tirsdag 30. januar 2018

Forståsegpåarar

snakkar
pratar
meiner
kommenterer
synsar
diskuterer
vurderer

så mykje tid
så mange ord
om det som er
om det som ikkje er
om det som kanskje aldri blir

lånar likevel øyra
i håp
om at
noko godt er sant og
mykje vondt er feil

kven kan vel forstå denne verda...

onsdag 24. januar 2018

Høyra og hugsa!

Har nett lese ein artikkel om å høyra og å hugsa!
Den gav meg som hørselshemma nye perspektiv. 
For å sei det enkelt så var konklusjonen at den som høyrer dårleg, også hugsar dårleg.
Dette fordi ein brukar så mykje energi på å få ting med seg
at ein kjem på etterskot i det som vert sagt. Av den grunn får
ikkje hjernen tid til å lagra det som vert høyrt! (Luthersk kirketidende 19.01.18)

Kanskje er det slik. 
Dette synes i alle høve å vera ei forståeleg forklaring for det "å ikkje hugsa",
sjølv om dette neppe er heile forklaringa for ei som går i sitt syttiende år.

Eg minnest han Anders på Høyen, smeden i min barndom, sa det slik:
"Det er ikkje det at eg høyrer så tungt, men eg høyrer så mykje seint."
Han sa ikkje noko - så langt eg veit - om å hugsa, 
men det å høyra seint, er nok noko mange hørselshemma opplever.

For tida høyrer vi at somme i det politiske miljøet ikkje hugsar!
- Dei beklagar, men dei hugsar ikkje. Same kor mykje dei tenkjer,
samsnakkast og hjelper kvarander, så er det ting som er blåst ute av minnet!
Men i dag synes dei det er "heilt forferdeleg" om slikt skjer - det som dei ikkje kan hugsa at dei har høyrt noko om!

For meg er det ikkje vanskeleg å skjøna at ein kan gløyma, eller at ein "høyrer seint"! 
Men somme ting brenn seg fast - sender pilar inn i hjarta og mage, og får tårer til å spretta 
fordi det er så vondt, så feil, så uhøyrt!
Somme ting høyrer vi med heile oss, ikkje berre gjennom øyrene!

- Men noko vanskeleg, leit og vondt er blåst bort av minnet til desse røynde politikarane! 
Somme ting som har blitt fortalt - ting som burde setja så djupe spor i eit menneske at ansvarskjensla vakna og sette ei leiing i aktivitet, det kan ein diverre ikkje hugsa! Det er ikkje logisk!!

Og om det er dårleg hørsel som spelar minnekortet "eit puss" så er kanskje det det minste problemet!

torsdag 18. januar 2018

Fuglane

I dag kom dompappen.
Han har vore fråverande på fuglebrettet i heile vinter.

Han er stilig, dompappen,
og eg ser at han veit det.
Stolt og rak sette han seg på toppen av brettet,
såg seg om, og tok kontroll.
Meisene skvatt seg unna,
alle unntatt spettmeisa.
Den lever sterkt på sitt lange, spisse nebb!
Også desse skapningane kjenner til rang, makt og stas!

Men meisene er i fleirtal i buskene her på tunet,
og i skrivande stund er det dei som rår.
Lauvmeis, bladmeis, kjøttmeis og blåmeis!
Men også dei flyktar for meisa med det store nebbet.

Eg saknar grønfinken - dei kom i flokkar,
og bokfinken som kløyver solsikkefrøet så enkelt.
Og så saknar eg spurven,
den enkle spurven, som var som eit husdyr å rekna
utanfor fjøs og bakeri i "gamle dagar".
No finn eg dei berre litt malplassert, inne på kjøpesentra.
Kanskje eg må kjøpa litt mjøl!

