torsdag 29. desember 2011

Heil ved

Det er godt å ha tørr og god ved som brenn og gjev varme. Det har blitt ein del kubbar som har blitt fortært av elden i den Sørheimske heimen opp gjennom åra. Det aller meste har Knut fått på plass sjølv. Den største "fangsten" vår var då vi fekk ni mål ved av eit bøketre frå prestegardshagen. Det var kortreist ved! Henta berre nokre meter frå husveggen.

Eg har fått to bøker til jul. Den eine var boka "Hel ved" av Lars Mytting, den andre var eit festskrift utgitt i samband med fylkesmann Kåre Gjønnes sin avgang frå embete i Sør-Trøndelag i hausten 2011. Eit festskrift med tittelen "En enkel mann fra landet". Begge bøkene er det ei glede å lesa.
Den første får fram gode assosiasjonar  frå mange stunder i vedaskogen. Første åra saman med far, seinare saman med mann og born og gode naboar! Lukta av nyfelt skog, spruten av sagflisa frå motorsaga, glede over å sjå at hoggaren får treet til å falla nett slik han hadde tenkt. Artig å snu og venda og å lukta på veden, kvar sort sin eigen fargetone og si eiga lukt. Og så den gode kjensla når siste kubben er kløyvd og alt er stabla opp! 
Boka gjev god og artig informasjon om den mest naturlege aktiviteten på landsbygda gjennom generasjonar, vedhogsten!
"Hel ved", eller aller helst "Heil ved" er eit godt uttrykk. Frisk og sunn heilt til mergen.

I den andre boka les eg om ein person som for meg står fram som ein som kler uttrykket "heil ved". Eg ser det er brukt av Marvin Wiseth i boka også.
Dei tre siste år har eg arbeid saman med Kåre Gjønnes i landsstyret og arbeidsutvalet i NMS. Det har vore trygt, og det har vore utfordrande å samarbeida med Kåre. Trygt fordi eg opplever han som ein mann med god dømmekraft og evne til å sjå konsekvensar av vedtak, og utfordrande fordi han har evne til å stilla kritiske og viktige spørsmål som krev gode svar. Og gjennom det heile har han vist eit ekte og sterkt engasjement for misjonsarbeidet, som har gjort inntrykk og lært meg mykje. Eg er glad for å  kjenna misjonsmannen Kåre Gjønnes! Uttrykket "heil ved" passar også for dette engasjementet.

Det å vera ekte og heil i sitt liv og sine handlingar, er vel eit ønskje vi har alle. Å leva slik at vi skaper varme og tryggleik fordi vi lever heilt, ligg djupt i oss. Ingen lukkast heilt.
Ved har ulik kvalitet, men eg likar at sjølv den utskjelte granen blir omtala positivt i Mytting si bok. God tenningsved står det. Det må då vera bra! Å bli tent er jo kjempeviktig skal vi få engasjement og varme. Eg likar også at det står ein del bra om blandingsved. Heil blandingsved må vera optimalt spør du meg, slik kan dei ulike kvalitetane utfylla kvarandre. Det er spennande å putta ulike typar ved i omnen - det er ikkje lett å tenna med knallhard bøkeved! 
Heilt greit og bra at vi, som veden, er ulike!!
Sitat:
"Du kan alltid se et ansikt i ilden"(Henrik David Thoreau)
"Eg grev ned min eld sent om kveld naar dagen er slut
Gud gje min eld aldri slokna ut" (sitat frå ein Jøtulovn 1940)

lørdag 17. desember 2011

Julekonsert i godstolen

Det vert ikkje julekonsert på meg i år. Ikkje fordi tilboda manglar, men rett og slett fordi eg manglar energi til å ta meg ut! Det har vore ekstra hektisk dei siste vekene, vi har flytta kontoret midt i "denne søte juletid". I tillegg har det sjølvsagt vore det vanlege arbeidet og juleførebuingar. Knut reiste nett til Sandnes på konsert, og eg skulle gjerne vore med. Eller eg kunne reist til Austrheim og høyrt på Egon Askvik m/ familie, det hadde også vore kjekt!
Nei, eg set meg heller ende ned i godstolen, finn litt god musikk på øyra og har meg ei go'stund heime. Nett no er det  Bjarte Leithaug eg høyrer. Fin ny julesong Bjarte, eg må spela den fleire gongar!

"Tenn et lite lys i mørke - tenn et lite håp om fred,
hele verden får i gave barnet som blir sendt hit ned" syng Bjarte.

Enkelt og ekte om Josef og Maria, om barnet, om lyset, om håp og fred!
Songen får meg til å tenkja på Josef. Måtte vera rart å vera Josef! Eg let meg imponera over han i kveld, ein ung mann i ein vanskeleg situasjon. Jenta hans var gravid, men det var ikkje hans barn ho bar, det visste han. Men han trudde etter kvart det Maria fortalde. Gud gav han også eit personleg melding kan vi lesa, og han tok ansvar for jenta han var forlova med. Han tok også ansvar for barnet ho fekk.
Det er nok ein del andre som har opplevd det same - at jenta venta barn med ein annan - eller at mannen venta barn med ei annan, men det var ikkje det eg ville skriva om i kveld. I kveld ville eg berre ganske enkelt, og kanskje fordi Bjarte syng så vakkert om Josef og Maria, setja ein dobbel strek under det ansvaret som Josef tok på seg! Tok ansvar for å vera Guds son sin jordiske far! Det står respekt av det! Du verden, er det mulig? Krevjande for tanken, men trua trur det.
"Syng halleluja, syng halleluja" avsluttar min julekonsertsong med! Fint det!
God helg!

søndag 11. desember 2011

3. søndag i advendt!

Svein Ellingsen sine salmar er viktige for meg. Med sitt rike språk tolkar han djupe kristne sanningar og sanne menneskelege lengsler og erfaringar. Eg får ei kjensle av å finna eit heilagt språk for liv og håp, for tru og tvil gjennom desse salmane.
I dag, etter ei fin radiogudsteneste, og før vi går ut i regnveret og "blinkar" oss ut eit juletre, deler eg adventssalmen på nr 12 i salmeboka med dykk! (eg har utheva nokre setningar som eg "beit meg merke i" i dag)

Rydd vei for Herrens komme, for frelsen fra vår Gud
Vår ventetid er omme, han sender oss sitt bud
Det gamle skal forsvinne
Guds rikes tid er inne
Velsignet være han som kom i Herrens navn!

Guds folk til deg han kommer, stø greiner på hans vei
Kjenn duften fra hans sommer som snart skal møte deg
De slitte dager fylles
av lovsang og forgylles
Velsignet være han som kom i Herrens navn!

Så mange håp er døde, for fall står våre hus
Selv Sion ble lagt øde, dets tempel lagt i grus.
Men Kristus skal bevare
Sitt folk og vi skal svare
Velsignet være han som kom i Herrens navn

Han kommer han som troner hos Gud i evig glans
Snart flettes våre toner i englesangens glans
Men Lammets sang begynner
i dag, når vi forkynner:
Velsignet være han som kom i Herrens navn!

Svein Ellingsen 1983

søndag 27. november 2011

Møte med eit ukjent naboland

Det er grått og vått i Tallinn i dag. Eg har nett sjekka ut frå hotellet og set i ein krok i eit folksamt respesjonsområde. Ser eg ut vindauga ser eg ei skitten, grå og trist gate med bilar som kjem og går. Inne i resepsjonen pratar folk på ulike språk. Eg kikkar rundt meg og ser folk som skal reisa og folk som kjem - nokre i badekåpe på veg til bassenget, nokre kjem frå frukostbordet. Felles for alle er at eg ikkje kjenner nokon av dei.
Det undrar meg stadig kor mange utgåver av skaparverket det finns i denne verda. Ingen er like! Alle er unike, alle har sin historie, sine draumar, sine forventningar, og sine sorger og plager.
Eg skal snart på gudsteneste. Ikkje i ein katedral, men i eit kjellarrom i eit offentleg bygg i utkanten av byen, Mustamae heiter det der. Der skal eg delta på eittårsjubileum for ein nyetablert kyrkjelyd. Eg var der i gårkveld også - på Tesè-messe. 20-30 menneske som søkte Gud gjennom vakre fleirstemte songar, gjennom Bibeltekstar og gjennom bøn. Det var ei sterk oppleving. Den Heilage Ande bryt språkbarrierar og let meg kjenna fellesskap og omsorg.
I dag skal denne unge kyrkjelyden jubilera! Eittårsdag! Kyrkjelyden har grunn til å tru at kommunen vil gje dei kyrkjetomt, og det gler dei seg over. I dag kjem ordføraren til jubileumet og det opplevest som ei annerkjenning for det arbeidet Tiina og hennar medarbeidarar står i. Kyrkjelyden har også eit diakonalt prosjekt, og denne helga har dei julemesse for å samla pengar slik at dei kan gje julegåver til fattige born i nabolaget . Det var både mat, lys, smykker og handarbeid på messebordet, nett som i Norge. 
Måtte den driven som eg opplever i denne kyrkjelyden få gje menneska i denne bydelen glede og håp! De kan lesa meir om dette arbeidet på Os kyrkjelyd sin blogg (har henta biletet av Tiina frå dei)
Eg var også ein tur til Saku i går saman med Magne Mølster. I denne bydelen er det heller ikkje kyrkje, men dei hadde eit gamalt forsamlingshus som var overtatt av Brødremenigheten. Her har menneske gjennom mange år samlast kvar dag til bøn for folket rundt dei. Kanskje skal dei oppleva bønesvar med auka aktivitet her? Magne og Ave kom i september og dei er ikkje klare til arbeid før utpå våren, men forventning er det så absolutt.
Så set eg altså her i ein naboland som eg nesten ikkje har visst om. Eg opplever ein kulturby som startar si adventsmarkering med lystenning og salgsboder i dag i eit ekte Bergensver. Eg har lært litt om politikk, kultur og kyrkje på denne veka eg har vore her. Men det er mykje eg ikkje veit og forstår. Likevel, eg har hatt eit godt møte med eit folk, ein kultur og ei kyrkje som har planar og realistiske forventningar. Det skal bli spennande å fylgja med vidare.

