lørdag 21. januar 2012

Gråblå morgon

Vinterlyset er fasinerande. Eg set åleine med frukosten min og ser at morgonen og lyset kjem. Det gråblå lyset trengjer seg ned på halvvegs snødekka mark. Innimellom dei svarte, nakne bjørkekrunene kjem det, og sanneleg trengjer det seg innmellom dei svarte granane også. I nord er himmelen mørkegråblå. Blåfargen er ganske intens nett no.
Det er snø i skyene, våt snø som har liten verdi for meg. Blir ikkje noko snøglede i låglandet i dag. Men lyset og himmelen blir påverka og skaper ei lysoppleving for meg.



I går var eg i gravferd. Ei vemodig, trist og god gravferd for ein av mine venner her på Seim.
Sjukdomen hadde berre ein utveg for henne diverre, og vi set fattigare att.
Då eg kom til kyrkja i går var himmelen som i dag, berre endå meire intens. Har faktisk aldri sett den blågrå fargen slik - så djup, så skarp og så intens mørk blå! Vakkert, trolsk, ja nesten litt nifs i fargen. Passa godt til sinnstilstanden vår.
Då vi kom ut av kyrkja var den same nord-vesthimmelen klår for ei stund. Skyene hadde tømt seg medan vi var inne, og den høge frie himmelen med ei aning av sollys, låg over Seimsfjorden!
Passa godt for håpet, som hadde fått fornya næring inne i kyrkjerommet!
Dei tunge skyene vart tømde i går, i dag er dei tilbake.
Sollyset viste at det var der bakom skyene ein stad i går, i dag er dei borte igjen.
Det går mot lysare tider. Vi merkar det, litt lenger lyst for kvar dag. Godt det. For meg må denne tida gjerne gå seint, for eg vil nyta det fantastiske lyset! Det har jo så mange nyansar, og alt er jo så vakkert!
Lyset er livskreftene sitt pulsslag. Lyset har livskreftene sine mange lyse, gode, lunefulle og tunge nyansar.
Eg ser stor grunn for å takka for den fjerde skapingsdagen, dagen då lyset kom på plass i skaparverket!

Biletet har søster Ingvild tova 

søndag 8. januar 2012

Tast og trykk og nabokjerring

Tastetrykk!! Verda blir meir og meir fylt av tastetrykk på alskens duppedittar. Sekken min får stadig nye vidunder med ladarar, ledningar og instruksjonsbrosjyrer til. Eg heng med etter beste evne, og har skaffa meg ein utvida sekk for å få alt med meg. Dei to siste nykommarane i sekken er ein I-Pad, og eit nytt fotokamera.
Så har eg oppdaga dette artige spelet på I-Paden som heiter Wordfeud! Det er jo SÅ moro for ei slik som meg som likar ord! No spelar eg på nettet med dei eg spelte Uno, Monopol og Ludo med for 20 år sidan. Det er kjekt! Så chattar (fantastisk nynorskord)vi litt innimellom, og kontakten er der.
Nettverda er fabelaktig, sjølv eg med min sterkt begrensa kunnskap, innser det. Eg takkar alle mine "støttekontakter"- mann, born og unge kollegaer som hjelper meg inn i denne verda.

Stoltenberg snakka om nabokjerringar på nett i nyttårstalen sin. Eg skulle gjerne ha vore ei av desse dei siste dagane. Tastar du ei meining ikkje alle deler, ja då kan du brått ha heile nettvreiden over deg! Som eld i tørt gras spreier bodskapen seg gjennom det usynlege nettet, og det er ingen grenser for kva du har lov å skriva eller slengja ut mot ein meiningsmotstandar. Det har ein av mine unge venner opplevd denne
helga.
Eg skal ikkje sei eit einaste ord korkje om hans meining eller om motstandarane sine meiningar, men eg har lyst å vera ei nabokjerring som seier til vaksne forstandige, og unge dyktige og intelligente menneske - bruk argument- ikkje bannskap, trakasering og skittkasting! Det passar seg dårleg i eit demokratisk samfunn der vi skal ha lov å meina, ytra og diskutera.
Å spela Wordfeud er "sutalaust", men også litt irriterande. Det er ei ordbok for dette spelet som diverre manglar mange av mine gode ord, som eg kunne fått mange poeng på om dei hadde vore der. Men her er sensuren streng, skriv du eit ord som ikkje står i ordboka så blir det avvist, sjølv om orda står så tydeleg i mi ordliste. Eg må finna eit anna ord. Slik er det berre!
Det skulle vore ei slik ordbok på facebook og twitter og nokre nettaviser også. Det har eg oppdaga denne helga. Viss ikkje vi klarar å argumentera med eit nokonlunde saklige språk, ja då spørs det om eg må melda meg som ei språkvaskande nabokjerring!!

