onsdag 26. desember 2018

Heime

Middagskvil på ein 2.juledag!

Syntes eg høyrde stega
som ikkje var der
Syntes eg høyrde praten 
som berre eg kunne høyra

Brått vart eg ungjenta
på sofaen i skumringstimen 
med juletreglansen
i stova
som skapte den gode ungdomskjensla
av å vera HEIME

Ei lita lukkestund
med takk for det som var
og med takk for det 
gode som kan finnast att
i skumringstimen 
I julelys glans 

lørdag 15. desember 2018

Saxofon i gravferd

Klokkene tonar ut
Nokre sekund er det kyrkjestille
Det er gravferd - det blir stille då

Så tonar saxofonen frå galeriet
"Jeg vil heller ha Jesus enn perler og gull"
Saxofonen er i gravferd.
Eg kjenner melodien
Jeg vil heller ha Jesus
I ei gravferd

Vakkert, sterkt og sårt som berre ein saxofon kan uttrykkja det
Lyden breier seg gjennom heile meg
Tårene kjem
"heller ham enn de skatter som smuldrer til muld"
I ei gravferd

Orda høyrde ingen
det var ingen ord
berre tone
Tonen frå saxofonen
"Jeg vil heller ha Jesus"
Eg kjenner orda
Det gjorde nok fleire enn meg også
Vi song den frimodig i unge år
"enn ha kongemakt og en fyrstes prakt
men i lenker være lagt"
Melodien er sår på denne linja - inne i meg
Saxofonen ropar det ut
Likevel
alt blir så rett
så vakkert
så sterkt

Og då kista vart bore ut
spela saxofonen
glade tonar
"Å, hvor salig å få vandre hjemad ved vår Faders hånd"
medan vi fylgde vår ven som hadde vandra heim
"Her vi skilles fra hverandre"
Vi erfarte det

"Herlig sangen der skal bruse
sterkt som lyden av en mektig flod
Ære være Gud og Lammet 
som oss kjøpte med sitt blod"

Saxofonen jubla for håpet
I ei gravferd

Gravferd for Ottar Vikane i Austrheim kyrkje 13.12.18
Saxofon: Kjell Bergsvik
Begge to vener frå ungdomstida.

tirsdag 11. desember 2018

Stormen lovar ingen ting

Meiner så sikkert eg høyrde fjellbjørka si bøn til stormen då vi køyrde over Haukeli på fredag.
Alt var froststille, snødekt og vakkert.

Ei einsam, vakker fjellbjørk
høgt oppe på Haukelifjell
Ho bar si kvite snødrakt stolt
og alt var fredfullt, stilt og godt

Ho sa:
I vår så var eg ung og grøn  
eg kjende meg så mjuk og sterk 
og alle tykte om meg slik
Men hausten kledde prakta av
og eg vart naken
grå og kald

I dag kom snøen, vakker, mjuk og kvit
den la seg tett omkring meg
eg kjenner meg så trygg

Eg bed deg
kalde vinterstorm
Spar kappa kvit 
når du kjem hit
Lat meg få stå 
med kåpa på
til vårsola drypper 
den leikande av
og eg på nytt 
vert mjuk 
og grøn 
og ung 

Men stormen lovar ingen ting


tirsdag 20. november 2018

"Mitt liv - min kropp"

Ho skreiv eit innlegg på den store aksjonslaurdagen
La det ut på facebook
men sletta fort
Orka ikkje sjå det på "trykk"
Vart for feig
Høyrde alle motargumenta før ho såg dei
Orka ikkje debatten
Ropa "min kropp - mitt liv"
gjorde henne redd

Ho - ei 70-årgamal kvinne
bar i sine unge år fram tre liv frå sitt liv.
Var dei hennar kropp?
Var dei hennar liv?
Eller lånte ho dei berre eit rom?

To av dei, som alle tre vart fine små gutar, høyrde inn under "diskriminieringsparagrafen"
Dei var "ikkje levedyktige" meire enn 4 - 5 år
Denne delen av "hennar kropp" ville bli vurdert som "svært belastande" for henne
Ingen tvil om det
Hjelpeapparatet sto klare med den enklaste løysinga
Det er "din kropp - ditt liv"

Pulsen hennar slår kraftig medan ho skriv
Vil ho våga å dela i kveld?
Vil ho våga å sei at det ikkje var hennar kropp eller hennar liv?
Vil ho våga å sei at det var dei som vart hennar liv?

Kan ho sei det utan å døma?
Legg ho stein til børa?
Til si eiga bør?
Til andre si bør?
Ho spør seg om det i kveld også

Ho skjønar at det er vanskeleg
Men ho skjønar likevel ikkje at det var "hennar kropp" "hennar liv"
Men det vart hennar liv
På godt og vondt
Og ho takkar
og ho gret framleis over at det vart det.

onsdag 17. oktober 2018

"Støvets alder"

Ho reiste med gitaren sin innover den trange fjorden med båt - båten som ho alltid syntes likna på eit gamalt strykejern!
Det var lenge før holet i fjella og vegen kom langs fjorden.
Saman med nokre andre skulle ho på misjonshelg til den tronge dalen.

