søndag 27. april 2008

Det gjekk bra

Marit og eg var på Flesland på KrF-rådsmøte i går, ei flott samling og vi reiste inspirerte heimatt. Marit hadde ordet etter partileiar Høybråten sin tale. Ho valde då å ta opp spørsmål om landbrukspolitikk og matproduksjon, og i gruppemøte om programarbeid seinare på dagen var det vedlikehald og sikring av vegar som var hennar tema. Jordnære og viktige saker for ein distriktspolitikar som Marit.
Så skjer det - på vegen heimatt at bilen hennar vert ramma av ras i Romarheimsdalen på E 39. Bilen vart overstrødd med jord og stein, og som ved eit under kom ho seg uskadd frå det heile. Alle som ser biletet skjønar at dette var nære på. Vegen har vore stengd i over eit døgn no, og dette skapar utfordringar for helgetrafikken. Det får så vera, det viktigaste er at Marit er heil og uskadd, og det skal bli godt når denne farlege strekninga snart vert erstatta med tunnel - det er på høg tid!

Arven

Eg hadde ein strålande dag i Gulen på mandag. Vakker natur, vår over alt, flotte menneske å vera saman med, rett og slett ein god arbeidsdag. Eg måtte sei til sjefen at eg er heldig som har ein jobb der eg får slike arbeidsdagar.

Mange ting gjorde inntrykk, tusenårsstaden f eks. Det å få litt meir kunnskap om vår historie, vår første "grunnlov" og om demokrati og rettsstat, gav meg eit nytt perspektiv. Underleg å sjå opningsorda frå Gulatingslova i lys av den dagsaktuelle debatten i Norge, litt spesielt var det også å køyra rundt med den politikaren i Norge som kanskje mest av alle denne våren har kjempa for, og lukkast med å vidareføra arven frå Gulatingslova der det står:
"Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om at vi kan halda landet vårt busett og landsherren vår heil. Han er vår ven, og vi er hans, og Gud er ven til alle"

I vår vart alle partia på Stortinger einige om at § 2 i Grunnlova skal lyda:

"Verdigrundlaget forbliver vaar kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettigheder."

Dette er vidareføring av arven frå Gulen !
og ingen skal fortelja med noko anna enn at dette vart eit resultat pga solid politisk innsats frå KrF sin Dagfinn Høybråten !

Å koma til Skjerjehamn denne flotte dagen var nesten som eit eventyr! Eg vart både rørt og fengsla av denne mektige statuen av vår kjære kong Olav. Opp mot ein knallblå himmel, med handa løfta over oss og med med blikket utover havet, sto han der og helsa oss! Det var flott, og hadde han kunna trur eg han ville lagt den store handa si på skuldra til Dagfinn som ei takk for innsatsen hans for å ta vare på den kristne arven frå Gulen. Kong Olav var ein konge som sette desse verdiane høgt!

Til slutt - det var kjekt å vera saman med ordførar Trude. Du er ein god representant for kommunen din og eg ønskjer deg lukke til med alle dine små og store oppgåver og utfordringar!

torsdag 10. april 2008

Betre enn venta

I dag er eg positivt overraska, meldinga om at kyrkje/statdrøftingane langt på veg har blitt forma i tråd med KrF sitt landsmøtevedtak, er det all grunn til å vera nøgd med. Må sei at dette hadde eg nesten ikkje våga å venta, og det er all grunn tilå gratulera både regjering og oppososjon. Her har det verkeleg blitt jobba, og både verdiparagraf med kristen forankring i grunnlova, og at kyrkja sjølv skal få utnemna både prostar og bispar, er ein siger.

Sjølvsagt er det dei som meiner dette er for svakt, eg undrar med litt over Espen Ottesen i NLM som snakkar om "pest eller kolera." Slike folk skjønar neppe heilt det farvatnet politikarar må manøvera i i slike saker. Heller ikkje skjønar eg meg på Lundteigen og Sp som seier at det ikkje er grunn til nokon endring.

Sjølv om det ideelle hadde vore ei fri folkekyrkje, så var det så langt vi kom denne gongen. Eg tilstår at det vert spanande å sjå kva slags føringar staten vil leggja for demokratiutvikling vidare, det kjem nok fleire kampar. Dei skal vi ta, men i dag gler eg meg over viktige sigrarer vunne, og eg tek hatten av meg for Dagrunn Eriksen og Dagfinn Høybråten - eg er rett og slett stolt over dykk! Dette hadde ikkje blitt slik utan dykk!

torsdag 3. april 2008

Tuba på Skjæret

Eg ønskjer meg ein tuba på Skjæret, på Skjæret på Sandnes! Ein kjempetuba full av musikk. Eg vil sittja inni tubaen, kikka ut på sjøen og fjella gjennom ein ventil og lytta til vakker brassmusikk, Frode sine tubasoloar og Odin sine trompetkonsertar. Eg vil lytta til aspiantane sine julesongar og eta karamellane deira...Eg vil lytta til koralar og marsjar, la sjela kvila og løfta seg gjennom Sandnesmusikk!
Tullar eg ? Nei dette er faktisk eit seriøst Kari-innspel i bygdeutviklingsdebatten på Sandnes.
"Vi vil ha opplevingssenter på Skjæret" vart det sagt på bygdemøtet. Her er mitt bidrag- la oss få ein kjempetuba med musikkoppleving i på Skjæret. Ingen andre har det.
"Kva er spesielt på Sandnes"vart det spurt på møtet."Lyset, himmelen, fjella, sjøen" vart det sagt. Eg seier ja til det, og gjennom tubaen på Skjæret skal vi skapa opplevingar av lys,himmel, sjø og musikk!!
Eksklusivt - eller kva??