torsdag 10. desember 2015

Fotfeste

Eg har fått nye tursko
Trong sko med godt fotfeste
Eg likar ikkje å kjenna meg utrygg på underlaget

Det er trygt med godt feste
Ikkje berre under føtene

Eg treng feste i familie, lokalsamfunn, kyrkjelyd og arbeid
Eg treng feste i natur, kultur og tru

Det er fleire enn eg som kjenner at noko av fotfestet vårt vaklar i vår tid
Eg ser det, eg høyrer det og eg les om det

Fotfestet vårt vert utfordra av familiesituasjon, helse, økonomi, miljøproblem og kulturendringar
Fotfeste vårt vert utfordra av nye tankar, religionar og sekularisme
Fotfeste vårt vert utfordra av det såkalla nøytrale

Det skjer store og raske endringar mellom oss
Mange av oss famlar og vert ustøe
Det trygge festet sviktar under føtene

Vår kristne tru har gjeve, og gjev trygg grunn for svært mange av oss
I glede og sorg, kvardag og høgtid har vi visst kvar vi står, og kven som står med oss
Vi blir utfordra på dette på nytt i denne adventstida
Ikkje av andre religionar først og fremst, men av nøytraliteten, likesæle og materialisme

Nøytralitet, likesæle og matreialisme gjev ikkje trygg nok grunn under føtene mine
Ivar Aasen sa det slik: "Det vesle vitet det strekk ikkje til, ei tru må stydja oppunder"
Ein uttale av ein klok og kunnskapsrik mann som hadde ord for mykje.
Eg trur han har rett!

Andre religionar tek eigarskap og er frimodige om si tru
Mange kristne gjer også det
Mitt adventsønskje er fleire som står opp og tek eigarskap til den kristne trua
Det vil gjera noko med fotfestet!

I mitt lokalmiljø skal det gå eit Alfakurs på nyåret
Gjennom det blir høve til å bli betre kjent med den kristne trua
Vi treng  "å sko oss"

tirsdag 1. desember 2015

Teleslynge

Teleslynge er ein god ting når det fungerer.
Då kjem lyden rett inn i øyra, og eg er heilt med.
Men teknikk er rare greier. Det har sine kodar det gjeld å finna. Sjeldan fungerer det optimalt for meg.
I somme store hallar er det oppsett teleslyngeområde - då er det berre å setja seg der - langt framme på høgre eller venstre side, der skal dei sitja som høyrer dårleg! Eg skjønar kvifor, men likar det ikkje.
I somme lokale, som konferansesalar, blir det ikkje lagt ut teleslynge.
- Det har ikkje vore spørsmål om det, kan eg få til svar når eg etterlyser den.
- Mykje arbeid å leggja den ut, blir det også sagt. Slik er det der!
I den nye kyrkja i Knarvik, som eg er så glad å vera i, ligg teleslynga i golvet. Det betyr, for meg, at eg må bøya hovudet for å koma på bølgelegde med lyden. Løftar eg hovudet for mykje dett lyden ut. Eg driv og testar sider og seter for å finna "min" plass, og kjem ikkje til å gje opp!
Kanskje er det lett å tenkja at ein bøyer hovudet ein slik stad, men det passar som oftast ikkje for meg. Eg vil sjå opp og fram i kyrkja.
Å syngja med teleslynge tilkobla, fungerer heller ikkje for meg. Eg treff ikkje tonen, og held ikkje tempo! Kanskje er det feil å gje teleslynga skulda. Merkelege greier!
Kvifor skriv eg dette!
For å få det ut!
Fordi eg vil så gjerne høyra!
Og sikkert fordi eg ikkje vil akseptera hørselstapet mitt!

lørdag 28. november 2015

Korset

Vi har mange kors i heimen.
Frå ulike kyrkjer rundt i verda pryder dei veggar og hyller.
Det siste som kom inn i huset, er eit vakkert steinkors frå Hyllestad. 
Kunstnarar frå ulike kulturar og tradisjonar har latt seg inspirera av Jesu kors, og laga vakre kunstverk av dette symbolet.

Korset er vårt kristne merke.
Då eg vart døypt vart eg teikna med dette merket.
Usynleg står det på mi panne, til eit vitnemål om at eg tilhøyrer 
den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus, og trur på han.

I min ungdom bar mange unge kristne kors på jakkeslaget. 
Eg gjorde ikkje det. Kjente meg feig til tider, men det var ikkje naturleg å flagga mi kristne tru på den måten. I dag respekterer eg meg sjølv for det valet. 

På nytt har det blitt korsdebatt i landet. UDI krev at korset skal bort på kristne leirstader om dei skal vera verdige til å ta i mot flyktningar. I toleransens norske namn skal korset bort. To leirplassar i min organisasjon NMS, har akseptert dette for å hjelpa medmenneske på flukt. Mange meiner noko om dette her på nettet. Det er i grunnen lett å meina noko her!

