fredag 24. februar 2012

Ludvik si kveldsbøn

Herborg Kråkevik har inspirert av Kjell Aukrust forma Ludvik si kveldsbøn. Eg likar denne bøna, passar for fleire enn Ludvik.

Gud, pass på alt levande
Pass på eit pinnsvin
Springande over ein veg

Gud, pass på at fuglane
Får det dei treng
Får rede i livd av ditt tre

Eg er så liten
Er ikkje modig
Eg er så liten
Treng at du er så stor
Berre eit pinnsvin
Ber om så lite
Ber om litt mot

Gud, pass no på bøndene
At dei tek hand om
Jorda dei paktar for oss

Gud, pass på dei modige
At dei kje gjer seg større
Enn det dei har blitt

Sov trygt, god natt!

tirsdag 21. februar 2012

Kvilepuls

Dette ser ut for å bli ei roleg veke. Ja nesten så roleg at eg lurar på om det er noko eg kan ha gløymt. Sist veke var travel. Førebuing og gjennomføring av fylkesårsmøte i KrF og landsstyremøte for NMS, hadde hovedfokus då. Eg har tendens til å stressa litt framfor slike oppgåver, men øver meg på å tenkja at det går nok bra, eg gjer jo ikkje jobben åleine. Og bra gjekk det, på begge møta.
Det er godt med litt kvilepuls inn i mellom. Herleg å sløva på sofaen, sjå TV, vera på facebook og leika meg litt på Wordfeud. Kanskje må eg øva meg litt meir på dette å ta det roleg! Eg tilhøyrer jo gruppa dei "eldre" etter kvart, og om ganske så få år blir også eg pensjonist.
Eg opplever stadig at folk spør - har du pensjonert deg? når skal du bli pensjonist? Skal eg vera ærleg så likar eg ikkje slike spørsmål, eg er glad og takksam for at eg har ein jobb, at eg kan få ha eit aktivt liv og vera til nytte. Likevel, eg har stor respekt for dei som etter eit langt yrkesaktivt liv har trong for å få ein annleis kvardag når livet går mot 65. At mange ønskjer å gå aktivt inn i frivillig arbeid og opplever at det gjev glede og meining, er flott. At andre som har familie rundt seg ønskjer å vera meire saman med dei og gje ei hjelpande hand, forstår eg godt.
Vi er heldige som bur i Norge. Dei fleste som har vore i jobb eit langt yrkesaktivt liv har gode pensjonsordningar og alderdommen er økonomisk sikra. Sjølv vil eg bli pensjonist etter berre ca 15 års yrkesaktivt liv. Resten av mitt vaksne liv har eg brukt slik at det ikkje gjev pensjonsfordelar. Det kan opplevast som ei underkjenning av det eg har brukt livet mitt til, og det sender eg som ei utfordring til politikarane. Eg har hatt meiningsfylte dagar saman med mine og med  engasjement mitt, og er takksam for det.
Kor lenge eg har tenkt å jobba veit eg ikkje i dag. Det kjem an på fleire ting, som f.eks helse og arbeidskraft, men også på om det finst gode nok høyreapparat :-)
Men denne veka kan bli god, og neste veke er det vinterferie!

søndag 12. februar 2012

Klubben på trappelemmen

Det har blitt mange møte etter kvart. Mange typar møte - styremøte, kommunestyre og formannaskapsmøte, misjons og bedehusmøte, kyrkjemøte, forenings og komitemøte, ja endå til i Stortingssalen har vesle meg vore på møte. Mange timar av livet har eg brukt på møte, og eg trives med det framleis. Eg likar å få ting til saman med andre! Også denne helga har eg brukt nokre timar på saksdokument og førebuing til møte.
Eg kom i tankar om mitt første møte med møtekulturen i dag, og det henta fram gode minne. Aktiviteten starta på klubbmøte på trappelemmen i nabohuset. Vi var fem born som samlast der, ein gut og fire jenter. Guten var eldst og var leiar. Eg inbiller meg at han var initiativtakar til klubben, som var ein slags 4-H inspirert klubb. Eg kan ikkje hugsa om han vart vald som leiar, men det hadde han nok blitt dersom det hadde blitt spørsmål om det. Han hadde sin eigen faste plass inni eit skap! Plassen hans skapte respekt, og den nødvendige autoriteten som ein kvar leiar må ha, og vi fann det heilt naturleg at skapet var hans! Vi jentene sat på ein benk ut forbi.
Programmet inneheld klubbsong som var sjølvlaga, og som handla om klubben vår. Eg hugsar litt av den, den starta slik: "jeg liker meg godt i klubben vår her, alle er snille, hver i sær..." (merkeleg at den var på bokmål, Hjørdis). Så las vi referat frå sist møte og valde ny referent. Kanskje las vi noko frå eit eller anna barneblad også. Så planla vi kva vi skulle gjera på neste møte. Vi hadde utflukter i skog og mark, samla plantar eller fann stader vi trudde reven hadde hi og planla å laga felle. Stundom sydde vi. Leiaren var så flink å teikna fine hestar og fuglar på lerret som vi sydde på. Eg sydde ei gul ørn på ein liten pute, hugsar eg. Puten fylte vi med ull som vi samla på piggtrådgjerde sauene hadde krope under. Vi sydde oss klubbmerke også, ein slik firkløver som på biletet, grøn med raude H-ar hugsar eg.Trur kanskje vi hadde lodd, hugsar ikkje heilt men eg meiner vi hadde ein kasse. Vi hadde også eit hemmeleg kodeord. Det skulle brukast dersom vi hadde bruk for å nemna noko om klubben når vi var saman med andre born. Koden var "max". Det er mulig vi var lite inkluderande, men klubben var for oss fem.
Kanskje var ikkje alt nett slik eg hugsa det. Eg veit det er ei referatbok hjå ein av klubbmedlemane. Den gler eg meg til å sjå ein gong.
Klubben var prega av fellesskap og kreativitet. Vi ville oppleva, læra og skapa noko saman. Vi hadde orden, rang og oppgåver, og ho Gunhild var klok og let oss vera i fred på lemmen hennar.
Artig å tenkja på dette i dag, og les nokon av de andre klubbmedlemar dette så må de gjerne leggja inn utfyllande opplysningar og kommentarar.

