tirsdag 31. desember 2013

Tru på framtida


Eg brukar ikkje å vera opptatt av årsskifte. Har ikkje tradisjon for å bli meir enn vanleg sentimental, målretta eller visjonær  av å passera ei nyttårsnatt. Det er mulig det er influensa som herjar i kroppen som gjer at eg kjenner snev av sentimentalitet over tanken på at endå eit år har gått, på denne nyårsafta.
Her eg set i godstolen og snufsar med lommetørkle i fanget, kjenner eg meg rik og heldig over å få vera den eg er. Og det er ikkje fordi eg er så nøgd med meg sjølv og det eg får til eg seier det, men fordi eg kjenner meg rik -  eg har fått så mykje.
Gud og menneske har gjeve meg store porsjoner av tryggleik, omsorg, fellesskap, tillit, oppgåver, utfordringar og erfaring.
Ikkje alt eg har opplevd kan eg takka for, men heilskapen fortener ei stor takk!
Det er det gode med å ha levd ei stund, det er lettare å sjå heilskapen, og den erfaringa skapar tryggleik inn i det nye året.
- Eg trur på framtida.
Difor vil eg halda fram med å dyrka dei nære relasjonane i familie og i kvardagsramma mellom bygdefolk, venner og i jobbfellesskap. Det er her dei fleste timane av 2014 skal levast.
- Eg trur på framtida
Difor vil eg engasjera meg i misjonsarbeidet framleis. Å sjå håpet bli tent hjå enkeltmenneske som får framtidstru med dobbel botn rundt i verda, er stort!
- Eg trur på framtida.
Difor vil eg engasjera meg politisk, eg har eit ansvar og politikken sitt mål for meg er å bidra til å gjera livet betre for medmenneske
Verda vår rommer mykje vondt og destruktivt. Menneske og natur lir. Mange reiser seg og kjempar mot det negative, og det nyttar til ein viss grad. Men ugraset veks fortare enn rosene, diverre. Livslova :"det er lettare å riva ned enn å byggja opp" erfarer vi stadig.
- Eg trur på framtida likevel!
Eg trur det gode skal sigra over det vonde.
Naivt?
Kanskje, men eg trur på framtida fordi eg trur på Den allmektige Gud.
Ein dag skal rettferda sigra, og eg skal få sjå det! Det er mitt kristne håp, difor;
- Trur eg på framtida!

Godt nyttår!






søndag 29. desember 2013

Julevedkjenning


Tanken min er for kort til å forstå det eg har feira for 65. gong.
Den får ikkje ikkje tak på alt dette, det blir for uverkeleg, for stort eller kanskje endå til for smått!
Er dette Gud?

Likevel blir grunnen til feiringa rikare og rikare for kvart år som går.
Tanken blir møtt med noko som er større, og som bur som ei trygg ramme i meg.
Den bur der gjennom trua som er skapt og som lever, og som stadig får ny næring.
Trua, som har teke bustad i meg set ikkje tanken og spørsmåla på utsida, men gjev den ei solid ramme.
Trua tåler tanken sine innvendingar, og innser tanken sine grenser.
Kunne eg fanga Gud i min tanke, var han ikkje den eg trong!

Han eg trur på er større og difor syng eg med heile meg, som dei gjorde det på 1300- talet:

"Eg syngjer julekvad
eg er så glad, så glad
Eg ser min Jesus kvila som barn i ringe kår
på moderfanget smila
Som soli varm og klår
Han er Frelsar min!"




onsdag 23. oktober 2013

Butikkvegen

På ein fridag som denne har eg hatt meg ein føremiddagstur. Eg gjekk ein veg eg ofte går, men i dag vart den full av namn.
Eg gjekk den gamle butikkvegen frå Skår og inn på Nese. Der var det butikk, bakeri, meieri, post, bibliotek, telefon, bank og kai i min barndom. Det høyres jo ut som eit heilt senter, men det var berre tre/fire godt utnytta hus som hyste desse tenestene! I butikken var gamle Lorentz, Nåmdalen og nokre butikkdamer, i bakeriet var gamlebakaren og bakarLeifen, i banken var Hopsdalen, i posten Torsteinsen, i telefonen ho Olina, og i meieriet styrde Agnes, ho som kom frå Hardanger.

Som barn vart vi tidleg sendt på butikk, bank og post. Vi hadde lappe der alt sto kva vi skulle handla, vi hadde pengar i lomma, og bankbøker med avdragspengar inn i. Vi hadde stor tillit, og å gå i banken var ei alvorleg sak.
Vegen gjekk over bøane innover langs fjorden. Vi måtte også over nokre steinar heilt nede på Totlandsvika. Mor ba oss ofte å gå gjennom hagen til hytte- Bøen. Stundom lydde vi ikkje, vi gjekk over steinane i sjøkanten, det var spennande.

På vandringa i dag tenkte eg på dei eg møtte på vegen. Eg tenkte på dei rare, men for oss heilt naturlege namna dei hadde - det var ho JoLarsKari og JonsaLarsen, det var ho småBerta og SellevolsLarsen, det var ho Brita som alltid spurte korleis det gjekk med ho bestemor og som hadde ei svigermor som dei kalla KarlaKari, det var han i Holtane som gjekk med handkjerre i bygda og selde fisk, og kona ho Hildur i Holtane, som reiste på torget med kransar. Så kom vi til han Ludvik i Myrane og ho Olga Bø før såg huset til ho Berta på Neset, og så var vi var nede på "senteret".
Rart med desse namna dei fekk. Dei var knytte til dei dei høyrde saman med, eller til plassen dei budde. Dei fleste hadde etternamn som Totland eller Rydland, men det var på papiret.

