mandag 28. mars 2011

Alle reiser er ein omveg heim

På Sola flyplass las eg i dag dette sitatet av Arne Garborg "Alle reiser er ein omveg heim" Det er mykje i det, Eg oppdaga litt av det der eg sto i innsjekkingskøen og tømte sekken og lommer, tok av meg skoa, belte og alt som skulle til for å koma gjennom nålauga. Denne innskjekkinga er forresten eit styr, men eg har blitt ganske god etter kvart, god på system og påkledning. Eg veit at eg treng to kassar til pøet mitt. Første kasse skal ha jakke, belte og lommerusk. Så slengjer eg skoa på bandet. Etter dei sender eg sekken, og så kjem PC-en til slutt i boks nr to, Dei vaktsame blikka godkjenner meg som oftast, og det var ikkje så mykje som eit pip i dag heller. Eg blir alltid så forferdeleg tørst når eg driv på med dette! Kvifor det, tenkjer eg. Eg har funne ut at det er fordi eg ikkje kan ta gratis vatn med meg gjennom kontrollen, og fordi at eg rett og slett skal bli tvinga til å kjøpa meg ei flaske Imsdal eller Olden til 27 kr. Det irriterer meg litt dette, kanskje mykje eigentleg, for berre tanken på det at eg ikkje kan ta med meg ei flaske vatn gjer meg så utruleg tørr i munn og hals.. Det har nesten vorte slik at får litt angst for at mobilen skal ringja, eller at eg skal møta kjennsfolk med slik eit tørt snakketøy. Så må eg kjøpa meg ei flaste då - i dag også. Men det var ikkje dette eg ville skriva om.. Eg ville skriva om at alle reiser er ein omveg heim! Fasinerande dette ordet HEIM. Heim der eg høyrer til, heim til mine og vårt! Heim der eg heilt og fullt kan vera meg sjølv. Heldige meg som trivest borte men som lengtar heim! Omvegen gjennom sikkerhetskontrollen i dag var ei lita reise. Alt det andre eg har opplevd dei siste dagane har hatt ein heilt annan karakter. Krevande og gjevande misjonsdagar i Oslo og Ryfylke. Og så set eg her tenkjer på at eg skulle sete i Amsterdam på veg til Hong Kong og Kina nett no. Det hadde vore litt av ein omveg heim, ein spennande omveg heim. Den omvegen håpar eg eg får ta ein annan gong. Eg ville så gjerne møtt medkristne i kyrkjene der, og lært av dei, lært å vera medvandrar og samarbeidspart, dei og vi i NMS om same sak. Eg ville møtt folket og landet lært om rammene rundt deira liv. Neste gong vil eg ikkje bli hindra. Men heimatt ville eg!! Heimatt til Knut og til heimen vår!

mandag 21. mars 2011

Bygg oss ei blokk

Eg hugsar ein gong då eg på barneforening på Sandnes fortalde om folketettleiken i høgblokkene i Hong Kong, at ein gut tok opp handa og sa: "Tenk om vi hadde hatt ei slik blokk i Masfjorden, då hadde vi hatt plass til alle i den." Det hadde vore effektivt det! Kva skal vi eigentleg med 558 km2 når vi berre er 1670 sjeler i denne kommunen, f eks ? Vi kunne hatt ein skule, ein barnehage, eit butikksenter, ei kyrkje, ja berre eitt av alt. Effektivt. Så kunne hyttefolka hatt alt det andre, turistane og feriefolka frå Bergen og Oslo, og andre lønsame byar, Eller vi kunne rett og slett kutta ut det vi ikkje brukte, sette eit høgt gjerde rundt så vi ikkje såg det ein gong, og lete det bli villmark med urskog og jungel og det som berte måtte vera.
Det er visst slik mange tenkjer. Eg les at byrådsleiaren i Oslo synes distriktssubsidier er feilforvalta pengar, og at Statistisk sentralbyrå seier det er naturleg at bygder dør ut. Det er ikkje samfunnsøkonomisk at vi bur så spreidt lenger. Vi er ein uøkonomisk belastning vi som bur i bygdene. Vi er lite nyttige, med mindre vi har hyttetomtar til sals i kommunar med løyve til hyttepalass på fjellet. Eller om vi har lange urørte strandlinjer som berre lengtar etter kapitalen si boremaskin som kan sprengja plass til sklibane rett frå soverommet og ut i den salte sjøen.

