor sitt hus - dei var spikra fast som golvbord der oppe.
Då vi kom heim fann han nokre lærreimar av ein gamal hestesele og festa dei som bindingar på skia.
Vi fann ein stav, og den andre fekk eg låna hjå Ottar på nabogarden.
Slik debuterte eg på ski på bøane på Skår - og tru meg; det var ikkje enkelt å bli best med slikt utstyr, men eg hadde ski!

Neste trinn i skieventyret mitt kom ein vinterkveld eit par vintrar etter dei første skia.
Vi hadde vore på julefest på skulen, var på heimveg og det snøa tett.
Då vi kom til mjølkerampen vår oppe ved hovedvegen sto det, til mi store overrasking, eit par Åsnes- ski der i snøkaven, og på lappen sto det Åsmund Skår! Varebilen hadde sett dei der.
Eg kjenner berre ved å skriva om dette, kor hjarta mitt bankar - nett som då!
Kven sine ski var dette?
Dei var for små til far - det skjøna eg fort - kunne dei vera mine?
Dei var mine! Åsnes-ski med Å på framme på tuppen- dei var mine!
Onkel Martinus i Bergen hadde sendt eit par ski som søskenbarna mine ikkje brukte lenger!
Dei kom heilt frå byen til Skår - til meg - med varebilen!
Det var stort!
Skia var utan bindingar, men denne gongen gjekk far på Nese og kjøpte bindingar til meg, Du verden for framsteg!
Eg smurde dei med raude stearinlys. Eg pussa og stelte med dei.
Ja, så glad var eg for desse skia at eg ikkje våga meg utfor dei brattaste bakkane eller hoppkanten fordi eg var så redd for å knekka desse vidunderskia mine.

Så der enda skikarrièren min! Skia var så dyrebare!
By-skia er borte, men dei eg debuterte på har eg i hytta mi! Der skal dei vera så lenge eg har klårt hovud, og dei skal minna meg på at det var ikkje luksus på bakkane på Skår. Ikkje på vårt tun, og ikkje hjå dei andre heller. Vi var nokså like!
Men iver, glede, snø og draumar - det hadde vi!

torsdag 16. februar 2017

Selfie

Eg drøymer - oftare enn før.
I natt var det selfie med statsminister Erna som var prosjektet.

Usikker på kvar vi var då vi møttes,
kanskje på ein tribune ein stad.
Men ho var ikkje gira på selfie med meg.
Ho var trøytt skjøna eg - og ja, eg skjøna det!

- Ja, vel da, sa ho til slutt, litt mutt. Strauk handa gjennom håret 
og spanderte eit smil -  saman med meg!
Eg takka - Og vakna. 
Men biletet har ingen sett.

Skjønar godt ho vert trøytt.
Ikkje minst av alle desse mediene som skal ha sitt.
Aldri fred!
Ikkje berre journalistar og proffe kamerafolk.
Vi er jo mediefolk alle no.
Til og med statsministeren
står der med mobilen og knipsar.
Erna og Kari - stor og liten!

Førstemann på Facebook, Instagram og Twitter!!
Det er det som er tingen!

Å gøyma augneblikka bak netthinna er kanskje avleggs!
Vi er då moderne!
Knips det!
Del det!
Send det!
Alltid på vakt!

Berre stress og kamp med mobil?
Nei, på ingen måte!
Vi kosar oss med den
og har glede og nytte av den,
sjølv om minnekortet fort blir fullt
og det meste er mislukka knipsing.

Stundom er det godt,
og ofte er det sunt 
å lukka augene.
Sjå det du såg og opplevde - der inne - åleine.
Tenkja på det, smila eller gråta av det - der inne -åleine.

Eg har ikkje selfie av statsministeren og meg
på mobilen. 
Men eg ser den når eg let at augene.
Då ser eg den litt slitne Erna som sa "Ja vel da."

Og difor tenkjer eg mykje på henne i dag. På denne, på mange måtar 
flotte Erna, som har fått så stor ei oppgåve mellom oss. 

Og eg tenkjer på henne med respekt!

torsdag 2. februar 2017

At han kunne!

Jesus var modig som gav ansvar til Peter for si kyrkje på jorda. (Matteus 16.18)
Det måtte vel bli problem av det?
Alltid bli ufullkome?

Kanskje litt respektlaus å sei det slik,
men eg tenkjer likevel; At han kunne!
Gjennom kamp og arbeid, gjennom bøn og debatt,
og gjennom studier av Skrifta
har menneske prøvd å finna, og å kjenna Guds tanke og vilje
og vist vilje til å fylgja den.
Ofte har kyrkja feila, og ettertida kan kritisera og sjå ting annleis.
Eg les for tida om Martin Luther!
Det har vore ymse!

