fredag 23. november 2007

Godt jobba Pål

Det må bli litt fylkespolitikk i dag, det har skjedd ein del positive ting som fortener omtale. Fylkesutvalet har vedtatt budsjettet denne veka og vår mann Pål Kårbø, har gjort ein flott jobb for Masfjorden og Nordhordland
Det første er det gledelege er at Masfjorden får 12 mill (4x3 mill) til utbetring av Stordalsvegen. Dette er ei oppfylging av Fyrtårnmidlar til skitrekket, og er tildelt av konsesjonskraftsmidlane. Mykje kraft har kome frå Stordalsområdet, og sjølv om det er "dråpar" som kjem tilbake denne gongen er det all grunn til å gle seg.

I tillegg til dette er det lagt inn prosjektmidlar til Pilotprosjektet vårt, ca 530 000 kr. Dette er viktige midlar for vidareføring av bygdeutviklingsprosjekta.

Det er også gledeleg at vi fekk gjenomslag for TAF-linje på Austrheim sjølv om eg i Strilen ser at Liv Oda gjerne vil ha sin del av æra for den. Det skal sjølvsagt ho og Ap få, men det er no eingong slik at dei som set i posisjon må få det inn på budsjettet og Pål har fått det til, det vil eg takka han for! For oss er det, i tillegg til det eg har skrive før om det faglege behovet for regionen, også viktig å styrkja Austrheim vgs som er ein liten skule i distriktet. Dette vil gje skulen ny kompetanse og status, og styrkja elevtilgangen til skulen.

At Osterøy får midlar til ny skule er også ei god sak for Nordhordland og distriktet. Det er jubel på Osterøy les eg i Bygdanytt

søndag 18. november 2007

Budsjettarbeid

Det er budsjett-tid i alle kommunar - hjå oss også.

Formannskapet har hatt to møte der budsjettet har stått på dagsorden.
Økonomien for Masfjorden kommune har vore trongare enn den er nett no. Vi som har vore med ei stund hugsar med gru tilbake til tider då vi var på minus år etter år, og at det var tider då vi endåtil måtte låna for å kunna betala ut lønn.
Sjølv om vi er i ein betrestilt situasjon no, er det all grunn til å styra "edrueleg" framover, vi ser at rammevilkåra endrar seg raskt, alt for raskt til tider. Likevel, budsjettet rådmannen har lagt fram for formannskapet er eit forslag som sikrar dei gode tilboda vi har, det aller meste er lagt inn, og som politikarar kjenner vi oss att i dei prioriteringane som er gjort. KrF leverte i møte inn tre innspel til det vidare arbeidet, bibliotektilbod på Sandnes, midlar til læremidel på skulane, og løysing for fellesrådet sitt transportbehov.
Vi grunngjev våre innspel slik:
Bibliotek:
Det er lagt inn 20% stillingsauke under bibliotek, vi finn det rimeleg at dette vert nytta på Sandnes der vi ikkje har slikt tilbod. Legg det gjerne til tenestetorget på kommunehuset, då får vi tilbod kvar dag.
Skule:
Ap ønskjer å utvida oblogatorisk skuletid for 5-6 klasse. I budsjettet står det at det hadde vore ønskjeleg med meir til læremidel og det er bakgrunnen for vårt forslag. Vi meiner også at dersom elevar skal gå på skulen meir enn den obligatoriske tida, så bør foreldra ha eit ord med i laget. For KrF er hovedfokuset meir til innhald, men vil foreldra prioritera fleire timar framfor oppdaterte læremidel, vil vi lytta til det.
Transport:
Fellesrådet har lenge signalisert at dei treng bil til å tansportera utstyr mellom dei ulike kyrkjene. Innanfor eigne rammer har dei ikkje funne rom for dette. Vi meiner Fellesrådet og kommunen må samarbeida om ei løysing for transport, og har bedt om at løysinga vert presentert i samband med komunestyret sihandsaming av budsjettet i desember.

