torsdag 30. august 2007

Best på service

"Masfjorden- ein kommune me er stolte av"
Dette er mottoet for Masfjorden kommune, og i dag får vi nok ein grunn til å vera stolte - resepsjonspersonellet på kommunehuset har kome på førsteplass i Hordaland når det gjeld telefonservice. I tillegg fekk kommunen delt tredjeplass i service totalt. Stilig! Vi gratulerer og vi blir stolte!
Å bli møtt på ein positiv og tenestevillig måte i telefonen gjer at vi kjenner oss verdsett og viktige. De som gjer denne jobben er døropnarar inn til kommunen. Gratulerer til Gerd Alis, Haldis, Mona og andre som også tek godt i mot oss!

tirsdag 28. august 2007

Kva med skulen?

I mange valkampar kjem spørsmålet - kva skjer med skulen vår? Får vi ha skulen i vår bygd? Framfor dette valet er ikkje dette eit tema i Masfjorden. For KrF er det viktig å ha ro omkring skulestrukturen, og i programmet vårt står det at "vi vil ha tre likeverdige oppvekstområde"
KrF tenkjer at vi dei fire neste åra skal ha fokus på tilbodet skulen gjev, og vi vil særleg ha fokus på at den enkelte elev skal få høve til læring og utvikling ut frå eigne føresetnader. Vi er fødde ulike, vi skal utvikla oss ulikt, men alle er like viktige. Vårt engasjement for dei som strevar med skulen er sterkt. Taper ein dei første åra på skulen vert det vanskeleg å ta det att seinare.

Difor seier KrF:

"Vi vil gje skulen rammer som sikrar alle elevar gode læringsvilkår"

tirsdag 21. august 2007

Ideen vår sprer seg

Også Gulen KrF vil sponsa førarkort til unge. Ordførar Trude Brosvik seier ho vil føreslå dette for kommunestyret i Gulen. Til NrK Sogn og Fjordane viser ho til nabokommunen Masfjorden som alt har gode erfaringar med slike tiltak.
- Vi ynskjer at ungdomen vår skal få ein god ballast med å få vere med på kurs og dermed få særleg fokus på trygg bilkøyring og dette med haldningar mot rus og bil, seier ordførar og KrF-politikar, Trude Brosvik.

Vi i Masfjorden KrF helsar dette velkomen, og vi tenkjer at dette er eit opplegg som Masfjorden og Gulen svært gjerne kan samarbeida om. Det vil gjera opplegget vårt endå meir spanande og inspirerande for ungdomane.

lørdag 18. august 2007

1621+10=1631

Gladmelding: Folketalet i Masfjorden har auka med ti nye personar!
Det er gladmeldinga!
Hjarteleg velkomen de som har flytta, eller har blitt fødd hit.
Går det an å gle seg over ein folketalsauke på ti personar på fire månader?
Ja!
Folketalsutviklinga har hatt ein negativ trend gjennom mange år. Sjølvsagt går det ikkje an å tenkja at trenden har snudd, vi må nok sjå litt lenger før vi kan konstatera det, men det går an å gle seg over at våre gode lokalsamfunn har fått ti nye innbyggjarar.
NrK Hordaland sitt "ekspertpanel" etter debatten i Knarvik senter på onsdag, konkluderte med at i Masfjordpolitikken der var det harmoni for tida. Politikarane hadde eit felles mål og det var å snu den negative folketalsutviklinga. Dette var ein god attest synes eg, og KrF vil spela på lag med bygdefolket for å finna gode løysingar som gjev trivsel og "levebrød" for unge og gamle.

torsdag 16. august 2007

Sertifikatstøtte

Ordninga med sertifikatstøtte til unge er vi i KrF ganske stolte over. Det var ein del som rista på hovudet og sa at det berre var"valflesk" då vi føreslo ordninga for fire år sidan. Men det var ikkje valflesk, det var eit handslag til ungdomane som treng sertifikat når dei er 18 år, og nesten hundre unge har gjennomført kurset og fått støtte.
"Ei heilt ny verd opnar seg når vi får sertifikat" sa ei masfjordjente nyleg.
Støtta på 4000 kr som vi føreslo(men som diverre vart "berre"3000 kr) er knytta opp til eit flott og informativt kurs om rus og trafikk. Vi har berre høyrt positive kommentarar til kurset.

