torsdag 24. desember 2009

God Jul

" Her kjem me Jesus, dine små
og vil til deg i stallen gå
Send oss ditt ljos i hjarta inn
så vegen fram til deg me finn"
God Jul
Eg set her heime på julaftan og kjenner meg så glad
Alt eg treng har eg
Dei fleste av mine er heime
dei andre kjem etter kvart
Vi har det så godt
eg er så heldig!
Du vesle barn i krubba
som er så viktig for meg:
Takk for at du kom og vart ein av oss
Takk for håpet
Takk for meining midt i ei meiningslaus verd
Julebildet eg fann
viser meg at du er for alle
Må mange finna deg!
No luktar det pinnekjøt frå grytene mine
i stallen din var det sauer
Snart skal eg gå på badet og ta på med julekjolen min
eg vil pynta meg til festen vår for deg - vi har fest her heime i kveld, vi her langt i nord, i kalde vinterlandet
Snart kjem presten min heim og ungdomane mine inn frå luftetur i den vakkre vinteren vår
Då har vi det fint!
Eg trur du er her i Masfjorden også, du vesle barn
som gjev dine så djup ein fred
I morgon skal vi feira deg i kyrkja vår på Sandnes
Du skal få vakker musikk, vi kjem til å tilbe deg og lytta til Ordet ditt, og gje vår gåve til riket ditt!
PS! Du vesle barn - sjå til alle som ikkje har det så godt som eg i kveld
dei einsame
dei sørgjande
dei som frys
dei som er redde
- og - ver hjå borna i kveld du vesle barn
lat dei kjenna den trygg julegleda.

tirsdag 22. desember 2009

Gratulerer Eldbjørg

4. søndag i advent, i samband med gudstenesta i Granneheimen, fekk Eldbjørg Mjanger Frivilligprisen for 2009. Det var veldig kjekt og vel fortent. I mange tiår har Eldbjørg samla born til søndagsskule og barneforening. Dette har vore ei oppgåve som har "lagt på" Eldbjørg som eit ansvar, og framleis samlar ho borna på Kvingo til barneforening. I tillegg til dette er Eldbjørg engasjert i Elvikstranda fråhaldslag, og indre og ytre misjon. Mange eldre har oppgjennom åre blitt glad når Eldbjørg kjem innom eller når ho tilbyr skyss til ulike arrangement i bygda. Det er slike menneske friviligprisen er til for, og eg gratulerer Eldbjørg s hjarteleg!
Bilete frå Nordhordland.

mandag 14. desember 2009

Himmel på jord ?

Det er snart jul, eg kjenner det. Møteaktiviteten er avtakande, og meir og meir blir tankar og handlingar konsentrert om det å feira jul. Eg gler meg! Julekonserten i gårkveld i Sandneskyrkja gav meg den forsmaken eg trong. Takk til alle som deltok, og Jo og Marte si tolking av "Himmel på jord" vil eg seint gløyma. Tusen takk!!

Himmel på jord blir det neppe denne jula heller, men lengten og draumen etter fred på jord, fred med seg sjølv, og fred i dei nære relasjonane vert sterke i denne tida. Eg vonar vi i alle høve får eit glimt av himmel på jord denne jula.
(bilete http://www.amdam-art.no/amdam/bilder.htm)
Elles er eg glad for at ein stri møteperiode snart tar ferie. Denne hausten har vore krevjande, ikkje minst i NMS-samanheng. Store endringar i organisasjonen er vedtatt i landsstyret, og på laurdag vart misjonærbarnrapporten lagt fram i Oslo. Det var sterkt å møta over 300 misjonærbarn i alle aldrar, og det vart veldig rett at både NMS og NLM sto fram og beklaga manglande omsorg for misjonærborna. No går vi inn i ei viktig oppfylgingstid.
Misjonsarbeidet er prega av idealisme, visjonar og kall. Foreldreoppgåva står over alt, dette er slått fast gjennom denne erkjenninga.

På heimebane har eg fått vera ordførar dei siste vekene. Det har vore meiningsfylte veker og eg opplever sterkt å høyra til mellom folket her i "fjorden". Kommunestyret sist veke med budsjett og mange saker gjekk overraskande godt, sett med fungerande ordførar sine auge. Så godt som samrøystes på alle punkt i budsjettet er flott, og gode politiske debattar vart gjennomført.

Eg undrar meg av og til over alt eg har fått ansvar for, og eg ber om at eg må gjera jobben på ein truverdig og rett måte. Det er sjølvsagt eit alt for stort ønskje.
Himmel på jord? Neppe, men vi har alle vårt ansvar. Dette kjenner eg på i kveld....

søndag 15. november 2009

Knut Arild

For KrF var Stortingsvalet 2009 ein nedtur. I avisspaltene, særleg i Vårt Land og DagenMagazinet har kommentarane om årsak og vegval vidare vore mange. Det er gledeleg at så mange enasjerer seg og at partiet skapar så stort engasjement, det er mest som ein kunne tru at KrF er landets største og viktgaste parti. Det siste er det jo, men det første ligg vel ei stund fram i tid!
Eg ser mange positive ting med valet i haust, og dei ti vi fekk inn kjem vi til å høyra mykje frå. Særleg gler eg meg over at Knut Arild Hareide kom inn. Den mannen kjem heile landet til å måtta merka seg. Han er ein drivande dyktig politikar, og med vervet som leiar for transportkommiteen kjem han til prega både politikk og mediemangfoldet "fra den innerste krok til det ytterste skjær". Eg gler meg til å fylgja denne hordalendingen som har gjort østlending av seg, og eg er stolt over å vera i same parti som denne karen som i sin tidlegare ungdom vart kalla "bittelilletun". Det er ingen dårleg attest å få. Lukke til Knut Arild!

lørdag 14. november 2009

"Ukeslutt"

Det er ei god skaparordning at det blir helg. Ser stadig på facebook at folk skriv - "snart helg - endeleg helg - gler meg til helga" osv. Vi treng helg!
Men det er jammen godt med kvardagar også, i alle høve når vi får ha meiningsfylte kvardagar.

Denne veka har eg hatt meiningsfylte kvardagar. Eg starta veka som "lobbyist" på Stortinget, og det synes eg er moro. Håpar vi får "napp". Medan eg var i Oslo deltok eg også på KrF sin ordførarkonferanse, og det slår meg stadig at KrF har fantastisk mange dyktige politikarar.

