lørdag 18. juli 2015

To eller tre

Mange gonger har eg tenkt at det hadde vore fint, ja eg har beint fram ønskt meg eit lite kapell mellom bjørkene sør for huset.
Kapellet skulle vera ein stad for bøn, Bibel og salmesong! Det skulle vera eit heilagt kvardagsrom!
Den skulle vore bygd i tre, henta i eigen skog rett bak huset, og heile sommaren skulle markblomar stått på det vesle alteret! Om vinteren skulle tørka lerkekvistar med fine små konglar pryda det. Dette skulle minna meg om skaparverket og han som skapte alt - Gud, vår Far.
Så ville eg hengt opp alle korsa og krusifiksa eg har frå ulike kyrkjer og tradisjonar rundt i verda. Det skulle minna meg om Frelsaren, Jesus Kristus, og dei skulle minna meg om den verdsvide kyrkja! Det er den kyrkja eg tilhøyrer!
Altertavla skulle helst vera forma av ull frå Hillesvågen. Kunstnaren skulle fått fridom, men eldtunger eller ei due bør vera ein del av bilete, som symbol på Anden som gjer orda levande!
Kor stor den skulle vera, ideelt sett, klarar eg ikkje bestemma meg for. Eigentleg ville eg den skulle vera så stor at heile slekta, heile bygda eller aller helst heile verda kunne koma inn.
I dag tenkjer eg at plass til tre ville vera fint.

Draumen min har fått næring desse dagane på Kinn. Her har vi fått gått ut og inn i det eldgamle kyrkjerommet. Bedt bøner, sunge, delt Guds ord to gongar dagleg. Det har vore så fint! Vi har ikkje vore mange - mellom to og seks. Rommet gjev fred, - bøner, salmar og Bibelord gjer si gjerning i oss og med oss. Den rike kunsten forsterkar bodskapen!

Kanskje stressar vi for mykje med at vi skal vera så mange? At opplegget skal vera så profft, fengjande og originalt,  og at vi ser for smått på det enkle, faste og rituelle?

Jesus sa at der to eller tre kjem saman i hans namn, der er han midt i mellom oss!
Det er nok ei kyrkje i den storleiken eg treng på Skår!
- og kjem den ikkje får vi halda fram som før!

torsdag 9. juli 2015

Gudslengt

Eg strekkjer hender
leitar
prøver å finna
deg
eller kven det no er
eg prøver å nå

Eg strekkjer tankar
tenkjer
prøver å forstå
deg
eller kven det no er
eg freistar få inn i min tanke

Kan hendene nå deg ?
Kan tanken forstå deg ?

Med skjelvande hender
Med vaklande tru
tek eg i mot
av eit brød
av ein kalk

Og dette er deg
seier du

Eg overgjev meg i tru