Ho hugsar ikkje så mykje frå reisa. Men to ting hugsa ho.
Det eine var at ho var ung og og alt for svolten til å gå til sengs -  at det var alt for tidleg å eta siste måltidet kl 1800!
Det andre, og som gjer at ho skriv dette, var at ho fekk ein liten lapp med ein song på der inne i dalen.
Ho fekk den hjå ein gamal mann - ein svært så gamal mann syntes ho.

Første verset på songen var slik :
"Sytti år er støvets alder
Høstens time inne er
Blomsten visner, løvet faller
Lik en blomst er livet her.
Lengsel etter ro og fred.
Stilt vi synker hen og glemmes,
for i moder jord å gjemmes."

Ein underleg song å få syntes ho.
Ein nitrist song eigenleg, som ho undra seg storleg over at han gav til ein 19-åringen!
Ho ville ikkje tenkja på å bli 70! Det var ei lang æva til syntes ho.

Dei siste dagane ha ho gått og nynna på den første linja.
Ho har smilt litt, tenkt litt, og lurt på kvifor ho fekk denne songen.
Svaret veit ho jo ikkje, men det må ha vore noko med gitaren kanskje.
Kanskje han tenke at ho skulle syngja denne for dei eldre, og minna dei om "livets forgjengelighet"?
Ho gjorde aldri det, men lika å finna lappen att inn i den svarte songboka si.

Og så kjem ho på dette minnet og denne songen no når ho no har runda 70, og for alvor har  kome inn i "støvets alder".
Hennar erfaring er forresten at støvets alder starta for lenge sidan - alt ved det første skriket inn i verda
Heile livet minnar om det sårbare livet!
Men,  hausttid er hausttid.
Ingen kjem utan om det, ikkje ho heller.

Likevel - som 70-åring opplever ho at livet er rikt og fullt av gode livsfargar.
Ho tilstår at ho stundom kan lengta litt etter meire "ro og fred", men ho vert fort rastlaus om freden varer for lenge. Ho har framleis mykje ho vil i sine "gylne år" - i sine oktoberdagar, som ho likar å kalla det.
Det takkar ho for, og ho ber til sin Gud om helse og krefter til framleis å få leva med oktoberfargane sine varme fargar over livet - i trygg tru og tillit til han som styrer hennar vesle liv.
Støvets alder vil ho ikkje kalla det.

søndag 14. oktober 2018

Lasarus og eg

Eg har høyrt ein sterk historie i dag
i kyrkja her på Seim.
Den handlar om å
- vera rik
- og fattig
- og om å byta rolle

Byta rolle utan høve til å byta ein gong til

Lasarus, som låg utanfor porten full av sår,
vart boren til "Abrahams famn"
Den rike mannen brydde seg ikkje
før det var for seint
- utan nokon utgang eller ny inngang

Den rike mann
utfordrar meg veldig
rik som eg er
(Lukas 16. 19-31)

Redninga kan seiast slik:
"Intet er vårt. Alt er ditt. Alt er vårt i deg."
Du sender ditt ord, lar Ånden gå ut, og alt blir nytt
Intet er vårt. Alt er ditt. Alt er vårt i deg.
Et rike er skjult, blandt steiner og støv, en nedgravd skatt
Intet er vårt. Alt er ditt. Alt er vårt i deg.
Og verden er din, Dens nød er ditt rop, Det kaller oss.
Intet er vårt. Alt er ditt. Alt er vårt i deg.
I fattiges hånd skal gaven bli lagt som er fra deg
Intet er vårt. Alt er ditt. Alt er vårt i deg.

Salme av Anders Frostenson omsett av Eyvind Skeie

lørdag 22. september 2018

Eg blir med!

Det er så mange meiningar.
Så mange kloke og mindre kloke og velmeinande råd.
Det er så mange spådomar om
kor katastrofalt det blir om KrF vel slik eller slik.
Det er heiarop, og stygge og uverdige ord der ute,
og det er innmeldingar og utmeldingar her inne.

Kjære partivenner:
Partiet har på demokratisk vis vald ei leiing.
Leiinga har involvert heile organisasjonen i prosessen vi er i.

Til slutt blir det partileinga sitt tunge ansvar å finna veg!
Eg har mi meining og mitt ønskje.
Alle vil ikkje få det slik vi helst vil!
Men kjære godtfolk -  verda går då ikkje under om det blir eit steg 
til høgre, eller om det blir eit steg til venstre!

Eg skal tola konklusjonen fordi eg er med i eit demokratisk parti
som set menneskeverdet og dei svakaste i sentrum.
Eit parti som byggjer på, og hentar sin inspirasjon frå dei kristne verdiane.

Lukke til Knut Arild og heile ditt råd!
Eg er stolt av dykk, men misunner dykk ikkje ansvaret.
Og - eg blir med på vegen de finn best for KrF!


søndag 16. september 2018

Barndomstankar

Historia om enkja i Nain sette seg tidleg fast i minnet hennar.
Den vesle jenta kjende på sorg og medkjensle med denne kvinna som var utan mann og utan son.
Døden var berre så skremmande og så ubegripeleg.