Heime i Masfjorden har vi hatt budsjettmøte i formannskapet. Vi er heldige i høve til mange andre kommunar, vi slepp unna vanskelege prioriteringar men vi treng å setja bremsene på dersom vi ikkje skal koma skeivt ut.
Elles har kvardagen som fungerande ordførar ført meg inn i mange saker, og i dialog med mange menneske. Dette opplever eg meiningsfylt og gjevande, og eg håpar at eg kan gjera ein god jobb i Håkon sitt fråvær.
Misjonsvervet mitt gav meg litt "hakeslepp" i går då eg las DagenMagazinet. Utruleg at det går an å misforstå så gedigent som det journalisetn gjorde. "Aano(gene.sekr) overkøyrd av NMS-styret" sto det, og oppslaget fekk nesten ei heil side. Viss det hadde vore slik var det kanskje grunn til å skriva, men når saka aldri har vore på Landsstyret sitt bord vart det merkeleg. Merkeleg også at det går an å slå opp ei slik sak utan så mykje som å ta kontakt med styret, f. eks. styreleiaren. Godt at det vart retta opp i dag.
Og no er det lørdagskvelden - neste jobb er å finna på noko lørdagsgodt til Knut og meg før eg m.a. tar meg ein tur til Aidensfield...

fredag 23. oktober 2009

Pust ut

Fredagskveld

Heime
Knut og

TV viss eg vil
PC på magen - av og til

Litt knask på bordet

Heilt KONGE

Lenge til mandag, trur eg

Vil eg tru


torsdag 22. oktober 2009

Ei annleis veke

Eg lever eit spanande liv - men denne siste veka har gjeve uvanleg mykje spenning, både på godt og mindre godt.
Sist torsdag drog eg til Stavanger for å starta landsstyremøte og strategikonferanse i NMS frå fredag morgon. Det var tøffe dagar. Alvoret i misjonen sin økonomiske situasjon kom sterkt inn over oss alle. Noko må skje, eg veit vi finn veg, men vegen er ikkje utan tornar. Eg ber om at vi saman finn vegen, og at mange fleire som ser at misjonsarbeid er ein viktig del av vårt kristne oppdrag, finn måtar å støtta oss på. Stor takk til alle som er med!!!
Midt under innspurten på landsstyret sitt møte kom gladmeldinga om at vesle Mathea var fødd på Stavanger sjukehus! Det var stort - ingen ting i verda er større enn eit bitte lite nyfødt barn!! Mathea betyr gåve frå Gud, og eg jublar inni meg: Takk gode Gud! Alt går bra med familien der sør. At det var eit lite misjonærbarnebarn vart litt spesielt i den ramma eg var den kvelden. Eg fekk takka Gud saman med mange andre når Rolf stemte i "Nå takker alle Gud med hjerte, munn og hender..." - og når møtet var over fekk eg halda henne i armane mine.
Når eg så kom heimatt venta det endå ei ny utfordring. Frå 20.okt har eg permisjon frå fylkessekretærstillinga og har gått inn i rolla som fugerande ordførar i Masfjorden , i ordførar Håkon Matre sitt sjukefråver. Dette er ei stor oppgåve som eg går inn i med stor respekt. Eg er glad for at Håkon får den hjelpa han treng for å koma frisk tilbake, og eg skal saman med dei andre i formannskap, kommunestyre og administrasjon gjera mitt beste for denne kommunen som eg er så glad i, og så sterkt knytta til.

I skrivande stund set eg og ser utover ein fantastisk fargerik hausthimmel, og eg seier på nytt - ingen plass er himmelen så vakker som på Sandnes. Det gjev ro i tanke og sinn å sjå på dette synet.

tirsdag 6. oktober 2009

Potetankar

Eg set i hytto på heimegarden i kvedl og kjem i tanka om at da e godt me ikkje har ein stor potåker ne på Ekerna i år. Visst me hadde hatt da, då hadde da vorte seigt å fått potna opp dedne hausten. Da e då heise kor da rigna! Da e mesta so eg ikkje kan håtta at da har våre so vått før - men da har da nok heilt sikkert våre.
Eg huska ein haust me hadde store potåkra på Ekerna, men vere slepte verken hest, folk edle greip utpå - da va kje rå å få opp ei pota. So ein dag skirna da opp litt, å eg huska at då kobm da folk å hjelpte oss. Eg huska dei på Høyen kobm, ho Ranveig og Kamilla og bodnæ, og han Magnus Våtnå kobm. Han va onkelen has far, han va ein trivlæ gamal mann med snuslippa - (da va bere dei gamle so hadde snuslippa før, men dei brukte onnelippo dei, da gjer ikkje moderne snusarar har eg registrert. Ja, ja da e no lika ekkelt om da e onne- elde øvelippo som har dadne ekle snusn. )Men da va ikkje snus eg skudle skriva om, da va pote og regn og haust.
Da va kje hjelp i å ha poteferie (haustferie heitte da no, og eg har da) viss da ikkje va potever hedler. Men vart vere bra, so fekk me fri skulen på kort varsel. Me trong ikkje skuleplan - da va ingjen so fekk problem med ongane om dei plutselæ fekk fri. Da va folk adle plassa og da va bere å gje dei ei bøtta i hånnæ og sleppa dei utpå åkeren.
Og potna kobm opp, da va onga og vaksne, hest å poteblog på åkern, og so han Magnus so spretta frampå. Ut øve åkern so da mjløsekkje med grøne VK merkje på (edle va dei raue? trur bokstavane var grøne). Jutesekkje va da og, men dei sto ikkje so godt. Da va sekkje te småpotna (sleke so dei et på hotell i dag, men so gjekk til grisen før) og da va sekkje te storpotna. Egentleg va da kjekt å ta pote, da vistes ette arbeide, og pote va da vitigaste me dyrka te oss sjøl heima på garen.
- Å so kjem eg på at viss da va fint ver om hausten og dei to pote bort hjå Mongstå, då haure me at dei kasta potna i bøtto, vist dei hadde sinkbøtta då. Da syns eg va løye for da va jo så longt bort te dei, te og me ein fjor i mydlo oss. Han far sa at da va so lytt om hausten - og da forklarte alt, han far visste so mykkje...
Men no set eg her å mimra øve ei forsvunne tid og høyre kor regne tromma på hyttetakje - godt eg ikkje har ein stor potåker so ikkje e plokka i detta vere - og i dag har eg ete Wraps på eit shoppingsenter i Åsane. Men eg lengta litt tebakars - da va ei go tid før ei litæ jenta.

