lørdag 22. september 2018

Eg blir med!

Det er så mange meiningar.
Så mange kloke og mindre kloke og velmeinande råd.
Det er så mange spådomar om
kor katastrofalt det blir om KrF vel slik eller slik.
Det er heiarop, og stygge og uverdige ord der ute,
og det er innmeldingar og utmeldingar her inne.

Kjære partivenner:
Partiet har på demokratisk vis vald ei leiing.
Leiinga har involvert heile organisasjonen i prosessen vi er i.

Til slutt blir det partileinga sitt tunge ansvar å finna veg!
Eg har mi meining og mitt ønskje.
Alle vil ikkje få det slik vi helst vil!
Men kjære godtfolk -  verda går då ikkje under om det blir eit steg 
til høgre, eller om det blir eit steg til venstre!

Eg skal tola konklusjonen fordi eg er med i eit demokratisk parti
som set menneskeverdet og dei svakaste i sentrum.
Eit parti som byggjer på, og hentar sin inspirasjon frå dei kristne verdiane.

Lukke til Knut Arild og heile ditt råd!
Eg er stolt av dykk, men misunner dykk ikkje ansvaret.
Og - eg blir med på vegen de finn best for KrF!


søndag 16. september 2018

Barndomstankar

Historia om enkja i Nain sette seg tidleg fast i minnet hennar.
Den vesle jenta kjende på sorg og medkjensle med denne kvinna som var utan mann og utan son.
Døden var berre så skremmande og så ubegripeleg.

At Jesus kom og gav livet tilbake synes ho sjølvsagt var fint, men samstundes synes ho det også var underleg, ja endå til litt skremmande.
Ho hadde opplevd at dyr døydde, og at dyr vart slakta. Det var liksom slik det skulle vera sjølv om det stundom var trist. Men ho levde sin barndom utan sorg og død tett innpå seg.
Men ho visste om enkja i Nain. Høyrde historia omatt og omatt, slik dei fleste born i hennar barndom gjorde det.
Historia brende seg fast, og alt vart plassert og skjedde i hennar vesle nærområde.

Etter at ho flytta heimatt til barndomslandet, går ho ofte tur gjennom sitt barndoms Nain.
Så godt som alltid blir ho minna på at det er Nain ho passerer -  der nede på Totlandsvika.

Hennar Nain er i eit lite, ubetydeleg område nede ved sjøen, mellom gardane Skår og Totland.
For å koma dit har ho først kome seg over dei glatte steinane i sjøkanten, forbi nausta på Skår og inn på ein liten bakke. Ei lita elv finn sin veg til sjøen der, og ei lita no øydelagt grind, opnar vegen til Totland.

Og nett der, ved hennar Nain sin byport, var det dei møtes.
Grinda er "byporten".
Gravfølgjet kom ned den vesle lia frå Hestebotn, og ned bak hytta til Bøen. Dei fylte dalen, for det var mange som fylgte enkja, høyrde ho lese. Det synes ho var godt. Enkja var ikkje åleine i sorga.
Dei var alle kledde i svart, slik ho hadde sett det på gamle bilete av gravfylgje. Slike bilete hang  stundom på veggar i gamle hus, hadde ho sett.
På den vesle bakken stoppa dei - nesten fram til byporten!

På den andre sida, ned frå Totland kom eit anna følgje. Dei hadde nok sett det koma, dei som stoppa nede på bakken.
Ein mann i lys kjortel gjekk fremst. Det var Jesus. Denne underlege mannen som jenta trudde på. Rundt han kom det læresveinar. Dei var brunkledde menn. Så kom det born og vaksne.
I dette fylgjet var det også mange, minst heilt opp til det store asketreet rakk flokken deira.

Så møttes desse to fylgja ved byporten hennar - den vesle grinda, som dei kalla eit le.
Sjølve underet skjedde utanfor eit av nausta, eit naust med ein annleis båt inni - ein båt ho aldri hadde sett på sjøen.
Mannen i den lyse kjortenen "fekk inderleg medkjensle med enkja" høyrde ho.
Ho tenkte at det var fint at han gjorde det! "Gråt ikkje" sa han - det brende seg fast. Ho lika ikkje at vaksne græt - hadde nesten aldri sett det.
Så skjedde det - Han med den store medkjensla tok guten i handa og ba han reisa seg opp!
Og guten gjorde det!!
Og der stoppa tanken hennar - der stoppa historia hennar. Ho ser ikkje for seg meire!

På denne hausthalvåret sin påskedag, har småjentetankane og bileta fått plass på nytt. Ho har gått turen til sitt Nain, lytta til gudsteneste og fått fornya tru og håp!

Han med makt møter vår maktesløyse med medkjensle, sa presten i dag.
Hans makt over døden gjev håp for den som trur, og i glede over dette syng ho med Svein Ellingsen i dag:

Døden må vike for Gudsrikes krefter
Livet er gjemt i et jorddekket frø
Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve
Se, i oppstandelsens lys skal vi dø!

onsdag 5. september 2018

Tretankar

Rart at det går an å bli så glad i eit tre
Eit heilt alminneleg, gamalt bjørketre
Eg har eit slikt, og i dag har eg sete lenge ved det treet

Eg finn ro der
Likar å fylgja dei mange blada som dalar til bakken ein septemberdag
Frydar meg over fargane - dei varme haustfargane
Eg studerer klatreruter oppover - heilt til toppen
men eg testar dei ikkje
Eg treng ikkje klatra
Trur ikkje eg er eit klatremenneske
sjølv om eg har prøvd nokre toppar
Eg trivs med føtene på jorda
meiner eg sjølv i alle fall
Men kven trur vel at dei klatrar?

Så likar eg å tenkja på barneføter som har klatra her
Fleire generasjonar
Det er meistring i slikt
og små barneføter treng å meistra
treng å koma seg opp
Eg unner alle smågutar og jenter eit klatretre
Eit tre der dei lukkast
Eit tre med nokre skrubbsår og sundrivne bukser
Det er sunt det
Veldig sunt

Slik gjekk tankane i dag
under treet mitt i septembersola

Så har eg sendt ei stille bøn oppover
om at treet mitt overlever nokre hauststormar til
For eg har framleis små klatrarar som ikkje har klatra der endå

Til slutt ønskte bestemora at treet må få stå der så lenge ho
har føtene på denne jorda.
Og det sa ho høgt i dag!