torsdag 21. mars 2013

Treng eit møte med statsråden!

Inga Marte Thorkildsen (foto SV.no)
Eg inviterer meg med dette til eit møte med statsråd Inga Marte Thorkildsen. Målet med møtet er at eg vil at ho skal sjå meg inn i augene og seia at eg valde feil.
Eg har nemlig vore heimearbeidande i 25 år. Fem born har eg stelt med, born som også har gått i barnehage og hatt det fint der, om det skulle vera av interesse! Ho treng ikkje fortelja meg at eg taper pengar på valet mitt, for det veit eg, og eg har naturleg nok visst det sidan statsråden var ei lita jente. Det var difor inga nyhet ho kom med på sjølvaste kvinnedagen, men det er uhøyrt at ho skal fortelja meg via Aftenposten at eg har vald feil! Det må ho få sjå meg inn i augene og fortelja meg!
På møtet skal eg skal fortelja henne enkelt og greit om kvardagen min som heimearbeidande. At eg saman med mannen min har hatt ansvar for borna - at eg har vore fostermor i 18 år, at eg har stelt to funksjonshemma born, at eg har engasjert meg i frivilleg arbeid, fylt stovene med barneforeningsborn annankvar veke gjennom tre ti-år, vore med i skulemusikk og fotballag, delteke i politisk arbeid med medalje frå Kommunenes Sentralforbund endå til! Eg har hatt leiarverv i bispedømeråd og sentalkyrkjelege verv i 8 år, og no er eg landsstyreleiar i NMS  på 5. året. Dersom ho meiner at vi ikkje kan utvikla oss og ha eit meiningsfylt liv ved å velja litt annleis enn regjeringa legg opp til, så blir det faktisk heilt feil!
Men ein ting er vi einige om - eg taper økonomisk og det kan statsråden gjera noko med, faktisk! Så sett i gang Inga Marte - eg er snart pensjonist, så sjå til at eg får ein verdig pensjon!

Så skal eg fortelja henne at eg starta i arbeid utanfor heimen då eg var ca 50, at eg stortrivest som yrkesaktiv i ein alder der mange av mine medsøstre har pensjonert seg.
Men poenget med møtet er altså at eg vil at statsråden skal sjå meg i augene, og sei at eg har vald feil. Eg synes det er dårleg å få ei slik melding via pressa!
Sjølvsagt veit eg at eg ikkje har sendt nok skattekroner inn til felleskassen, men vi kan bruka nokre
minuttar på å laga eit samfunnsrekneskap saman, så skal vi sjå!
Kven som taper økonomisk veit eg!
Det siste eg skal sei henne er at eg gjennom jobben min har blitt kjent med mange flotte KrF-arar som med fordel kan overta jobben hennar til hausten!

PS! Dette skreiv eg 8. mars, men var så pass hissig at eg ikkje vågde å leggja det ut. No har eg redigert litt, og i kveld tør eg!

fredag 8. mars 2013

Kvinnedagen

Eg er kvinne, og er tilfreds med det. I over 60 år har eg levd mitt liv som jente og kvinne, og eg synes livet som kvinne er godt. Då eg var lita hadde eg nok ønskt at det var litt mindre skilnad på gutar og jenter både i leik og alvor. Eg hadde ofte lyst til å leika det same som gutane gjorde, men det var ikkje alltid heilt ok . Det var også litt opprørande å tenkja på at eldste søstra mi var odelsjente fordi vi ikkje fekk nokon bror!  Men vi levde bra med det. Det skal foreldra våre ha ære for. Far sa ofte "kva skal eg med gut når eg har så flinke jenter". Eg vart stolt når han sa det, og vi merka at han meinte det. Så lenge han levde heia han på jentene sine, og framleis når eg står framfor krevande oppgåver så høyrer eg far si stemme inni meg som seier "dette klarar du Kari, berre prøv".
Det er kvinnedagen i dag og vi har fokus på kvinner, likestilling og likeverd. Kampen for kvinner sine likestilte rettar har vore, og er framleis ein viktig kamp. Det er all grunn til å takka dei som har kjempa kampen for likestilling og likeverd i vårt land.
Personleg har eg aldri hatt noko sterkt fokus på kvinnepolitikk. Kanskje fordi eg har vore lokalpolitikar og latt meg inspirera og engasjera av å byggja eit godt lokalsamfunn for alle. Kanskje også fordi eg sjølv har hatt ein trygg identitet, og kjent med verdsett som kvinne på dei aller fleste arenaer der eg har engasjert meg. For meg kan det endå til vera slik at eg har fått verv og tillit nettopp fordi eg er kvinne. Eg ser ikkje bort frå det.
Det som tenner meg til kvinnekamp i dag er å opplever korleis kvinner mange stader rundt i verda har det. Når eg møter jenter og kvinner som så tydeleg ikkje har dei same rettar f eks til skulegang og utdanning som menn, eller at kvinner blir menn sin eigedom, blir utnytta og ikkje har eigne rettar. Då kjenner eg kampvilje og engasjement. Gjennom NMS sitt arbeid for kvinner sine rettar og medverknad i kyrkje og lokalsamfunn rundt i verda, får eg vera med å gjera livet betre for mange kvinner. Det arbeidet er eg stolt over. Eg er stolt over at NMS har "kjønnsperspektiv og kvinner sine rettar" som eit av våre tverrgåande tema i alle prosjekt. Slik er vi på vår måte med å løfta kvinner sitt menneskeverd og sin medverknad.
På reiser til misjonslanda våre har eg erfart at det blir lagt merke til at NMS for tida har ei kvinne som leiar. Mange kvinner eg har møtt har kommentert det, og seier det er til inspirasjon. Eg tenkjer det er bra, men samstundes seier eg tilbake at Norge har ikkje så myke å slå seg på brystet for i høve til kvinner sine rettar, sett i eit litt lengre persektiv. Vi feirer f eks 100 år for kvinners stemmerett i Norge i dag, i 2013!
Ha ein god dag mine medsøstre!