søndag 4. oktober 2009

Her er eg

Eg har forstått at nokre av mine blogglesarar etterlyser meg, og ikkje minst at eg kjem med ein valkommentar. Og eg kan vera ærleg, valet gav ikkje inspirasjon til ein kjapp og sprudlande kommentar..
For å sei det beint ut - eg vart veldig skuffa på valnatta der eg sat med alle mine fantastiske medarbeidarar og vener og såg resultatet.
Eg var ikkje kjempeoptimist på førehand, det er no liksom ikkje meg det, men når ein har jobba med valkamp dag og natt i all den tid, og fått SÅ mykje positiv og god tilbakemelding, ja då vart nedturen bratt, for å sei det enkelt. Og lat det vera sagt - det var ingen trøyst at det gjekk verre med Venstre.
Men folket har talt. I frykt for å få Jens stemde dei på Siv, og i frykt for å få Siv så stemte dei på Jens.
Kvifor skulle folket stemma på eit lite KrF som ønskjer å snakka om menneskeverd, verdiar, miljø, og rettferdig fordeling når ein kan stemma mot bompengar og skatt, eller for statleg styring og meiningstvang?
Kanskje klarte vi ikkje å få fram det vi ville, eg innser det. Men prøv den som vil å styra media sin dagsorden. Vi har prøvd. Denne gongen vart det Jens og Jensen med nokre heiderlege unntak.
No er forklaringsjakta i gang. Synsarar er ute i avisene kvar dag. Vårt Land har gjort det til følgjetong i avisa si, det er synsarar og forståsegpåarar si tid no, og gallupen held fram med å dala.
Men dette kjem til å gå bra det, eg er faktisk overtydd om det! KrF er ikkje borte frå arenaen, og med det mannskapet vi har kan eg garantere at det kjem nye tider. Dersom det berre var folk som meg som ville halda liv i partiet hadde eg forstått krisestemninga, men i mine kretsar er eg ofte den med gråast hår og hjerneceller, og som er skrøpelegast til beins! Vi har mange lettbeinte, med kvikke unge hovud som saman med ein del av oss gråstenkte har rista skuffelsen av oss og står på for partiet. Vi skal kjempa for dei verdiane vi trur på - for menneskeverdet, nestekjærleiken, forvaltatansvaret og rettferdig fordeling i verda. Vi skal kjempa for familien og barnet sine rettar, for distriktet og byen, for eldre og sjuke, for fattige og rusavhengige, for miljø og klima, for næring og landbruk, for kultur og trusfridom og alt det andre....
PS - og viss nokon synes eg er lat på bloggen så er det fjesboka som har skulda.

lørdag 29. august 2009

Valtest

Eg har testa ein del valguidar på nettet denne valkampen og det har vore ei artig oppleving. Eg meiner eg ein rimeleg trygg KrF-ar, har kjedelig nok aldri stemt noko anna enn KrF, men eg har hatt moro av å testa litt likevel. Det pussige har vore at eg ikkje alltid har blitt KrF-ar på desse testane og det synes eg aktisk er heilt greit.
At eg har blitt både SV-ar og Venstreveljar kan fortelja meg at testane ikkje er heilt gode (og det er dei jo ikkje), men det kan også fortelja meg at det ikkje er noko parti som er best for meg på alle plan.
Men det blir KrF i år også, eg er 100% trygg på det.

Her er mine tre viktigaste grunnar for å velja KrF:
1. Menneskeverdet - retten til liv frå første celledeling til naturleg død
2. Familien som grunncelle i samfunnet
3. Eit samfunn med plass for alle

Desse sakene er viktige for meg, og ingen andre parti gjev betre svar på desse sakene enn KrF.

Godt at det er mange som jobbar for å formidla denne politikken også i denne alkampen!

lørdag 8. august 2009

Lotteriproblem

Loddsal har alltid fylgd misjonsarbeidet i Norge, kanskje var det endåtil misjonsforeiningane som var dei første som var ute med loddboka her i landet. Foreiningar og kyrkjer har seld lodd for å få pengar til misjonsarbeidet i alle år. Det er med stor undring vi ser at Lotteritilsynet vurderer å avslå søknaden frå Kristiansand frikyrkje om løyve til loddsal. Grunngjevinga er at det etter lova berre kan seljast lodd til humanitært arbeid, ikkje evangeliserande. Dette vitnar om at misjonskunnskapen er sterkt svekka der lover blir laga og forvalta. - Historielaust, seier Dagrun Eriksen, og det har ho heilt rett i.
I misjonsarbeidet går evangelisering, humanitært- og utviklingsarbeid hand i hand. Det er greit og rett at vi i høve til offentlege midlar, har klare avgrensingar og tydelege prosjekt, slik dette fungerar i misjonsorganisasjonane. Når det gjeld kva vi som foreiningar eller kyrkjelydar samlar inn gjennom f eks loddsal, er det ganske urovekkjande dersom Lotteritilsynet skal setja grenser for kva dei innsamla midlane skal nyttast til. Det er bra med eit tilsyn som ser til at lotteri går rett for seg, men det det må ikkje gløymast at det er frivilleg å kjøpa lodd, og alle som sel lodd for misjonen skal ha respekt for dei som seier nei takk fordi dei er imot evangelieformidling.
Å driva misjon er faktisk eit heilt legetimt arbeid. Det har sitt oppdrag frå Jesus og det er drivkrafta vår, men det er også nedfelt i Menneskerettane! Vi må ikkje gløyma det, det er slett ikkje ulovleg verksemd!
Vi må bli spart for "misjonsfobi" i landet vårt. Vi som driv aktivt misjonsarbeid utfører arbeidet med stor respekt for andre menneske si tru og overtyding, men vi har eit oppdrag og vi må sleppa bli sett på som "tvilsame" når vi gjer noko vi trur er rett, og som vi har full rett til.
Mitt tips er at Lotteritilsynet ser dette raskt, og at Kristiansand frikyrkje kan starta eit godkjent lotteri! Noko anna vil gjera Norge til eit trang samfunn.

fredag 31. juli 2009

Veldig klar !

Eg er veldig klar for valkamp! Det var strålande å koma på jobb att i dag. Saman med ein flott gjeng i Hordaland KrF skal vi gjera vårt beste for å få fram KrF sin gode politikk.

Kanskje vil somme synast eg er litt naiv, at eg ikkje heilt har vurderingsevne når eg gler meg til å ta fatt - eg som tilhøyrer eit 6-7%-parti! Går det an å gle seg når meiningsmålingane ikkje gjev oss større oppsluttnad?
Yes, det gjer det!
Eg gler meg fordi eg har tru på KrF sitt verdigrunnlag og KrF sine svar på dei mange utfordringane som vi har i lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eg let meg inspirera av ein politik som har menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik som hovedpilarar, dette gjev meg retning for mitt engasjement.

KrF er ikkje eit stort parti, vi veit det, men vi veit også at vi har eit stort potensiale, vi merkar det så å seie kvar dag.

Laila Dåvøy og Filip Rygg er kandidatane vi i Hordaland KrF skal kjempa for, du kan gle deg til å møta dei i og alle oss andre frå Hordaland KrF i valkampen!