onsdag 8. februar 2012

Nytt byggeprosjekt

Sosiale medier kan brukast positivt. Sjølv har eg stor glede og nytte av å vera på facebook. Her får eg kjapp informasjon om venner sin kvardag, om politiske saker, om misjon, om kultur, aktivitetar og mykje meir. Ofte fører informasjonen eg får til handling og fornya kontakt. Sjølvsagt kan det vera negative ting som fylgjer i kjølvatnet av denne aktiviteten, og sjølvsagt kan aktiviteten stela litt tid, men eg meiner at både eg og mine venner er vaksne nok til å styra vår medverknad på nettet. Difor har eg stort frimod når eg inviterer deg med på ein positiv nettaktivitet.
Eg ønskjer i dag å presentera for mine lesarar eit flott prosjekt som føregår på sosiale medier -facebook og twitter. Førebels er det lite og ikkje så kjent, men litt etter litt vil det veksa og bli til noko viktig. Prosjektet heiter byggenkirke.no og er utvikla av NMS. Målet med prosjektet er å involvere endå fleire i oppdraget vi har fått til å byggja den kristne kyrkja på jorda. Og då snakkar vi ikkje berre om bygging med sement og treverk, men også bygging av fellesskap, leiarskap og trusopplæring
I erkjenning av at vi har mange sympatisørar som finn nytte og glede av å vera på sosiale medier, startar vi dette prosjektet. Det vil gje meining, engasjement og positiv spenning å fylgja dette sosiale byggverket for oss som likevel er innom nettet både titt og ofte. Og i erkjenning av at mange av mine venner ikkje finn tid til det som har vore tradisjonelt misjonsengasjement hos oss, har eg tru på at ein del av dykk vil synast at dette kan vera ein ok måte å delta på.
Prosjektet vart lansert 1. februar, og førebels er ikkje aktiviteten så stor. Den vil koma, og det er mi frimodige forventning at dette skal bli til glede både for byggningsfolket på nettet og den verdensvide kyrkja.
Klikk deg inn, les deg opp og finn deg eit byggeprosjekt du vil støtta!

lørdag 4. februar 2012

Fuglebrettfilosofi

Eg likar det eg ser på fuglebrettet i dag. Aktiviteten er stor og trafikken tett! Kjøttmeisene er i fleirtal, så kjem blåmeis og lauvmeis (eller kanskje det er granmeis - eller begge deler?) som nr to, og tre. Den frimodige spettmeisa kjem også deisande, og då må dei andre vika for ei lita stund. Eg likar oppsynet på spettmeisa, men hadde eg vore blåmeis hadde den nok iritert meg litt. I dag har det også vore finkar innom. Eg likar at mangfaldet aukar.
Nede på bakken set skjora og svarttrosta og baksar i snøen, og i dag har eg kosa meg litt over deira posisjon. Kanskje er eg litt stygg. Store og pågåande som dei er, så må dei ta til takke med "smular frå dei rike sitt bord". Dei får ikkje plass oppe ved bordet, fordi vi har laga fuglebrett som ikkje passar storleiken deira.
Eigentleg kunne eg jo gått ut med litt brødsmular til dei, eller med restar av julekakene... Det hadde sikkert vore godt for dei det. Kanskje eg gjer det, i morgon når lyset kjem. Men i dag er det dei små sin suverene plass eg frydar meg over.
- Kanskje er det for stor ein tanke, kanskje ville det få alt for alvorlege konsekvensar for meg om "ønskjetanken" min om å overføra biletet frå fuglebrettet til menneskebordet hadde blitt ein realitet. Ikkje det at eg ikkje vil at dei store også skulle få sin mette, men at det skulle vera ein skjerma plass for dei små....  eller at eg hadde hatt vilje og evne til å dela

"Herre din jord bærer mat nok for alle
takk for den delen du vil vi skal ha!
Lær oss å dekke et langbord i verden
som alle kan reise seg mette fra."