søndag 13. november 2011

Far

Det er godt det finst menn! Godt det finst menn som blir fedre, gode fedre!  Heldige alle born som har gode fedre.
Far er eit flott ord - forstår ikkje heilt kvifor vi brukar det så lite. Pappa er jo også fint, men far kling så godt i mine øyrer. Våre born seier pappa, men deira mamma og pappa sa far, så vi får ta skulda sjølv for at farsordet vart borte i vår familie. Skal tru kvifor det vart slik? Eg veit sanneleg ikkje, men eg burde nok ha visst det.
Men det er godt det finst menn som blir pappa, gode pappaer!
I dag vil eg hylla mannen som er far eller pappa! Eg tenkjer med glede på min trygge gode far, eg er glad for å ha ein mann som er ein god far og bestefar, og eg gler meg storleg over å få oppleva søner som er lukkelege, gode og trygge fedre for sine små!
Gratulerer med farsdagen alle fedre! Gode fedre er gull verdt for små og store born! Hurra for far på denne farsdagen!

fredag 11. november 2011

Ikeland

I dag fekk eg ei flott oppleving. Eg "sneik" meg litt tidleg frå jobb, eg lengta rett og slett ut, ut i
marka, det har vorte mykje byluft denne veka. Eg treng av og til slitne fjellsko på mjukt underlag! Eg lengta etter sur myrlukt og etter å få stiga på haustgras med den første rimfrosten på.
Turen gjekk til Ikeland (på Seim) med retning Gladihaug. Eg nådde ikkje toppen, men det gjorde ingen ting. Sikkert er eg litt rar for mine urbane venner, men eg må berre få sei at eg nyt synet av sauer som roleg beitar på velstelte haustbøar. Det gjev ein eigen ro. Eg nyt å sjå dei fantastiske gråsteinsmurte løene på Ikeland. Det er mange av dei, den på biletet er "berre" ein ruin, det er mange som er i funksjon. Har ikkje bilete, diverre. For eit arbeid, det er kunstverk, steingardane oppover dei bratte bakkane også! Roma er nok flott, men eg kallar også gråsteinsmurar på Ikeland for kultur.
Eg registrerte også mykje nytt gjerde som var sett opp oppover mot Breimyra, eg likar slike nye gjerder også. Det vitna om aktivitet, og at det endå er nokon som finn meining i å laga gjerde for sauer på Seim.
Nesten oppe i Breimyra fekk eg dagens beste oppleving. Lukt av bål, barnestemmer og hammarslag borte ved den gamle hytta. Her møtte eg eit ungt smilande bondepar og born frå Ikeland som bydde på nysteikte pannekaker med ripsgele! Dei jobba her oppe i marka - rydda beite - og at dei hadde hatt mykje jobb viste dei store haugane med brake som låg oppover lia!
Dette handlar ikkje om bonderomantikk slik det kanskje kan høyrast ut for. Det handlar om matproduksjon, om jordvern om kulturlandskap. Det handlar om respekt for den svarte molda, også på dei små Seims- og Vestlandsgardane.
Neste veke står det landbrukspolitikk på dagsorden på jobben min. Eg er har forventning til det.

søndag 6. november 2011

Håpsdagen

I dag er den store håpsdagen - dagen der vi blir minna om det vi ikkje ser, men som vi trur og håpar på. Mitt håp byggjer ikkje på kjensler og heimesnekra draumar. Det byggjer på Ord- eit for meg, truverdig Ord som gjer dagen til håpsdag for meg.
Eg held fast på trua og håpet på denne Allehelgensdagen. Kva eg skal møta, og kva dei opplever som er borte frå meg anar eg litt om - ikkje mykje - men desse orda er balsam for såre kjensler og tunge tap, og dei gjev meg trøyst og håp:

Han skal tørka kvar tåre frå auga deira
og døden skal ikkje vera meir
og ikkje sorg
og ikkje skrik
og ikkje pine
For det som ein gong var er borte

Johs. op. 21. 3-4

PS - så håpar eg at Brann vinn cupfinalen i dag - sjølvsagt håpar eg det! Men det er så mange andre som snakkar og skriv om det i dag, difor blir det berre med dette frå meg: Heia Brann!!

søndag 30. oktober 2011

Eit gamalt brev

I går fekk eg i hende eit gamalt brev, skrive av mor. Det var eit takkebrev frå henne til mor og søstre for julegåver. Det var kjekt å lesa, eg kjende att mor mi, og brevet var godt skrive.
Mor hadde fått ei skei, - den kom no så heilt uventa, eg hadde ikkje venta å få noko, men festleg var det, skriv ho. Kanskje var det skeia eg skreiv om ho fekk jula 1950? Eg vil lika å tru det. -  Ho Kari, og det var meg som toåring det, fekk ei dokke i eit badekar og "vart heilt begeistra", skriv mor. "Dal e dokko mi" ropte ho oppatt og oppatt, seier brevet. Det trur eg på, ho Kari kan bli begeistra framleis.
Så fortel ho om sokkar og labbar, lommetørkle, ein kakeboks, seks nysølvskeier frå svigermora, og at han Åsmund(far) hadde kjøpt henne ei kaffikanne! Kjekt å lesa. Mor verkar så glad.
Så skriv ho om kvardagen sin, om at ho burde fått hjelp til å sy klede til oss jentene. "Ingvild går i det blå foldeskjørtet både søndag og kvardag", les eg. Søstrene hennar var flinke til å sy, og ho hadde bruk for hjelp til å sy om konfirmasjonskåpa si til kåpe til søstra mi, skriv ho. Ho hadde ikkje mot til å gjera det åleine. Mor var alltid redd for å setja saksa i stoffet i frykt for at ho klypte feil og spolerte stoffet. Eg hugsar far måtte trå til å tenkja saman med henne. Det minnet kom no medan eg skriv.
Artig var det også å lesa kva ho fortel om Ingvild, som då var 5 år. - "Ingvild skriv så fælt om dagane, det er berre bokstavar det går i og no set ho her og tyt om at ho må få skriva namnet sitt på brevet". Og så står det INGVILD med slike bokstavar som alle femåringar skriv, sjarmerande!
Vidare skriv ho om at ho håpar silda kjem snart slik at far kan få seg ekstra arbeid i Marikoven. Gjelda må betalast. 1700 kr skal betalast i februar, står det. Mykje pengar det. Og så skriv ho at ho håpar at "du mor vil koma når han Åsmund reiser på sildarbeid". Mor likte ikkje å vera åleine med born og fjøs. Eg skjønar henne, og hugsar med glede når bestemor Hopland (som vi kalla henne)kom med sitt milde vesen og sine gode, oppmuntrande ord. Bestemor sa alltid at vi jentene var så fine, og at mor var så flink å stella med oss. Det sådde noko godt i småjentene, vi vart stolte av mor vår! Bestemor var ei flott mor til 12, og bestemor til mange...
Det er rart, og det er godt å lesa dette. Glede over sokkar og labbar, ei skei og ei kaffikanne. Sut for å få klede til borna, og håp om at silda, ekstrainntekt og bestemor skal koma. Sut for det daglege, og glede over det enkle.
Mor og far klarte seg, og dei hadde familie som trødde til med hjelp når det trongs. Ein stor familie, sjølv om mor si slekt var heilt borte på Frekhaug! Det var langt dit den gongen, fram og tilbake på ein dag var ikkje lett å gjennomføra - i dag brukar vi 15 min.
Verda, og tida har endra seg. Mykje til det betre, noko til det som er mindre godt. Sut for det daglege kjenner vi alle, og mange unge strevar med å få endane til å møtast, og til å finna sin plass i familie og kvardag. Glede over det enkle kjenner både små og store i dag også, det ser og opplever eg stadig! Likevel, eg er trur dei små gledene varer kortare enn for 60 år sidan. Vi er stadig på jakt etter nytt og reklamen skaper behov for stadig nye ting. Likevel, jakta på nye kortvarige gleder gjer oss neppe lukkelegare enn det mor og småjentene hennar vart for fine lommetørkle, ei kaffikanne og ei lita dokke jula 1950.
(Biletet: bestemor Hopland)

lørdag 15. oktober 2011

"En dag skal vi danse, skal vi feire"