Eg er for så vidt glad for korsdebatten, den kan gjera oss medvitne vår kristne ståstad. 
Men korset er meir enn eit symbol på ein kristen kultur og tradisjon. 
Korset er menneske sin einaste redning fordi det var på korset Jesus vart "ei soning for syndene våre, ja ikkje berre for våre, men for alle i heile verda" 1. Johs 2.2
Det er Jesus som frelser mennesket, korset er symbolet! Difor er korset så viktig for oss kristne!

Krisa er ikkje at eit kors blir teke ned av ein vegg for å hjelpa menneske i naud, sjølv om det er respektlaust og meiningslaust av UDI å krevja det.
Krisa er at vi i vårt sekulariserte samfunn ikkje lenger ser behov for, og tek eigarskap til korset sin bodskap. 
Eg er glad for at vi tek tak i kulturkampen for korset! 
Men verkeleg glad og engasjert vert eg når menneske oppdagar kva Jesus si soning på korset gjev tilbake i form av fridom og frigjering for menneske.

Så er eg glad for at Hans Olav Syvertsen (KrF) tek kors-saka opp i Stortinget neste veke. Eg vil tru, og forventar at statsrådet gjev sine signal og ordrar.


fredag 27. november 2015

Menneske på flukt

Menneskemassar er på flukt
Eg ser dei på TV og på gata
Eg har ikkje evne til å forstå
Eg har sluppe så lettvint
Ingen har truga meg bort
Ingen har bomba meg bort
Ingen har skapt klimautfordring som sender meg på flukt
Matfatet mitt er alltid fullt

"Ikkje alle er reelle flyktningar", trøystar vi oss med
- dei vil ta landet vårt, kulturen vår, rikdomen vår, endå til korset vårt
- dei vil senda pengane "våre" heim til familiane sine
- dei gjer oss til muslimar

Det manglar ikkje på tabloide uro-argument
Trygge nordmenn blir urolege
Vi kjenner det alle, om vi er ærlege

Likevel;
Må biletet vera så svart/kvitt?
Er alle som kjem "falske" flyktningar?
Er alle ute i islam sitt ærend?

Kvifor klarar vi ikkje å nyansera?

Dumsnille skal vi ikkje vera
Ikkje naive heller
Vi skal sjølvsagt luka ut dei som ikkje treng vern
Vi skal knekka falske kodar

Men lat oss slutta å bruka dei harde orda!
Kven er eg/vi?
Vi er privilegerte, heldige menneske!

Det er faktisk ufatteleg mange reelle flyktningar 
Vi er faktisk ufatteleg privilegerte nordmenn!

Godt å høyra om alle positive tiltak rundt i landet!
Det gjer meg glad, og gjev meg framtidstru!

mandag 12. oktober 2015

Ospeblad på 67

Eg kjenner at hausten er min i dag
Ute er det gyllent
Sola skin på skjelvande ospeblad
- og på meg som er eit av dei

Kva ospeblad kan eg likna - av dei alle?
Knallraude er somme av dei - det er ikkje eg
Orange er andre - det er varmt og vakket - slik ville eg gjerne vera
Gult skulle vel eigentleg passa - på så mange måtar

Gult hår hadde eg i alle fall for 60 år sidan
Gul er sola og månen - eg likar dei - dei lyser opp
Gul er påskelilja som kjem med våren og livskreftene
Gult er partiet - det passar meg fint

Somme ospeblad er gule med brunt og visna kantar
Dei er meire prega av hausten enn dei gule og raude
Eg likar ikkje å samanlikna meg med dei gulbrune,
dei som snart er ferdige
Det tenkjer eg ikkje å vera

Eg vil velja meg eit ospeblad med litt grønt, litt gult og orange på
Livskraft - haust og varme

Det skulle passa bra til ein dagsfersk pensjonist.

Ja, det vil eg be om å får vera - eit litt skjelvande og vakent lite ospelauv som sensar vinddraga, som skjelv passeleg nok til ikkje å bli overmodig, men som har livskraft nok til å farga dagar og år til glede for andre!

onsdag 30. september 2015

Gudsbilete

Mikroskopisk liten
Som eit knapt anane lite fnugg
i det utenkjelege store
går eg her med Gudsbilete på meg
og veit eg er viktig, verdfull og elska

Svimlande tanke
- Gudstanke

søndag 13. september 2015

Kyrkjeval

Det er uvant å driva kyrkjevalkamp, og eg vegrar meg for å gjera det. Kanskje er det feigt. Andre har tatt kampen, også for mine synspunkt. Dei fortener stor takk!
Kyrkjevalkampen har, slik eg ser det, hatt eit fokus som ikkje er mitt fokus. Det synes som å vera kampen om ei Open eller ei Levande folkekyrkje. Det blir feil! Kyrkja skal vera begge deler.
Kyrkjevalet har fått fokus for eller mot kyrkjeleg vigsle av homofile. Teologi og bibelforståing skal ut til allmenn, demokratisk avstemming. Kjendisar står opp for den såkalla "opne folkekyrkja, og det vi likar å kalla "konservative" kristne, vil ha "ei levande folkekyrkje". Dei "opne" vil at kyrkja skal sidestilla ekteskap mellom heterofile og homofile - dei "levande" meiner ekteskapet er for ei kvinne og ein mann!