Om sommaren var det mykje dyr inn etter butikkvegen. Nokre kyreflokkar og hestar var vi trygge på, andre meinte vi  ikkje var vane med born, og difor var vi redde. Eg hugsar aldri at vi hadde negative erfaringar med dyra, men redde var vi.
Arbeidsfolka på bøane snakka som oftast til oss. Eg likte ikkje når dei ropte "ho vesleKari vår", for det var det fleire som gjorde, eg vart flau då. Men viss dei spurte etter kva vi dreiv med på Skår, eller kos vi hadde det, kjente eg meg som viktig. Ho Maria likte alltid å høyra nytt når vi kom heim. - Møtte de nokon på vegen, såg de den eller den, var hennar spørsmål.

Det var før telefonen var allemannseige dette, og det var i den tida at handlelista på butikken ikkje var lengre enn at småjenter kunne bera det heim. Det var tungt av og til, særleg dersom vi hadde to brød innpakka i ei pakke, og det skulle berast under dei korte armane våre. Brøda var i grunnen den største freistinga på butikkturane, for når varme brød dampa hol i papiret så vart det så herleg freistande og grava ut nokre tugger ferskt, varmt brød. Det hendte at brødet var nokså uthola når det nådde heim.

Dette har eg tenkt på i dag, og eg tenkjer; heldig er eg som finn att desse minna, finn att stien og steinane. Ingen gravemaskin har bygd motorveg eller byggjefelt her. Bøane er slått og stelt, og butikkvegen er ganske intakt det meste av vegen.  "Senteret" har flytta frå kaien og innover bygda langs vegen. Slik skal det vera! Bygda er i utvikling og lever, og det er heilt greitt at det korkje luktar bakar eller kraftfor på kaien, men eg likar at bygda har "gøymd butikkvegen" slik at ei jente "frå femtiåra" framleis kan finna den att, og kjenna glede ved.

lørdag 12. oktober 2013

Noko større

Dag Hammarskjold var ein stor og klok mann som toppa karrieren sin som generalsekretær i FN. I fylgje Wikipedia skal John F Kennedy kalla han for "the greatest statesman of our century"
Også denne mannen trong noko som var større, som var over, som var i alt.

I dag på denne 65-årsdagen min, var det ei bøn av denne mannen som sto i bønneboka vår. Ei sterk bøn som eg også vågar å be for mitt vesle liv!

Du som er over oss,
du som er en av oss
du som er - også i oss,
la alle få se deg - også i meg,
la meg rydde vei for deg,
la meg få takke 
for alt som da skjer meg.
La meg ikke glemme andres nød,
Hold meg i din kjærlighet
slik du også vil at alle skal bli holdt i min.
Måtte mitt liv være deg til ære,
og måtte jeg aldri fortvile.
For jeg er i din hånd
og du har all makt og godhet.
Gi meg et rent hjerte - så jeg kan se deg,
et ydmykt hjerte - så jeg kan høre deg,
et hjerte fylt av kjærlighet - så jeg kan tjene deg,
et troende hjerte - så jeg kan forbli i deg.

torsdag 12. september 2013

Over bekken etter vatn

Eg har køyrt fleire hundrede mil i tredje gir fordi det var den beskjeden eg fekk inn i byen
- vi finn ikkje noko gale, sa dei til meg - tre gonger sa dei det, men eg stoppa trafikken gong på gong, og kolsvart røyk kom ut bak.
- køyr i tredje gir, sa dei
Det er pinleg å køyra i 80 og 90 i tredje gir
Eg kjenner meg som ein mann med hatt
Køyr i tredje gir var einaste løysinga eg fekk
- du reinsar systemet i tredje gir, sa dei
Men eg seier det igjen, det er pinleg å køyra på motorveg i tredje gir
Det er pinleg å køyra med leiaren i Transportkomiteen i tredje gir
Eg sette musikken høgt for å sleppa å høyra duren

Så gjekk eg til fagfolka ei mil unna
To trivelege karar lytta til meg
- køyr inn, dette må vi fiksa, ta deg ein kopp kaffi
Inga ventetid her
Ingen som sa dei måtte ha bilen nokre dagar
Bilen var full av plakatar og brosjyrer av ordføraren deira
Dei skjøna at eg måtte opp i fjerde og femte gir
- kom inn att etter valet, sa dei med eit smil, kom inn att viss du ikkje er nøgd, du treng ikkje betala i dag
I dag har eg vore inne til dei og betalt
Han hadde ein liten kaffi- og røykepause ute då eg kom
Den vart kjapt avslutta, og han kom smilande mot meg.
- Kor gjekk da, spør han
Tusen takk, sa eg, og det var rett før eg gav han ein klem før eg suste vidare i fjerde gir

Eg har slutta å køyra i tredje gir til Bergen, Voss og Stavanger 
Eg skal slutta å gå over bekken etter vatn her etter!

Og det seier til dykk som skal styra der borte i Oslo -  Ta lærdomen med dykk - byen har ikkje alle løysingane!