Og så kjem svarttrosta.
Det likar eg ikkje, og undrar meg på kvifor.
Men den er for stor til å koma inn på bretta,
og må finna seg i "å metta seg" av det som fell frå
dei " rike (små) sitt bord"!
Det vart jo ein fin tanke!!
Eg smiler litt her eg set - men kanskje eg ikkje skulle det  -

Og rundt dei alle fell snøen tett.
Eg sit varmt og godt innanfor glaset.
Har det stemningsfult og fint.
Ser, tenkjer, undrast og "pratar ned" til deg - det eg ser!

Og så tenkjer eg at det ikkje er det verste eg kunne gjera på ein dag som denne!
"Sjå på fuglane under himmelen" (og på fuglebrettet).


lørdag 13. januar 2018

Avslørt

vintersola
sine
låge kalde strålar
avslører -
skin ærleg
på det vi ikkje vil sjå

ikkje berre hjå dei hine

søndag 7. januar 2018

Frå minneboka

Ho hadde reist med nattbåt før, og hadde gjort seg sine erfaringar med den reisemåten. Den unge misjonsdama med kvit koffert, gitar og lysbileteapparat hadde tråla bygder, byar og dalar i dei to fylka ho hadde som arbeidsområde. Ho lika ikkje å reisa med buss, bilsjuk som ho alltid vart.

Med båt var det annleis, ho hadde vore heldig med veret på turane sine. Minuset med denne reisemåten var at natta gjekk til reising, og at ho kom fram grytidleg om morgonen dit ho skulle, og dagen som låg framom vart lang.

Ein gråkald morgon gjekk ho av båten før tettstaden hadde vakna. Kaien var som kaiar flest, grå og trist, med ein godt vaksen mann som tok i mot og sende trossa tilbake, og med eit kaldt venteskur med røykelukt og vått golv. I det skuret skulle ho sitja til ho vart henta og køyrt til skulen der ho skulle ha mange misjonstimar.

Båten la frå land, og den unge misjonsdama sat åleine i skuret på kaien. Då "trossemannen" kom inn, spurde han kvar ho kom i frå, og kvar ho skulle. Han tenkte visst at dette ville bli både stussleg og kaldt for henne, og tilbydde dama å koma inn på rommet hans. Blåøygd takka ho ja.

Det vart ein underleg morgon. Ho kom inn på eit gulgrønt trist rom med ein stol og ei seng. "Eg slenge meg nedpå eg" sa han då vi kom inn. Han meinte han trong å sova litt lenger, og la seg så lang han var på senga. Ho sat stille på stolen og undra seg litt.
Men søvnen kom visst ikkje. Han klaga seg over ein arm som verkte, og ho hadde ikkje så mykje å svara på det, men kjente seg ikkje til pass. Ho ville helst gått ut att på venterommet, men ville ikkje vera uhøfleg heller, det var trass alt varmare på dette rommet enn på venterommet. Det fekk stå sin prøve ei stund til.
Så begynte han å prata og fortelja på sin typiske dialekt. Ho hadde alltid funne underhaldning i dialektar, og lika å etterapa dei når ho kom heim og skulle fortelja.
Han fortalde om krig og fattigdom, om søsken og arbeid, og så kom historien om den gongen han hadde skada armen, den som no plaga han. Den soga vart lang og detaljert, og ho ser den tydeleg for seg den dag i dag. Kvar gong ho reiser over dette fjellet, så kjem denne historien for henne. Det var her lukka og armen fekk langvarig skade - kanskje livslang skade - for ein av "trossemennene" langs Norgeskysten.

Kort fortalt så hadde han vore på friarferd over fjellet på ski. Han hadde ramla og øydelagt armen, og streva seg til folk, åleine som han var. Armen vart aldri bra att, og jenta vart aldri hans.

Ho med kvit koffert, gitar og lysbildeapparat sat og lytta, sa ha og ja, ho kunne ikkje anna enn få litt vondt av han, men håpa at klokka skulle gå fort.
Timane gjekk og ho kom seg uskada gjennom det, men ein lærdom rikare vart ho også.