Eg høyrer til siste kategorien. Det er ikkje eit lettvindt standpunkt - eg har lese, studert og samtala med andre om saka. Eg har hatt gode og innsiktsfulle samtalar med homofile som eg har stor respekt for. Konklusjonen min er likevel at Bibelen omtalar ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne, og eg kjenner meg bunden av det. Eg har møtt både respekt og vonbrot for dette synet av kristne homofile venner.

I Bjørgvin bispedøme hadde vi i mi tid som bispedømerådsleiar eit motto som var slik: " Saman skal vi gjera Kristus kjent, trudd, elska og etterfylgd" Dette er den store kyrkjesaka for meg!

I dag vil eg slå eit slag for tre dyktige "kyrkjepolitikarar" i Bjørgvin. Desse skal få mi stemme - dvs eg brukar mine tilmålte tre kryss på desse tre personane.

1. Berit Nøst Dale, Meland.
Berit har sitt fokus på trusopplæring og misjon! Kyrkja sitt viktigaste oppdrag! Fagleg sterk, og med brei erfaring frå aktivt misjons- og kyrkjelydsarbeid, er ho viktig for kyrkja sitt hovedfokus.
2. Egil Morland, Fjell.
Egil er ein av dei dyktigaste kyrkjepolitikarane eg kjenner. Tydeleg i teologi og lære, og ein dyktig målbærar for det klassiske synet på ekteskapet. Egil er kunnskapsrik, tydeleg og sakleg god - Utan Egil vil kyrkja bli smalare!
3. Inger Helene Thingvold Nordeide, Førde
Inger Helene er i dag leiar av bispedømerådet. Det er ingen grunn for at ikkje ho skal få fornya tillit. Kyrkjeleiing og kyrkjedemokrati er krevjande, det er difor godt å byggja vidare på personar med solid erfaring i ein periode som vil krevja mykje klokskap og visdom.

Godt kyrkjeval!

På denne lenka kan du lesa meire om kandidatane.
https://kirken.no/globalassets/bispedommer/bjorgvin/dokumenter/kyrkjeval/leke-kandidater/leke-med-supl.-juni-2015.pdf


mandag 7. september 2015

Størst av alt

Eg ville gjerne skriva om kjærleiken
men eg kjenner meg ikkje kvalifisert

Eg ville gjerne leva i kjærleiken
men det blir fort for stort

Paulus seier at størst er kjærleiken
og vi meiner å vita noko om dette i vår tid

Det verkar stundom så lettvindt å bruka dette ordet - det er som om vi ikkje skal stilla spørsmål - fordi vi seier "størst av alt er kjærleiken"

Difor sender eg med dette nokre ord og spørsmål til han som er opphavet til uttrykket:

Gode Paulus!
Takk for alt du har formidla til oss om kristen tru og lære, om etterfylging og det kristne livet! Du har utfordra meg mange gonger, og ofte har du gjeve meg glede og frimod og halde meg fast i trua. Eg tek det du har skrive på alvor, og blir ikkje ferdig med bodskapen du formidlar. 

I dag vil eg utfordra deg på dette med kjærleiken:
Kva er "kjærleiken", Paulus?

Eg vil gjerne tru at kjærleiken er størst av alt
Eg vil gjerne leva etter det, Paulus!
det er så vakkert, så fint og godt, og høyres så rett ut det du skriv!

Eigentleg er ikkje alle så glade i mykje av det du seier,
det opplevest for mange litt "utgått på dato". Vi lever i 2015 blir det m.a. sagt.

Men "størst av alt er kjærleiken"
dei orda likar vi - dei har blitt "allemannseige"
- dei løftar oss ut av kvardagen, vi tek dei til inntekt for det vi tenkjer om kjærleik i liv og samliv, og plasserer oss på Guds side, håpar og trur vi. Det hender også at vi "slår kvarandre i hovudet" med dette ordet i frustrerte debattar - det kjennes vondt - så paradoksalt....
Eg undrast Paulus; kan vi berre gløyma det andre du og Meisteren din har sagt oss om livet, trua og etterfylginga, og konsentrera oss om det største?
Er det det du meiner med det du skriv? Dekkjer det største over alt det andre de har sagt?

Eit spørsmål til; kan det vera mogeleg å ha ei overtyding og stå for den utan at ein med det er ukjærleg? Har ein så mykje som det minste snev av den "største kjærleiken" dersom ein framleis, f eks les Bibelen slik at ekteskapet er ei gudtenkt ordning mellom kvinne og mann?

Eg fann i dag noko kollegaen din Johannes, skreiv i sitt første brev. Der skriv han -
"Ja dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud
men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre"

Er det dette som er den største kjærleiken?




torsdag 3. september 2015

Treåring

Bestemor sin treåring fyller tre i dag!
Han feirer glad og trygg!
Godt å vita det!

