fredag 21. juni 2019

Mot rikare mål å trå

Alltid
vidare
Mot nye mål
Kjenna suget frå ytterkanten
og djupet
Frå det usette og det usagte
Det vi ikkje visste
som vi ikkje hadde ord til
Det ingen før har våga
og funne bilete til
Sprengja grenser
trå etter nytt land
Driven fram av
drivkrafta vi har.

Å trå etter "rikare mål"
lyder godt.
Måtte det vera det!

Anders Vassbotn sine "rikare mål å trå reglar" seier det enkelt og klokt:

"Å leva det er å elska det beste di sjel kan nå,
å leva det er i arbeid mot rikare mål å trå.

Å leva det er i livet å finna det største verd,
å leva det er å vinna til sanning i all si ferd.

Å leva det er å leggja all urett og løgn i grav,
Å leva det er i livet å spegla Guds himmel av"

søndag 9. juni 2019

Utan overskrift

Det ligg ein grøn traktor under salongbordet
Den har kvelva
og føraren er ikkje her
han for sin veg i ein bil utan lyd
I ein bil utan bompengar på veg mot søraust
Men traktoren ligg her
i skjul under ei noko full-lasta avishylle
under salongbordet
Den køyrde billeg den også
det er ingen bompengar hjå ei bestemor
men lyd hadde den
like til føraren for i den lydlause bilen
Der skulle han høyra på
lydbok
frå appen
som pappen
hadde lasta opp
- nei lasta ned
Kvifor lastar traktoren opp
og appen ned?
Det er det ingen som kan forklara bestemora i
den lydlause døsen
på sofaen
attmed bordet
som har ei full-lasta avishylla
med ein grøn traktor under.