Då ho kom heim og fortalde mor og søstre om denne underlege morgonen, sa mora - "gjekk du inn på rommet hans?" Ho var tydeleg skeptisk i stemma.

I desse metoo-tider skjønar ho at mora vart skeptisk, ho skjøna det forresten alt då, og ho visste med seg sjølv at kom ho hit att ein annan grytidleg morgon, så skulla ho takka høfleg nei.

Dette vart ingen dramatikk!
men eit spesielt minne
for ei som den gong
var ei ung og uerfaren misjonsdame
som sat på ein stol i eit gulgrønt rom
der ein trossemann
med ein dårleg arm
låg på ei seng
og fortalde om livet sitt
som ikkje hadde vorte heilt slik han hadde drøymt om.

lørdag 6. januar 2018

År 2018 etter Kristus

Ei tidsrekning har sitt utgangspunkt.
I vår kultur har tidsrekninga starta med Kristi fødsel, og mange finn det framleis naturleg å sei at vi lever i år 2018 e. Kr.
Vi erfarer etter kvart at det har blitt unaturleg for ein del å sei det slik, og at nye måtar å uttrykkja tidsrekninga på, arbeider seg fram.
"Vår tidsrekning" har blitt vanleg i somme samanhengar, slik f eks Store norske leksikon brukar det.

Men det rare er at "Vår tidsrekning" likevel er ei tidsrekning som tek utgangspunkt i same tidsrekninga som "etter Kristus". Tidsrekninga er den same, men ein vel ein annan måte å sei det på. "Vår tidsrekning" startar også ved år 0, og så langt eg skjønar har ikkje år 0 fått ny grunngjeving.
Det er vel uttrykket etter Kristus som blir problemet - ikkje fakta.

Men dette er faktisk ikkje så viktig for meg, og det er ikkje difor eg skriv dette. Det er viktigare kampar enn denne tenkjer eg.
Bakgrunnen for mi enkle filosoferinga om dette tema, var ein samtale med eit barnebarn ein kveld.

- Kor gamal er Jesus var spørsmålet eg fekk av eit lyst lite hovud.
- Vi reknar at vår tidsrekning starta med Jesus sin fødsel, og det året har blitt vårt år 0, og no er vi i 2018, svara eg.
- Då er Jesus 2018 år, vart svaret. Kjapt tenkt, synes bestemor!
Samtalen gjekk vidare, og spørsmålet vart etter kvart: Er det heile sanninga? Er Jesus 2018 år?

I følgje apostelen Johannes sitt juleevangelium står det at han "var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han....." Dette ordet kom bestemor i tanken.
- Så kom han til jord som eit lite barn, og tidsrekninga vår starta!
- Ja, slik var det, og vi vart einige om at eigentleg var Jesus mykje eldre. Han var heilt frå starten!
Vi gjorde det ikkje vanskelegare enn som så!
Og det som skjedde i det vi kallar år 0, var ei så stor hending at vi nett har feira jul og Jesu fødsel over heile verda! Det synetes vi to var ein fin tanke!

Eit lite barn som vi kristne trur er Gud son, har prega tru og kultur i vår del av verda i 2000 år.
Han som kom for å bli lyset til verda og verda sin Frelsar, han vart også utgangspunkt for både "etter Kristus" og "Vår tidsrekning".

Eg kan skjøna at dei som ikkje identifiserar seg med kristen tru synes dette er noko rart. Eg har respekt for det, og trur ikkje det er kva vi kallar tidsrekninga vår for som reddar verda, ei heller den kristne trua.
Eg vel heller å sjå stort på å få formidla kvifor vår tidsrekning starta som den gjer til nye generasjonar! Kven var dette viktige barnet! Eg trur nysgjerrige hovud vil ha svar på det!
Den jobben må vi ta, og den er slik eg ser det mykje viktigare enn kva vi kallar ei tidsrekning.