Ei anna bestemor sin treåring
ligg livlaus på ei strand
Og heile verda burde gråta!


søndag 9. august 2015

Eigenterapi

Eg burde gått meg eit tur ut til Nese
Kjent vinden og regnet i fjeset
Eg burde kome meg oppatt av stolen og ut
Vore like prinsippfast og sprek som han Knut

"Ut på tur- aldri sur" er berre urimeleg snakk og rim
Skal eg tru på at alle må ut, og at livet er trim?
Det passar 'kje betre i dag enn i går
Og i dag kan eg skulda på nyføna hår J

fredag 7. august 2015

Tyttebærfilosofi

Eg brukar timar med PC på fanget
planlegg, noterer, ringjer 
åleine og saman med andre
kjenner meg nesten på jobb
- politikk og misjon - misjon og politikk

Det er planleggingstid
nytt semester
nytt val

Han eg bur med driv på same måten
Reiste nett med sekken sin til Fjon på dugnad

Kva er det med oss?
her er eit mogeleg svar;

Vi har det vel som "tytebæret opp på tuva" -  det som i desse dagar, med Aasmund Olavson Vinje sine ord, ropar ut over skogen:
"her i frå du må meg taka, mogi bær har inkje ro" 
og
"mognar du så vil du beda just den same bøn som eg
mogen mann det best vil gleda bort for folk å gjeva seg"

Aktiviteten vår må tyda at vi framleis har litt raudfarge, smak og nytteverdi- 
at vi framleis er "mogne" om enn på veg mot overmodning
Det er berre til å gle seg over det!

Når eg no om eit par timar tek mi vakt på NMS Gjenbruk i Knarvik, så hamnar eg blandt koppar og kar, blandt stolar og bord som også brukar Vinje sine ord: "Her i frå du må med taka, mogi bær har inkje ro"

Både varene og eg, og eg vil tru også mine lesarar, ønskjer å vera til nytte slik at medmenneske som treng det får ein betre smak på livet

Faktisk er det det som driv oss i politikken også!

Lukke til på kvar vår måte!

lørdag 1. august 2015

Kveldens klage!!

Tenkjer på at GPS-en, eller på kva det no er som tel steg og kilometer, måler puls og kaloriforbruk på mobilen, også skulle kunne telja ord. Ikkje alle orda sjølvsagt, det kunne fort bli utriveleg. Men eitt ord kunne den ha halde kontroll på synes eg. Eit kort og enkelt ord på tre bokstavar - ja, faktisk berre to på dialekten min. 
Det er eit ord eg er så inderleg lei av! Eit ord som kjem ut av munnen min før eg veit ordet av det. Ofte kjem det litt prøvande, forsiktig - andre gongar så kjem det med litt sår stemme, og endå andre gonger med frustrert stemme.
Til tider tenkjer eg at eg skal slutta å sei det - berre la verda gå sin gang utan meg. Men det ligg liksom ikkje for meg. Eg er for engasjert, interessert og så glad i samtalen og pratinga at det er neppe eit alternativ. Difor kjem det til å koma.
Men kanskje ein dag - tenkjer eg med gru - vil eg slutta å sei dette ordet, og gjer eg det, vil verda mi bli lita. 
Ordet eg er trøytt av, lei av, blir trist av å høyra meg sjølv sei er ordet : KVA, eller HA som eg seier det på dialekten min. Spørjeordet kva/ha/hva???
Folk rundt meg pratar, ler, blir ivrige, diskuterer - eg prøver å hengja med med mine uteljande kva/ha?? (det er her mobilen skulle hatt eit teljesystem). 
Sjølvsagt kjenner eg at eg dempar samtalen med mine to innskotsbokstavar, sjølv om dei rundt meg viser stort tolmod. At borneborn tek tak i øyrene mine for å sjekka om teknikken er på plass, kan jo vera sjarmerande, men det er faktisk ikkje det! 
Ein vert faktisk ganske så usosial som hørselshemma, og det passar meg dårleg!!!
Hadde mobilen hatt eit teljesystem på ordet kva/ha eller hva, så hadde eg vunne i min omgangskrets. Eg kunne blitt best! Endå til hatt fin framgang! Då hadde det vore noko positivt med funksjonshemminga mi !

Ja, ja! Dette vart kveldens utblåsing frå ei hørselshemma Kari som snart kuttar all lyd og teknikk for denne dagen, og seglar inn i eit stille draumeland. Der høyrer eg godt nok !!!
God natt og god søndag i morgon!

lørdag 18. juli 2015

To eller tre

Mange gonger har eg tenkt at det hadde vore fint, ja eg har beint fram ønskt meg eit lite kapell mellom bjørkene sør for huset.
Kapellet skulle vera ein stad for bøn, Bibel og salmesong! Det skulle vera eit heilagt kvardagsrom!
Den skulle vore bygd i tre, henta i eigen skog rett bak huset, og heile sommaren skulle markblomar stått på det vesle alteret! Om vinteren skulle tørka lerkekvistar med fine små konglar pryda det. Dette skulle minna meg om skaparverket og han som skapte alt - Gud, vår Far.
Så ville eg hengt opp alle korsa og krusifiksa eg har frå ulike kyrkjer og tradisjonar rundt i verda. Det skulle minna meg om Frelsaren, Jesus Kristus, og dei skulle minna meg om den verdsvide kyrkja! Det er den kyrkja eg tilhøyrer!
Altertavla skulle helst vera forma av ull frå Hillesvågen. Kunstnaren skulle fått fridom, men eldtunger eller ei due bør vera ein del av bilete, som symbol på Anden som gjer orda levande!
Kor stor den skulle vera, ideelt sett, klarar eg ikkje bestemma meg for. Eigentleg ville eg den skulle vera så stor at heile slekta, heile bygda eller aller helst heile verda kunne koma inn.
I dag tenkjer eg at plass til tre ville vera fint.