tirsdag 6. august 2013

Bedehusvegen

Denne strekninga likte eg minst - lite lys her 
I kveld har eg gått meg ein kveldstur langs "bedehusvegen". Oftast går eg ein annan veg, men i kveld gjekk vegen innover bygda, langs bedehusvegen.
På turen kom eg i tankar om alle dei kveldane eg gjekk innover bygda i alle slags ver på veg til korøving og møte - eller alle søndagane vi gjekk ein flokk med born frå Stranda til søndagsskulen. Fram og tilbake, sjeldan ein bil, ikkje sykkel - vi gjekk. på heimvegen song vi ofte på songar vi hadde lært. Det var godt å vera fleire når det var mørkt langs vegen, vi var ikkje alltid like høge i hatten, og ikkje alltid var det vaksne med.
I kveld har eg tenkt mest på mine første inntrykk av møte med bedehuset.
Eg tenkte på dei gamle som sat der, alvorlege, og andektige med oppriktig engasjement.  På fremste rekkje sat han Lars. Han hadde stav og runde briller som han skubba opp på den brune, blanke panna når han skulle syngja. Han heldt sangboka tett opp til andletet, og flytta henne fram og tilbake etter som linjene førte songen vidare. Som jente synes eg det var rart og underhaldande. Eit par stolrader bak sat Sigvald og Helga. Sigvald ser eg for meg som leiartypen sjølv om han ikkje alltid leia. Han var alltid venleg, og han såg oss borna. Eg hadde positiv respekt for han. Helga minna meg om bestemor Hopland sjølv om ho ikkje likna. Det var noko med vesenet. Så tenkte eg på Alfred som hadde ei dotter som vart misjonær. Han hadde tjukke brilleglas, godt humør og lo og prata med oss borna. Og så ho Frida som alltid måtte tørka tårene - "okk, desse tårena" var hennar uttrykk.
Eg tenkte på ho Sigrun bak i kroken ved døra. Ho hekla fine grytelappar, og var glad i ungdomen og bad oss på besøk. Og så dei frå Våtno, Nilla og Andreas, Berta og Anna og Maria.
Det var mange på barndomens bedehus.
I tillegg til desse var det foreldregenerasjonen til oss som var små, dei kan eg ikkje nemna, no i kveld tenkte mest på dei eldste. Dei var prega av 30- og 40 talet, vanskelege tiår, og tiår som var prega av åndeleg vekking og fornying. Eg tenkjer på vitnemåla til somme av desse eldste. Det gjorde inntrykk - dei snakka om før og etter omvendinga - eg skjøna ikkje alltid det snakket, men at det var alvor for dei, det skjøna eg.

Biletet på bedehusveggen på Seim

Forkynnarane, som sto lenge på talarstolen, kunne eg ikkje unngå å tenkja på. Dei fleste menn, nokre kvinner. Det var ikkje nett noko lettvindt prat vi lytta til. Det var alvor - omvend dykk - ha olje på lampen - ver klare!
Det var mange personlegdomar mellom desse omreisande talarane. Somme var til og med unge, og det vart spennande etter kvart.
Eg skal ikkje gje meg i kast med å analysera det vi høyrde, men berre konstatera at eg vaks meg vidare i trua på at eg var eit døypt Guds barn sjølv om eg ikkje hadde den omvendingsdatoen som predikanten helst ville at eg skulle ha. Det takkar eg for! At vi kunne lufta både frustrasjon og glede heime etter kvart som vi vaks til, var godt for oss.  Mor lo med og av oss då vi imiterte predikantane Det var befriande, og far sine sindige og trygge kommentarar gjorde meg trygg.
Når misjonærane kom på bedehuset kvikna eg. Då forsvann min avventande, og etter kvart som eg vaks til, noko kritiske haldning. Misjon var noko konkret, misjon var handling - det var bruk for meg - den store verda opna seg, og eg drøymde meg vekk til Madagaskar og Kamerun! Rett nok kunne eg få det vondt etter slike møte - det var så mange rundt i verda som ikkje hadde det godt og som ikkje kjente Jesus - og tenk om Gud ville ha meg til misjonær! Den tanken kunne ta nattesvevnen frå ei veksande, heimekjær jente. Dette tenkte eg på i kveld.

Den beste tida på bedehuset var ungdomsåra. Koret med mange unge som hadde det kjekt saman, og Sigurd som fekk meg til å oppleva korglede er gode minne. Eg fekk ansvar og tillit og utvikla evner og talent! Det er eg takksam for! At det var eit ekskluderande miljø har eg fått høyra seinare.  Det likar eg ikkje å tenkja på i kveld. Og her kan eg ikkje skubba ansvaret over på andre.

Mykje var godt på barndomens bedehus. Noko var uklokt og skapte vanskar sjølv om det var tenkt i beste meining. Menneskesinnet er så ulikt!
Eg tenkjer med glede tilbake på fellesskap på tvers av generasjonane, og omsorga vi fekk av dei gamle og vaksne, og eg kjenner det som ein rikdom. Bibelkunnskap fekk eg også mykje av, og songskatten er framleis min! Og sjølv om gudstenesta og kyrkja er min åndelege heim i dag,  har eg framleis tru på bedehuset, og eg deltek framleis når det høve slik eg gjorde det i min oppvekst.

Eg har kome til, både på mi livsvandring og på min bedehusvegvandring i kveld, at sjølv om eg har eit og anna som det ikkje er så godt å tenkja tilbake på, så har eg mest å takka bedehusvegen for, og eg vil med spenning fylgja med på kva som skjer langs vegen framover.


lørdag 13. juli 2013

Dei og vi

Eg var i Masfjorden på basar rett før ferien og fortalde frå Madagaskarturen min.
Ei eldre dame kom til meg og fortalde kor forferdeleg det hadde vore å høyra i når "Hodnelandspresten" kom på basar i "gamle dagar" og fortade om at born på Madagaskar vart sett ut i skogen for å døy. Det kunne vera ulike grunnar for slik utsetting. F. eks født på ein feil dag, med eit handicap, eller var jente! "Det var så forferdeleg å høyra, eg har aldri gløymt det", sa ho.
Eg har også høyrt om slikt, men denne dagen kom det i eit nytt lys.