Livet er vakkert og livet er vondt. Er vi heile menneske så oppdagar vi begge sidene, og erkjenner dei begge. Denne haustferien har stadfesta begge sidene for meg.
Nydelege barneborn og flotte born/svigerborn har vore innom. I dag kjem nokre tilbake, pluss tanteborn og vesle Jakob. Det er stort, og eg gler meg her eg sit og passar lørdagsgrauten som helst skal bli nok til åtte personar. Som ein bonus har vi også fått nokre nydelege haustdagar med fargar som gjev ro i sjela.
Men eg har også fått tid til å dvele ved det vonde. Det gjer vondt å lesa om dei kristne sine vilkår i Midt-Austen. Av 1. mill kristne i Iran er det berre 1/2 mill igjen, dei må flykta fordi liv og tru blir truga. Dei koptiske kristne i Egypt opplever undertrykking og det som må kallast forfylging. I Mogadishou har soldatar invadert SOS-barneby, i Johanneskyrkja i Bergen ligg 15 unge menn i angst og usikkerhet. I Thailand er over ein tredjedel av landet ramma av flaum, og det har vore fire drap i Oslo dei siste dagane. I stikkords form er dette noko av det vonde vi har blitt møtt med denne veka. Vi kjenner på avmakt.
Det er ikkje vanskeleg å sjå Gud i det vakre og gode, det er noko vanskelegare å sjå og forstå kvar han er i det vonde. Eller er det det ? Om eg les Skrifta rett så er det faktisk han vi møter i våre lidande medmenneske. "Eg var svolten, tørst, naken, sjuk, i fengsel og framand," les vi  og "det de har gjort (ikkje gjort) mot mine minste, har de gjort (heller ikkje gjort)mot meg." Dette utfordrar meg!
Det gode og det vonde vil utfordra oss heile livet, men eg likar å nynna på Bjørn Eidsvåg si vise om at "en dag skal rettferdigheten seire, en dag skal vi danse skal vi feire",  og eg håpar og ber om at eg ikkje blir så rik og sjølvopptatt at eg ikkje får oppleva det!

onsdag 12. oktober 2011

Ein god dag!

Mange har gratulert og ynskt meg ein god dag i dag, uvanleg mange, og facebook skal ha takk for det. 12. okt for lenge, eller kanskje berre for litt sidan, kom ei lita jente til Skår, og i dag har ho feira endå ein fødselsdag.
"Ha ein god dag", har mine vener meldt meg, og eg kan kvittera: Eg har hatt ein veldig god dag!
To små jenter kom i senga til bestemor tidleg i dag. Med smil, og pakker og kort! Stor stas og så absolutt eit høgdepunkt. Men eg har også gledd meg over vakker haustsol og ein dag utan ein så mykje som ein einaste regndråpe. Eg har hatt det fint i Bergen, og ikkje minst på kaffibesøk hjå Bente på Askøy!
Skårajenta er ei heldig jente og ho takkar vener, familie og Skaparen for livsglede, fellesskap, helse og arbeidslyst! Og så sender ho ei helsing tilbake til alle sine vener med ønskje om alt godt til dykk!

søndag 9. oktober 2011

Under våre hattebremmar

Vi kvinner likar å møtast. Slik har det vore, og slik er det framleis. Vi likar å koma saman for å dela tankar og liv, dela praktiske utfordringar, fortelja om born og barneborn, dela kakeoppskrifter og snakka om motar, dela jobberfaringar og reiseopplevingar, diskutera ting vi har lese eller sett på TV, opna våre tankar om tru og tvil, be saman, dela engasjement om kultur og politikk, og mykje, mykje meir. I mange stover, og rundt kafèbordet rungar latteren og fell det tårer når vi ser kvarander og deler liv med kvarandre.
Det er fint med dette fellesskapet, stundom organisert, andre gonger impulsivt.
Denne veka har eg hatt ei luksusveke! To slike kvinnefellesskapskveldar på ei veke er ikkje kvardagsskost, men godt og kjekt har det vore!
Benta Bratlund Mæland skriv om å møtast under hattebremmane. Det passar fint på det søsterskapet eg har opplevd denne veka.

Under kvar vår hattebrem
Vi møtes
under kvar vår hattebrem
ranke
berande våre levde liv
Vi ler mot kvarandre
og trassar vindkasta
Vi har krossa våre hav i
både storm og stilla
vi to
vi er blitt
herda
og mjuke mot livet

fredag 30. september 2011

Lilla lyngblomst

Det har vore ein fantastisk septemberdag! Nydeleg temperatur og ei disig sol som sendte varme haustfargar inn på netthinna. Eg har hatt heimekontordag, og avslutta dagen med ein tur innover bygda, mot kyrkja på Seim.
I dag var det rette dagen til å planta lilla lyng på gravene. Det var dagen der eg kunne vandra stille på kyrkjegarden, lesa namn, ruska vekk slappe lobelia og avblomstra fuksia, og setja ned frisk, fin lilla lyng.
Då eg var jente hadde vi ingen graver å stella i familen vår. I dag har eg stelt seks. To barnegraver, to foreldregraver og to besteforeldregraver. Alle seks var "mine graver", det står Sørheim og Skår på dei. Tap, sorg, vemod, takk og kjensle av å høyra til vart omslutta av haustsola sine avdempa, gyldne fargar i dag.

Livet er vakkert og underleg - døden er uungåeleg.
I Skrifta finn vi ord om det meste. I dag tenkjer eg på dette:
"alt som hender under himmelen, har si tid,
ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp"
Slik er det berre!
Kva gjer sorga og tapet med oss? Eg kan ikkje svara kort på det. Tida lækjer ikkje alle sår, men tida og livet mildnar tapet og aukar håpet! Det kan eg takka for!

onsdag 28. september 2011

Kvinneskjebner

Eg las ein kommentar av Petter Stordalen i går, og denne kommentaren førte til at eg vart mykje i Etiopia i tankane resten av dagen.
Tankane  gjekk m.a. til  ei oppleving på ein kafè i Vest-Etiopia der vi hadde oss ein rast på veg frå Begi til Addis. Det var ein utruleg stank på den kafèen, og sjølv om det var ein utekafè var det svært ubehageleg. Lukta var av sterk, sterk urin, og det kom frå ei gruppe unge kvinner som ganske fort forsvant inn i ein minibuss. Det var ingen tvil - dette var kvinner som lei av fistulaproblematikk. Med det same dei hadde gått, kom personalet og fjerna stolar og bord dei hadde brukt. Det var ei trist oppleving.
Petter Stordalen hadde også møtt slike kvinner, og kommentaren eg las i går var denne "Når kvinner jeg møter sier at de heller vil dø enn å leve videre med fistula, så gjør det noe med deg."
Over 9000 kvinner i Etiopia blir kvart år i samband med fødslar, ramma av fistula. Livet deira blir totalt endra. Mange blir utstøtte frå familiane sine, og langt frå alle får hjelp.
Så tenkjer eg tilbake på samtalen vi hadde i legebustaden ved sjukehuset i Aira, der legen og helsepersonell fortalde både hjarteskjerande og rørande historiar frå kvinner med fistula sine liv. Eg klarar ikkje skriva om det verste eg høyrde. Mest inntrykk gjorde det kanskje likevel å høyra om den unge mannen som så gjerne ville gje kona si hjelp, som fekk henne til sjukehuset, og som sat ved senga hennar kvar dag og ikkje veik frå hennar side. Godt var det også å høyra om, og møta kvinner som hadde fått hjelp, og som endå til kunne få born igjen etter operasjon.
NMS sitt kvinnearbeid i Etiopia gjev hjelp til slike kvinner, og er ein viktig del av vårt arbeid. Både medisinsk hjelp med dei aktuelle problema, men også hjelp til eit mest mulig menneskeverdig liv for dei som ikkje har fått hjelp. F.eks det å kunna ha ein buss dei kan køyra til sjukehus, og anna praktisk utstyr til hygiene. Å utdanna jordmødre og betra fødselshjelpa er grunnleggjande viktig for at talet på skader skal gå ned. Det er ikkje unge kvinner verdig å ha det slik! Eg skjønar Stordalen, det gjer noko med ein - eg har også sett og møtt - og det er ikkje lett å gløyma. Vil du vita meir, og vil du hjelpa kan du sjekka her.