Draumen min har fått næring desse dagane på Kinn. Her har vi fått gått ut og inn i det eldgamle kyrkjerommet. Bedt bøner, sunge, delt Guds ord to gongar dagleg. Det har vore så fint! Vi har ikkje vore mange - mellom to og seks. Rommet gjev fred, - bøner, salmar og Bibelord gjer si gjerning i oss og med oss. Den rike kunsten forsterkar bodskapen!

Kanskje stressar vi for mykje med at vi skal vera så mange? At opplegget skal vera så profft, fengjande og originalt,  og at vi ser for smått på det enkle, faste og rituelle?

Jesus sa at der to eller tre kjem saman i hans namn, der er han midt i mellom oss!
Det er nok ei kyrkje i den storleiken eg treng på Skår!
- og kjem den ikkje får vi halda fram som før!

torsdag 9. juli 2015

Gudslengt

Eg strekkjer hender
leitar
prøver å finna
deg
eller kven det no er
eg prøver å nå

Eg strekkjer tankar
tenkjer
prøver å forstå
deg
eller kven det no er
eg freistar få inn i min tanke

Kan hendene nå deg ?
Kan tanken forstå deg ?

Med skjelvande hender
Med vaklande tru
tek eg i mot
av eit brød
av ein kalk

Og dette er deg
seier du

Eg overgjev meg i tru

torsdag 25. juni 2015

Sørlandsspor

Eg set og ser ut over den sørlandske skjærgarden. Bak dei rette furustammane framfor campingvogna er det blått så langt eg kan sjå. Hav og himmel møtes langt der ute. Havet er sommarblått, og himmelen er himmelblå! Nokre skjær bryt det blå - nokre fyrlykter står der og varslar den som ferdast på sjøen. Små og større skip lagar kvite spor! Vakkert!

Etter at eg deltok i Jon Lilletun si gravferd i 2006, er det umogeleg ikkje å tenkja på denne flotte, dyktige og rause politikaren, og også på avskjedsstunda i Kristiansand domkyrkje, når eg er her i området.
Eg vil tru at det er få av oss som var i gravferda som gløymer songen "Sett løkt på brygga i mot kveld, og ta i mot meg når jeg kommer!" Den vart vakkert sunge av Jens Olai Justvik og tona over i "Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu namn". Då kjentes det som himmelen var nær i domkyrkja. Orgel og stemmer brusa - brått var den fullsette kyrkja med i ståande, jublande sang: "Navnet Jesus må jeg elske, det har satt min sjel i brann!" Mektig!
Eg er på stemne nokre dagar her sør, og tema er "Å sette spor"
Denne fine sommardagen gler eg meg over spora Jon sette gjennom sitt liv og si tru, og for det eg fekk oppleva saman med han.
Ein gong vi var på veg til Voss drøfta vi Midtaustenpolitikk og dei ulike former for Palestina - og Israelsstøtte. Saka var ikkje svart/kvitt for han heller. Nesten oppe ved Bulken sa Jon: - Du kan trygt halda deg til Israelsmisjonen, Kari- dei har eit sunt syn.
Også det kom eg på når eg no er på mitt første stemne for nett denne organisasjonen.
Så handla det altså om "å setja spor og eg takkar for alle gode spor eg har fått erfara!

mandag 15. juni 2015

Orda skaper

Du er så flink, seier bestemor til jenta, og studerer verket hennar,
dette hadde ikkje eg fått til, legg ho til

Du er så flink til mange andre ting du bestemor, seier jenta

Så fint å kunna gje kvarandre ros
så fint å dela
så fint å kunna sjå
så fint å vera ulike

Så fint at orda fins
så fint at dei når fram
Orda som
rører hjartestrengen
Orda som
nærer sjølvkjensla
Orda som
nærer gleda
Orda som skaper vokster
i jenta
og i bestemora hennar


søndag 31. mai 2015

Det ordlause rommet


Noko bak lengt og uro
Noko bak smerte og sakn
Noko som ikkje finn ord

Det ordlause rommet er fullt
av bokstavar
som ikkje finn kvarandre

Hadde eg hatt nøkkel 
skulle eg gått inn og gjeve dei hjelp

- Om eg hadde våga

fredag 22. mai 2015

Pote og fisk

Når Kari e liten
litt trøtt og litt sliten
då treng ho ein disk
med litt pote og fisk
Må få i seg litt nærk
då vert ho nok sterk

Ein kvardag i stova
med tid te å sova
Om klokko e to
så går ho te ro
med teppe og pute
heilt ute av rute

So vakna ho opp klokko seks
urven og lurven, ser ut som ei heks
Vakna te sola på rute
som skin rett på Kari sin pute
For eit lys, for eit skin
so trengje seg inn
og netthinna finn
og brutalt ristar opp
min søvntunge kropp

Og hutte meg tu
at mi barnlege tru¨
om at pote og fisk
frå ein kjøkkendisk
kunne gje meg ny nærk
og gjera meg sterk

Det var berre tull
eg tok munnen for full
Resultatet eg ikkje på timen fekk henta
eg treng det ‘kje hell
har visst tid te å venta!



søndag 17. mai 2015

17.mai- morgon!