DEI og VI

DEI sette småborn ut
i skogen
- det opprørte oss

VI tok på oss
kvite frakkar
- kalla det ein rett

torsdag 6. juni 2013

Nabo

Du vel deg sjeldan nabo
naboen får du
han er der

Naboen var
bilstart om morgonen
lys i vindauga om kvelden
lilla potetblomar i åkeren
fisk i stampen
tobakksrøyk over gjerdet
smil og latter
gode råd og nabokunnskap
og arbeidshanda som vinka 

Gode naboar treng ikkje trakka dørene ned hos kvarandre
dørene er opne
Vi veit det på begge sider av gjerdet
vi veit det når vi treng det aller mest
Slik har det vore i generasjonar 

Det er naborikdomen

Vi har gått nokre tunge steg mellom husa desse dagane
og i morgon samlast vi i kyrkja

Fred over minne ditt Asbjørn!

 

lørdag 25. mai 2013

Fartsreduksjon


Eg likar best å køyra i 80. Å køyra i 70 er ganske vanskeleg synes eg, det verkar faktisk svært så seint, og det er som om Yarisen min ikkje likar den farten. 50 og mindre, er greit på vegar med fartsdumpar eller andre fysiske og naturlege hindringar, men i 80 flyt det fint for meg. Fortare skal det ikkje gå, vi har ein maksfart og den har eg respekt for. Grenser er klokt, det har med tryggleik å gjera, og eg innrettar meg etter beste evne.
- Ho Kari er så "edlande snau", sa mor stundom når ho såg meg i ulikt praktisk arbeid. - Stilig strilauttrykk- "edlande snau"! Eg skjøna at det var eit positivt uttrykk, at det betydde at eg fekk tinga unna. Men dette er jo ikkje heile sanninga, jammen kan ting gå tregt og tungt også.
Det som er sant, er at eg likar framdrift, eg likar når ting skjer, eg likar ikkje unødig "heft", og eg kan lett bli rastlaus og utolmodig når det blir for mange fartsdumpar, smale vegar og for ikkje å gløyma kø. Noko så bortkasta tid som kø, kan eg nesten ikkje tenkja meg.
No skal eg øva meg i å køyra i 50. Fartsgrensa er sett, og eg skal prøva å innretta meg etter det. Eg er jo glad for at "førarkortet" ikkje er inndradd, det kunne ha skjedd, for eg har vel til tider køyrt noko over fartsgrensa.
Men det er mulig eg vil synast det kjem til å gå for seint. Tida visa. Eg vil også halda muligheten open for at eg kan koma til å lika det, sjølv om det er ein del ting som talar i mot det.
Nett no tenkjer eg at det viktigaste er at det ikkje blir for mange fartsdemparar og hindringar som gjer at eg ikkje finn ein god framdriftsfart, og det eg aller helst ønskjer er at eg finn ein måte å køyra på som gjer at eg opplever at eg køyrer i 80. Motor og karroseri er jo ikkje i så verst stand for ein 1948 modell, og hadde ikkje det vore for denne irriterande lyddempinga så kunne farten gjerne vore i 80 ei eit par år til.

torsdag 9. mai 2013

Himmelfart

 
Kristi himmelfartdag.
Konkret og jordnært - Mystisk og himmelvendt, .
"Gå til alle folkeslag, døyp dei og lær dei - eg skal vera med!"
Ei sky tok han bort frå det synlege. Han sender kraft, og kjem att på same måte som han drog.
 
Dette lever tilbedande, truande og tvilande etterfylgjarar på framleis.
"Lat riket ditt koma". Vi takkar for tillit, og ber om nåde medan vi går vår etappe med forventning!
      "For riket er hans, og makta og æra i all æve, Amen"

Gå og lær dem! Det var budet
dødens overvinner gav.
Stående er Herrens ordre
til hans venner nå som da.
Del med dem som går i mørke
alt hva Kristus har å gi.
Bring Guds ord til hele verden!
Bare det kan gjøre fri!
 
Nos 525

søndag 5. mai 2013

Opp - og nedsnakking og heile sanninga

Ein flott kar frå Sierra Leone står fram i Strilen i går for å takka Meland kommune! Han takkar for hjelp til ny kvardag for seg og sine. Så bra opplever han at han har fått det, at han går til avisa for å få formidla si takk! Herleg! Flott "oppsnakking" av Meland kommune!
Lokalavisene har mange gode og positive oppslag som løftar enkeltmenneske, lokalsamfunn, organisasjonar, verksemder og det offentlege opp. Det er bra! Ærleg og rett oppsnakking er viktig, og dette var eit flott oppslag!
 
Sjølvsagt viser ikkje "solskinnshistoriar" i media heile biletet, og vi som lesarar er ofte flinke og raske til å konstatera det. Jantelova trer raskt i funksjon, og vi stikk hovuda saman og blir fort einige om at dette neppe er heile sanninga.

Skandale- og sensasjonsoppslaga kjem oftare og spreier seg raskare enn solskinnshistoriane. I alle høve i sentrale medier. Det er dette som gjev sjåartal og salgsinntekter. Vi (eg og), ristar på hovudet, konstaterer at verda har gått av "skaftet" og ventar med ein viss skadefryd på neste innlegg som kan gje oss endå meire å snakka om.
Kanskje tenkjer vi at det vi les neppe er heile sanninga, men vi grip alt for raskt høve til å hengja oss på det negative hylekoret. Dei gode historiane kjem også, og i dag spreier eg Strilen sin med glede. Historia om "Jungelens konge" var også eit flott oppslag i helga, men den tar dei store seg av, heldigvis!