søndag 1. januar 2012

Knerten og Det Nye Året

Etter at eg for ca 30 år sidan las  Knertenbøkene oppatt og oppatt til ein liten kar som hadde oppdaga at Knerten var eit triveleg liten trepinne, har eg på nyttårsdagane ofte tenkt på Knerten og Lillebror sin dramatiske, men likevel vakre nyttårshistorie.

Ein tidleg nyttårsdagsmorgon medan dei andre sov, la Lillebror og Knerten  ut på si vandring  for å leita etter det nye året, og til si store forundring fann dei det - på kyrkjetrappa. Ja, det måtte vera det nye året dei fann, det meinte dei begge, og så forundra blei dei over det dei fann at dei like godt kalla funnet for Forundringspakka! Godt innpakka, liggjande kyrkjetrappa, fann dei ein liten baby, ei lita jente som ei fortvila ung mor hadde lagt der for at nokon gode folk skulle finna henne og stella godt med henne. Ein rørande historie som enda så godt for både Lillemamma, Lillebror og Knerten!

Det er mykje i verda som er vanskeleg for så mange. Slik var det også for "Lillemammaen" som la veslejenta si på kyrkjetrappa på sjølvaste nyttårsnatta.

Vi har ynskt kvarandre Godt nyttår dei siste timane. Det er ei god oppleving å få ta familie og venner i handa og sei Godt nyttår, og vi gler oss over helsingar på SMS og Facebook. Vi meinar det verkeleg, vi ønskjer kvarandre alt godt!
Så vakna eg opp til min nyttårsmorgon og fann at det nye året ikkje starta så godt. På nyhetene fann eg informasjon om dødsulukke på vegen i nabolaget der vi køyrte kort tid før det skjedde. Det er vondt. I skrivande stund utviklar det seg eit stort jordras utanfor Trondheim, naturkreftene rår vi ikkje med. Det er skremmande. Slik vart mitt første  "forundringspakkefunn" denne nyttårsdagen 2012!
Men ikkje berre det, heldigvis. Også i dag kom eg ned til fint dekka frukostbord av ein nyttårsfrisk mann. Kaffi, egg og lys på bordet. Slik har mine nye dagar starta  i nærare 40 år! Blir dette funnet ei forundringspakke for meg i dag også, skal tru? Det sto i alle fall ikkje noko om dette på nettet i dag tidleg. Eg synes det fortener ein plass der  i dag! Eg ønskjer ikkje slutta å forundra meg over det alminnelege og kvardagsgode!

Nyttårsdagen, som kvardagen, har både det gode og det vonde i seg. Vi må leva med det, vi må hjelpa kvarandre, og gle oss med kvarandre. Knerten sin forundringspakkehistorie enda godt fordi menneske tok ansvar for kvarandre. Vi har lært litt om dette det siste halve året vi nordmenn.

Kongen sa det slik i går kveld:
"Alle lyste vi opp veien videre ved samholdet vi skapte og varmen vi omsluttet hverandre med. Ved at vi søkte sammen i stedet for å vende oss mot hverandre. Ved at vi strakte ut en hånd i stedet for å trekke oss unna. Det er slike fakler vi fortsatt må tenne for å se veien videre. Det er fra slike kilder vi må øse for å reise oss."

Det er godt sagt av vår gode konge!

På denne nyttårsdagen vil eg også, gjennom nokre vers av Svein Ellingsen, peika Gudsdimensjonen i dei kreftene som kjem til oss frå kjelder utanfrå oss sjølve:

"Vi rekker våre hender frem som tomme skåler,
kom til oss Gud og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv.

Vi løfter våre hender frem i bønn for verden,
La dem som lider finne vern mot kalde hjerters is og sne.

Vi venter etter smertens vår din nådes sommer,
Og sorg og glede blir til vekst med frukt vi ikke selv kan se."

For meg er dette det forunderlegaste av alle forundringspakker - Gudsrikeskreftene til hjelp i vår kvardag, og med håp for vår framtid! Eg kan ikkje slutta å peika på dette......

Godt nyttår!