På biletet ser du i tillegg tilLaila og Filip 3.kandidat Aslaug Hellesøy frå Kvinnherad og 4. kandidat Arne Opsahl-Engen frå Kvam.

tirsdag 23. juni 2009

Jonsok

Eg set her og filisoferar og nyt kvelden- strålande sol skin inn på verandaen. Hagen er nyfrisert av ein flittig, men bortreist mann, og det er nydeleg jonsokstemning mellom dei høge bøketrea. De skulle sett det - de skulle vore her! Men det er merkeleg stille her - ingen ungar som vil grilla og tenna bål - ingen som vil til sjøen og bada og ingen som vil vera lenge oppe og ute. Det er berre eg, humlene og svalene som er her.
Har eg det trist og einsamt? Nei, ikkje trist og heller ikkje så veldig einsam. Eg har det faktisk godt her eg set og filisoferar.
Den lengste dagen i året - det går mot mørkare tider kan vi tenkja, viss vi vil. Eg vil ikkje det, det skulle berre mangla på slik ein lys og fin kveld, eg vil leva i sola i kveld og i heile sommar - då vert det berre kjekt å tenna lysa til hausten.
Så kom eg litt i tankar om han som dagen er oppkalla etter - Johannes døyparen - han som sa: "Sjå der!!" Han peika på det store og sanne Lyset. Det vil eg filosofera litt på på denne flotte jonsokkvelden! Det kan bli ein aldri så liten brann, endåtil i meg av slike tankar.
PS! og så må eg pakka - i morgon skal eg til Oslo til Thorbjørn og Trude! Gler meg.

søndag 21. juni 2009

Sommarscene

Eg skulle på opning av sommarscena på Sandnes i dag - eg var der forresten litt, eller var eg det? Jau, eg var der litt men berre litt, og så var eg der ikkje lenger...... Men det er ikkje hovedbodskapen i dette vesle blogginnlegget - hovedpoenget er at det skjer mykje på Sandnes i sommar, eldsjeler og kommune får det til også i år. Sjå sjølv

lørdag 20. juni 2009

Frå grått til grønt

Aksjon "Grøn næringspark" på Matre er i full gang. På vel ei veke har Sandgropa blitt forvandla frå eit trist grått "hol" til ein velstelt og innbydande port inn til Stordalen. Næringsområdet har blitt pussa opp med jord og plantar, med buldrestein og Norges nest største sykkelbane, og pileskogen til Lise rammar området inn på ein stilig måte. Dette er verkeleg ei ansiktsløfting for Matre som både dugnadsfolk, næringsliv og kommune kan vera stolte over. På torsdag var kommunestyret på synfaring der og eg vart imponert. Det gledde meg spesielt å sjå kor flott ungdomsskuleelevane vart inkluder i arbeidet. Slikt skaper eigarskap og slikt knytter ungdomen til heimbygda. Frode Langhelle er leiar for prosjektarbeidet og dette er strålande Frode!
Gå inn på Arne Berg sine foto og sjå kva som skjer!

fredag 19. juni 2009

Kyrkjedemokrati

Kyrkjedemokratiet er lite verd. I dag igjen utnemner Giske ein annan biskop enn den kyrkjedemokratiet har bedt om å få. Det opplevest frustrerande. Det store engasjementet og grundige arbeidet som har blitt nedlagt av sokneråd, bispedømeråd, biskopar og kyrkjeråd vert sett til side av statsråden. Det er vanskeleg å akseptera, men slett ikkje overraskande. Nok ein gong overstyrer Giske og homofilisaka er grunnen, noko anna svar er ikkje forståeleg.
Både Aano og Pettersen har solid leiarerfaring, god teologisk kompetanse og internasjonal erfaring frå misjonsteneste. Begge er dyktige forkynnarar og gode leiarar. Skilnaden er at kyrkja ønskte Kjetil Aano som biskop i Stavanger, og då burde det blitt slik. Eg vil tru at dei mange i kyrkja som har vore med i prosessen er folk med både dømmekraft og innsikt i kva som tener kyrkja i Stavanger best. Eg seier ikkje at Erling Pettersen ikkje har fått eit kyrkjeleg votum, men det var ikkje han kyrkja peika ut denne gongen. Det er det som er saka og det er uforståeleg at ikkje Giske skjønar det.
Personleg er eg slett ikkje lei for at NMS framleis får ha Kjetil Aano som generalsekretær, han gjer ein svært god jobb og det er ei glede å samarbeida med han. Slik sett kunne eg la vera å engasjera meg fordi eg får ei utfordring mindre når vi slepp å finna ny generalsekretær. Likevel, han skulle blitt biskop!
Men makta har tala og eg ønskjer Erling lukke til som biskop, og eg ser fram til vidare godt samarbeid med deg Kjetil i NMS!

onsdag 17. juni 2009

Folkehøgskulen treng ny regjering

For oss som har jobba for å få folkehøgsskule til Sandnes er det nedslåande å registrera at regjeringa så til dei grader nedprioritera dette skuleslaget. I år etter år har det blitt søkt utan at det har gitt resultat.
Lisbeth Rugtvedt, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, grunngjev avslaga med at andre tiltak er viktigare å støtte enn folkehøgskuleutbygging, ho nemner m.a. barnehageutbygging.
Dette er korttenkt tale. Folkehøgsskulen er eit viktig tilbod for utvikling av unge menneske, og det er ille at regjeringa nedprioriterar dette skuleslaget.
For oss i Masfjorden betyr dette at vi må leggja bort draumen om folkehøgskule på Sandnes så lenge vi har ei raudgrøn regjering. Vi har eit godkjent prosjekt på bordet, vi har folk som vil satsa og vi har lokalitetar som skrik etter aktivitet.
Vi treng ei ny regjering, ei regjering som ikkje berre tenkjer at det er det offentlege som skal ha kontroll over både barndom og ungdom, men som ser at alternativ til det offentlege tilbodet også har ein verdi.

tirsdag 9. juni 2009

"Forlokkande stunder"