lørdag 24. september 2011

Tap og vinn med same sinn

"Tap og vinn med same sinn" sto det ofte på kamplistene til borna på den tida då yttergangen var full av småstein, og lukta av sure fotballsko var det som møtte nasa då vi kom inn. Trenarane ville med denne setninga fortelja sine håpefulle spelarar at det viktigaste ikkje var å vinna, men å gjera sitt beste og å ha det kjekt! Eigentleg litt rart at vi forventa at borna skal ta alt med "same sinn", når dei ser kor blodig alvor det er på den vaksne banehalvdelen.
I desse dagar pøver mange politikarar å leva etter same regelen. Som for fotballspelaren, så er ikkje dette enkelt for politikarar heller. Har ein ambisjonar og sterk motivasjon, er resutatet viktig både for små og store. Vinn vi - taper vi - vil det bli stang inn eller stang ut - har ein skote langt over mål, eller taper ein rett og slett på eit straffespark?
Valnatta kan vera både god og dramtisk, og politikk byggjer på tillit, tillit frå veljarane!
Når valnatta er over startar kampen om posisjonar, og fordeling av verv. Ombodsverv!! Då blir det ein ny kamp som set krav til ryddig spel.
Eg har opplevd ein del slike rundar opp gjennom åra, og møtt mange både vinnarar og taparar. Personleg har eg opplevd spel som førte til stang ut, og eg veit at det kan kjennast krevjande å etterleva mottoet på kampplanen, "tap og vinn med same sinn".
Vi blir glade og litt "høge" når det er klart at vi vinn, og vi blir skuffa og går ein tur i kjellaren når vi taper. Det er naturleg, fullt lovleg og menneskeleg! Difor skal ingen kritiserast for å visa glede over siger eller at ein blir skuffa over tap! Skulle berre mangla, vi er menneske sjølv om vi er politikarar. Eg vil gjerne møta den som klarar å møta vinning og tap med same sinn!
Min vesle refleksjon skal avsluttast med å ønskja alle nyvalde politikarar til lukke med den plassen de har fått på ombodsbana. Det er eit privilegium, og eit stort ansvar å vera ombodskvinner og menn. Eg veit at de alle, om enn med nokså ulik politisk ståstad, ønskjer det beste for innbyggjarane i kommune og fylke.
PS - for første gong på 24 år seier eg "de"om politikarar - det vart litt rart det...

onsdag 21. september 2011

Kveldstankar i storbystøyen

I kveld set eg  på eit hotellrom i Dronningens gate i Oslo. Med vindauga litt på gløtt kjem det mange framande lydar inn. Trafikk, høge stemmer, larm og udefinerbare storbylydar. Eg set her og filisoferar over kor annleis desse lydane er enn dei lydane eg til vanleg bur mellom. Det er stor skilnad, og eg veit kva eg likar best, og er heilt sikker på kvar eg høyrer heime! Bymenneske har eg aldri vore, og det er liten grunn til å tru at eg skal endra meg mykje på det området.
Her i denne støyen, i dette mylderet av lydar, kjem det fram eit bilete av nokre menneske eg passerte ned i gata her litt tidlegare i dag. 20-30 slitne menneske eg møtte i Skippergata. Politi og vektarar var rundt dei på forsiktig avstand. Openlyst delte dei flaske og klemmar. Eg vil tru at dei delte andre ting også, ting som ikkje høyrer dagen til. Det gjer vondt langt inn i meg å sjå desse menneska, unge og litt eldre. Dei ser så slitne ut, og dei ser så gode ut. Eg tenkjer på smilet eg fekk frå ein av dei - på katten som vart leidd i band av ein annan. Det vitnar om omsorg, omtanke og godleik. Dei skulle ikkje ha det slik desse menneska, tenkjer eg. Ingen skulle gå slitne i Skippergata!
Eg tenkjer på at ein gong var dei alle slike små, nydelege og tillitsfulle born som den vesle bestemorsguten som eg har fått leika med i dag, har fått hatt på fanget og lese for, og som eg fekk pussa tennene til og ta pysjen på, før eg gjekk hit. Så nydeleg og tillitsfull!
Kvifor fører livet så mange til Skippergata?
Det er sikkert mange svar på det, og ingen av dei er enkle og eintydige. Likevel så veit vi at mange born ikkje har det så godt som vesleguten min. Vi vaksne taklar ikkje alltid livet, og vi kan koma til å svikta sjølv dei vi elskar aller mest. Eg vil tru at det var mange fedre og mødre blant dei eg møtte i Skippargata i dag, og eg veit at dei elskar borna sine dei også!
Det er lite eg kan gjera med dette i kveld, men eg seier: Kjære Gud sjå til dei rus-slitne borna dine på gata i storbyen i kveld! Sjå til borna deira også! Gjev oss evne og vilje til å hjelpa dei som ønskjer hjelp! Lat velferdssamfunnet bli einige om å prioritera rusomsorg. Amen!

søndag 11. september 2011

Kantarell

Eg har tusla i skogen i dag. Funne store fine kantarellar. Dei har så fin farge - ein lysande varm gulfarge - og eg er ikkje i tvil, den kan eg plukka! Faktisk den einaste eg er heilt trygg på å plukka, der eg går inn i skogen åleine. Eg tar meg sjølv i at eg smiler når eg finn ein lysande "klase" av sorten, og spontant kjem det eit halvhøgt JA!
Tankane flyg så fritt inni skogen. Eg tenkjer på mine, dei små eg gjerne skulle hatt i handa med på denne turen, på dei store som eg veit tenkjer på sitt! Eg tenkjer på misjonen, på kyrkja, på politikk og alle dei spente kandidatane "mine" den siste lange søndagen før eit val. Eg tenkjer på sauer og hjort, på far, på middagen, på Gud, på vatnet som renn og renn, på hausten, ja endå til på jul!
Men kantarellen sin flotte farge og assosiasjonane den gav meg, dominerte i dag. Fargen var til forveksling lik på fargen som dominerer alle dei tusen brosjyrene eg har hatt i handa dei siste vekene, - og på plakatane, - og på annonsene (eg har stressa med). Den varme fine gulfargen likar eg! Det er faktisk berre den eg kjenner meg heilt trygg på i morgon. Kvifor? Fordi den set menneskeverdet i sentrum! Også det aller svakaste livet! Difor er eg trygg på valet mitt!

mandag 5. september 2011

Skrivetørke

Det har blitt lite med blogging i det siste. Lesarane mine har registrert det, og eg må jo vera ærleg å tilstå at det har gjort godt for egoet mitt at somme har gitt uttrykk for at dei saknar oppdatering. Eg lovar, det kjem!
Eg har forstått at stor forfattarar og skribentar av og til kan bli ramma av dei dei kallar skrivetørke. Om det er det eg er råka av kan eg ikkje svara sikkert på. Eg vil vel helst tru at det er sesongarbeidet i min bransje som fortrengjer skrivegleda og legg den i dvale for ei tid. Det er hektisk for ein  partisekretær i desse dagar.
Men, når eg først er her så må eg få sei - alle treng ikkje stemma på dei store som er i vinden, må eg berre få be om at du klikkar deg inn her. Godt val.

lørdag 13. august 2011

"Utryddingstruet"

Eg har møtt ei ung kvinne i svart T-skjorte i dag - ei svart T-skjorte med eitt ord på. Ordet var: "Utryddingstruet". Det var ikkje villaks eller ulv det dreide seg om, men om menneske som var slik som henne. Ei ung kvinne med Downs syndrom.
- Vi snakker så fint om et inkluderende samfunn hos oss, sa ho og spurde - gjelder ikke det for slike som meg? - Vi snakker om at alle skal med, gjelder det også slike som meg? Vi tar livet av foster med Downs, like til 20 svangerskapsuke sa ho vidare. Teksten på skjorta brukte ordet "utryddingstruet"

Brutalt. Eg vågar nesten ikkje skriva det. Sjølv for meg som deler hennar tankar, og er svært kritisk til det manglande rettsvernet det ufødte barnet har i vårt samfunn, så var det sterk kost å høyra den utilsminka bodskapen denne kvinna kom med i dag. Rett i "fleisen" på mange politikarar med stort ansvar i kommunar, fylke og Storting presenterte ho det!
Ho snakka også om det å bli inndelt i grupper, og at det ikkje oppleves som at alle grupper har same verdi. Dette er ikkje denne gruppa åleine om å kjenna, men vi skjønar kva ho meiner, og det stikk oss i hjarta! Ho avslutta talen sin med å syngja Gabriellas sång "Jag vill leva lycklig For at Jag er jag". De skjønar nok at det var sterkt!
Alle vil vi ha eit godt samfunn. Alle vil vi ha eit inkluderande og tolerant samfunn. Alle ønskjer vi å visa livet respekt . Utfordringa er at menneskeverdet må gjelda alle, på alle stadier i livsløpet, også dei 20 første vekene. Menneskeverdet må gjelda uansett utrustning og ytevene, uansett helse, hudfarge og tru.
Dette er ikkje lett. Vi har "ete mykje av kunnskapens tre" vi menneske, og vår oppgåve må vera å bruka denne kunnskapen til å byggja menneskeverd, frå A til Å i livsløpet! Det kviler eit tungt ansvar på oss, vi som stadig får ny kunnskap og som ikkje alltid klarar å handtera den kunnskapen vi har fått til beste for alle. Som f eks det at vi meiner det er rett, og ofte best, å ta bort spirande liv som har fått eit kromosom for mykje, eller som eg har erfart, eit enzym for lite. Måtte vi få visdom og vilje å skapa eit samfunn der alle er med. Om fødselsgåva gjev oss noko for mykje eller noko for lite, så har kvart menneskebarn sitt unike menneskeverd.
Det er denne saka som har gjeve meg eit politisk parti, og eg treng neppe nemna namnet.

fredag 5. august 2011

Ny mobil ?