At Jesus kom og gav livet tilbake synes ho sjølvsagt var fint, men samstundes synes ho det også var underleg, ja endå til litt skremmande.
Ho hadde opplevd at dyr døydde, og at dyr vart slakta. Det var liksom slik det skulle vera sjølv om det stundom var trist. Men ho levde sin barndom utan sorg og død tett innpå seg.
Men ho visste om enkja i Nain. Høyrde historia omatt og omatt, slik dei fleste born i hennar barndom gjorde det.
Historia brende seg fast, og alt vart plassert og skjedde i hennar vesle nærområde.

Etter at ho flytta heimatt til barndomslandet, går ho ofte tur gjennom sitt barndoms Nain.
Så godt som alltid blir ho minna på at det er Nain ho passerer -  der nede på Totlandsvika.

Hennar Nain er i eit lite, ubetydeleg område nede ved sjøen, mellom gardane Skår og Totland.
For å koma dit har ho først kome seg over dei glatte steinane i sjøkanten, forbi nausta på Skår og inn på ein liten bakke. Ei lita elv finn sin veg til sjøen der, og ei lita no øydelagt grind, opnar vegen til Totland.

Og nett der, ved hennar Nain sin byport, var det dei møtes.
Grinda er "byporten".
Gravfølgjet kom ned den vesle lia frå Hestebotn, og ned bak hytta til Bøen. Dei fylte dalen, for det var mange som fylgte enkja, høyrde ho lese. Det synes ho var godt. Enkja var ikkje åleine i sorga.
Dei var alle kledde i svart, slik ho hadde sett det på gamle bilete av gravfylgje. Slike bilete hang  stundom på veggar i gamle hus, hadde ho sett.
På den vesle bakken stoppa dei - nesten fram til byporten!

På den andre sida, ned frå Totland kom eit anna følgje. Dei hadde nok sett det koma, dei som stoppa nede på bakken.
Ein mann i lys kjortel gjekk fremst. Det var Jesus. Denne underlege mannen som jenta trudde på. Rundt han kom det læresveinar. Dei var brunkledde menn. Så kom det born og vaksne.
I dette fylgjet var det også mange, minst heilt opp til det store asketreet rakk flokken deira.

Så møttes desse to fylgja ved byporten hennar - den vesle grinda, som dei kalla eit le.
Sjølve underet skjedde utanfor eit av nausta, eit naust med ein annleis båt inni - ein båt ho aldri hadde sett på sjøen.
Mannen i den lyse kjortenen "fekk inderleg medkjensle med enkja" høyrde ho.
Ho tenkte at det var fint at han gjorde det! "Gråt ikkje" sa han - det brende seg fast. Ho lika ikkje at vaksne græt - hadde nesten aldri sett det.
Så skjedde det - Han med den store medkjensla tok guten i handa og ba han reisa seg opp!
Og guten gjorde det!!
Og der stoppa tanken hennar - der stoppa historia hennar. Ho ser ikkje for seg meire!

På denne hausthalvåret sin påskedag, har småjentetankane og bileta fått plass på nytt. Ho har gått turen til sitt Nain, lytta til gudsteneste og fått fornya tru og håp!

Han med makt møter vår maktesløyse med medkjensle, sa presten i dag.
Hans makt over døden gjev håp for den som trur, og i glede over dette syng ho med Svein Ellingsen i dag:

Døden må vike for Gudsrikes krefter
Livet er gjemt i et jorddekket frø
Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve
Se, i oppstandelsens lys skal vi dø!

onsdag 5. september 2018

Tretankar

Rart at det går an å bli så glad i eit tre
Eit heilt alminneleg, gamalt bjørketre
Eg har eit slikt, og i dag har eg sete lenge ved det treet

Eg finn ro der
Likar å fylgja dei mange blada som dalar til bakken ein septemberdag
Frydar meg over fargane - dei varme haustfargane
Eg studerer klatreruter oppover - heilt til toppen
men eg testar dei ikkje
Eg treng ikkje klatra
Trur ikkje eg er eit klatremenneske
sjølv om eg har prøvd nokre toppar
Eg trivs med føtene på jorda
meiner eg sjølv i alle fall
Men kven trur vel at dei klatrar?

Så likar eg å tenkja på barneføter som har klatra her
Fleire generasjonar
Det er meistring i slikt
og små barneføter treng å meistra
treng å koma seg opp
Eg unner alle smågutar og jenter eit klatretre
Eit tre der dei lukkast
Eit tre med nokre skrubbsår og sundrivne bukser
Det er sunt det
Veldig sunt

Slik gjekk tankane i dag
under treet mitt i septembersola

Så har eg sendt ei stille bøn oppover
om at treet mitt overlever nokre hauststormar til
For eg har framleis små klatrarar som ikkje har klatra der endå

Til slutt ønskte bestemora at treet må få stå der så lenge ho
har føtene på denne jorda.
Og det sa ho høgt i dag!

søndag 12. august 2018

Øyvind


Deler eit vakker, trygt og trist dikt om vesleguten si siste stund.
Det er skrive av Laila Dåvøy, som var sjukepleiaren som fekk fylgja han det siste stykket.

Kvifor eg deler dette?
Fordi det er så vakkert - så trygt om noko som var så vondt, og fordi det handlar om MENNESKEVERD og tryggleik i møte med døden!
Vi er så takksame for at det var nett Laila som "bar" vesleguten vår over grensa.

