lørdag 2. februar 2019

Barndomsminne i skumringstimen

Ho ville så gjerne vera med far i skogen denne ettermiddagen.
Mor meinte ho kunne vera heime. Kanskje var det noko ho ville ha hjelp med - det hugsar ho ikkje i dag.
Men ho ville så gjerne vera med far. Kanskje kom det tårer til slutt.
Kvifor ho hadde så lyst nett den dagen veit ho ikkje, men ho veit at ho alltid trivdes med far sin ute.

Ho fekk viljen sin - eller kanskje ho berre fylgde den?  Til skogs bar det. Opp frå huset ved fjorden, og opp i Granlia, denne lia ho i dag set i stolen sin og ser opp mot medan ettermiddagsmørkre gradvis gøymer trea i skogen og kallar fram dette litt såre barndomsminnet.

Ho veit ganske nøyaktig, den dag i dag, kvar far held på med trea sine denne dagen. Ho kunne funne plassen om nokon ville sjå!
Hennar jobb var å få eit tau rundt den tyngste enden av stokken, dra den litt nedover lia, for så å sleppa tauet når stokken fekk fart, og suste nedover ved naturlovene sjølv.
Så gjekk ho ned, løyste tauet og gjekk oppatt etter ein ny.
Det var jo ikkje det største trea ho drog, men dei var store nok til å utfordre viljen og kreftene hennar.

Det var i ettermiddagstida dette. Ho merka at mørkret gradvis seig innmellom grantrea.
Ein gryande skumringstime.
Det suste i trekrunene, og ho kjende etter kvart at motet vart skifta ut med noko trist og tungt.
Inn mellom dei mørke granane kom det sigande inn noko sårt i bringa.
- Mor, tenket ho! Mor! Ho skulle vore heime hjå mor!
Ho som hadde gråte seg til å få vera med far på noko kjekt, fekk ein veksande klump i magen.
Det kjekke vart ikkje kjekt lenger, og gråten var vanskeleg å gøyma.

Spring heimatt til mor du, sa far, og såg forsiktig bort på henne.
Ho stussa ikkje, kasta tauet frå seg, og la på sprang, medan tårene trilla.

Far hadde forstått!
Han hadde gjennomskua!
Han kjente jenta si!
Ho vart både flau og glad!

- Kjem du no? sa mor.
Ho høyrde ingen anklage i stemma hennar!

Når skumringstimen kjem mellom trea i Granlia hender det stundom at dette minnet kjem til henne.
Ein sterk vilje, og eit vàrt samvit kan framleis skapa uro i henne som skriv.
Men i skumringstimen tenner vi lysa. Ho takkar for dei som tenner lys, og som framleis forstår og tek i mot henne slik ho er.