Gradvis har det kome snikande ein tanke som eg kanskje ikkje kjem til å klara å kvitta meg med før eg har gjort noko med den. Før eg rett og slett har gjort tanke til handling.
Eg er bitte litt usikker på om eg likar denne tanken, eller om det nettopp er det eg gjer. Likar eg eigentleg ganske godt at eg har oppdaga svakhetsteikn på min ikkje så alt for gamle, men likevel så alt for gamaldagse Nokia eit eller anna? Eg skal vera ærleg - eg likar det! Det er berre å tilstå det, eg likar svakhetsteikna litt for godt. Og med dette er det altså sagt -  eg ønskjer meg ein slik moderne, slank, flat, stilig, svart, touchtelefon med stor skjerm eg også! Eg har faktisk teke til å tenkja at eg BØR og MÅ ha ein slik telefon! Det er jo ingen andre av dei eg jobbar med eller er saman med (nesten) som set og trykkjer og blar på den måten som eg gjer lenger! Og ALLE les jo aviser, er på mail og på facebook på mobilen. Kan eg verkeleg fungera i jobben min utan ein slik telefon? Eg kjenner meg faktisk litt antikvarisk her eg går med den grå mobilen min.

Men så kjem innvendingane:
- treng eg eigentleg ny mobil, er problemet med den gamle så stort?
- orkar eg å bli kjent med endå ein ny telefon? det blir jo så mykje nytt å setja seg inn i (i tillegg til mine to nye høyreapparat- phu)
- er mann, born og kollegaer villege til å oppptre som  mobilstøttekontakt for meg nokre veker?
- er det lurt å skifta rett før ei hektisk tid på jobb? det er jo valkamp snart og tenk om eg ikkje får til å svara når Knut Arild ringjer?
Godt det er helg så eg får tenkt meg om, men ingen skal få meg til å sei at dei ikkje er stilige og freistande desse nye flate maskinene.

søndag 31. juli 2011

Gater fylt av kjærleik

Dagsrevyen sin Einar Lunde, heldt eit fantastisk foredrag om vegen til forsoning i Sør-Afrika på NMS si generalforsamling i sommar. I fem kvarter heldt han den store forsamlinga engasjert med sin meisterlege forteljarevne og fantastiske engasjement.  Dette vart eit av høgdepunkta for mange av oss på dette GF.

I veka som har gått har tankane ofte vore innom dette foredraget. Når eg såg rosene mot himmelen, høyrde songen og ikkje minst kronprinsen si helsing på Rådhusplassen i Oslo, gjekk tankane til det eg høyrde Einar Lunde fortelja om Nelson Mandela og Desmond Tutu sin kamp mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Fantastiske historiar om kjærleik, tilgjeving og forsoning. Inspirert av Jesu ord om å elska sine fiendar, omfamna Nelson Mandela den kvite mann! Dette vekte stor forarging, og var uhørt for dei mange som etter lang tids undertrykking og umenneskeleg forhold, kjente lysten til hemn. Men svaret var "utan tilgjeving er det ikkje håp for verda"
Det er vanskeleg å tilgje, men det norske folk har, som Nelson Mandela vald å visa ein annan veg enn hatet sin veg. "I dag er gatene fylt av kjærlighet" sa kronprinsen! Fantastisk utsagn, stort å oppleva!
Dei store og langvarige lidingane det Sør-Afrikanske folket opplevde i 350 år har andre dimensjonar enn det vi opplever i desse dagar. Det som vi opplever er likevel det mest dramatiske vi har opplevd i landet vårt sidan krigen, og det så meiningslaust, så meiningslaust! Ugjerningsmannen skal domstolen døma. Vår oppgåve er å kjempa for menneskeverd, demokrati og trusfridom for alle.
"I dag er gatene fylt av kjærlighet" Kjærleiken er vårt våpen!
"Kjærleiken gler seg ikkje over urett, men gler seg ved sanninga - Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han" seier Bibelen (1. Kor. 13. 6)
Vi må vidare  med dei grusome hendingane i vår erfaringsbagasje. Eg ber om at sanninga skal hjelpa oss i sorgarbeid og smerte. Eg ber om at vi må bli tolerante, også ovanfor dei som tenkjer og trur annleis enn oss. Eg takkar for vegen det norske folk har vald desse dagane, det gjev fornya samhald og håp for framtida .
Så ber eg om at vi som enkeltpersonar og folk må finna djupt feste, glede og fridom i vår kristne tru. Vi har alt å tapa om vi i toleransens namn viskar ut vår kristne arv og identitet i landet vårt. Grunnfesta i denne trua er vi trygge og sterke til å visa toleranse.

søndag 24. juli 2011

Mor Kyrkje

Kyrkja er vår mor vert det sagt. I dag har vi opplevd kyrkja vår som ei mor. Over heile landet har kyrkja vore der med eit ope morsfang for borna sine. Tårer og fortviling har blitt utaust, og Mor har delt ut trøyst og håp gjennom varme blikk og handtrykk, gjennom ord og Ordet, gjennom salmar, lys og gjennom varme.
"Høg" og "låg" har vore saman. I dag var vi alle born.
"Du har kalla oss til å ha ein heim i di kyrkje på jorda" ber vi i ei av kyrkjebønene våre. Glad vi har denne heimen.
Takk til deg du "Mor kyrkje"! Takk at du framleis lever i landet vårt! Vi er mange som treng deg i dagane som kjem!

lørdag 23. juli 2011

I det meiningslause

Når det meiningslause skjer, må eg låna ord. Svein Ellingsen formar ord og bøner eg opplever godt å bruka.

Midt i alt det meningsløse

Midt i alt det meningsløse
som vi møter her på jorden,
blir vårt hjertes skrik til bønn.
Gud, vi roper: Om du finnes,
finn oss, redd oss når vi synker
i vårt eget tomhets-mørke.


Kom vårt sprengte liv i møte!
La oss i vår trengsel merke:
Under alle dyp er Du!
La oss gripe dine løfter:
Ingen makt skal kunne skille
oss fra Kjærlighetens allmakt.


Selv om ubesvarte hvorfor
stadig dirrer i vårt hjerte,
ber vi, Herre: Gi oss tro,
tro på deg som kjemper med oss
fylt av kjærlighet, i nærkamp
mot det ondes makt i verden.


Om vi seirer eller synker,
skal vårt svake liv bli båret
gjennom liv og gjennom død.
Gud, vi roper: Du som finnes,
finn oss, redd oss, la din nærhet
bli vårt lys i tvilens mørke.



Svein Ellingsen

tirsdag 12. juli 2011

Vakkert

Kva er vakkert?
Det nyfødte barnet -
Den fredfylte gamle -
Kunsten, naturen, orda og kjærleiken -

Eg har halde noko vakkert i handa i dag!
Ei gamal, lengesidanpussa kompottskei i sølv vart vakker i dag
Den låg i arven frå mor si kjøkkenskuffe
Utallege skeier med sviskedessert har den servert oss
Mest sviske, men også sukra rips og fersken frå boksen til 2,95
Mor hadde berre to slike "fine" skeier
Ho synes dei var fine
I dag vart den eine vakker!
Vakker fordi mor vedsette den
Vakker fordi mor gledde seg over det ho såg vakkert

Eg såg blikket som fòr over skeia før bruk
Eg såg handa som sette den i skåla
Eg såg fingrane som gjorden den rein
Eg såg den var verdifull for henne

Kva er vakkert?
Det eg har sett i dag vart vakkert

torsdag 7. juli 2011

Ingen ting i morgon

Kva skal du i morgon? Det er eit vanleg spørsmål her i heimen og sikkert også i dei fleste heimar. Vi må fylgje med kvarandre sjølvsagt, og vi gjer det både av praktiske omsyn og fordi vi er interessert i kva dei andre har av oppgåver og arbeid.
No er det ferie, og kva skal vi i morgon? Vi kan vakna når vi vaknar og ha lang frukost viss vi vil - veit eg. Berre tanken på at klokka ikkje ringjer kan få meg til å stå tidleg opp! Godt at det er slik av og til.
I morgon treng eg ikkje tenkja på kva eg skal ta på meg, det er nydeleg! Eg treng ikkje tenkja på om eg blir ok på håret og at eg ser presentabel ut. Herleg rett og slett!! Eg trivest med ein litt "sluskete" feriekostyme, kjenner meg ufatteleg fri i gamle utvaska klær. Eg treng heller ikkje tenkja på kva eg skal  meina, målbera, skriva eller planleggja.
I morgon skal eg ta ei rive og raka litt, trur eg. Eg skal sjå at dissestativet kjem på plass, trur eg, og så skal eg for mitt indre sjå små barneborn sitja på kvar si disse og smila til meg, drøymer eg.
Så skal eg ha meg ein tusletur, tenkjer eg. Er ikkje i trimme- eller fjellform, så det blir nok ein tusletur reknar eg med. Men då må sola koma, meiner eg. Då kan vi også sitja på terassen og lata oss, håpar eg.
Kanskje blir morgondagen heilt annleis, men eg veit at det er ting eg ikkje skal i morgon!
Takk til samfunnet vårt som gjev oss ferie. Det er luksus, veit eg. Tanken går til dei som kvar dag kjempar sin livskamp for mat og drikke til seg og sine. Eller til dei som ikkje har ferie fordi dei ikkje har helse eller arbeid. Eg er priviligert kjenner eg, her eg går sakte og ferierar og prøver å finna nye krefter.