"Det var store forlokkande stunder når ein stakkar på krambua kom og fekk oppleva under på under i ei verd som visst aldri vart tom"
Dette er Jakob Sande sine ord lagt i vesleguten sinn munn, vesleguten som hadde så inderleg lyst på ein "oppsala trehest på hjul" men som opplevde at kronene ikkje strakk til, og som kjende den botnlause sorga då "sjølvaste prestegardsfrua" kom "siglande "inn på krambua og for med hesten rett framfor augo hans.
Eg opplevde ei stor stund i Jakob si bestefarsstove på søndag. Eg fekk sitja i over to timar å lytta til dikt, songar og historiar frå "ei verd som visst aldri vart tom" frå denne folkelege diktaren sin produksjon. Han som kjempa småkårsfolka sin kamp, han som med stor ordkunst, harmdirrande ironi, og vare mjuke setningar skildra livet til det folket eg kjenner meg så i slekt med. Eg sat med klump i halsen, tårer i auga og smil om munnen. På meisterleg måte klarar Sande å henta fram alt dette på same tid.
Eg ville gjerne vera ein talsperson for dei som lir urett, men eg kjenner at eg ikkje blir ein truverdig talsperson - eg er bokstavleg talt "prestegardsfrua" som kjem "siglande". Eg er ein representant for makta... Det er ikkje enkelt å vera truverdig, det var det kanskje ikkje for Jakob Sande heller alltid, som om det skulle vera noko trøyst.
Takk til mine gode veninner som gav med denne stunda. Flott å oppleva det saman med dykk, eg takkar dykk så heilhjarta for ei vellukka 60-årsgåva!
Dette var stort for meg - det var som om "Gud held fest i Fjaler" for MEG denne søndagen.
- Og - gjev eg lærer.....

lørdag 23. mai 2009

Frå spøk til alvor

Med bakgrunn i FrP sitt landsmøte skreiv eg ein litt uhøgtidleg kommentar i føremiddag - i kveld blir det alvor.
Eg er svært skuffa og forundra over vedtaket FrP har gjort i dag om å tillata aktiv dødshjelp! Dette hadde eg ikkje venta, og det er eit tidsskilje med uante konsekvensar vi er vitne til. Ingen andre parti i Norge har gått så langt, og eg registrerer at det ikkje berre er KrF og Laila Dåvøy som beklagar det som har skjedd. Det er godt!
Ingen ønskjer liding, ingen ønskjer smerte, ingen ønskjer å bli hjelpelaus, men kven har rett til å avslutta livet? Vi treng ikkje aktiv dødshjelp, vi treng aktiv livshjelp! Vi treng kunnskap om lindring, vi treng støtte og omsorg og her kan det gjerast meir, ingen tvil om det.
Nei dette var trist og alvorleg, og eg registrerar at FrP har fjerna seg milevis frå KrF.
Takk til Bjørgvinbiskopen som tydeleg seier frå!

StrileSkruen

50 milliardar i statteletta ! Da va då volsomt! Detta vert nåke å bryna seg på i valkampen i Knarvikjæ, Gjermund! Ikkje lommerusk du har i bokselommo di dar borte på landsmøte på Gardermoen.Som den forsiktige stril eg e spør bere slek i all stillhet (so ikkje for monge høyre da) e da datta me be deg om her ute på Strilalanne?
Eg vil ha bru øve Masfjorn eg, eg vil ha vei med gul stripa te Andås og eg håpte Staten skudle hjelpa oss, men visst veljarane dine ska få pengane i lommo i staden føre, so vert eg litt redd for datta ønskje.
Eg vil ha nyslegne bøa på heila Strilalanne, eg vil ha saue å lam i liane slek at seljo vert hadle nere og adle kan få sjå kor fint da e her - å eg vil ikkje at adle ska bu i Knarvikjæ. Da kosta penga slekt og.
Eg vil betala skatt slek at bådnæ ska få fleire lerara på skulen, eg vil betala skatt slek at dei so slit å streva me å få endane i hopa ska få meira penga. Eg vil at dei gamle ska få gått stedl å kjedna seg trygge, og da e då ikkje gratis. Eg treng ikkje skatteletta eg- eg har da so bra, og eg hadde so ner sagt at eg betala gjedna litt meira skatt slek at dei so treng da ska få meira.
Eg vil ha eit godt velferdssamfunn, og eg vil at da ska bu folk i adle bygdane her ute, darfør lika eg ikkje datta dar.
Nei, visst da e datta so ska låkka strilane te å stemma FrP, då har strilane forandra seg . Men da kan henna dei har gjort, da e gjedna ikkje so monge att på strilalanne so verken forstår ka eg skriv edle meina.
PS Eit skatteønsje har eg likavel - få vekk momsen på skulemusikkjen, ongdomsarbeie og adle dei frivillege organisasjonane - da tålest, og gjer seg vel te ein milliard edle to.

torsdag 21. mai 2009

Å hausta som ein sår

Eg har jo visst det alltid, eg har ei tøff veslesøster. Eg har i grunnen alltid hatt respekt for denne søstra mi, ho har meiningars mot sjølv om ho kanskje har "dabba av" litt med åra :-)
I Romsdals budstikke slår ho likevel denne helga alarm mot sjølvaste kultureliten, representert ved forfattaren Erlend Loe. Flott Åshild, og resten av Batnfjorden skule! Flott at nokon vågar å stilla spørsmål.
Å sprengja grensene er viktig. Det er viktig alltid å koma vidare, testa ut, vinna ny kunnskap og erfaring. Heile livet er dette viktig. Likevel, er det klokt å sprengja alle grenser, og er det grenser for kor tid det er klokt at grensene blir sprengde?
Eg trur det, men eg innser at det er vanskeleg å kontrollera dette i dag. Av og til seier eg stakkars barn og unge- dei blir eit offer for vaksne sine uforløyste kjensler og deira behov for å vera grensesprengjande og å tena pengar. På TV, på nettet og i litteraturen driv vi vaksne born og unge inn i det grenselause.

Eg har ikkje lese bøkene desse lærarane uttaler seg om, difor seier eg ingen ting om dei, men eg har erfart litt av det grenselause samfunnet vi lever i og eg likar ikkje alt eg ser.
"Sår du blomster vil blomstrene vokse, sår du ugress vil ugresset gro,
du skal høste som du sår, du skal høste som du sår, så ut det gode du får." syng Rune Larsen.
Vi veit at skal frøa og spirane veksa seg til det vi ønskjer, må ugraset vekk. Det rare er at ugraset veks så mykje lettare enn gulrotfrøet. Det er så paradoksalt, men kampen mot ugraset må vi ta. Eg trur lærarane på Nordmøre har gjort noko klokt!

Rykk og napp

Det går i rykk og napp med denne blogginga mi. Eg veit kvifor. Det er ikkje fordi eg ikkje er engasjert lenger eller ikkje har noko på hjarta - snarare tvert i mot. Eg trur faktisk at det er fordi engasjementet og farten for tida er litt for stor og dermed finn eg ikkje roen til å kosa meg med den trivelege hobbyen som blogging er.
No veit de grunnen og eg lovar at neste innlegg kjem umiddelbart.