Men bu der? Det er ulønsamt. Sjølvsagt vert det ulønsamt når vi ikkje vil at det skal løna seg.
Nei, plassèr oss alle i blokk, vi få millionane som bur i Norge, men plasser oss ikkje i Norge. Det er då så usentralt! Plasser oss i Kina eller i USA, dei vil ikkje merka at vi kom ein gong. Eller plasser oss i Brussel og gjev oss nokre euro i handa. Kvifor skal vi bu i Norge?

Det er visst slik vi vil ha det, også vi som bur i desse områda. Vi stemmer på FrP, Høgre og Ap. Sentrumspartia som har mykje fokus på distrikt, taper i bygdenorge også. Så får vi ha det slik då, det er ikkje verst for meg, gamal bestemor som eg er. Men dette er verst for dei som skal bli kjent med naturen frå TV, bøker, altankasse og dyrepark, og som skal sjå månen og stjernene kjempa om plassen mellom neonlysa og blinkande reklameskilt.

Seriøst?? Godt å få sagt det :-)

fredag 18. mars 2011

Nyttige facebook


Eg høyrer at ein del som ikkje er på facebook, uttaler seg sterkt om kor negativ denne nettstaden er. Kanskje har dei litt rett... Alt kan jo bli negativt dersom vi brukar det feil. Ikkje det at eg er naiv. Eg skjønar FB kan misbrukast, og at eg har ok venner. Det er så langt eg har erfart folk som vil kvarandre vel, eg har kontakt med. Heldige meg. Difor brukar eg denne nettstaden.

I dag har eg fått mi beste facebookerfaring. Høyr, eller rettare sagt les: For eit par dagar sidan sende eg invitasjon til ein del av mine facebookvenner om å bli med å gje støtte til NMS sitt innsamlingsarbeid for dei jordskjelvramma i Japan. Straks fekk eg kontakt med ein person som skulle arrangere eit større møte i Bergen der dei m.a. hadde tenkt å ha fokus på Japan. I dag kom gladmeldinga på FB, på chatten - ca 40 000 kr vart det samla inn i Betlehem i gårkveld!Fantastisk! Takk til Bergen Indremisjon! Takk til dei som i desse dagar samlar mange hundre til møteaksjon, ein møteaksjon som har same mål som vi har i NMS - å gje evangeliet til stadig nye menneske. Vi er på same lag!

Det kjentes godt for NMS-leiaren å få dette handslaget frå indremisjonen i Bergen! (eg skulle forresten vore på årsmøte i Sandnes sokn indremisjon(!) i kveld, men denne seige influensa held meg heime!)

Og så må eg også takka facebook då, endå det høyres dumt ut, eg innrømmer det - men den vart nyttig denne veka, nyttig for nokon som treng det aller mest!