onsdag 6. juli 2011

Mot og motvind

"Gå ein tur til Kvamme i motvind, då kjenner du at du vert sterk!" Denne oppmodinga fekk eg av ein eldre mann i Masfjorden ein kveld for mange år sidan. Han ville oppmuntra meg til å stå fast på det eg sto for i ei politisk sak som vekte stor ståhei i kommunestyre og lokalmedia. Eg har mange gonger sidan tenkt på dette - motvind kan gje styrke.
Det handlar om å stå for noko sjølv om det er i uttakt med tida. Det handlar om å tru på noko og stå for det sjølv om det kostar og meiningane er sterke. Det handlar ikkje om overmot eller "eg veit best", men om å vera tru mot overtydinga.
Dei siste dagane har eg fornya mi kontrakt med misjonen sin Herre. Det har ikkje med det å gjera at eg vart vald til landsstyreleiar for NMS for tre nye år på fredag. Kontrakten min heng ikkje saman med verv. Eg har eit kall og eit engasjement for at vi som kristne skal formidla Guds kjærleik. Gjennom ord og handling skal vi vera disiplar i verda. Eg kjenner ein driv etter å finna metodar som kan engasjerer fleire i denne viktige saka.
Det har vore ein del motvind og "hanskast" med i mitt misjonsengasjement dei siste åra. Økonomiske problem for organisasjonen eg er med i (NMS) i staden for vekst. Nedbemanning i staden for oppbemanning. Usemje i staden for semje i somme saker. Motvind kan det kanskje kallast. Likevel - eg kjenner meg uendeleg takksam for motet - motet til å arbeida vidare for misjonen!
Generalforsamlinga sist veke har gjeve meg fornya mot og glede. Opptil 2000 menneske saman om same sak. Trufaste eldre og mange aktive unge som vil misjon - under same tak. Representantar frå heile verda samla nokre hektiske dagar om felles sak. Eg opplevde "motvind" også denne veka, men motet vart ikkje svekka av det, oppgåva er like stor om vi tenkjer ulikt i somme saker.
"Gå ein tur til Kvamme", sa min eldre ven i Masfjorden,
"Gå difor ut" sa misjonen sin Herre, han som har all makt i himmel og på jord. Alle dagar har han lova å vera med sine disiplar. Kanskje det er difor vi har mot - trass motvind? Nøkkelen ligg vel der, tenkjer eg.

torsdag 23. juni 2011

Ei flaske Jonsokbrus

Eg har oppdaga at eg har blitt det dei kallar eldre. Merkeleg, men i radioen på veg heim frå jobb i dag omtala dei meg som eldre. Det var berre ei trøyst i det eg høyrde, dei kalla nemleg også 50-åringar for eldre. Eller, kanskje det ikkje er noko trøyst, for viss 50- åringane er eldre, då må jo eg vera endå meire eldre...
Men i kveld, på denne Jonsokaftan skal eg faktisk innrømma at eg høyrer til dei eldre. Eg set inne, og berre det er vel eit eldreteikn. Rett nok grilla vi ute og synes det hadde sin sjarm der vi sat godt påkledde og kosa oss i sommarkulden, vi to eldre. Men det er ikkje det at vi kraup i hus att som gjer at fekk ei kjensle av at noko var rett i det dei kjekke unge mennene snakka om i radioen. Nei, den snikande erkjenninga kom gjennom vindauga der eg gjennom tett bjørkekratt skimtar Haugane hans Ottar. Haugane der vi brende bål då eg var jente. Og plutseleg fekk utsikten meg til å tenkja og tru at eg muligens kan ha levd i hundre år.
For fram i minnet kom ei appelsinbrusflaske, ei veldig etterlengta brusflaske. Ei av fire i året. Ei brusflaska med eit spikarhol i korken. Slik varde brusen lenger, kolsyra gjekk seinare ut, og vi kunne nyta den lyksalige smaken heile kvelden, ja endå til ha att nokre dåpar til neste dag. Det var ved denne tanken eg brått kjende at dei i radioen i dag hadde rett, erkjenninga kom.
Eg høyrer til generasjonen som vaks opp med ca fire brusflasker for året, ei på 17. mai, ei på søndagsskulens dag, ei på fødselsdagen og ei på Jonsokaftan.
Og så dukkar tanken på alle brusrestar eg har tømt i vasken opp, restar etter brusmette store og små. Verda har endra seg, eg er definitivt mellom dei eldre.
(men no kjem Knut med jordbær og is - det kallar eg "å leve lykkelig med sukker på")

torsdag 16. juni 2011

Søstre

Godt ein ikkje er åleine i verda. Heldig er eg som har familie, ein rimeleg stor familie, ja ein veldig stor familie dersom vi går langt nok bakover. Trist forresten at familiane blir mindre og mindre etter som åra går og generasjonane skifter.
I kveld vil eg skriva ei lita lovprisning til søstrene mine. Korleis hadde livet vore utan dei? Eg hadde vore einebarn i alle fall, og hadde gått glipp av mykje omsorg, hjelp og ærlege tilbakemeldingar.
Eg har ei storesøster og ei veslesøster, og den omsorga dei viser den mellomste søstera er strålande.Telefonar, sms-ar kjem når utfordringa krev litt av den mellomste. Eg kan ringja og eg veit at eg møter engasjement og omsorg. Kos går det ? eg tenkjer på deg - bra dette Kari! - eller var no dette så lurt ? kanskje du heller skulle? og ikkje minst; - no må du roa deg.
Eller som i dag då storesøstera, som veit at den mellomste mislikar sterkt å handla klær, seier i telefonen: Kari, eg har noko du kan få i dag, kom innom! Og så får eg eit nydeleg sett med klær, til og med slike klær som eg kan møta misjonsfolket med om eit par veker - ei sut mindre og eg blir ganske fin!
Eg takkar for søstrene mine! Dei er tolmodige med meg, og eg her den heldige søstera i midten!

søndag 12. juni 2011

Ein kopp kultur

Gamle koppar innheld mykje kultur. Eg har hatt interesse av å samla på gamle kvardagskoppar, og i hytteveggen fylles det opp etter kvart. I det siste har eg "spissa" denne hobbyen til å gjelda koppar frå forsamlingshus og lag og organisasjonar. I dag kom Knut heim frå Frøyset og hadde med seg ein fin kopp frå Hosteland Bondekvinnelag. Den har eg ynskt meg lenge, og eg takkar Henrikke Ynnesdal som har skaffa meg den. Du ser den til venstre saman med den flotte koppen frå bedehuset på Andvik.
Slike koppar er for meg symbol på kultur, fellesskap og engasjement. Bondekvinnene på Hosteland samlast for å få fellesskap og for å læra av kvarandre som bondekvinner. Det er ikkje velfriserte hender med lilla neglelakk som har ført desse koppane til munnen. Nei, det er reinvaska arbeidshender med hard hud og snev av fjøslukt som har fått den velgjerande kaffidråpen dit den skulle. Eg ser det for meg og kjenner meg andektig.
Andektig blir eg også av bedehuskoppen frå Andvik. Den har gjeve mang ein god dråpe til folket i bygda der, også til meg. Om det er samling om Bibel og bøn, julefest eller misjonsbasar, kaffikoppen gjer godt og styrkjer fellesskapet.
Koppane blir for meg symbol på frivilleg aktivitet og engasjement. Symbol på samhald og fellesskap. I Masfjorden er det mange slike koppar - eg har ein del av dei. Målet mitt er å få frå alle bygdene. Kvifor? Fordi dei er symbol på viktige verdiar i desse bygdene eg kjenner meg så knytta til, og fordi dei minner meg om mange strålande menneske som har kokt kaffi og drukke den saman fordi dei hadde eit engasjement! Ikeakoppar og plastkrus tek lett over for den gamle med namn på. Det får så vera, det viktigaste er engasjementet!

lørdag 11. juni 2011

Glad misjonsdame

Du verden kor mykje flott og spennande eg får vera med på! I heile går sat eg saman med landsstyret i NMS og gjekk gjennom rapportar frå prosjekta vi driv verda rundt. Det er til stor inspirasjon, det nyttar!
Det handlar om evangelisering og kyrkjevekst, det handlar om diakoni og bistand, og det handlar om organisasjonsbygging og medverknad.
På nytt blir det tydeleg for meg at arbeidet vårt skapar håp. Evangeliet blir forkynt og menneske får nytt liv. Nye kyrkjelydar vert etablert, 50 nye siste året berre på Madagaskar. Lokalsamfunn blir endra og istandsett til å takla kvardagen. Vatn, mat, helse, miljø, energi fylgjer som resultat av nokre "få" kroner", sett med norske auge.
Eg opplever tydelegare og tydelegare at misjon engasjerer både mitt kristne engasjement og mitt samfunnsengasjement og eg er takksam, ja nesten litt høgtidleg her eg set på ein litt stille lørdagflyplass på Sola og ventar på fly heim. Eg merkar at eg plutselig nynnar på denne strofen; " takk at jeg også fikk ditt kall og skal få være med".
God pinse!

tirsdag 31. mai 2011

Snus og tunnelar

Kva har snus og tunnelar til felles? Ingen ting trur eg, kanskje den svarte fargen? I kveld blir det likevel eit kort innlegg om snus og tunnelar.
Først om snusen. Eg "hatar" snusposar som ligg og utarmast på gater og vegar!! Overalt ligg desse ekle kvite posane med det svarte inni. Kvifor kan ikkje dei som finn glede i denne gifta kasta den i bosset etter bruk?

Det var faktisk berre det eg måtte få sei om snusen!! Få den der den skal; i bosset(og aller helst før den er brukt).
Godt å få sagt det.