Mange som har kjennskap til det som blir slått opp av både "godt og gale", erfarer ikkje å kjenna seg heilt igjen i det som blir presentert. Slik er denne verda. Då kan vi velja å prøva å forklara oss, eller kanskje berre venta til "stormen rir"av.  Eit anna alternativ er å mura oss inne og ikkje våga noko som helst i tilfelle nokon kunne vri på det, mistyda, misbruka eller bruka Jantelova på oss. Slik ønskjer eg ikkje at det skal vera. Difor kastar eg meg frampå av og til (sjølv om eg av og til angrar)

Siste veka har eg lese og sett ein del om noko eg sjølv har deltatt på. Det meste bra og attkjennande, og det har gjort meg stolt over arbeidsfellesskapet eg er ein del av. Solskinnshistoriar kom det også, m.a. av ein flott og lukkeleg liten familie!
Og så har eg lese mykje om festen eg var på sist lørdag. Ei fest som handla om det å bry seg om kvarandre, om det å sjå kvarandre og å heia på kvarandre. Som handla om varme, og det å sleppa dei positive kreftene laus. Diverre vart verkemidla etter kvart eit hinder for bodskapen, men eg vil ikkje gløyma bodskapen av den grunn. At eg vart ein del av denne heidringa har etter kvart gått opp for meg, sjølv om eg pga mitt handicap ikkje fekk alt med meg då det skjedde. Eg vart i alle høve løfta opp, heilt opp på scenen, og eg fekk hylling frå ei stor forsamling av menneske eg har stor respekt for, og som eg er glad i. Eg takkar for det, og skal ikkje la verkemiddel som gjorde meg ganske så trist og lei etter kvart, få øydeleggja for den gode i bodskapen som gjekk som ein raud tråd gjennom heile kvelden. Diverre kom ikkje heile historia fram her heller. Men det er jo det eg skriv om, det er jo berre slik livet er.

søndag 21. april 2013

Innestengde krefter

Kanskje ikkje så unaturleg i desse vårdagar, men eg undrar meg stadig over knuppen. Denne velse svarte, harde knuppen som i løpet av nokre varme vårdagar forandrar farge og form, og blir til  vakre blad med uteljande fargenyansar. Det er svære krefter som bur i kuppen, og som brått kjem til syne når tida er inne.

Eg kjenner meg til tider i slekt med desse u-utsprungne knuppane. Kjenner meg i slekt med det innestengte livet i knuppen. Kanskje det hørest rart ut at eg som fartar hit og dit, som har helse, arbeidsevne og mobilitet, som er så heldig og får oppleva så mykje godt, kan kjenna på innestengte krefter.
Men slik er det. For den som lever, som tenkjer og kjenner - som tvilar og trur. For den som let seg engasjere og som har sterke ønskje om at ting skal skje. For den som vil at livet skal vera godt for alle, at arbeid skal lukkast, at dei rette avgjerdene skal takast, kan det stundom kjennast som at våren kjem seint. Då kjennes det at dei innestengte kreftene sprengjer på.
Det er den draumen vi ber på, skriv Olav H Hauge om. Kanskje er det det! Draumen må vera der, draumen og håpet om at dører skal opna seg, at berget og hjarte skal opna seg. Og draumen om at vi ein dag skal segla inn på ein våg vi ikkje visste om, held motet oppe. Draumen gjev næring til håpet, og lettar ventetida.
Det kan til tider vera slitsamt å kjenna på innestengte krefter. Det gjeld å vera tolmodig til våren og varmen kjem og sprengjer skalet. Det gjeld å venta til berget, døra og hjarte opnar seg, og den ukjente vågen kjem til syne.
Eg øver meg på å fokusera på knuppar som har opna seg, det lettar det innestengte presset. Eg øver meg på å akseptera at vi må leva med det ufullkomne inntil dagen for det fullkomne trer fram - synleg og tydeleg for alle.
"en dag skal rettferdigheten seire, en dag skal vi danse skal vi feire", syng Bjørn Eidsvåg! Då har alle knuppar opna seg, då lever vi i ei verd utan liding, smerte og innestengte krefter som ruskar i oss. Det skal bli bra, og dette er mitt kristne håp!

fredag 5. april 2013

Kva er namnet?

 
- Eg har time 0945, seier eg
- Følg den svarte stripa, seier ei ung dame i resepsjonen
Eg set meg ned saman med andre som også ventar med spenning i blikket
Det er ei svart og ei blå stripe på golvet

- Kva er namnet? spør ei venleg dame
- Sørheim seier eg - Kari Skår, legg eg til, og eg blir kryssa av på lista

Nokre minuttar etter, går ei dør opp, og ei ny venleg dame spør:
- Kva er namnet?
- Kari Sørheim seier eg, og dama kryssar av på arket, og går
Ti minuttar seinare kjem den same venlege dama bortover korridoren
- Kva var namnet, spør ho og ser på meg
- Sørheim, seier eg. Ho sjekkar lista, og eg får eit nytt venleg smil

Så kjem ho tilbake, stoppar nokre meter frå meg og seier:
- Sørheim, det er din tur!
Eg reiser meg, går med, og kjenner at hjarta dunka hardt

Så kjem vi inn på eit kontor, der set det ein lege
- Kari Skår Sørheim seier eg, og rettar fram handa
Den venlege dama, som er sjukepleiar, set seg ned på ein stol bort ved døra. Ho smiler fint til meg
- Du har gjort eit lite inngrep, og tatt nokre prøvar, seier legen og ser inn i skjermen
- Ja, eg var her før påske, svarar eg tappert
- Prøvane dine ser fine ut, det var ikkje kreft, seier legen og ser beint på meg
- Så godt  - var det ikkje kreft, høyrer eg meg sjølv spørja. Eg høyrde eg sa dette farlege ordet. Måtte få det stadfesta ein gong til
- Nei, dette er ikkje kreft, det ser heilt fint ut, sa legen
Gjennom hoved og hjarte forma det seg eit Takk! Takk Gud!
Den venlege sjukepleiaren smiler til meg - opplevest som ho delte gleda

Den venlege dama fylgde meg ut - la handa si på armen min, såg meg inn i auga og sa: så godt at det gjekk bra, at alt var fint!
Ho har nok lytta til tyngre domar enn den eg fekk i dag. Det er godt å vita at det finns slike menneske som ser på oss og som kan fylgja oss ut
Særleg for dei som ikkje er så heldige som eg var denne dagen
I dag har eg har møtt eit helsevesen som ser, og som viser omsorg! Det var tillitsvekkande og godt!Takk!
Eg tilgjev så gjerne dei mange spørsmåla om namn!



mandag 1. april 2013

Betalt!

