torsdag 28. juni 2007

Viktig møte

Ein skal frå utsida vera svært så varsam med å kritisera eller å gje uttrykk for å ha svaret på kva, korleis og kvifor det gjekk gale i Sløvågen for fem veker sidan. Vi er takksame for at ikkje liv gjekk tapt - det er nesten utruleg. Likevel- luktplager, helseplager og usikerhet omkring kva som var på tankane og kva som er i lufta opptek oss alle, det var difor vi tok saka opp i kommunestyret i Masfjorden 18. juni.

Eg tilstår at det undrar meg at det ikkje kan gjevast betre svar etter kvart. Eg må også gje uttrykk for at det er lite tillitvekkjande når både verksemda og ulike offentlege etatar verka så totalt uførebudde på kva som kunne skje, og på kven som har ansvar når noko skjer.

Det er difor bra og nødvendig at Gulen kommune samlar alle ansvarlege til eit møte slik Masfjorden kommune melder på si heimeside .
Eg vonar at dette møte blir eit ærleg og ope møte der sanninga kjem fram, ikkje for å "ta" nokon, men for at det kan skapast ro og tryggleik for oss som bur og pustar her. Eg ønskjer og at møtet kan føra til at vi alle står betre rusta til å møta utfordringar i framtida. Prestisje må leggjast tilside, berre slik kjem ein vidare. Sløvåg er eit viktig næringsområde for oss med mange gode og seriøse arbeidsplassar. Det er viktig at det vert skapt ro, tryggleik og tillit til det som skjer, og skal skje der.

I Masfjorden KrF sitt program står det: KrF vil at det i samarbeid med Gulen vert utvikla gode beredskapsplanar rundt Sløvåg.

Vi trur det er viktig at vi to nabokommunar står saman i slike saker.

søndag 24. juni 2007

Tidenes yngste


KrFU har vald ny
leiar denne helga, Kjell Ingolf Ropstad frå Aust-Agder har overtatt etter Inger Lise Hansen som berre 25 år gamal har blitt 2. nestleiar i KrF. Kjell Ingolf er 1. vara på Stortinget og var som 20 åring tidenes yngste stortingsrepresentant. (er vara for Åse Gunnhild Voie Duesund, med namn frå Masfjorden)

Inger Lise Hansen er tidenes yngste partileiar i KrF, eg trur ho kjem til å gjera ein god jobb. Ho har lang fartstid i KrF allereie og har m.a. leia KrF sitt arbeid med KrFs ungdomspakke, som vart vedtatt på Landmøte i vår. Les her.

Masfjorden KrF sin yngste kandidat til kommunevalet 10. sept er Lillian Andvik. Ho er 19 år og nett ferdig på vidaregåande. Lillian jobbar på sjukeheimen når ho har "fri", og er m.a. leiar for det nyoppstarta Fjon musikklag, som er eit flott tilbod for dei eldste ungdomane pluss ein del musikkglade vaksne. Dersom ho kjem inn i kommunestyret blir ho tidenes yngste kommunestyrerepresentant i Masfjorden. Det hadde vore flott!

Eg har kjempetru på ungdomen! Det er så fantastisk mange flotte ungdomar og dei fascinerar meg. Dei er modige, har klåre meiningar og dei vil noko. KrF har som mål at minst 100 unge KrF-arar skal inn i kommunestyra til hausten.
Eg eg stolt over at KrF satsar så mykje å ungdomen, og nøgd med at vi har så mange unge på vår liste i Masfjorden KrF. Så er det opp til veljarane å få dei inn!

tirsdag 19. juni 2007

Litt annleis?

Er vi, kommunestyrerepresentantane til Masfjorden KrF, litt annleis? Det føltes faktisk slik på kommunestyremøte på Matre i går…

Høyr her:
Første ”annleissak”
Utvida skjenkeløyve i Stordalen Avstemming 13 ja - 2 nei(KrF)
(V og Sp stilte berre med ein repr kvar – difor ikkje 17 stemmer)

Andre ”annleissak”
Forslag frå KrF om vidareføring av ”Stjernestunderprosjektet” innanfor pleie og omsorg.
Avstemming 2 ja (KrF) 13 nei
Tredje "annleissak"
Bruk av landbruksareal til bustader og sentrumsutvikling på Matre:
Ikkje avsteming, men KrF kjente seg nokså åleine om å vektleggja vern om dyrka mark på Store-Matre.
(Sp hadde forlete møtet)