Tenk at ho, 36 år etter det skjedde, kunne skriva dette, og ville dela det med oss! 
Eg har fått lov å dela det!

Takk gode Laila! 
Diktet heiter Øyvind!

Øyvind

Du lå trygt i armene mine
Du vakre og syke gutt
Du lukket øynene dine
Jeg ante at snart var det slutt

Du lå der så stille og rolig
Så avslappet i min favn
Det slo meg at jeg trolig
Fikk bære deg trygt i havn

En tåre kom langsomt ned kinnet
Var den et tegn fra deg
Ville du gi meg et minne
Si at nå drar jeg i vei

Tåren var blank den var vakker
Den var ikke vond den var god
Jeg glemmer den aldri og takker
For at jeg var der og forstod

Jeg lærte at livet må leves
På godt og på vondt slik det er
Og intet liv leves forgjeves
Gir glede til de vi har kjær

Ditt liv ble så kort her i verden
Men nå er du evig og fri
Til himmelen gikk siste ferden
Til han som kan alle befri

Laila Dåvøy – 13.10.17

lørdag 28. juli 2018

Sommarnatta

Dagen seglar varm mot natta
Sola skin svalande
Lufta er stille
og legg seg tett inntil meg
Let den sommartrøytte kroppen
- og tanken få ro
Eg vil kvila her
Sova under sommarnatta sine svalande strålar

lørdag 30. juni 2018

fredag 8. juni 2018

Med vasskanna

Forsona og vemodig
undrande og tenksam
med ei vasskanne i handa
i sommarvarmen
vatnar ho blomar
til slekta før seg
i fleire ledd
- og til slekta etter seg

Steinane har namn
somme nesten utviska av tida
og mose gror
- både på gamle og unge steinar

Namn må bleikna
mosen lever sitt eige liv
blomar må vatnast
- den korte tida

Steinar lever ikkje
steinar skal ikkje døy

Livet lever
difor døyr det
Håpet er levande

søndag 20. mai 2018

Stien

Ein smal og fin sti
eg aldri har gått
fann eg i dag

Mange har gått her
opp og ned
ned og opp

Stien
gav ei god kjensle av å høyra til

Mange av slekta har gått her
forma vegen
funne fram til kvarandre
Frå Fosse
til Nybø på Nedre Sagstad

Sti mellom slekta
Føtene deira
har gått her
Opp og ned
ned og opp

Eg veit at dei gjerne møttes
Mor fortalde det slik

Barneføter sprang opp til "bestefarFosse"
Bestefarsføter
gjekk ned til barneborn
Dei var 12 i talet der nede

Eg trur han løfta dei små opp
med smedhendene sine
og sette dei på vadmålsbuksefanget
Strauk dei over håret
og snakka fint med mor deira,  Ingeborg-jenta hans

Det var mor sin "bestefarFosseveg"
eg fann

Og stien var full av
røter.


tirsdag 1. mai 2018

På ein 1. mai!

I dag er det 55 år sidan Kåre i Skare kom heim til oss og avtalte - med far - at eg skulle starta som butikkdame på Seim Handel så snart framhaldsskulen var slutt!

Far og eg hadde vore ute heile dagen med vårarbeid på garden, og vi var innom for å få oss mat.
Eg hadde skitne arbeidsklær på meg, og ville ikkje møta Kåre slik.
 - Eg kan snakka med Kåre sa far, og dei sette seg i søre stova - eg sette meg innfor døra i den nore stova og prøvde å lytta. Vi visste kvifor han kom.
Far visste kva eg ville. Han visste at eg var så skulelei og skuletrøytt etter eit ganske krevjande framhaldsskuleår, at eg ikkje orka tenkja på å starta på ungdomsskulen til hausten. 
Vårt kull fekk tilbod om å starta saman med klassen under oss på den nyinnførte ungdomsskulen. 
Det ville blitt to år til på skule, og eg makta det ikkje.

Heldig var eg som hadde foreldre som skjøna, og at det på den tida var andre utdanningsvegar å sjå for seg når ein vart litt eldre.
- Du kan arbeida hjå han Kåre til du er 17 så kan du reisa på folkehøgsskule. Der vil det opnar det seg nye vegar for deg, sa far og mor! 
Eg trudde på dei, og starta hjå Kåre 20. mai 1963. Eg slutta seinsommaren 1965 for å reisa til Frekhaug på folkehøgsskule.

Eg lærde mykje desse to åra. Med kvitt forkle møtte eg bygde- og byfolk. Lærte nye folk og skikkar å kjenna, og stifta kjennskap til nye varer, lukter og smakar. 
Eg smurde nistepakke til svoltne BNT-sjåførar, og visste kva drops og tobakk dei ville ha! Eg var "mobiltelefonen" til Nils Torsheim når bussar og mjølkebilar skulle stoppast, og eg fylte diesel på bussar og varebilar i mitt kvite forkle, og eg var barnejente for dei to herlege borna til Kjellaug og Kåre.