Det er godt å ha pengar på konto når rekningar kjem, og det er ei god kjensle å logga ut av nettbaken og vita at årsavgifta på bilen, bompengar og straumrekninga er betalt. Uteståande krav må jo betalast, det er ingen veg utanom. Difor er det greitt å få ordna opp.
Vi lever i eit rikt land der dei fleste av oss får inn på konto kvar månad til det vi treng, og mange av oss til meir enn det.
Som innbyggjarar i eit av dei rikaste landa i verda kviler det eit stort ansvar på oss, og som kristne er det vår oppgåve å forvalta og å dela. Vi lever ikkje for oss sjølve, men vi er kalla til å bruka oss sjølve og vår rikdom til å tena våre medmenneske, og til å byggja Guds kyrkje på jorda. Bibelen gjev oss tydelege meldingar om dette.
Mange kristne har god struktur på gjevartenesta si, og tiende er ein god tommelfingerregel som gjev fridom for den enkelte, og god støtte til misjons- og kyrkjelydsarbeid. Andre har mindre struktur på gjevartenesta si, og kan gjerne bli utfordra på det.
NMS legg ikkje skjul på at vi treng pengar, og at vi stadig har bruk for meir. Vi har store og ambisiøse mål fordi vi ser at arbeidet vårt nyttar. Men vi er avhengige av pengar.
Foreløpige tal for 2012 viser svikt i innsamla midlar. Vi erfarer at inntektsgrunnlaget vårt er svekka. Vi må difor setja endå større fokus på stabilt inntektsgjevane arbeid, og vi må bli meir frimodige til å be om konkret støtte.  For det finst midlar!
I november var eg på misjonsreis på Madagaskar. Det var flott å oppleva at 350 NMS- kroner kunne brukast til å gje ei ung åleinemor ny kvardag på Madagaskar. Støtte til bakarovn gjorde at ho kunne brødfø seg sjølv og svigerforeldra, pluss tre unge jenter ho hadde i arbeid hos seg. For 350 kr vart ho sett i stand til å betala sine rekningar, og til å hjelpa andre til det same. Det var også meiningsfylt å sjå at 50 000 NMS-kroner, 10% av landsbyutviklingsprosjektet i Marolambo, gjev redusert spedbarns- og barselsdød, at fleire knekkjer lesekoden, at jorda gjev større avlingar og husdyrhelsa blir betre. At kyrkja i byen har blitt for liten, syner at arbeidet vi deltek i også gjev kyrkjevekst.
Det er snart påske! Påske handlar om at rekninga er betalt! Oppgjer og skuldsletting vart på ein underleg og dramatisk måte gjennomført. Det var ikkje med sølv eller gull vi vart frikjøpte, men med Kristi blod, skriv apostelen Peter i 1. Peters brev. Skuldbrevet mot oss vart sletta, skriv Paulus i Kol 2.14. Rekninga for all verdens synder er gjort opp, den vart stempla betalt av Jesus! Dette er den unike bodskapen vi skal formidla ! Ein bodskap til frigjering og oppreisning for menneske i denne verda, ein bodskap som gjev håp og framtid.

 Innlegg er skrive til Misjonstidende sitt påskenummer 2013.

torsdag 21. mars 2013

Treng eit møte med statsråden!

Inga Marte Thorkildsen (foto SV.no)
Eg inviterer meg med dette til eit møte med statsråd Inga Marte Thorkildsen. Målet med møtet er at eg vil at ho skal sjå meg inn i augene og seia at eg valde feil.
Eg har nemlig vore heimearbeidande i 25 år. Fem born har eg stelt med, born som også har gått i barnehage og hatt det fint der, om det skulle vera av interesse! Ho treng ikkje fortelja meg at eg taper pengar på valet mitt, for det veit eg, og eg har naturleg nok visst det sidan statsråden var ei lita jente. Det var difor inga nyhet ho kom med på sjølvaste kvinnedagen, men det er uhøyrt at ho skal fortelja meg via Aftenposten at eg har vald feil! Det må ho få sjå meg inn i augene og fortelja meg!
På møtet skal eg skal fortelja henne enkelt og greit om kvardagen min som heimearbeidande. At eg saman med mannen min har hatt ansvar for borna - at eg har vore fostermor i 18 år, at eg har stelt to funksjonshemma born, at eg har engasjert meg i frivilleg arbeid, fylt stovene med barneforeningsborn annankvar veke gjennom tre ti-år, vore med i skulemusikk og fotballag, delteke i politisk arbeid med medalje frå Kommunenes Sentralforbund endå til! Eg har hatt leiarverv i bispedømeråd og sentalkyrkjelege verv i 8 år, og no er eg landsstyreleiar i NMS  på 5. året. Dersom ho meiner at vi ikkje kan utvikla oss og ha eit meiningsfylt liv ved å velja litt annleis enn regjeringa legg opp til, så blir det faktisk heilt feil!
Men ein ting er vi einige om - eg taper økonomisk og det kan statsråden gjera noko med, faktisk! Så sett i gang Inga Marte - eg er snart pensjonist, så sjå til at eg får ein verdig pensjon!