Gratulerer med dagen, 17. mai-dagen!
Dagen for fridom og demokrati
Dagen for fest og feiring for små og store
Dagen for:
- å høyra til i eit land
- å høyra til i eit samfunn og lokalmiljø
Dagen for samhald og for å minnast, heidra og å takka.

Eg har nett vore på facetime med to trommeslåarar i Kragerø!
To ivrige gutar på veg i badekaret for å bli klare for den store dagen.
I går hadde eg jobben med å stryka tre 17. mai-skjorter i Sandnes. Snart blir dei påkledde og klare for is, pølse og etter kvart, skitne barnehender. Når 17. maikvelden kjem er dei ikkje nystrøkne og reine lenger. Slik skal det vera.

Denne stille morgonen her på Skår har starta som alle andre dagar her heime; rett til frukostbordet som Knut har laga til med lys, og fine blomar frå nabo Berte sin frodige hage.

Så er spørsmålet - kva gjer du no, Kari?
Knut har reist til Masfjorden. Eg kom heim i går kveld etter nokre "heimeåleinedagar" i Sandnes, og kjende meg ikkje klar for Masfjorden rundt i dag. Bunadsskjorta er ikkje stroken, men eg dynka den på refleks for litt sidan. I tilfelle eg går ut!

17. mai er den dagen eg lengtar mest tilbake til Masfjorden. 27 aktive år i eit lite lokalsamfunn set sine spor. Eg saknar skulemusikk og flaggheising på skuleplassen rett bak haugen. Eg saknar lydar frå born eg kjenner sine instument, og russen sine fløyter og morgonoverraskingar. Eg saknar gudstenesta med bygdefolka, og å høyra 9. klassingar sine dikt ved bautasteinane gjennom Terje sin mikrofon! Eg saknar det akkurat passelige store og lange folketoget med fengande marsjar! Og meire til!

No set eg ustelt ved kjøkkenbordet mitt og skriv. Eg ser ut på flagget eg nettop har heist, ser at viss eg legg godviljen til, så har skylaget letta litt. Eg kjenner at facetimesamtalen gjorde godt, og at kaffien har gjort ein jobb i kroppen. Det er som at eg fornemmar ein vaknande driv, den driven eg likar å kjenna.

Så eg vandrar nok ut i dagen, sjølv om eg framleis kjenner meg litt "framand" slike dagar.
Kanskje har eg godt av å kjenna på nettopp det, bortskjemd som eg er!
Eg er neppe åleine, og eg veit at eg blir inkludert! At nokon blir glade for å sjå meg!
Det veit ikkje alle!
Det er både einsame, fattige og framande mellom oss "gode" nordmenn i dag!
Måtte alle få ein god dag!

Dette tek eg med meg ut i festdagen!

tirsdag 21. april 2015

Lystreise

Eg har tenkt meg på ei lystreise! Ikkje på cruise i varmare strøk, men på ein tusletur i Yarisen min i fedrelandet.
Berre bilen og eg.
Eg skal kjenna på at eg er fri - at eg er seksogseksti - rett og slett!
Planen min er klar så langt som den trengs planleggjast.
Eg har nokre mål, det treng eg for å kjenna meg trygg! Resten tek eg som det blir - trur eg, eg har jo mobil og bankkort!
Eg skal reisa gjennom vakkert landskap.
Kryssa fjordar og fjell.
Vermeldinga og langtidsvarslet lover ikkje optimalt.
Det får våga seg.

Eg kjenner meg heldig, privilegert og egoistisk. Håpar eg klarar å fryda meg!

Men eg klarar ikkje fri meg for at det er luksus eg planlegg - ei lystbetont reise i eit vakkert landskap sjølv om regnet silar! Ei reise i min eigen bil, vera min eigen herre (om det går an å sei slikt i vår tid...)
Eg skal innom nokre gamle kjente - det kjenner eg stor glede og nyfiken spenning ved. Facebook har ført oss saman.

Likevel - eg klarar ikkje fri meg frå tanken på dei som er ute på ei anna reise.
Over eit ope hav!
Dei flyktar frå vondskapen, helvete, noko som ikkje er leveleg - har ikkje noko val. Små og store! Havet tek på tusenvis av dei - menneske i umenneskeleg naud.
Nokre få står på stranda med plakatar og ønskjer dei som overlever velkomen! Det gjer inntrykk.
Vi andre, vi
- vegrar oss
- bestemmer oss ikkje
- sender ein båt i august
- seier dette er komplisert
- seier vi har nok med oss sjølve

Livet er godt, vakkert, brutalt og umenneskeleg!
Eg må reisa på mi vesle lystreise med dette som bakteppe.
Eg må sjå på fargar og lys, kjenna regnet og sola, møta menneske som vil meg vel med bileta av flyktningen på netthinna!

