søndag 31. mars 2019

Til granskogen

Kjære granskog!

Forakta og lite påakta
av mange
står du i skogen min
og gjev meg glede

Hadde du ikkje stått her
hadde eg ikkje fått kjenna gleda over
dei vakre lysportalane du lagar
når sola skin gjennom krunene dine
og ikkje kjent gleda
over glimta av bygda
og fjorden som tittar fram
mellom leggene dine
Heller ikkje hadde eg fått trødd på dei mjuke stiane
gjennom riket ditt

Hadde du ikkje stått her
hadde eg mista
opplevingar med deg
når småfuglande leikar gøymsle
og syng våryre songar i ditt eviggrøne fang
Eller når vinden lagar orkester
med djupe klangar mellom greinene dine
og fyller skogen med musikk
som skapar
undring og
mystikk
og stundom gjer meg
liten og redd

Takk du staute og rufsete granskog
som vi planta ein gong
for framtida
Du kjenner deg nok moden for nye oppdrag
Eg skjønar deg
men rår ikkje med det

Ver tolmodig
klor deg fast
Ein vakker dag kjem
saga fram til deg
og du får køyra på
på nybygde vegar
til ditt nye liv
- det livet du var planta for!

Helsing grunneigaren

fredag 22. mars 2019

Eit rom

Kvelden kjem
og eg kjenner meg heime
Då kan natta koma med teppet sitt
Breia det over dag og medvit

- om eg ikkje hadde eit rom
- om eg ikkje hadde ein stad når natta kom
Tanken skjønar ikkje slike ord

I eit endelause univers
mellom alle milliardar
gav livet eit rom 
for vesle meg

Eit rom med
kontrastar
lys og mørke
Men eg er heime
eg høyrer til
og natta kan koma
med teppet sitt
Breia det over dag og medvit
i rommet  som vart mitt

torsdag 14. mars 2019

Vy

Eg likar ordet VY
Eg likar folk med vyer
Folk som drøymer
som har ein idè dei trur på
- som dei endå til set ut i livet
Folk med vyer dreg verda framover
- om vyene er gjennomførbare då
Eg likar også ordet VY i laurdagskryssordet
Eit heilt ord
som blir ferdig
med berre to bokstavar
det er effektivt.
Det er Vyer over slikt eit kryssord
Men no tek toget ordet frå oss
- frå dei mange med vyer
- frå dei mange med draumar
- frå dei mange sitt kryssord
Dette treng eg tid på

- NSB skiftar namn til Vy -

søndag 3. mars 2019

Han Tinnitus og eg

Tinnitus spelar ein ciss
eller kanskje så er det ein dess

Same tonen
har ulike namn
Same tone
men ulik dur
Den eine er kryss
Den andre er b
Om lyden er lik
så kjen's det 'kje slik
B-en er mjuk
og kanskje litt trist
Krysset er hardt
er opplagt og friskt

Han valde tonen min sjølv
og flytta inn utan lov
Tvilar på om vi blir til vens

Ikkje berre det vi ber inn
tek seg eit rom

Så difor styrer eg slik:
Vil eg kvila frå fyren
då ber eg om dess
Vil eg halda meg vaken
 så ber eg om ciss

Slik lever eg og han Tinnitus livet
Han lagar litt kryss
han får meg til B
Når stundom han sovnar - eg takkar for det