Denne saka skal KrF vera garantist for vidare fordi:

-vi ønskjer at dei unge i kommunen vår skal forstå at dei er viktige

- fleire unge kan bu heime og samstundes koma seg på skule, arbeid, trening og til vener på eiga hand

- dei unge får god informasjon om rusen sin verknad, og at rus og trafikk ikkje høyrer saman.

tirsdag 7. august 2007

Bru over Masfjorden

Det er svært positivt at leiaren i Strilen i dag, 7. aug går ut med solide argument for, og støtte til bru over Masfjorden. Bru over fjorden er den fornuftigaste satsinga for at kommunen skal uviklast og næringslivet skal kunna satsa her.
Det har ikkje vore mykje fokus på bru over Masfjorden dei siste åra. Masfjorden KrF har ikkje vore aktiv på denne fronten og har lite å skryta av i så måte, andre parti har stått for det vesle fokuset som har vore. No har saka kome på dagsorden att, og med hjelp av eksterne midlar er det mulig å gjera undersøkingar for traseval. Dette er positivt.
Det som for KrF sin del har gjeve ny nærig og realisme til arbeidet med bru over Masfjorden, er debatten som på nytt har kome om konsesjonskraftmidlane som fylket disponerar. Det er faktisk rett som Strilen skriv at ”Mangel på pengar treng ikkje vera noko argument”, og dei peikar på konsesjonskraftpengane. Lenge nok har kraftmidlar frå Masfjorden finansiert veg og bruprosjekt i andre delar av fylket. Vi er glade for at KrF sin gruppeleiar på Fylkestinget, Pål Kårbø har sterkt fokus på Masfjorden sine interesser i denne saka. Mellom anna av den grunn står det i Masfjorden KrF sitt program for neste periode:
”Masfjorden KrF vil:
- arbeida for at det på sikt blir bygd bru over Masfjorden
- arbeida for tilbakeføring av konsesjonskraftsmidlar

Likevel - opprustning av tilførselsveg til Rv 39 frå Sandnes til Andås må koma først. Det er viktig - med eller utan bru!

søndag 5. august 2007

"Har du samvit til dette?"

Eg fekk dette spørsmålet for snart 30 år sidan. Det var ikkje kven som helst som spurde meg, men ein barnelege. Eg sat stor og rund med eit nytt barn i magen. Attmed meg låg ein liten fireårsgamal son i senga si, sterkt prega av ein sjukdomen han døydde av nokre veker seinare. Vi var på barnelegekonferanse på Haukeland, og alle viste at barnet eg hadde i magen også kunne vera sjuk, noko han diverre var. Det var der eg fekk spørsmålet:"Har du samvit til å setja fleire slike barn til verda?" Eg hugsar ikkje svaret eg gav, men kjensla eg fekk sit i meg.
Spørsmålet kom endå ein gong tilbake denne sommaren. Debatten om kva som er eit verdig liv, endå til forsvarleg samfunnsøkonomisk, har på nytt vore på dagsorden.

"Jeg kan ikke se nødvendigheten av med viten og vilje å sette barn til verden som vi vet med sikkerhet vil komme til å koste samfunnet enorme summer i pleie, omsorg og utstyr" skriv ein FrP-politikar i Stavanger Aftenblad i sommar. 80% av alle foster med Down Syndrom vert abortert i Norge.

Kva slags samfunn skal vi ha i verda sitt rikaste land? Kva er eit verdig liv? Kven skal bestemma kva slags barn vi skal få?

Eg er opprørt langt inni sjela, over det som skjer i verda sitt rikaste land! Det er samfunnet eg er opprørt over, ikkje foreldra som må kjempa med umenneskelege val.

I verda sitt rikaste land skal vi ha råd til og plass for alle. Vi vert fattige utan!

Masfjorden KrF vil at foreldre med funksjonshemma born skal få endå betre hjelp. I programmet vårt står det: "KrF vil at kommunen skal ha ein fast koordinator som sikrar gode tilbod til familiar med funksjonshemma born" Vi vil at hjelpetenestene som familiane teng skal koordinerast gjennom ein eigen koordinator. Det er eit slit for oss som foreldre å gå frå kontor til kontor, frå fagperson til fagperson, fortelja historia og problemet til stadig nye personar. Hjelpetiltaka må leggjast oppi hendene på dei som treng det, vi har råd til det.

Vala vi må gjera er vanskelige og vi meiner det er samfunnet si oppgåve å tilby hjelp og støtte, ikkje å stilla foreldra dei negativ spørsmål som det eg fekk og som mange andre foreldre har blitt møtt med. Sjølvsagt skal vi med GODT samvit setja våre funkskjonshemma born inn i verda. Sjølvsagt !