Så skal eg fortelja henne at eg starta i arbeid utanfor heimen då eg var ca 50, at eg stortrivest som yrkesaktiv i ein alder der mange av mine medsøstre har pensjonert seg.
Men poenget med møtet er altså at eg vil at statsråden skal sjå meg i augene, og sei at eg har vald feil. Eg synes det er dårleg å få ei slik melding via pressa!
Sjølvsagt veit eg at eg ikkje har sendt nok skattekroner inn til felleskassen, men vi kan bruka nokre
minuttar på å laga eit samfunnsrekneskap saman, så skal vi sjå!
Kven som taper økonomisk veit eg!
Det siste eg skal sei henne er at eg gjennom jobben min har blitt kjent med mange flotte KrF-arar som med fordel kan overta jobben hennar til hausten!

PS! Dette skreiv eg 8. mars, men var så pass hissig at eg ikkje vågde å leggja det ut. No har eg redigert litt, og i kveld tør eg!

fredag 8. mars 2013

Kvinnedagen

Eg er kvinne, og er tilfreds med det. I over 60 år har eg levd mitt liv som jente og kvinne, og eg synes livet som kvinne er godt. Då eg var lita hadde eg nok ønskt at det var litt mindre skilnad på gutar og jenter både i leik og alvor. Eg hadde ofte lyst til å leika det same som gutane gjorde, men det var ikkje alltid heilt ok . Det var også litt opprørande å tenkja på at eldste søstra mi var odelsjente fordi vi ikkje fekk nokon bror!  Men vi levde bra med det. Det skal foreldra våre ha ære for. Far sa ofte "kva skal eg med gut når eg har så flinke jenter". Eg vart stolt når han sa det, og vi merka at han meinte det. Så lenge han levde heia han på jentene sine, og framleis når eg står framfor krevande oppgåver så høyrer eg far si stemme inni meg som seier "dette klarar du Kari, berre prøv".
Det er kvinnedagen i dag og vi har fokus på kvinner, likestilling og likeverd. Kampen for kvinner sine likestilte rettar har vore, og er framleis ein viktig kamp. Det er all grunn til å takka dei som har kjempa kampen for likestilling og likeverd i vårt land.
Personleg har eg aldri hatt noko sterkt fokus på kvinnepolitikk. Kanskje fordi eg har vore lokalpolitikar og latt meg inspirera og engasjera av å byggja eit godt lokalsamfunn for alle. Kanskje også fordi eg sjølv har hatt ein trygg identitet, og kjent med verdsett som kvinne på dei aller fleste arenaer der eg har engasjert meg. For meg kan det endå til vera slik at eg har fått verv og tillit nettopp fordi eg er kvinne. Eg ser ikkje bort frå det.
Det som tenner meg til kvinnekamp i dag er å opplever korleis kvinner mange stader rundt i verda har det. Når eg møter jenter og kvinner som så tydeleg ikkje har dei same rettar f eks til skulegang og utdanning som menn, eller at kvinner blir menn sin eigedom, blir utnytta og ikkje har eigne rettar. Då kjenner eg kampvilje og engasjement. Gjennom NMS sitt arbeid for kvinner sine rettar og medverknad i kyrkje og lokalsamfunn rundt i verda, får eg vera med å gjera livet betre for mange kvinner. Det arbeidet er eg stolt over. Eg er stolt over at NMS har "kjønnsperspektiv og kvinner sine rettar" som eit av våre tverrgåande tema i alle prosjekt. Slik er vi på vår måte med å løfta kvinner sitt menneskeverd og sin medverknad.
På reiser til misjonslanda våre har eg erfart at det blir lagt merke til at NMS for tida har ei kvinne som leiar. Mange kvinner eg har møtt har kommentert det, og seier det er til inspirasjon. Eg tenkjer det er bra, men samstundes seier eg tilbake at Norge har ikkje så myke å slå seg på brystet for i høve til kvinner sine rettar, sett i eit litt lengre persektiv. Vi feirer f eks 100 år for kvinners stemmerett i Norge i dag, i 2013!
Ha ein god dag mine medsøstre!

mandag 25. februar 2013

Skrivetørke

I dag skal eg skriva om det at eg ikkje får til å skriva. Eg håpar det hjelper, for eg har noko som må skrivast snart!
Rart dette at orda og tanken ikkje alltid vil vegen ut via tastaturet. Ikkje det at eg lever tankelaust eller manglar ord, det opplevest i alle fall ikkje slik i hovudet mitt. Nei, det surrar ord, tankar og meiningar, tankar til glede og tankar til sut. Tankar eg les om andre sine tankar, og tanker som spinn vidare på det andre seier, ja endå til tankar eg innbiller meg at eg er den første som har tenkt, kan overraska meg. Så då er det er jo berre å skriva.
Men så enkelt er det berre ikkje. Ikkje viss du må skriva, og eg er der at eg MÅ! Om ikkje i dag, så i alle fall i morgon!
I dag er de første vinterferiedagen. Nydeleg vintervårdag med sol på skitne stovevindauge, med sol  over bøar, grantoppar og fjord, ja med sol over alt på Skår. Til og med rett inn på sofaen til den elendige ryggen min som har tenkt å gjera vinterferien litt sur for meg, har den sendt sine varme strålar. Merkeleg forresten det med ryggen, for ryggen min brukar å vera grei den. Eg forstår ikkje kva det er den stressar med no når den kan sleppa både bilsete og kontorstol og berre ha det fint. Det er mulig den tenkjer å minna meg om at "det skal god rygg til å bera gode dagar!" For gode dagar har eg trass i skriveproblem og ein brysom rygg.
Ja, det blir berre dette som kjem på bloggen i kveld og det er skrive med eigenterapeutisk hensikt! Om det fører til at eg får skrive det eg må skriva har eg ikkje blitt overtydd om under denne skriveøkta, men det er i alle høve eit livsteikn frå meg til dykk som seier de saknar nye innlegg på bloggen min (og eg tilstår at det gjer godt for egoet mitt at ein del likar det eg skriv)
Ha ein flott kveld!