PS ! Det må bety at eg har både ro og inspirasjon i dag - eg kjenner at eg likar det!

søndag 3. mai 2009

Tidsreise

Eg set på KrF sitt landsmøte og kikkar på nettet, og eg les m.a. om 10-klassingane i Masfjorden sitt store dramaprosjekt som er innøvd og framført under kyndig leiing av lærarar og Ruth Mjanger.
Eg har behov for å kommentera tre ting:
Det er viktig med fellestiltak mellom skulane våre
Det er ein uvurderleg kunnskap elevane får gjennom slike prosjekt
Det var veldig trist for bloggaren ikkje å få sjå framsyninga.

fredag 1. mai 2009

Stort lite parti

Eg set på landsmøte for partiet mitt - vesle, store KrF.
Eg er imponert over det eg er med på - nett no set eg og høyrer på Knut Arild Hareide, og i løpet av dagen skal eg høyra på mange andre dyktige politikar.
Vi er eit lite parti i % - vi er eit stort parti i engasjement, dyktighet og på politikk.
Følg med på landsmøtet her.

lørdag 25. april 2009

1000 x 1000 = 1 000 000

Denne veka har eg vore med å ta grep i NMS som eg gjerne skulle vore forutan. Rekneskapstala viser store raude tal og eit kvart ansvarleg styre må ta konsekvensen av det. I dag er mediene fokusert på dette.
I slike situasjonar er det viktig å ha to tankar i hovude samstundes - kva grep må vi ta for å redusera utgifter og kva grep tek vi for å auka inntekter.

Tusenkronersrulling er eit spontant tiltak sett i gang av AU på torsdag. Klart det er mulig å få mange til å ta eit tusenkronerstak for ei god sak! Eg tru faktisk mange vil vera glade for å få eit slikt tilbud. Det er svært mange som synes misjonsarbeid er bra og som gjerne vil vera med, det er berre det at det ikkje blir tid til forening, basar og andre tradisjonelle aktivitetar, og så gløymer vi å få sendt den giroen vi eigentleg hadde tenkt å bruka. Her kjem eit lettvindt tilbod til deg - klikk deg inn på NMS og du blir "losa" vidare.
Er du på facebook kan du bli med i gruppa vår.

onsdag 22. april 2009

12 x 1000

12 born har hatt misjonsbasar på Sandnes - ca 12 000 kr fekk dei inn - det blir 1000 kr på barn og det er kjempebra! Takk til alle som deltok, både små og store! Pengane går til kyrkjelydsarbeidet i Mukdahan.

søndag 19. april 2009

Pinglete og defensivt

Avisa Strilen sin leiar i går brukar sterke ord om Masfjorden kommunestyre sitt vedtak om ikkje å gå inn for deltaking i bygging av fleirbrukshall og basseng i Sløvåg i Gulen. Pinglete og defensivt er karakteristikken vi får. Slike ord er useriøse.
Det er alltid vanskeleg å gå mot gode initiativ, slik opplevdes det denne gongen også. Næringslivet har lagt mykje pengar i dette prosjektet, og vi kan kjenna oss som utakknemelege når vi ikkje tek i mot tilbodet, men pinglete og defensive er vi ikkje, vi er realistiske!
Vi er ein liten kommune med ca 1650 innbyggjarar. Vi har eit basseng bygd med støtte frå næringsliv, kommune og ein enorm dugnadsinnsats. Dette bassenget klarar vi å halda oppe delar av året, og frivillege stiller som badevakter.
Vi har, slik vi ser det, ikkje driftsgrunnlag for for to basseng om gåva frå næringslivet er aldri så raus.
Det er ikkje lett å sei nei til planane i Sløvåg. Vi har stor respekt for næringslivet der ute og arbeidet som er lagt ned i dette prosjektet, men som kommune meiner vi i KrF at Masfjorden ikkje kan vera med å ta investerings- og driftsansvar for eit slikt prosjekt.

tirsdag 14. april 2009

Første filmen

I dag er den første KrF-videoen lagt ut på Hordaland KrF. I går vart den presentert på ba.no.
Kanskje er eg litt barnsleg, men eg synes faktisk dette er litt stas, og når eg veit at det stadig vil koma fleire og endå betre saker frå oss (mine gode medarbeidarar Sondre og Vegard) ut over vår, sommar og haust, ja då tilstår eg at eg eigentleg ein ganske så nøgd fylkessekretær første arbeidsdagen etter påske!

torsdag 9. april 2009

Pasjon

Påskesamlar er viktig for meg - dei fører meg sterkt inn i påskebodskapen gjennom ord og musikk. Inn i denne bodskapen ønskjer eg meg også denne påska. Eg er takksam til salmediktarar som hjelper meg inn i liding, soning og siger.

Jakop Sande, min folkelege favoritt, hjelper meg også denne påska inn i det dramatiske - les eller syng:

Du som låg i natti seine, sorgtyngd,
vanvyrd og åleine
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og nagla,
kront med klungerkrans om panna,
medan augo brann i sorg,
du som sto i namnlaus pine
skild frå dei di kalla dine
einsam i Pilati borg!

Du som hekk til krossen nagla,
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!
Å, lat nådens blodstraum nå meg
offerlam frå Golgata!

Lær mi sjel kva du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du.
(Norsk salmebok 130)

onsdag 8. april 2009

"Miljøaktivist"

Det er tankevekkande det Malena Matre på 96 år formidlar gjennom avisa Nordhordland i dag.
- Ho skulle gjerne gitt regjeringssjefane i verda eit sanningsord om miljøtrusselen. Malena brukar sine poetiske evner og skriv om miljøet.
- Det hastar med å ta til fornuft, fastslår poeten frå Masfjorden. Ho er nesten som ein miljøaktivist å rekna. Engasjementet for jorda vår kjem til uttrykk i fleire av dikta hennar.
- Ta miljøtrusselen på alvor, er den klare meldinga frå Malena.

mandag 6. april 2009

Laila på VG- blogg

Vår dyktige stortingsrepresentant Laila Dåvøy er på VG-blogg. Her skriv ho korte innlegg og kommentarar om politiske tema.
Politikk er hardt arbeid og grundige utgreiingar, men politikk kan også formulerast kjapt og enkelt slik bloggstilen legg opp til.
Filip Rygg 2. kandidat til stortingsvalet for Hordaland KrF , og Sondre Olsen, vår kreative valkampmedarbeider sine bloggar, blir i BA i dag rangert blandt dei ti beste bloggane i Hordaland.
Og sjølv om fylkessekretæren ferierar, synes ho dette er stilig og flott!

fredag 3. april 2009

Oppsummering

I dag har livet roa seg, sola har titta fram, og huset mitt har faktisk opplevd å ha ei "husmor". Ikkje det at det er ferdig for påskeinnrykk, men eg har starta med å opna dører som har vore lukka sidan jul, og det kjennes godt. Vaskemaskina surrar og går og eg skal laga middag sjølv. Godt å vera heime, godt å kjenna at det er vår og at det snart blir liv i huset vårt att.
Denne veka har hatt mange fokus. Landsstyremøte i NMS med krevjande saker. Misjonærbarnfokus som rører djupt hjå alle som er berørt. Det har vore jobb med møter og kontorarbeid og det har vore kommunepolitikk med formannskap og styringsgruppe.
Det er mykje som er vanskeleg og krevjande, slik siste veka har vore. Det er også mykje som er godt og rikt - eg har forventning til at veka som ligg framfor skal gje påfyll av dette gode. Det er alt på gang! Eg har forventning til rolege vårdagar saman med mine, og eg har forventning til å oppleva påskebodskapen på nytt - det er det mørke og det lyse som møtes der også- og eg veit- det lyse vinn!
Eg ønskjer alle mine "medkjemparar" gode vår-og påskedagar!

fredag 20. mars 2009

Yes !

