mandag 7. desember 2020

Med munnbind

Der var det eg skulle hatt!
Det var ei fin veske, full av gjennomsiktige munnbind, eg skulle hatt.
Eg skulle hatt den med meg på julehandelen.
Eg skulle gjeve eit til ho/han som står i kassen 
bak maska si.
For eg  skulle så gjerne sett kva dei sa!

Men, eg tenkte ut ein strategi - løysingsorientert som eg likar å tru at eg av og til er.
- Berre svar nei takk kvar gong du trur dei spør deg om noko, Kari
Det går jo bra for
spørsmåla er jo enkle
- har du medlemskort?
- vil du ha pose?
- vil du ha kvittering?
Berre sei nei takk
kvar gong!
Smil med augene bak maska di til dei bak bak disken med maska si, og sjå nøgd ut!
- Dei veit jo ikkje at eg er hørselshemma!

Eg tek sats og prøver.
Svarar nei takk,
og nei takk,
og nei takk.

Så kjem eg på at det kanskje er lurt med byttelapp.
Det er jo vanskeleg å treffa smak og storleik til så mange...
- Legg du ved ein byttelapp, spør eg 
- Ja, det var det eg spurte deg om, smiler ekspeditøraugene.
Så måtte det seiast - beklager- eg er hørselshemma -
Og så avslører eg strategien min! 
Han smiler med augene og seier noko fint - trur eg! 

Og medan vi ventar på gjennomsiktige munnbind, må eg tenkja ut ein ny strategi.
Eg må få inn eit ja takk! 
- helst på rett plass!