To lærarar var ofte innom butikken for å handla. Ofte sa dei til meg: Skal tru kva det blir av deg Kari - kva hylle kjem du på i livet? 
Eg veit ikkje om det var uro eller forventning i stemma deira, og det undra meg at begge to var så opptatt av dette. Eg hadde min plan, men den delte eg ikkje med dei.
- Ikkje bry deg om det, sa dei heime når eg fortalde dette,  - du kjem til å klara deg.

Mange gongar seinare har eg tenkt - var det eit klokt val eg tok? For det var mitt val!
Eg trur det, også i ettertida sitt lys. Det vart rett nok inga formell utdanning på meg. Stundom har det hemma meg, gjeve meg mindreverdskjensle og gjort med utrygg. Andre gongar har det gjort meg stolt. Eg har endå til klart oppgåver som kanskje har vore i største laget, og hatt eit meiningsfylt liv.

I dag er eg takksam til både foreldre, Kjellaug og Kåre og andre vaksne som trudde på den unge jenta, og som såg henne som ein vaksen alt før ho fylte 15 år!

Utdanning er viktig, men eg har stor respekt for dei som ikkje orkar minimum 13 samanhengande år på skule. Eg er ikkje sikker på at det er klokt at det skal vera slik for alle.
Ein er ikkje tapar om ein kan oppleva det slik!
Eg går med ei uro over at vi styrer dei unge så lenge at det fører til resignasjon, motløyse og dårleg sjølvbilete.
Difor ønskjer eg på denne 1. mai å slå eit slag for dei skuletrøytte. Lat dei få koma i arbeid, bruka kropp, hovud og kreativitet ved å gjera noko dei opplever som meiningsfylt og nyttig saman med vaksne. 
Skulle ønskja at mange skuletrøytte ungdomar vart både lønsmottakarar og skattebetalarar tidlegare enn dei fleste blir det i dag! Det trur eg både dei og samfunnet hadde tent på!

fredag 27. april 2018

Kvitveisen frys

Kvitveisen står bort i bakken
og frys
Alle kvitveisar frys
når den eine frys
trur eg
Treng det bry meg

lørdag 21. april 2018

Håpsblome

"Blomar veks i såret", seier Aa.O. Vinje
"No spirar det fram, merkar du det ikkje", spør profeten

Er det slik det er
- merkar vi det ikkje?

Blomar i såret
Ein doggblank blome
med tårer
Ein livskraftig blome
med frø i
Frå såra
- merkar vi det ikkje?

Såra merkast
"ær på ær etter sår på sår", skriv Vinje
Vi ser dei!

Men "blomar veks i såret"
Noko nytt spirer fram;
ein blome med tåre
ein blome med frø

Ein blome med håp!

God helg!

søndag 15. april 2018

Blå tå

Med ei idl og blå tå
kan eg ikkje gå
skona vert for små
eg får dei ikkje på

Om grudn kan eg seia så
ein vase tong fadn minste tå
og farga hedne raud og blå
og eg får ikkje skona på

I måro må eg ut å gå
så då lyt skona jammen på
eg trur eg malar tånæ grå
då får eg sikkert skona på


søndag 8. april 2018

Lukkestunda

Lukkestunda
kan ikkje fangast
hastig som den er

Lukke er smilet i tåra
og varme i kulden

Lukke er blikket som såg
og hender som møtes

Lukke er tonen
som finn hjartestrengen

Lukkestunda
kan ikkje fangast
flyktig som den er

Lukkestunda
kan gøymast
varig som den er

søndag 1. april 2018

Den tredje dagen

Vi hadde visst gløymt det
Han hadde då snakka om den tredje dagen
men det var ikkje i tankane lenger
Forvirringa var for stor
og grava den var tom

Så var han der på nytt
Levande, ukjent og kjent
Mange fekk møta han
og vart oppstodevitne
Ikkje alle omstridte sanningar har hatt så mange augnevitne

"Det er fullført", hadde han sagt på krossen
Soninga måtte fullførast og
dødens makt måtte brytast
av Gudssonen
på ein kross og
frå ei grav

Han hadde sagt "eg lever og de skal leva", og
"den som lever og trur på meg skal leva om han så døyr"

"Troens øye ser det, han gir liv og fred"
Du forunderlege Herre
Takk for det fullførte!

fredag 30. mars 2018

Det er over- dagen

Det er over
Han tapte
Det er "det er over- dagen"

Krossen er tom
Meisteren er lagt i ei grav

Det er dagen for sorg og reorientering

Kan det ventast noko meire, kan det vel undrast
Dagen er ikkje dagen for dei store orda

Hadde eg vore mellom dei som trudde på han
gjekk eg nok sorgtyngd frå Golgata langfredagen
Hadde eg teke han for ein spottar
ville eg kanskje tru at eit problem hadde vorte løyst

Men orda frå krossen
ville fylgt med
Som eit gryande håp eller ei vaknande uro

"Det er fullført", hadde han sagt
Kva tydde det?
Det måtte nok grunnast på dette på denne "Det er over- dagen."

søndag 25. mars 2018

Om eg var der

Om eg var der -
hadde eg hylla han
eller hadde eg vendt meg bort?
Hadde eg kjent glede
eller hadde eg vore ein av dei ansvarlege
som kalla saman mitt høge råd?