Korleis kjennes det å vera litt motstraums?
Eigentleg ok når ein er trygg på det ein står for.
Korleis kjennes det å tapa?
Surt – når ein har tru på at det ein står for ikkje er så dumt.
Men slik er politikken, og på fotballkalenderen til fotballspelarane i heimen i ei forgangen tid, sto det ofte ”Tap og vinn med same sinn"
Ikkje så dumt, men eg innrømmer at nokre saker er surare og litt meir uventa å tapa enn andre.
Men to stemmer er jo alt for lite.......

søndag 10. juni 2007

Rik og fattig

Eg har nett sete og høyrt gudsteneste frå Austrheim. Seimaren Egon, som eg er oppvaksen saman med, har saman med kyrkjelyden hatt ei sterk gudsteneste der Den rike mann og Lasarus var teksten. Det er ein historie med fleire siden, men utan tvil ein sterk tekst om det å vera rik, og det å vera fattig.

Eg tilstår at eg har problem med å vera så rik som eg er. Sjølvsagt er eg glad for at eg har hus, heim, mat, klær, arbeid, pengar og alt eg treng. I går sat eg rundt eit godt middagsbord saman med vener og vi samtala om vår rikdom og vårt forhold til rikdomen. Korleis skal vi leva med rikdomen vår, kvar går grensa mellom det å dyrka rikdomen og det å vera glad for det vi har? Vi skal jo skapa verdiar, vi skal bruka det vi har, og vi skal vel ikkje gje kvarandre dårleg samvit fordi vi er rike.. Det er vanskelege spørsmål dette, og det er ingen lette svar.
Hovedoppslaget på dagsnytt etter gudstenesta var krav om nasjonale sosialhjelpsatsar i Norge. Dette fordi det blir oppfatta som negativt å behovsprøvd støtte. Den ballen tek eg ikkje i dag, men den minner meg om at slett ikkje alle i vårt land har det så romsleg som eg... Det er det viktig for politikaren Kari å vera seg medviten.

2006 gav med høve til å gå gjennom to slumområde, eit i Bangkok og eit i Nairobi. Eg kjente meg uvel, gå der for å sjå på folk sine elendige livsvilkår. Ei rik kvit dame, med solbriller, solhatt og fotokamera... Lukt, kloakk og folk som kikka fram i skuropningane - nei eg kjende meg ikkje vel.
Eg veit at vår rike forbrukskultur aukar fattigdomen i verda. Kva gjer eg? Kva gjer vi i Masfjorden kommune? Er 1 eller 5 kr pr innbyggjar til TV- aksjonen ein gong for året nok? Kva gjer vi i Norge vi som ikkje klarar å setja av 1% til dei fattige i Statsbudsjettet?

onsdag 6. juni 2007

Klimautfordring

Kva hadde Nordhordland vore utan Mongstad? Vanskeleg å sjå det heilt for seg. Mongstad, som ligg som ein by uti fjorden og lyser opp i mørke kveldar. Mongstad med arbeidsfolk og aktivitet, med Nord-Europas nest største hamnebaseng, med båtar, tankar, røyr og fakkel - ein motor i regionen. Vegar, bruer, næringsutvikling og velstand, utviklinga på Mongstad har skapt store ringverknader i Nordhordland, og vi er glade for det.

Men utviklinga har sin pris, utslepp av klimagass på Mongstad og Sture er hovedårsaka til at Hordaland ligg på topp i landet seier fylkesmannen i ein nyleg utgitt rapport.
Vi står ovanfor store klimautfordringar. Vi høyrer om det kvardag, brear som smeltar, flom, storm og tørke...Menneske og natur lir og vi må snu!

Kan vi bråstoppa utviklinga? Neppe, men ein ting er vi i alle høve i stand til å gjera dersom vi vil, og det er å la det planlagte gasskraftverket på Mongstad få CO2-reinsing frå første dag. Vi kan ikkje lenger lata att augene og tenkja at fem eller ti år ikkje er så viktig! Det er viktig! Alle ser det!
KrF seier nei til gasskraft utan CO2- reinsing. Sentrumsregjeinga gjekk av på ei gasskraftsak. Eg syntes det var trist den gongen, syntes vi fekk gjort så mykje bra i Bondevik 1 regjeringa, men meir og meir ser eg at det var ei rett og framtidsretta avgjerd!
Indianarane seier: "Vi har ikkje arva jorda av fedrene, vi lånar den av borna våre."
Les KrF sin klimapolitiske handlingsplan her