Tre gode grunnar for at dagen i går vart god:

1. Vi opna NMS gjenbruk i Knarvik - veldig bra! Mykje folk, flott butikk og god stemning. Kreativ misjonsengasjement kallar eg det.

2. Eg opplevde å vera til nytte for innbyggjarar i Masfjorden gjennom møte i formannskapet! Det er ikkje alltid folk gjev uttrykk for takk - det gjorde godt å få det i går!

3. Sola skein på Sandnes, eg var der og fekk sjå det :-)

søndag 15. mars 2009

Sofasesong

Eg les i avisa, og erfarte frå min sofakrok i gårkveld, at sofasesongen har starta - dvs no skal det dreia det seg om fotball- frå faste til advendt...
På sjølvaste lørdagskvelden, midt i beste sendetid vart vi sendt i godstolen, eller i sofakroken, for å sjå på at vaksne mannfolk spring etter ein ball. Fram og tilbake, på vinterslitne baner som ikkje får venta på våren sine krefter, skal dei springa etter denne runde kula av lær . Prestisje, pengar, presse og popularitet håpar spelarar og klubbar på. Eigentleg synes eg fotballen er bra, særleg barne og ungdomsfotballen i lokalmiljøa er bra, (pluss Ole Gunnar S). På fylkesårsmøtet vårt i helga var det ein politikarar som omtala alle trenarar og leiarar for fotballaga som det nye "husmorlaget" fordi dei gjer ein formidabel frivilleg innsats for born og unge. Ikkje eit vondt ord om denne innsatsen skal koma over min munn, eg tenkjer med glede tilbake på mine mange trivelege, kalde, våte timar som heiagjeng på sidelinja når mine håpefulle med "proffdraumar" sprang i sine drakter etter ballen, og eg takkar trenarar og leiarar!
Eg håpar verkeleg at det vart glede i dei tusen heimar som benka seg i sofaen med pizzaen sin, at Lillestrøm og Stabekkspelarar sprang etter ballen på sjølvaste laurdagskvelden. For meg vart det heller ein litt søvndyssande laurdagskveld, for medan eg venta på mine vener frå Aidensfield, så sovna eg......
Kanskje hadde eg godt av det. God fotballsesong - (eg heiar på Sogndal, så er det sagt! :-)

lørdag 21. februar 2009

Skatt for skulemusikken

Skulemusikken betalar 25% moms på notar og instrument - den kommunale musikkskulen slepp. Kirkens bymisjon betalar 25% moms på kaffimaskina si, McDonals slepp. Er dette fornuftig og rettferdig?
Knut Arild Hareide skriv om dette på sin blogg
Er du engasjert i frivilleg arbeid så klikk deg inn og les eit fornuftig innlegg.

torsdag 19. februar 2009

CO2-reinsing og kreftfare

Kanskje såg du Dagsrevyen i går - CO2 reinsing på Mongstad kan medføra kreftrisiko, var den urovekkande meldinga som kom. Lindåsordførar Astrid Aa Byrknes går sterkt og bestemt ut og ivaretek innbyggjarane i Nordhordland sine interesser - vi kan ikkje setja innbyggjarane sitt liv og helse på spel, seier ho og krev informasjon og handling.
I dag melder stortingsrepresentant Laila Dåvøy saka som eit spørsmål til Olje-og energiministeren. To handlekraftige damer frå KrF.
Det er viktig at denne problemstillinga vert avklart.
For KrF er det viktig med CO2 reinsing frå dag ein på Mongstad. Dersom tekniken som skal nyttast fører til helserisiko for oss som bur i området, ja då har Månelandingsprosjektet eit vesentleg probem.
Vi må tru, og vi forventar at det vert ei forsvarleg handtering av desse utfordringane.

lørdag 14. februar 2009

KrF-damer

Eg har nett pakka meg inn med pledd og ullsokkar etter ein heller "våt på beina- kald dag" på stand på Torgalmenningen. Det er Valentin-dag i dag, og KrF hadde aksjon som vanleg. Vi møtte mange trivelege folk, og det å vera på stand med Laila Dåvøy er ei oppleving, ho får kontakt med alle! Det blir godt humør, gode samtalar om politikk og samfunnsutvikling, og ikkje minst samtalar om livet. Det er rusmissbrukaren som ventar på behandlingsopplegg som får seg ein prat og ein varm kaffikopp, det er mannen med Downs syndrom som har sine djupe tankar. Det er fagforeningspersonen som kjenner Laila att frå Sykepleierforbundet, og det er den gamle mannen som har eit brev i lomma frå det offentlege som han ønskjer synspunkt på. Det er dei unge som stiller sine kjappe spørsmål, og born som får balongar med KrF på. Laila lyttar, pratar, noterar, oppmuntrar og smiler og tar saka med seg! Det e så "gøy på stand" seier ho, "eg liker å prate med folk.."
På torsdag hadde Masfjorden KrF årsmøte. Ordførar Astrid Aa Byrknes frå Lindås held tale og ho snakka om m.a. om det å ha enkeltmenneske i sentrum når vi gjer våre vedtak. - Kva konsekvens får det vi gjer for enkeltmenneske må vi alltid spørja,understreka ho.
Kva er politisk arbeid? Kva skal stå att etter oss? Ein veg - ei bru - eit bygg?
Det vert ofte slike ting som er teikn på politisk handlekraft.
Denne veka har eg på nytt fått stadfesta at vår oppgåve som politikarar på alle plan er å leggja tilrette for enkeltmenneske. Det er vanskeleg, det er dyrt og det er nesten umulig. Men tanken på den enkelte må aldri forsvinna i vår politiske aktivitet.
Eg kjenner meg utrulig stolt over dei to flotte KrF-damene eg har fått vera på lag med denne veka. Eg er stolt over både Laila og Astrid, dei er politikarar som får ting til, dei har mot og dei vert lytta til.

søndag 8. februar 2009

Morsdagstankar

Eit spirande frø
endra heile livet
det gav meg ein son
- eg vart mor

To kloke barneauge såg på meg
vi fann kvarandre og livet fekk ny glede
- eg vart mor

Ei smilande tulle strekte armane mot meg
vi høyrde saman, eg kjende meg rik
- eg vart mor

To er gøymt morsdagstanken
Skaparen gløymde eit lite enzym og tida vart alt for kort
- dei er ikkje gløymde
- eg ER mor

Takk til alle fem
Pappa har kokt egg
og blomar er på plass på bordet…
I går hadde eg kontakt med Thailand, Oslo og Bergen
I dag er alle fem i tanken….
God søndag.

lørdag 7. februar 2009

Det er så bra!!