mandag 28. januar 2013

Avsporing

Vi likar Tore på sporet! Gripande historiar om menneske som finn sine røter, og som får hjelp til å koma vidare i livet. Programma gjer noko også med oss som ser på, dei viser oss at røter er viktig! At kanskje ikkje alle forsøka blir like vellukka får vi ikkje sjå, men er grunn til tru det.
Kvar vi kjem i frå, kven vi er, kvar vi har våre røter ligg djupt i oss menneske.
Til alle tider har det vore nokon som ikkje har fått visst, mange av dei har levd med eit sakn sjølv om dei har hatt ein god oppvekst. Kjærleik og aksept kan vega opp for mykje, men det djupe spørsmålet -kven er eg - vil liggja der. Difor er det så mange som leitar, og som tek kontakt med ulike "Tore på sporet-instansar".
Det er difor heilt ubegripeleg for meg at vi i vårt samfunn med støtte i norsk lov , skal kunna "skapa" born som ikkje skal få vita kven som er far. At det også pågår ein politisk kamp om rett til eggdonasjon, dvs at ei kvinne kan gje egg til ei anna kvinne, som får egget befrukta og sett inn si livmor, er kanskje endå meir ubegripeleg. Kven blir mor til eit slikt barn?
Det framstår for meg som eit paradoks at vi på den eine sida let oss røra til tårer over dei som endeleg finn sitt biologiske opphav, for så å snu oss trill rundt og meina at det er ok at vi med norsk lov i handa kan skapa born som ikkje skal vita kven som er far, og som får to mødre.
Dette må då vera ei avsporing. Eg er glad for at "Tore på Sporet" har sett det, og gått ut mot denne lovendringa.
Både Ap, SV, FrP og Oslo Høgre går inn for eggdonasjon. KrF og Sp seier nei. Det forventar eg at Høgre sitt landsmøte også seier.

Og så: - Det står i dag stadig fram menneske og grupper som gjer krav på oppreising og ansvarstaking frå samfunn, kyrkje og organisajonar for tap av barndom, livskvalitet og omsorg, og vi blir indignerte over fortida sine val og manglande forståing for borna.
Eg undrast - kven skal stå til ansvar om 30-40 år når dei "foreldrelause" borna vi skaper søkjer sine røter?
At ikkje fleire politiske parti ser dette er for meg uforståeleg. Eg må berre håpa at veljarane ser alvoret i dette.

fredag 11. januar 2013

Kristent kulturarv-vern

Kristen tru og kulturarv er viktig for mange, vi ser det tydeleg både i den offentlege og den private samtalen og debatten for tida. Kyrkja står sentralt som symbol og er formidlar av denne arven, og det verkar naturleg for store delar av den norske folk at slik skal det vera.
Ikkje alle tilhøyrer ei kristen kyrkje, men har eit anna livssyn, og samfunnet skal ta omsyn til det.
Debatten den siste veka etter at Stålsetutvalet har lagt fram si innstilling, viser at dette er ei sak som engasjerer. Eg synest dette er ein løfterik debatt.
Det er løfterikt at vi har ein offentleg, open debatt der vi snakkar om tru og trua sin plass for enkeltmenneske og samfunn. Vi treng ein slik debatt for å løfta fram at tru er ein viktig del av livet, at det er ok å snakka om tru, at det er lov å formidla tru, og at det er lov å skifta tru.
Mange av våre nye landsmenn har eit sterkare trusmedvit enn oss, og dei har sin rett til å leva med si tru også i Norge. Mange av dei er stolte av trua si, og eg tenkjer at vi som kristne har mykje å læra av våre nye landsmenn sitt trusfrimot. Dei fleste av oss plasserer trua inn i eit privat og lukka rom, og mange politikarar arbeider for at samfunnt vårt skal bli livsynsnøytralt.
Samstundes er det mange kristne nordmenn som er urolege for at kristen tru og tusenårig kulturarv skal mista fotfeste i landet, og eg meiner dei gjer det med god grunn.
Det er likevel eit tankekors for meg at vi så lett legg ansvaret for denne forvitringa på andre, og set oss sjølve på sidelinja. Det er så lett å tenkja at det er innvandrarar med andre religionar som er grunnen til avkristninga. Dette er alt for enkelt. Rett nok blir ofte minoritetane sine trusinteresser sett framfor fleirtalet, men det politikarane sine val -  ikkje innvandrarane si skuld!
Difor vil eg meina at det er VI SJØLVE som gradvis har endra kulturarven vår! Det er VI (eg også) som har svikta vår kristne tru, og som har gøymt den inn i eit privat rom. Det er VI som ikkje steller om og vidaredyrkar kristenarven. Litt tabloid kan det seiast slik - vi "dansar rundt gullkalven", og har sett vår lit til pengar og våre mange velferdsrettar, og vi har permitert Gud.
Ein arv som ikkje blir ivaretatt vil tapa sin verdi, og ein kultur som ikkje blir dyrka og stelt om, vil bli historie.
Eg håpar den debatten som går i desse dagar vil føra til eit større medvit og frimod mellom oss ca 80% som definerer oss innanfor den kristne trua i Norge. Vi kan ikkje skulda på våre nye landsmenn,  men vi kan læra av dei. Vi må ta vårt ansvar og frimodig vedkjenna oss vår eiga tru, stå opp for den, og visa kvarandre og nye generasjonar at dette betyr noko for oss. Eg oppfordrar oss til frimodig å ta eigarskap til trua vi definerer oss innanfor. Då ville det ikkje vera fare for forvitring, men kristen tru og kulturarv ville vidareutviklast og bli til glede og tryggleik. At det også vil bli ei meir spennande trusreise er garantert.