Gjennom tiår har kyrkja mi hatt ein kamp som har vore ført i smerte.
Mykje smerte.
Eg har vore nær den kampen,
har møtt tårene og kjent smerta.
Saka vart ført til endes i januar 2017.
Mange gler seg og feirar.
Andre sørgjer og blir rådville.
Dei som bar smerta, har blitt glade,
og smerta har flytta over til oss som hadde eit anna syn.

Vi kan ikkje sidestilla smerte i denne saka.
Å vega smerte er ikkje mogeleg.
Men at mange av oss frå den delen av kyrkja som forstår Bibelen annleis enn
fleirtalet kjenner ei djup smerte, det veit eg og det kjenner eg.
Vår smerte er ikkje at nokon har blitt glade.
Vår smerte er at fleirtalet definerer ekteskapet på ein måte vi ikkje finn grunnlag for i Bibelen.
Det er det som er smerta mi, og mange med meg.
Eg skulle på mange måtar ønskja eg kunne sjå det annleis. Eg kan ikkje det!

Kva gjer eg så? Melder eg meg ut av kyrkja? Svaret er for meg er eit NEI!
Denne kyrkja er mi kyrkje. Her vart eg boren inn i Guds rike, og her i frå skal eg berast ut til noko som blir betre.
Eg er endå til så frimodig at eg tenkjer at kyrkja mi treng slike som meg!
Difor kjenner eg også på smerte ved at meiningsfeller melder seg ut.
Vi hadde hatt bruk for kvarandre.
Eg vil leva vidare med kyrkja mi "selv om hun her må bære forakt for sine sår, når hun i liv og lære for verden splittet står" og eg trur og meiner framleis at "Guds kirkes grunnvoll ene er Herren Jesus Krist - ved ord og vann alene hun er hans verk for visst". ( frå Salme 532)

Jesus var modig som gav ansvar for si kyrkje til Peter, og sette ufullkomne menneske til arbeid for si kyrkje på jord - og ofte må eg takka for at til og med eg får vera med i dette arbeidet!

søndag 15. januar 2017

Bilete og bøn


Kunsten er ei gåve! Biletkunsten også. Ein blir ikkje fort ferdig med gode kunstverk.
Kyrkjene våre har mange slike skattar!
I den nye kyrkja i Knarvik er det ei fantastisk vakker altertavle - laga i glass og tre. Biletet mitt rettferdiggjer ikkje kor vakkert og mangfaldig denne altertavla er, men den kan gje eit inntrykk.
Den er laga av kunstnaren Tor Lindrupsen.

I dag har eg vore på ei god gudsteneste i denne kyrkja. Under den stille forbøna, som i dag gav god tid til personleg bøn, kom altertavla meg til hjelp!
På dei ulike mosaikkbileta fann eg bilete for bøna mi!
Eg fann det ufødte barnebarnet og Meisteren med dei andre på kneet.
Eg fann den arbeidande handa til alle som står i sitt daglege virke.
Eg såg den kjempande handa til dei som kjempar på ulik vis, og på den som held på å gje tapt.
Eg såg flyktningen.
Eg såg den vakre naturen i sommarfugl og blad, og kornet og fisken som blir oss til mat!
Og i sentrum for det heile var han som bøna vart retta til - den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus!
Andre gonger finn eg symbol som er knytta til bibelforteljingar og tekstar, og som på den måten er til inspirasjon, men i dag brukte eg altertavla for å hugsa på dei eg ville be for.
Kunstnaren har nok hatt sine tankar med dei ulike bileta, og eg tolkar neppe alt slik han har tenkt. Men slik er kunsten! Vi får lov å sjå og å bruka den!
Under altertavla står den eine av dei flotte prestane våre, Torbjørn Sæle. Det var også stor grunn til å takka for dei gode prestane våre!

lørdag 7. januar 2017

Dagen eg har

Eg øver meg i å lika vinterdagen
med is på vegen,
med vind som ular,
og lange mørke kveldar.

Sjølvsagt ser eg fram til våren,
til lys og livskrefter
som eg veit skal koma.
Men det er dagen i dag eg har.

Eg vil ikkje lengta til våren,
og øver meg på det!
"Dette er dagen som Herren har gjort."
Det er denne dagen eg har .

Våren kjem, og dreg nok ganske fort.
Haust og nye vintrar også
så lenge verda rir sin vande gang.
- Kjem det dagar, kjem det vår!

Eg har sett mine fleste vårar.
Kvifor skulle eg lengta etter våren?

søndag 1. januar 2017

Nyttårshåp

Ein dag går over i ein annan
Månen står i ny og
månen går i ne
Eit år glir over i eit nytt

Alltid

Frå æve
til æve
er berre Ein

Difor har eg feira jul
Difor går eg med håp
inn i eit nytt år!