Det er mange ting som gler meg for tida. Mine hovedengsjement i misjon og politikk gjev meg stadig gode påfyll. Lesarane mine har sett det i det siste.
Strilen si torsdagsutgåve gav meg eit av desse positiv påfylla. Synd det ikkje var lenke til oppslaget slik at alle kunne fått lesa det, men det rår jo ikkje eg over.
Oppslaget var med fire flotte masfjordungdomar mellom 20 og 25 år som satsar på bondeyrket i Indre Haugsdalen. Det var så bra å lesa - takk til Silje og Åsmund, Klaus og Hanne Kristin for den positive haldningen de har til heimbygda, til livet med jord, dyr og fjell og at de satsar på dette livet! Eg ønskjer dykk lukke til, de er gode ambasadørar for Masfjorden!

onsdag 4. februar 2009

Framleis jordbruksareal

Etter ein heller lang, og til tider varm debatt har saka om bustadtomtar på landbruksareal på Matre enda godt, sett frå Masfjorden KrF sitt syn. Det vi heile tida har stått for, har blitt det endelege resultatet som eit einstemmig kommunestyre gjekk for i går.Prinsippet i denne saka er viktig, matjord skal vernast så langt råd er. Sjølv om arealet det her var snakk om var lite, så er det her vi har fått vårt ansvar. Etter klåre signal frå overordna landbruksstyresmakter vart saka vedtatt utan debatt i går.
Når denne saka no er avklart vert neste steg å koma vidare i høve til bustadutfordringa på Matre.
Mitt forslag er - start med å bygga eit næringsbygg i Sandgropa og planlegg bustader på toppen. Når vi så får avklaring på vassverksaka så set vi i gang med vidare utvikling av bustader på Stien.

tirsdag 3. februar 2009

Kaffi

Kaffi smakar godt for dei fleste. Biletet over tok eg på ein liten kaffiplantasje på eit av prosjekta NMS er med å støtta i Vest-Etiopia. Små kaffiplantar utviklar seg under eit naturprodusert "soltak" og blir etter kvart til ei kjærkomen inntekt for ein familie og eit lokalsamfunn.
Når vi får eit lite innblikk i kva det betyr for lokale bønder og produsentar at vi f. eks. er medvitne kaffikjøparar, ja då trur eg vi alle går over til å kjøpa "Rettferdig kaffi" eller "Fairtraid" merka varer.
Eg er svært nøgd med at komunestyret i dag støtta KrF sitt forslag om å arbeida for ein gjennomgang av kommunen sine innkjøpsrutinar med tanke på etisk handel og at miljøomsyn blir tatt!

torsdag 29. januar 2009

U-båten skal opp!

Statsråd Helga Pedersen var så tøff og klok som vi hadde håpa. I dag kom meldinga om at U-båten på Fedje skal hevast! Langvarig arbeid og press frå lokalbefolkning, lokale og sentrale politikarar har nytta! Gratulerer alle saman!

søndag 25. januar 2009

Kult ???

"Det hadde vore kult å heva U-båten på Fedje" skal kystdiriktør Kjersti Slotsvik ha sagt i følgje BT . Dette er merkeleg og useriøs uttale av ein person som har slikt ansvar!
Her er det ikkje snakk om kva som er "kult". Her er det snakk om kva som MÅ gjerast for å få bort denne miljøbomba som ligg utanfor Fedje, midt i matfatet vårt! Kystverket konkluderte i sin rapport i fjor med at den beste løysninga for U-864 vil vera tildekking. Dette er det vanskeleg å tru på. Kanskje strekk ikkje folkevetet mitt til, men så lenge kvikksølvet ligg der det ligg, så vil det på eit eller anna tidspunkt bli eit problem. For meg står tildekking som ei kortsiktig løysing.
Eg trur kystminister Helga Pedersen vil heva båten og at ho var nære på å bestemma dette før ho var stoppa rett før jul. Eg håpar ho tør setja foten ned, og at ho tør det ikkje for å vera "kul", men fordi ho er ein ansvarleg politikar.

torsdag 22. januar 2009

Ein pose frø

Ei kvinne fekk ein pose frø. Ho planta frøa og stelte vel om spirane som kom opp. Ho hausta når tida var inne og selde grønnsakene på marknaden. For pengane kjøpte ho ein sau.
Sauen fekk lam og åkeren gav ny grøde. Kvinna gjekk til marknaden, selde grønnsaker og lam og kjøpte ei ku.
Frø kom i jorda att, det kom lam og kalv og kvinna kjøpte ein okse. Den leigde ho ut til bønder som ikkje hadde okse, og tente pengar på den....
Kvinna fekk eit nytt liv - ho kom ut av hytta si - borna kom på skulen - kvinna reiste seg i eigne - og andre sine augo...
Eit eventyr? Ja, faktisk, men eit sant eventyr.
Historien er fersk - den kjem frå Begiområdet i Etiopia. Eg var der for to veker sidan og vart den fortald av stolte etiopiske medarbeidarar.
Eg gler meg.
Det nyttar!

torsdag 1. januar 2009

Etiopia

I morgon startar eg på reise til Etipoia. Eg er invitert til Mekane Yesus kyrkja sitt 50- årsjubileum 17.-18. januar, og når eg først reiser til dette misjonfeltet skal eg bruka neste veke til å vitja prosjekt og kyrkjelydar der NMS er engasjert. Eg ser med spenning fram til mi "første misjonsreis" som landsstyreleiar i NMS. Det skal bli flott å feira jul (6.jan) med kyrkjelydane, og flott å sjå landbruk- helse- og kvinneprosjekt i området.
Misjon er ei stor sak, oppdraget er gjeve av han som kom som eit lite barn, og som vi nett har feira her hjå oss.
Misjon er å tilby evangeliet om Jesus
Misjon er å tena medmenneske
Misjon er å arbeida for utvikling og rettferd
- eg kjenner meg priviligert som får vera med i dette arbeidet.