Kven var denne palmesøndagsmannen?
Kva hadde eg gjort om eg var der?

Hadde eg funne palmegreiner?
Hadde eg teke jakka av meg
og lagt den for føtene hans,
eller ville eg rista på hovudet
og kjent vreide i hjarta?
Ville eg sendt han bort
eller ville eg hylla han?

Det kan eg ikkje svara på.

Men underleg nok, i dag kan eg sei med gravvaktene
"Sanneleg, han var Guds son!"
Han er verd vår takk og våre "palmegreiner"!

torsdag 15. mars 2018

Å få sagt det

Med fare for å falla for eigen dom og glorifisering av ei anna tid, deler eg dette! Ikkje noko stort åndsverk, men eg seier som karane ved mjølkerampen : "Godt å få sagt det"(og facebook vil eg jo ha...)

Gjev meg ein god gamal mjølkeramp
og karar med meiningars mot 
som syns det er godt å få sagt det 
som treng å få kjenna dei sa noko stort

Gjev meg eit kvinnfolk med forkle
som ymtar om mykje og mangt
som sladrar og kviskra og bløffar
og lett kjem med verda på kant

Ta frå meg ei lettvindt facebook 
med styggaste tankar og utenkte ord
som enkelt og frekt svertar andre
og trur den er klokast på jord

onsdag 7. mars 2018

Nebbet mot nord

Om eg var ei erle
ei lett lita erle
Då hadde eg starta 
returen mot nord
For tida er inne
til gratis å finne 
første billett og snu nebbet mot nord

Eg er inga erle
inga lett lita erle
Eg er 'kje i syden
treng ingen billett
Eg er her og lengtar
frys litt og ventar
at erla gjer rett og snur nebbet mot nord 

Kom hit vesle erle
du trippande erle
I går så skein sola
i dag så fell snøen
Men dette går over
og visst vert det vårver
når du tek til vett og snur nebbet mot nord

søndag 4. mars 2018

Draumen

Frå det gøymde
med natta og svevnen
kjem dei stundom
- i draumen

Meir enn eit bilete
meir enn ein tanke
er draumen
Så levande 
i dyrebare sekund

Dei som er gøymt
er ikkje gløymd
i mor sin tanke og sinn

Stundom takkar ho for draumen
- og ein gong er det ingen draum!


onsdag 28. februar 2018

Lyset og kulden

Takk for dagen - for sola og lyset!
Takk for lyset som skin på skitne vintervindauge.
Det er heilt greit i dag!
Lyset er godt for sjel og sinn!

Ute er det isande kaldt.
Det gjer ikkje noko kan eg tenkja, eg som har mykje ved og ei varm og god stove.

- De kan godt vera svoltne ei stund, men at de frys - det likar eg ikkje, sa mor når vi kom kalde og frosne inn frå vinterdagen.
Så varma ho tjukke leistar på omnen, og la strykejernet eller ein varm murstein i sengene våre.

Tanken på dei som frys på gater og i skur når natta snart kjem, snik seg inn i stovevarmen min.
Eyvind Skeie si bøn, som avsluttar seks av dei sju versa i salmen "Vi er barna fra Betlehem" surrar i meg. Bøna er denne "Gud hjelpe alle som fryser".

Skulle ønskja han som styrer vintersola hadde ekstra varme med til dei som frys!
Godt å vita at han i alle fall har ein del folk, senger, kyrkjer og stader med omsorg og varme til dei som manglar varme når den iskalde natta kjem!

Eg skal så sanneleg ikkje klaga over avslørte skitne vindauge.
Ein kan avslørast for verre forsømmingar enn vindaugsvask!

lørdag 3. februar 2018

Februargreina

Nakne, svarte vintergreiner
har si lukkestund
i skumringstimen
når februarsola spelar opp  
med ein himmelglans
som får kvar grein og kvist
til å kjenna seg
sett
og
vakre
der dei strekkjer seg 
oppover 
som stolte
mottakarar av natta


tirsdag 30. januar 2018

Forståsegpåarar

snakkar
pratar
meiner
kommenterer
synsar
diskuterer
vurderer

så mykje tid
så mange ord
om det som er
om det som ikkje er
om det som kanskje aldri blir

lånar likevel øyra
i håp
om at
noko godt er sant og
mykje vondt er feil

kven kan vel forstå denne verda...

onsdag 24. januar 2018

Høyra og hugsa!

Har nett lese ein artikkel om å høyra og å hugsa!
Den gav meg som hørselshemma nye perspektiv. 
For å sei det enkelt så var konklusjonen at den som høyrer dårleg, også hugsar dårleg.
Dette fordi ein brukar så mykje energi på å få ting med seg
at ein kjem på etterskot i det som vert sagt. Av den grunn får
ikkje hjernen tid til å lagra det som vert høyrt! (Luthersk kirketidende 19.01.18)

Kanskje er det slik. 
Dette synes i alle høve å vera ei forståeleg forklaring for det "å ikkje hugsa",
sjølv om dette neppe er heile forklaringa for ei som går i sitt syttiende år.