Så til tunnelar. Eg blir i godt humør, ja eg smiler beint fram når eg køyrer inn i ein nymåla kvit tunnel. Det er så lyst og reint og flott! Eg observerer at det kom eit smil over leppene mine inni to nymåla tunnelar i dag. Kvite som det reinaste laken var dei!! Det mørke gråe regnveret vart avløyst av kvite tunnelar! Kvardagsglede kallar eg det.

Så vert spørsmålet
a) er det greit med snusposar slengt på gata?
b) blir du glad av ein kvitmåla tunnel?
Det var berre det i kveld.

søndag 29. mai 2011

Misjonssøndag

I dag skal eg ut å formidla misjonsengasjement igjen. Eg gler meg. Førebuingsarbeid til slike oppdrag gjev meg inspirasjon, og eg kjenner at det rører ved eit djuptgripande engasjement.

Misjon er ord og handling.

Ordet er å tilby evangeliet til alle menneske, handling er å vera med å gjera verda til ein betre stad å leva i for flest mogeleg. Begge desse sidene skapar engasjement hos meg. Eg gler meg over nydøypte i Mukdahan i Thailand, eg gler meg over vannpostar i Laos og ei enkel mølle i Begi i Etiopia. Verda kan bli annleis ved vårt vesle bidrag.

Men misjon er ikkje berre det å gje, misjon er minst like mykje å ta i mot. I samarbeid med kyrkjer i andre delar av verda får vi ein ny dimensjon for tru og arbeid. Vi kan bli overvelda i møte med den "fattige" kyrkje sin åndelege rikdom. Vi kan bli forlegne i møte med den frimodige gudstrua vi møter hos dei nye kristne, og vi skjønar at vi har mykje å henta frå deira erfaringar. Difor er det spennande at vi har fått misjonærar frå samarbeidskyrkjer til Norge. Dette skal vi utvikla vidare. Guds kyrkje kjenner ingen landegrenser og vi er søsken som saman skal invitera menneske inn i Guds rike, og som saman skal gjera verda til ein betre stad for flest mogeleg.

God søndag!

mandag 23. mai 2011

Busserfaring

Å reise kollektivt er teoretisk sett både bra, rett, fornuftig og miljøvenleg. Vi har gode bussar, stadig betre vegar, grei korrespondanse - ja, det meste er jo ok.
I dag har eg testa denne måten å reisa til og frå kontoret på, og eg veit sanneleg ikkje kva eg skal sei om denne reisemåten. Burde nok prisa den opp i skyene, men eg klarar det ikkje, skal eg vera ærleg. Eg har vore innom fem bussar, og mista ein, og likevel har eg ikkje oppdaga gleda ved å køyra buss. - Ut og inn av bussar, venting her og venting der. Det er jo eit system, og mange kloke planar og ruter er sett opp, eg ser det, men eg må berre tilstå; eg likar meg ikkje på bussen.
Så blir spørsmålet - skal eg halda fram å reisa med buss? Skal eg spandere bortimot ein time meir for dagen på miljøet? Skal eg?
Eg har ikkje svar i kveld.
Bilen er på verkstad nokre dagar til. Det er mogeleg eg ser litt annleis på saka i morgon når eg har fått litt meir busserfaring. Kollektiv er jo bra, og skal eg reisa kollektivt må det bli buss - mange bussar!!

fredag 20. mai 2011

Kong Salomo og Jørgen Hattemakar

Fotballen er rund, og graset er grønt for både for Kong Salomo og Jørgen Hattemakar. I kveld har eg sett to fotballinnslag på Vestlandsrevyen - det eine var om Kong Salomo som streikar for retten til å få velja sko, og ei Brannleiing som er bekymra for at mandages heimekamp går i vasken. Store økonomiske tap kan bli konsekvensen. Jørgen Hattemaker spelar i regnveret på Nymark. Ruskeveret gjer at TV-teamet stadig må tørka linsa for å dekka den doble kampen! Her er det rusmisbrukarar/tidlegare rusmisbrukarar og heimlause som spelar seg ut av rus og fattigdom. Vi må koma vidare og samhaldet er viktig, seier spelarane. Om desse ikkje lukkast er tapa vesentleg større enn for dei som kjempar for retten til å velja sko.


Kven fekk hovedoppslaget på Dagsrevyen? Fotballskoen sjølvsagt. Eg veit kven eg heiar på - HEIA Nymark!!

søndag 15. mai 2011

Ei lita søndagspreik

Eg har nett høyrt radiogudstenesta. Eit godt alternativ når eg ikkje kjem meg på gudsteneste. I dag vart de lese m.a. denne setningen: "Eg kjenner mine og mine kjenner meg".


Dette er ein god tekst. Handlar om å vera kjent med, og bli kjent av den Gode gjetaren! Om tanken er alt for stor, så trur eg likevel han kjenner meg og alle skapningar. Etter eit rimeleg langt liv der tru og erfaring av gudsnærvær har prega meg, trur eg også eg har litt kjennskap til gjetaren. Men eg vaktar meg vel for å sei at eg kjenner djupna i trua på, og livet med Den Almektige. Likevel kjenner eg han godt nok til å bli værande i flokken hans. Men eg blir også stadig driven av ei tilbakevendande utfordring når eg høyrer denne setninga, og ofte må eg venda meg til gjetaren med desse orda: "Du seier du kjenner meg du gode gjetar, og eg får kjenna deg. Takk for det, det er godt for meg! Takk for tryggleik og kjensle av å høyra til. Men, du gjetar du som kjenner meg, og som eg får kjenna - det er då så mange som ikkje kjenner deg, kva gjer du med det?"


Eg kjenner gjetaren så godt at eg veit svaret, han ber nemmeleg oss som kjenner til, å gjera kjent! Gjera kjent og tilby plass i den Gode gjetaren sin flokk! Det er faktisk plass til alle på beiteområdet hans, mange fleire må få del i dette. Livet blir annleis på dei beitemarkene enn utanfor.

Difor er eg med misjonen - eg kjenner meg driven av det å vera kjent av Den gode gjetaren, og eg kjenner meg driven av det gode kjennskapet eg har til Han.


Dette vart mi enkle søndagspreik i dag. God søndag!!

Biletet er av Amdam og det heng i stova vår!

tirsdag 10. mai 2011

Utgått på dato

Utgått på dato! Vi rike kastar, dei fattige får det!

Det er flott at dei som har lite kan få mat som er like god sjølv om datostempelet viser utgått, men det er forkasteleg at vi andre så lett kastar slik mat. Artikkelen i Dagen er både gledeleg og tankevekkande. Les den!

Kvifor kastar vi alt som er utgått på dato? Butikkane gjer det fordi dei ikkje kan selja slik vare. Vi forbrukarar gjer det fordi vi trur på dette stempelet, og vi ønskjer ikkje å eta skjemt mat. Vi høyrer om ulike bakteriar som kan gjera oss sjuke, ikkje minst er vi redd for at borna skal få skjemd mat. Det må opplysning til på dette området!

Eg helsar velkomen initiativet frå Bymisjonen, og det er prisverdig at landbruksministeren er positiv til ein Matsentral i Oslo. 3000 menneske kan få mat av det som elles blir kasta. I Norge kastar vi 500000 tonn mat, og 10% av dette kjem frå daglegvarekjedane, skriv Dagen.

Eg håpar at denne verksemda blir til god hjelp for dei fattige. Eg er glad for at nokon ser muligheten som ligg i desse matvarene, kanskje kan det føra til at både myndighet, matvarenæringa og vi som forbrukar tek ein revisjon av haldninga vår til kva vi kastar og til kva vi trygt kan bruka,

søndag 8. mai 2011

Blomsterbukett

Eg har plukka kusymre i dag. Denne nydelege, velduftande gule blomsten, som er min vårblomst.

Eg plukka årets bukett, og sjølv om det var få av sorten på plassen "min" i år, så har eg fått den gode opplevinga som det er de å plukka kusymra.På vegen heim fekk eg ei barnsleg, litt vemodig kjensle der eg tusla over bøane. Eg kjente den rare varmen som ein får i handa av å halda ein nyplukka bukett. Har du kjent den? Den er heilt spesiell. Varmt, klamt og litt vått. Eg må skifta hand rett som det er for å lufta buketthanda, og eg kjenner at eg ikkje heilt likar at det er slik, at eg visst ikkje likar å bera buketten heim. Eit bitte lite stikk i hjarta fekk eg også, nett som eg kunne få då eg var liten, for kanskje skulle blomen fått stått på plassen sin der nede i sjøkanten? Det var jo der den hadde plassen sin, høyrde til! Kva er vel kjøkkenbordet mitt i forhold til den fine berghylla? Den ville fått lenger levetid på plassen sin enn i skåla mi, tenkte eg...


Barnslege og litt tullete tankar. Men no står den gule velsigninga på kjøkkenbordet, og eg vel å tru at den opplever det litt meiningsfylt at den kan gle meg litt resten av tida si. Og så gjev jo Aa.O. Vinje sitt dikt om Tyttebæret gje meg moralsk støtte.


For tyttebæret seier:

"Herifrå du må meg taka, moge bær har inga ro,

mal meg sund så du kan smaka svaledrykken av mitt blod.