tirsdag 15. mars 2011

Jordskjelv, radioaktivitet og misjon

Det er svær ting som hender i Japan. Det er som om tanken ikkje heilt klarar å hengja med det vi ser på TV. Dette er ikkje er skrekkfilm, men realitetar, uverkelege realitetar.
Vassmengder som rullar innover strender og byar. Vatn med mange tonns trykk som riv med seg alt, og let alt det menneske har bygd opp, levd av og levd for liggja att på ei gjørmete slagmark. Titusenvis av menneske har mista livet. Uverkeleg. Kreftene i jorda er enorme når jorda skjelv. Kjernekraftverka blir også rista i sine grunnvollar og dei livstruande kreftene innanfor desse betongklossane kjem ut av kontroll. Menneska trur vi har kontroll, i dag er det hektisk og tilløp til panikk! Vi hadde ikkje kontrollen og dei radioaktive verdiane stig.
Menneske et av kunnskapens tre, stadig meir, vil stadig lenger. Det ligg i naturen vår det, men vi kjem stadig til kort ovanfor dei enorme kreftene i naturen. Eg vert audmjuk!
Opp i dette kaoset lever millionvis japanarar i uro, fortviling og spenning.
I dag har NMS vedtatt at våre misjonærar skal reisa til Norge, det blir for utrygt og vi kan ikkje ta ansvar for det. Dette er eit vanskeleg val. Vi kan reisa, men dei vi samarbeider med i kyrkja må vera igjen.
Så set vi her i Norge framfor våre skjermar og ser og tenkjer. NMS ønskjer å gje kyrkja i Japan støtte til det hjelpearbeidet som dei ønskjer å gje til dei ramma. Du kan også støtta det. Klikk deg inn her
Så er vi med folket og kyrkja i bøn - verkar kanskje litt puslete, men Gud kan møta enkelmenneske med trøyst og nytt mot. Det skal vi be om.

søndag 6. mars 2011

Bonden i meg

Har gått tur i dag- langs ein smal bygdeveg og over halvfrosne bøar. Har observert kva naboane driv med, og kjenner at eg står i ein gamal tradisjon då. Tenkjer på barndomen då alle mannfolk var ute om søndagsformiddagen, røykte pipe og brukte søndagsstilla til å observera kva dei sør om garden og dei nord om garden dreiv med. Studerte kyr og jur, hestar og reiskap sommarsdagen, og såg på "veala" og skogsdrift om vinteren.
Slikt har eg gjort i dag - rett nok er eg ikkje mann, og ikkje røykjer eg pipe, men eg registrerar at eg har noko av det same blikket der eg tuslar med tyggegummi i munnen.
Kva har eg sett? Eg har sett hestar på lange bein og som ikkje er skapt for ein Seimsgard, og eg har sett hestar som gjerne ville hatt brukt kreftene litt meir , "kosehestar" fine å sjå på og sikkert også til å ri på i ny og ne. Dei trampa på litt frosen mark i dag. Så har eg sett eit esel i vinternorge, litt malplasset kanskje, men det er no eit artig innslag.Eg har eg sett rund- og firkanta rundballar - nokre her og nokre der. Det har minka litt på dei utover vinteren, men trur ikkje det blir noko vårknipe i år. Eg har sett store traktorar, fleire på kvart tun. Eg har sett villsauer og hundar av ulikt merke som ikkje bryr seg om bandtvang. Eg har sett ein stort nylagt tømmerhaug og ei nyfelt kjempeeik! Likar lukta av skog!
Observasjonen min konkluderte slik: stor aktivitet av unge og litt eldre bønder, dei fleste "hobbybønder". Og eg seier ære være dei som heldt gardane sine (pluss vår) vedlike, ære være dei som har dyr og let oss få lukta silofor, våt ull og hest, og ære være dei som let oss få kjenna oss som bønder innimellom.
Gamal som eg er, tenkjer eg tilbake 50 år. Då budde det mellom fem og ti personar og to til fire generasjonar på kvart bruk utover Stranda. Det imponerer meg å tenkja at dei levde av desse jordstykka, skogen og dyra sine. Det er mest ufatteleg at dei kunne det, men dei klarte seg, og folk vart det av dei(og oss) også. Og om søndagen tusla dei på tur, og lærde av kvarandre og smilte litt av kvarandre.

Det plagar meg at vi ikkje klarar å setja pris på det arbeidet som småbonden gjer i dag. Det uroar meg at vi ikkje skjønar at det er av jorda og havet vi hentar maten, og det opprører meg at dyrkbar jord og endåtil fulldyrka åkrar vert lagt under asfalt for å tena økonomisk vekst og velstand.
All ære til hobbybøndene som held jorda si i hevd og som let born veksa opp med lukt av hest og silo. Dei skulle hatt statsløn! Kven kan gjera noko med det?