Kyrie eleison!

lørdag 11. april 2015

Strikketerapi

Kjære strikkeglade medmenneske!

Som somme av dykk har registrert, har eg funne fram strikketøyet etter 40 års pause!
Eg strikkar for ei god sak: babyteppe til Etiopia!
Så tanken er god!
Men det er noko eg ikkje får til å stemma, kjære medstrikkarar, og no må de hjelpa meg!

De seier de slappar av med strikkepinnane.
I avisa har eg lese at blodtrykket går merkbart ned med spøtet i hendene.
Kva er det eg ikkje har forstått?
Eg blir stressa, og no må eg driva litt eigenterapi
på meg sjølv ved å skriva ut frustrasjonen!
Kva som er problemet?
Jau, eg set her og tel maskene inni meg heile tida, og heilt utan grunn!
Er det normalt kjære medstrikkande ??
Ein, to, tre, fire, fem, seks, rette -
ein, to, tre, fire, fem, seks, vrange -
ein, to, tre.....
Spørsmålet er: Er dette normalt?
Kva er ev nøkkelen for å bli kvitt denne teljinga?

Eg prøver å tenkja på dei som skal få teppe,
Men- ein, to, tre, fire kjem igjen
Eg prøver å tenkja på noko eg gler meg til, eller eit problem
Men- ein, to, tre, fire....
Eg prøver  å kikka på TV, eller ha facebook open for avleia tankane
Men fem, seks, rette - ein, to, tre.....
Eg prøver å tenkja åndeleg tankar endå til,
men- fire, fem, seks...

Det kjennes nesten som det er ein spring som står og dryp
drypp, drypp, drypp
ein, to, tre, fire, fem...

Kva seier de som kan dette - må eg leva med denne teljinga? Det er jo mykje eg klarar om eg må, men er det ein kur for dette?
PS: eg kjem ikkje til å leggja strikketøyet frå meg - eg skal vinna denne kampen! God helg-  ein, to, tre, fire, fem, seks rette :-) !


lørdag 14. mars 2015

Bestemorsfabel

Tenk om ho kunne springa med sjumilsstøvlar på
Tenk om ho englevengjer på ryggen kunne få
då skulle foten stogga
og kursen styrast ned
til fem små fine senger
der småborn sov i fred.

Då skulle ho så stille, så stilt som det går an
på sengekanten sitja litt og stryka barnehand
Ho skulle høyra pusten
og kjenna varmen god
Frå reine, gode hender
som falle har til ro

Så skulle best'mor smila og takka lite grann
Tenk midt i mørke natta så enkelt koma fram
At engleveng og sjumilssko
så lett ho førte dit
Og gav ei stund ved barneseng
og gjorde ho så rik!

Så set ho her i kvelden og har det berre godt
Ho kjenner takka stiga for reisa ho har fått
Om engleveng og sjumilssko
dei brått vart borte vekk
Så har ho drøymt seg bort i kveld
og stunda den var kjekk

onsdag 25. februar 2015

Kvinnefellesskap

Eg var på kvinnefest i gårkveld. 
Bedehuset på Seim var fullt av kvinner! 
Praten gjekk livleg, latteren runga, og maten smakte nydeleg.

Rundt borda sat det mykje levd liv, 
og eg tenkjer;
Så mykje liv! Så mykje erfaring! 
Så mykje glede! Så mykje sorg! 
Så mykje lyst! Så mykje smerte!
Så mykje forventning! Så mykje avventning!
Så mykje glede. Så mykje uro! 
Så mykje tru! Så mykje tvil!

Vi delte av våre sårbare liv og våre gode gleder
Vi delte kunnskap og historie
Vi delte engasjement og kristenkall
Vi delte kvardag og fest
Vi sang og vi lytta

Gud var der
Gud var i songen, i Ordet 
Gud var der i kvinnene han har skapt

Ordførar Astrid song ein vakker song av Kari Steigum Vatne. Songen heiter Velsignelsen og skildra Guds nærvær. Den lever i meg i dag!
Eg siterer den siste linja i kvart av dei fem versa

- Ved sitt ansikts nærhet signer Gud
- I hvert skaperunder ser jeg Gud
- I min nestes ansikt ser jeg Gud
- I min Jesu ansikt ser jeg Gud
- I Guds himmel skal jeg skue Gud

Takk til Kvinnelaget som inviterte oss og gav oss ein god kveld!

torsdag 12. februar 2015

Privilegium

Eg går her, ein vandrar og tenkjer
og kastar tida mi bort
Men kven kan vel sei eg skal gjera
det som eg ikkje
får gjort?