Eg minnest han Anders på Høyen, smeden i min barndom, sa det slik:
"Det er ikkje det at eg høyrer så tungt, men eg høyrer så mykje seint."
Han sa ikkje noko - så langt eg veit - om å hugsa, 
men det å høyra seint, er nok noko mange hørselshemma opplever.

For tida høyrer vi at somme i det politiske miljøet ikkje hugsar!
- Dei beklagar, men dei hugsar ikkje. Same kor mykje dei tenkjer,
samsnakkast og hjelper kvarander, så er det ting som er blåst ute av minnet!
Men i dag synes dei det er "heilt forferdeleg" om slikt skjer - det som dei ikkje kan hugsa at dei har høyrt noko om!

For meg er det ikkje vanskeleg å skjøna at ein kan gløyma, eller at ein "høyrer seint"! 
Men somme ting brenn seg fast - sender pilar inn i hjarta og mage, og får tårer til å spretta 
fordi det er så vondt, så feil, så uhøyrt!
Somme ting høyrer vi med heile oss, ikkje berre gjennom øyrene!

- Men noko vanskeleg, leit og vondt er blåst bort av minnet til desse røynde politikarane! 
Somme ting som har blitt fortalt - ting som burde setja så djupe spor i eit menneske at ansvarskjensla vakna og sette ei leiing i aktivitet, det kan ein diverre ikkje hugsa! Det er ikkje logisk!!

Og om det er dårleg hørsel som spelar minnekortet "eit puss" så er kanskje det det minste problemet!

torsdag 18. januar 2018

Fuglane

I dag kom dompappen.
Han har vore fråverande på fuglebrettet i heile vinter.

Han er stilig, dompappen,
og eg ser at han veit det.
Stolt og rak sette han seg på toppen av brettet,
såg seg om, og tok kontroll.
Meisene skvatt seg unna,
alle unntatt spettmeisa.
Den lever sterkt på sitt lange, spisse nebb!
Også desse skapningane kjenner til rang, makt og stas!

Men meisene er i fleirtal i buskene her på tunet,
og i skrivande stund er det dei som rår.
Lauvmeis, bladmeis, kjøttmeis og blåmeis!
Men også dei flyktar for meisa med det store nebbet.

Eg saknar grønfinken - dei kom i flokkar,
og bokfinken som kløyver solsikkefrøet så enkelt.
Og så saknar eg spurven,
den enkle spurven, som var som eit husdyr å rekna
utanfor fjøs og bakeri i "gamle dagar".
No finn eg dei berre litt malplassert, inne på kjøpesentra.
Kanskje eg må kjøpa litt mjøl!

Og så kjem svarttrosta.
Det likar eg ikkje, og undrar meg på kvifor.
Men den er for stor til å koma inn på bretta,
og må finna seg i "å metta seg" av det som fell frå
dei " rike (små) sitt bord"!
Det vart jo ein fin tanke!!
Eg smiler litt her eg set - men kanskje eg ikkje skulle det  -

Og rundt dei alle fell snøen tett.
Eg sit varmt og godt innanfor glaset.
Har det stemningsfult og fint.
Ser, tenkjer, undrast og "pratar ned" til deg - det eg ser!

Og så tenkjer eg at det ikkje er det verste eg kunne gjera på ein dag som denne!
"Sjå på fuglane under himmelen" (og på fuglebrettet).


lørdag 13. januar 2018

Avslørt

vintersola
sine
låge kalde strålar
avslører -
skin ærleg
på det vi ikkje vil sjå

ikkje berre hjå dei hine

søndag 7. januar 2018

Frå minneboka

Ho hadde reist med nattbåt før, og hadde gjort seg sine erfaringar med den reisemåten. Den unge misjonsdama med kvit koffert, gitar og lysbileteapparat hadde tråla bygder, byar og dalar i dei to fylka ho hadde som arbeidsområde. Ho lika ikkje å reisa med buss, bilsjuk som ho alltid vart.

Med båt var det annleis, ho hadde vore heldig med veret på turane sine. Minuset med denne reisemåten var at natta gjekk til reising, og at ho kom fram grytidleg om morgonen dit ho skulle, og dagen som låg framom vart lang.

Ein gråkald morgon gjekk ho av båten før tettstaden hadde vakna. Kaien var som kaiar flest, grå og trist, med ein godt vaksen mann som tok i mot og sende trossa tilbake, og med eit kaldt venteskur med røykelukt og vått golv. I det skuret skulle ho sitja til ho vart henta og køyrt til skulen der ho skulle ha mange misjonstimar.

Båten la frå land, og den unge misjonsdama sat åleine i skuret på kaien. Då "trossemannen" kom inn, spurde han kvar ho kom i frå, og kvar ho skulle. Han tenkte visst at dette ville bli både stussleg og kaldt for henne, og tilbydde dama å koma inn på rommet hans. Blåøygd takka ho ja.