tirsdag 13. november 2007

Ei god sak

Austrheim vidaregåande skule ønskjer å oppretta ei såkalla TAF-linje med tolv elevplassar ved skulen . TAF er forkorting for tekniske allmenne fag, og i denne fireårige utdanninga får elevane både teoretisk og praktisk kunnskap. Linja vil vera knytt opp til næringslivet i nordre delen av Nordhordland og vil fylla ein etterspurnad som industrien i området treng. Vi kan lesa i Strilen i dag om at næringslivet er svært positive til denne linja, og vil gå inn med støtte på ulik vis. Fylkesrådmannen har innstilt negativt i denne saka, og det har økonomiske grunnar forstår vi. Det er likevel sterkt å ønskja at dette tilbodet kan opprettast og at dugnads- og spleiselagsånda lukkast i å få dette til. Det vil styrkja desentralisert utdanning, styrkja det faglege miljøet på denne skulen, og uttanna unge menneske til eit fag dei vil kunna praktisera i sitt nærmiljø. Ei kjempegod sak for ei vidareutvikling av opplæringstilbodet i ein region i utvikling. Eg ønskjer fylkespolitikararane lukke til med å finna midlar til denne linja.

fredag 9. november 2007

Kva er vitsen?

Kva er vitsen med Masfjorden? Eit tullete spørsmål som vart stilt på folkevaldkurset for kommunestyrerepresentantar i dag. Kva er vitsen med Masfjorden? Er det nokon som kan svara på eit slikt spørsmål?
Poenget var vel å få oss til å tenkja, kva betyr Masfjorden for oss, korleis tek vi vare på kommunen og korleis utviklar vi den framover dei neste åra.

Vi opplevde i dag at vi alle har ein sterk Masfjordidentitet, også eg som innflyttar har det, eg kjem frå Masfjorden seier eg når eg er utom grensene våre. Identiteten er viktig, og det er viktig å byggja den hjå born og unge som veks opp her. Fjella, fjorden, bygdene, kulturen og ikkje minst folka som bur her - det er vårt, vi høyrer til her, vi ønskjer at alle skal ha det godt her.

Kommunestyret neste periode blir eit bra kommunestyre trur eg. Eg har skrive det før her på bloggen, men eg seier det igjen, det er flott med så mange nye og så mange av den yngre garde. Dei har ny kompetanse å tilføra kommunestyret.

Ingen eg var saman med i dag er i tvil om kva som er vitsen med Masfjorden.
Eg konkluder slik:

1. Her er det godt å bu, her er det menneske eg høyrer til saman med
2. Vi har eit rikt og mangfaldig kulturliv og gode oppvekstvilkår
3. Vi har ein fantastisk natur som gjev rekreasjon og livskvalitet
4. Vi har ein rimeleg god økonomi og dermed gode tenester
5. Vi har eit felles mål om ikkje å vera oss sjølve nok, men inkludera fleire i bygdene våre
6. Vi vil fokusera på det positive

søndag 4. november 2007

Kyrkjefest på Solheim

Denne veka har vi hatt kyrkjefest på Solheim. I 125 år har denne kyrkja stått som Gudshus i Indrefjorden under overskrifta "Dette er ein heilag stad, her er Guds hus og Himmlesn port." I glede og sorg, på vanlege søndagar og på festdagar har folket kome til kyrkja si og møtt Gud og kvarandre.

Kyrkja har bore preg av slitasje og manglande vedlikehald, og under tildels stram kommuneøkonomi har den hatt strev med å bli prioritert. Under bispevisitasen for to år sidan vart det gjort et genialt grep av biskopen. Kanskje hadde han valet mellom å stengja kyrkja eller til å inngå ein positiv avtale med kommune og kyrkje, og han valde det siste- han lova kom att på 125 årsjubileet og at han då ville sjå ei opprusta kyrkje.
I dag var kyrkja fullsett, nyoppussa og vakker, og dagen vart ei markering av kyrkja sin sterke rolle i bygdene våre, ei levande folkekyrkje på sitt beste. Eg gledde meg stort over den nyoppussa kyrkja, over salmesong med mektig musikk, korsong av born og vaksne, over ein biskop som har evne til å formidla glede og alvor så det møter hjartene våre, og eg gledde meg stort over kø oppover kyrkjegolvet til nattverdmåltid. Eg gledde meg også over god mat og fin utstilling i grendahuset, og ikkje minst over det "gamle" ten-singarane som kom heim og song til oss. Kyrkja lever og vi skal ta vare på den!

Det er ikkje kommunen som skal styre kyrkja, forholdet mellom kommune og kyrkje ligg klårt i kyrkjelova, men som politikarar skal vi sjå til at kyrkja blir sett i stand til å ivareta sitt oppdrag både åndeleg og materielt. Det er difor trist at kyrkjestatsråd Giske reduserer tilskotet til fellesråda slik han har gjort i statsbudsjettet for 2008. Men ordføraren gjekk langt i dag i å lova at kommunen skulle sikra kyrkja midlar , og KrF skal sjølvsagt fylgja opp.