Så set eg meg ned i mi hole
og kastar tida mi bort
Her lokkar eg  fram gode
kjensler
av alt som eg ein gong
får gjort

onsdag 4. februar 2015

Blåkvit lukke


Eg går her og gler meg,
ryddar huset og skriv
til ein morgon som vaknar til blåkvitt liv

Eg dekkar på bordet
med blomar og lys
legg kubbar i omnen til den som frys

Så lagar eg til
litt enkel mat
og fyller mitt hus med veninneprat

Det er mi blåkvite februarlukke,
eg samlar på den
i mi gledeskrukke

fredag 30. januar 2015

I morgon

Nei, i dag har eg ikkje gjort mykje "forstandig".
Mange timar utan å føreta meg noko nyttig, rett og slett!
Det er nok forkasteleg!
Tida er då så dyrebar!

Hadde eg baka, strikka eller sagd ved, då hadde eg gjort noko fornuftig.
Hadde eg tatt helgereingjeringa i dag, hadde eg vore glad i morgon.
Hadde eg ringt til, gått på besøk til, invitert til - ja då hadde eg gjort noko positivt!
Hadde lese ei bok, førebudd ein tale eller to, då hadde eg gjort ein jobb!

Rett nok - eg har gått ein times tur med Erna i snøkavane, og det var jo sunt og sosialt!
Rett nok - eg har vore på butikken i slapse-veret, men det var på nippen til at det vart utsett!
Rett nok - eg har laga meg litt mat og fyrt i omnen, det må jo til!
Rett nok - eg har  prøvd å få noko til på PC-en, men det vart ikkje vellukka.

No er det fredagskvelden og eg innser; kvelden blir som dagen!
Eg konkluderar på same måte, om enn av ulik grunn, som Jakob Sande (som eg forresten har hatt eit flott møte med denne veka, og som eg tillet meg å omskriva litt).

I morgon skal eg byrgja på eit nytt og betre liv, 
trur eg
Ikkje meire pc og unyttig tidsfordriv,
trur eg
Eg skal slutta kasta tida bort med inkjevetta tull 
men  baka gode kaker, fylla fryseboksen full
trur eg

I morgon skal eg byrgja på den gode veg som sagt,
trur eg
Taka striden opp mot kjøtet og den heile latmanns-makt.
trur eg
Men i kveld lyt det få vera, for eg er så spøkje lat 
kanskje endar den med kaffikopp og snacks opp på eit fat,
trur eg!

God fredagskveld!

søndag 18. januar 2015

"En himmel full av stjerner"

Kan vi tru at vi kan gjera verda til ein betre stad for kvarandre?
Kan vi tru at kjærleik og fred skal skapa tryggleik og glede for alle?
Kan vi tru at menneske er godt på botn?
Kan vi tru at nestekjærleik og solidaritet skal femna alle?

Eg vil gjerne tru på det.
Eg vil gjerne bidra slik at det skjer.

Vil eg lukkast?
Vil vi kunna lukkast - 100% ?

Svaret mitt blir diverre nei.
Stykkevis og delt, lukkast vi!
Mykje godt skjer, og det er stadig stort engasjement for å skapa ei betre verd, men alltid er det nokon som ikkje får del i det gode. Alltid er det krig, svolt og liding.
Så langt seier historia at vi ikkje vil lukkast 100%
Men likevel gjev vi ikkje opp draumen om "en himmel full av stjerner, blått hav så langt en ser...." som Lillebjørn Nilssen syng om.

Vi blir drivne av eit håp om at det skal lukkast!

Som kristne blir vi drivne av det kristne håpet!
Håpet er knytta til Jesus som ein dag skaper alt nytt! Uverkeleg? Ja, men vi trur det!

Diktarpresten Eyvind Skeie har ein nydeleg salme som møter desse svære tankane med næring for trua, håp for framtida og meining til kvardagslivet! Dette er faktisk godt å leva i!

Om du les vidare, så merk deg at 1. og 3. verset startar med: "Jeg tror på jordens forvaldling en gang, en tid, et sted" og 2. og 4. verset startar med: " Jeg flykter ikke fra verden".
Salmen samlar mi tru og mitt håp, og gjev meg energi og engasjement!

Jeg tror på jordens forvandling
en gang, en tid et sted,
en fremtid hvor Guds himmel
til jorden senkes ned,
en evighet av glede da alt det vakre her
blir løftet i Guds klarhet og stråler bedre der.

Jeg flykter ikke fra verden,
den jord som engang falt,
er båret av de hender
som skal fornye alt.
Jeg vet at Jesus lever! Jeg tror at Herren Krist
når alle håp er ute, skal stige frem til sist.

Jeg tror på jordens forvandling,
en tid, et sted, en gang
skal alle ting bli nye
og alt blir fylt med sang!
Ja, jorden skal fornyes, og gode ting skal skje!
Bak døden venter Jesus, Den som vil tro, skal se!

Jeg flykter ikke fra verden.
Blant jordens minste små
der finner jeg en fremtid,
som jeg vil vente på.
Ja, jorden skal forvandles, dens natt går alt mot gry!
Jeg tror at Jesus Kristus skal gjøre verden ny!