fredag 31. august 2012

Ålesundkveld

Eg fekk ein nydeleg kveld i Ålesund i kveld. Eit fantastisk lysspel over fjorden, som heile tida skiftar i farge og intensitet. Bildet mitt gjer ikkje lysmeistaren til den storskaparen han er, men med så mykje anna av det eg "putlar" med, blir det berre eit bittelite bidrag.
Eg har gått og tusla litt på kaia i Ålesund i kveld. Sett på lyset, på gatene og sjøen, og for mitt indre auga har eg sett onkel Georg. Klokkardiakonen i Ålesund i mange tiår etter krigen, Georg Hopland. Denne festlege og fargerike onkelen som elska Ålesund. Som hadde engasjement for menneska og byen. Som styrde med diakoni og sosialpolitikk. Som hadde auga og hjarte for dei svake, og var godven med dei som hadde makta.
Onkel Georg kom til oss kvar sommar i min barndom. Han kom med årets Donald, med sigarettrøyk i så intens i stova at vi knapt fekk den vekk til jul, som kom med avisutklipp om det han hadde vore med på i byen sin, som fortalde, prata og lo. Onkel Georg anmelde også barnebøker for Lunde forlag, og bøkene han fekk delte han ut. Mi første onkel Georg-bok var "To tiører på reise". Den handla om kva to tiøringar opplevde i misjonærlomma på veg til, og inn i  Kina. Ei stor og framand verd. Boka "Noko til kar" fekk eg og, den opna draumen om eventyret på sjøen, og det plaga meg litt at det berre var gutar som opplevde slikt som eg syntes høyrdes spennande ut. Kvar fødselsdag fekk eg bok og kort frå denne byen. Ikkje berre eg, men han hugsa mange av onkelborna sine. At han også var ein ertekrok, som likte å erta både mor og oss jentene, måtte vi tåla. Han var jo alltid så glad.
No er eg i byen hans, har sett huset der han budde. Skulle gjerne funne grava, men det vart ikkje.
Men eg har funne minne, og eg kjenner at minna får meg til å kjenna meg takksam for denne fargerike onkelen. Han hadde nok likt ærendet mitt hit til Ålesund denne helga, i dag som KrF-ar, og i morgon som NMS-ar. Tippar han hadde sete med eit lite smil og hatt eit lite hint, om han hadde vore tilhøyraren min i morgon! Eg er frimodig nok til å tru at han hadde likt å vera der.

tirsdag 21. august 2012

Velsigninga

Kvar morgon, ca ved Shell- stasjonen i Breisteinkrysset, tek eg imot velsigninga! I Yarisen min, etter ein andakt med variert kvalitet og oppbyggingsverdi, og etter ein sang med eit salmeliknande tilsnitt, så kjem velsigninga. Kjente og ukjente kvinner og menn nedber gjennom lufta Herrens velsigning over meg, der - ca  i Breisteinkrysset.
Så godt, den gamle Aronittiske velsigninga, som har gjeve menneske fred og velsigning i tusener av år, kjem inn i bilen til meg kvar morgon kl 0826. Det er så flott, den gjer noko med meg - den gjev meg styrke!

Slik lyder den på mitt språk:
"Herren velsigne deg og vare deg
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred"

Så kan det verka som at eg er litt kritisk til ein del av formidling og songval. Det er slett ikkje heile sanninga. Mange formidlarar er svært gode, og kommuniserer den kristne bodskapen så godt at eg gler meg over at eg og mange av dei som køyrer bak meg, framfor meg og i mot meg, får høyre så flott formidling. Andre gonger synes eg det blir vel mykje alment prat, og at innhaldet med fordel kunne blitt plassert i ein annan programpost. Songvalet er for så vidt ok, eg likar mykje, men eg vil vel meina at med så mykje musikk som det elles er i radio heile dagen, så kunne songen i andakten vore ein salme eller ein song med kristent innhald. Fleire enn meg synes det gjer godt med ein salme på morgonkvisten, og det er eit hav å velja mellom innan for den kristne musikkskatten. Eg kan tilby meg å vera salmekonsulent.

Uansett vekslande kvalitet - Takk til NRK som gjev oss andakten - og takk for at den  inneheld velsigninga!

lørdag 18. august 2012

Medan grauten kokar

Forventning og takk, spenning og utfordring er stikkorda for hausten min slik han fortona seg i tanke og hjarte medan eg har gjort litt lørdagsarbeid i huset i dag. Og medan grauten putrar, deler eg litt.

I dag kjenner eg mest på bestemorspenning og bestemorsglede - storejenta vår skal starta i 4. klasse på mandag, og dei to små skal starta i nye barnehagar same dagen. Måtte det bli bra for dei alle tre! Kvardagstryggleik og læring er viktig for veksande menneskeborn!
I september kjem det eit nytt barnebarn i Oslo, og i oktober eit i Sandnes. Det er ikkje lenge til! Bestemorshjarta bankar i glede, takk og spenning ved tanken på to nye liv som snart skal møta den store verda, og Skaparen blir stadig møtt av bestemor sine sukk og bøner om ei god vandring ut av den lune verda dei framleis er i, og inn i den gode og krevjande verda! Store ting! Velkomne og etterlengta er dei i alle fall!
Så er mammahjarta uendeleg glad og letta over at ein spennande operasjon er over, og at alt gjekk bra for jenta hennar denne veka, og glad for at misjonærsonen har kome trygt heimatt til sine frå oppdrag i den vide verda. No må både jenta og guten kvila seg ut, og henta friske, nye krefter.
Det høyrer også med i tankane mine at ein liten triveleg liten firbeint venn måtta forlata Askøyfolket vårt denne veka. Vi blir så glad i slike trufaste venner, og kjenner oss triste over tapet.
For 40 år sidan var det stor aktivitet i huset her, kjem eg også på - det var berre ei veke att til bryllup! Leirsesongen var over, og vi hadde tid til å tenkja på bryllup. Du verden - 40 år! Er vi så gamle - eller var vi så unge? Det vart ein flott dag, og neste søndag skal vi i alle fall finna på noko kjekt når landsstyrehelga i Stavanger og gudsteneste i Masfjorden er over. Vi synes vi fortener ei lita enkel intern markering! Ingen som kjenner oss vil påstå at vi fekk ein lett start, men vi har kjempa saman, delt glede og sorg, og er framleis trygge på at det er oss to! Fem born vart rikdomen vår, sorga er at to av dei berre var hos oss i fire år. Men no kjem borneborna, og skattkammeret vårt aukar !
Eigen heim har vi også endeleg fått oss, etter 38 år i andre sine hus! Det er fantastisk, vi gler oss over det kvar einaste dag!

Slik var nokre av Karitankane under vaske-og ryddejobben i dag. Når grauten på komfyren er i magen skal eg ta fatt på saksdokument og tenkja misjonstankar ei stund. Det er faktisk eit velsigna og spennande arbeid, og skal eg vera ærleg trivs eg betre med det enn med støvsugaren!