Det vart ein underleg morgon. Ho kom inn på eit gulgrønt trist rom med ein stol og ei seng. "Eg slenge meg nedpå eg" sa han då vi kom inn. Han meinte han trong å sova litt lenger, og la seg så lang han var på senga. Ho sat stille på stolen og undra seg litt.
Men søvnen kom visst ikkje. Han klaga seg over ein arm som verkte, og ho hadde ikkje så mykje å svara på det, men kjente seg ikkje til pass. Ho ville helst gått ut att på venterommet, men ville ikkje vera uhøfleg heller, det var trass alt varmare på dette rommet enn på venterommet. Det fekk stå sin prøve ei stund til.
Så begynte han å prata og fortelja på sin typiske dialekt. Ho hadde alltid funne underhaldning i dialektar, og lika å etterapa dei når ho kom heim og skulle fortelja.
Han fortalde om krig og fattigdom, om søsken og arbeid, og så kom historien om den gongen han hadde skada armen, den som no plaga han. Den soga vart lang og detaljert, og ho ser den tydeleg for seg den dag i dag. Kvar gong ho reiser over dette fjellet, så kjem denne historien for henne. Det var her lukka og armen fekk langvarig skade - kanskje livslang skade - for ein av "trossemennene" langs Norgeskysten.

Kort fortalt så hadde han vore på friarferd over fjellet på ski. Han hadde ramla og øydelagt armen, og streva seg til folk, åleine som han var. Armen vart aldri bra att, og jenta vart aldri hans.

Ho med kvit koffert, gitar og lysbildeapparat sat og lytta, sa ha og ja, ho kunne ikkje anna enn få litt vondt av han, men håpa at klokka skulle gå fort.
Timane gjekk og ho kom seg uskada gjennom det, men ein lærdom rikare vart ho også.

Då ho kom heim og fortalde mor og søstre om denne underlege morgonen, sa mora - "gjekk du inn på rommet hans?" Ho var tydeleg skeptisk i stemma.

I desse metoo-tider skjønar ho at mora vart skeptisk, ho skjøna det forresten alt då, og ho visste med seg sjølv at kom ho hit att ein annan grytidleg morgon, så skulla ho takka høfleg nei.

Dette vart ingen dramatikk!
men eit spesielt minne
for ei som den gong
var ei ung og uerfaren misjonsdame
som sat på ein stol i eit gulgrønt rom
der ein trossemann
med ein dårleg arm
låg på ei seng
og fortalde om livet sitt
som ikkje hadde vorte heilt slik han hadde drøymt om.

lørdag 6. januar 2018

År 2018 etter Kristus

Ei tidsrekning har sitt utgangspunkt.
I vår kultur har tidsrekninga starta med Kristi fødsel, og mange finn det framleis naturleg å sei at vi lever i år 2018 e. Kr.
Vi erfarer etter kvart at det har blitt unaturleg for ein del å sei det slik, og at nye måtar å uttrykkja tidsrekninga på, arbeider seg fram.
"Vår tidsrekning" har blitt vanleg i somme samanhengar, slik f eks Store norske leksikon brukar det.

Men det rare er at "Vår tidsrekning" likevel er ei tidsrekning som tek utgangspunkt i same tidsrekninga som "etter Kristus". Tidsrekninga er den same, men ein vel ein annan måte å sei det på. "Vår tidsrekning" startar også ved år 0, og så langt eg skjønar har ikkje år 0 fått ny grunngjeving.
Det er vel uttrykket etter Kristus som blir problemet - ikkje fakta.

Men dette er faktisk ikkje så viktig for meg, og det er ikkje difor eg skriv dette. Det er viktigare kampar enn denne tenkjer eg.
Bakgrunnen for mi enkle filosoferinga om dette tema, var ein samtale med eit barnebarn ein kveld.

- Kor gamal er Jesus var spørsmålet eg fekk av eit lyst lite hovud.
- Vi reknar at vår tidsrekning starta med Jesus sin fødsel, og det året har blitt vårt år 0, og no er vi i 2018, svara eg.
- Då er Jesus 2018 år, vart svaret. Kjapt tenkt, synes bestemor!
Samtalen gjekk vidare, og spørsmålet vart etter kvart: Er det heile sanninga? Er Jesus 2018 år?

I følgje apostelen Johannes sitt juleevangelium står det at han "var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han....." Dette ordet kom bestemor i tanken.
- Så kom han til jord som eit lite barn, og tidsrekninga vår starta!
- Ja, slik var det, og vi vart einige om at eigentleg var Jesus mykje eldre. Han var heilt frå starten!
Vi gjorde det ikkje vanskelegare enn som så!
Og det som skjedde i det vi kallar år 0, var ei så stor hending at vi nett har feira jul og Jesu fødsel over heile verda! Det synetes vi to var ein fin tanke!

Eit lite barn som vi kristne trur er Gud son, har prega tru og kultur i vår del av verda i 2000 år.
Han som kom for å bli lyset til verda og verda sin Frelsar, han vart også utgangspunkt for både "etter Kristus" og "Vår tidsrekning".

Eg kan skjøna at dei som ikkje identifiserar seg med kristen tru synes dette er noko rart. Eg har respekt for det, og trur ikkje det er kva vi kallar tidsrekninga vår for som reddar verda, ei heller den kristne trua.
Eg vel heller å sjå stort på å få formidla kvifor vår tidsrekning starta som den gjer til nye generasjonar! Kven var dette viktige barnet! Eg trur nysgjerrige hovud vil ha svar på det!
Den jobben må vi ta, og den er slik eg ser det mykje viktigare enn kva vi kallar ei tidsrekning.