Mognast du så vil du beda just den same bøn som eg,

mogen mann det best vil gleda
bort for folk å gjeva seg"


Det er ikkje utenkjeleg at kusumaren seier det same!!

mandag 25. april 2011

Vidare

Så er påska over. Det er 2. påskedagskvelden og mange av oss kjenner at morgondagen trengjer seg på og gjer krav på plass. Eg kjenner på spenninga framfor ein viktig vår både på jobb og i NMS her eg set og roar ned litt i kveld.
Vårsemester i valår er alltid hektiske veker. Mykje skal på plass framfor eit viktig val! På fredag startar landsmøtet, eg ser fram til det! Sjølv om eg er tilsett i KrF må eg likevel ha lov i synast at det er stas og flott at Knut Arild Hareide skal bli vår nye partileiar. Med han får KrF ein dyktig lagleiar som har stor politisk kompetanse og kapasitet. Han har sine røter godt festa i KrF sitt grunnsyn og politikk, og eg gler meg til å fylgja han vidare, slik eg har fått fylgd frå han var heilt ung. Lukke til Knut Arild!
Så skal landsmøtet drøfta om partiet framleis skal ha vedkjenningsparagraf eller om den skal få ein verdiparagraf som krev lojalitet av tillitsvalde. Dette har eg tankar om, men dei skal eg ikkje utbrodere her. Det eg likevel vil sei er at kva no enn landsmøtet vil vedta, så vil KrF framleis vera eit parti som har si rot i, og si framtid i dei kristne verdiane.
Så tenkjer eg på misjonen i kveld. Tenkjer på kvinnene som sprang frå grava for å fortelja at Jesus hadde stått opp! Tenkjer at det er det misjonen handlar om, fortelja vidare om han som er Herre også over dødens makt. Generalsekretæren vår har skrive eit lesverdig brev til Maria Magdalena. Les gjerne det.
Siste veka før neste ferie, dvs sommarferie, har vi generalforsamling i NMS, eg tenkjer på det også ein slik kveld. Vi ventar ca 2000 menneske til Kristiansand i månadsskiftet juni/juli. Eg ser fram til den samlinga både med spenning og forventning. Etter tre krevjande år skal Landsstyret leggja fram sin rapport for eit aktivt misjonsfolk. Så skal vi leggja fram forslag til strategiplan for neste treårsperiode. Vi skal vedta lovendringar vi veit vil skapa debatt, og det skal vera val. Dette er eg spent på! Så er eg forventningsfull til fellesskap om Bibel og misjon - gler meg til å bli inspirert gjennom møte med menneske frå heile verda som deler tru og tanke, erfaringar og engasjement! Livet og utfordringane er gjevande. Det er godt å få delta! Godt å kjenna engasjementet!

søndag 17. april 2011

Forventning

Palmesøndag - eg kjenner alltid på forventning på denne søndagen. Starten på eit drama som har endra verda og gjeve grunnlag for tru, håp og kjærleik, men som også har skapt strid og motsetningar.

Esel, palmegreiner og hosiannarop - eg tenkjer: kva ville eg ha tenkt om eg var på veg til Jerusalem denne søndagen? Eg veit ikkje, eg veit berre at eg er både skeptisk og kritisk av meg. Hadde eg lagt ei palmegrein på vegen eg også? Det veit eg ikkje. Eg takkar i alle fall for at eg har fått heile historien fortalt samanhengane, og at eg veit at eg lever i trygg forvissning om at dette var meir enn eit opptog! Difor er eg forventningsfull.

Så er eg også forventningsfull i dag, og eg kjenner det i heile meg, for i dag kjem dei første påskegjestane våre. Fire nyoppreidde senger er klare, dokkepø og barnestol er henta fram! Eit heilt år sidan dei sist var heime, og mykje har både dei og vi erfart og opplevd sidan sist. I løpet av veka er heile familien samla. Det blir stas. Heldige meg!!Så gjeld det at mamma, svigermor og bestemor ikkje har for store forventningar til seg sjølv, men lar det susa, slappar av og tenkjer: det er mat nok i kjøleskapet, i fryseboksen og på butikken! Det klarar eg, og eg glad for det også!!

Eg er rett og slett forventningsfull!!

fredag 15. april 2011

Basarkveld

I kveld har eg vore på basar på Leknes, og eg blir stadig fascinert over basarkulturen. Flotte handarbeid kombinert med påskeblomar, fruktkorger og påskeegg får nye smilande eigarar! To-tre eldre kvinner hadde ansvaret for at basaren vart også dette året, og born, svigerborn, barneborn og naboar var i sving som medhjelparar. Ein palmehelgsfredag på landsbygda, og vel 25 000 kr til NMS denne kvelden. Takk!
Dette er misjon - dette er kultur - dette er sosialt felleskap. Eg trives som basartalar, eg likar basarpublikummet!

Det var fint å formidla i kveld. Kjekt å få respons på misjonsinformasjon og misjonsforkynninga mi.

Vi treng å bli oppmuntra av evangeliet sin framgang og den kristne kyrkja sin vekst under andre himmelstrøk. Vi treng å få vita kor mykje vi får att for kronene våre ved å støtta ulike prosjekt. Og vi treng å få høyra at det er mange måtar å støtta misjonen på - Ei ny tid treng nye arbeidsmåtar! Ikkje alle ønskjer å gå i misjonsforening, ikkje alle har tid eller synes dei passar der. Men støtta misjonen kan dei, og det var mi erfaring i kveld at det vil mange framleis gjera. Takk for ein flott kveld!

lørdag 9. april 2011

God helg!

I kveld hadde eg tenkt å leggja inn ei lita godsak som eg har skrive. Men det blir det ikkje noko av. Det kunne blitt bra, trur eg, men så blir det ikkje bra likevel. Det skuldast min manglande datakompetanse. Eg får nemmeleg ikkje til å redigera det slik at det tek seg bra ut på bloggen. Difor blir det berre god helg eg seier i kveld, her eg ligg på sofaen med PC-en på magen. Kanskje kan eg også kort meddela at eg har kjent ei aning av vår i lufta i dag. Eg har lenge gått og venta på den aninga, og eg nynnar oftare og oftare på Eyvind Skeie sin "visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny." Det er håp i den salmen - sjølvsagt kjem våren, all erfaring tilseier jo det!! Men den kan koma seint, veldig seint somme år. Jorda blir ny når livet vaknar, det er alltid like facinerande. Så takkar eg Skeie for at han med denne salmen minner meg om at eg har eit håp som peikar endå lenger, eit håp som ikkje er knytt til våre skiftande årstider, men til løfte om ei nyskapt jord der det gode bur. Også det er ein god tanke!! God helg!

mandag 28. mars 2011

Alle reiser er ein omveg heim

På Sola flyplass las eg i dag dette sitatet av Arne Garborg "Alle reiser er ein omveg heim" Det er mykje i det, Eg oppdaga litt av det der eg sto i innsjekkingskøen og tømte sekken og lommer, tok av meg skoa, belte og alt som skulle til for å koma gjennom nålauga. Denne innskjekkinga er forresten eit styr, men eg har blitt ganske god etter kvart, god på system og påkledning. Eg veit at eg treng to kassar til pøet mitt. Første kasse skal ha jakke, belte og lommerusk. Så slengjer eg skoa på bandet. Etter dei sender eg sekken, og så kjem PC-en til slutt i boks nr to, Dei vaktsame blikka godkjenner meg som oftast, og det var ikkje så mykje som eit pip i dag heller. Eg blir alltid så forferdeleg tørst når eg driv på med dette! Kvifor det, tenkjer eg. Eg har funne ut at det er fordi eg ikkje kan ta gratis vatn med meg gjennom kontrollen, og fordi at eg rett og slett skal bli tvinga til å kjøpa meg ei flaske Imsdal eller Olden til 27 kr. Det irriterer meg litt dette, kanskje mykje eigentleg, for berre tanken på det at eg ikkje kan ta med meg ei flaske vatn gjer meg så utruleg tørr i munn og hals.. Det har nesten vorte slik at får litt angst for at mobilen skal ringja, eller at eg skal møta kjennsfolk med slik eit tørt snakketøy. Så må eg kjøpa meg ei flaste då - i dag også. Men det var ikkje dette eg ville skriva om.. Eg ville skriva om at alle reiser er ein omveg heim! Fasinerande dette ordet HEIM. Heim der eg høyrer til, heim til mine og vårt! Heim der eg heilt og fullt kan vera meg sjølv. Heldige meg som trivest borte men som lengtar heim! Omvegen gjennom sikkerhetskontrollen i dag var ei lita reise. Alt det andre eg har opplevd dei siste dagane har hatt ein heilt annan karakter. Krevande og gjevande misjonsdagar i Oslo og Ryfylke. Og så set eg her tenkjer på at eg skulle sete i Amsterdam på veg til Hong Kong og Kina nett no. Det hadde vore litt av ein omveg heim, ein spennande omveg heim. Den omvegen håpar eg eg får ta ein annan gong. Eg ville så gjerne møtt medkristne i kyrkjene der, og lært av dei, lært å vera medvandrar og samarbeidspart, dei og vi i NMS om same sak. Eg ville møtt folket og landet lært om rammene rundt deira liv. Neste gong vil eg ikkje bli hindra. Men heimatt ville eg!! Heimatt til Knut og til heimen vår!