fredag 28. september 2007

Så bra!

Ein viktig post på KrF sitt valprogram er oppfyllt, og vi tek ikkje æra for det. Vi har ynskt samlivskurs for nybakte foreldre i kommunen i programet vår, og no inviterar Masfjorden kommune ved helsesøster Marta og psykiatrisk sjukepeiar Dag førstegongsforeldre til kurs! Så bra! Eg veit de har hatt lyst til dette lenge. Flott at de får det til.
Dette var ei av Laila Dåvøy's fanesaker då ho var barne og familieminister, og no er vi i gang i Masfjorden! Flott og lukke til.

PS! Eg har eit litt "gamaldags" sitat bak i hovudet mitt - det lyder omlag slik: "Den beste gåva ein far gjev til barnet sitt er å vera glad i mora" Dette kan sikert både mistolkast og vidaretolkast, men poenget er klart, foreldre som har det bra saman, gjer barnet godt!
Les meir

torsdag 27. september 2007

Sanketida over?

Endeleg ein dag med sol. Eg møtte Venke på Sandnes i ettermiddag, ho hadde vore på Klefjellet og henta ned tre sauer i det strålande haustveret. Endå mangla ho seks- sanketida er ikkje over endå, og vi håpar på godt ver så fleire juleribber kjem nedatt frå fjellet.

Men stemmesanketida er over. Det merka vi på kommunestyret på tirsdag, fire år til neste sanking og ein del politikarar kjenner seg visst rimeleg frie ser det ut for.
Vi skulle drøfta Matreplanen på tirsdag, men det vart ein trist affære. Rådmannen brukte først tre kvarter på å leggja fram planane, dei fleste gode og utviklande planar som skulle gje grunnlag for ein god debatt om ei viktig sak. Debatten kom ikkje. Ap sitt engasjement var å fjerna ein regulert hustomt, og så melde dei si interesse for å vera med i "brugruppa"- punktum. Ikkje eit ord om landbruket. Ap uttrykkte seg litt merkeleg om dette i lokalavisutspørjinga under valkampen, dei sa noko om at Ap berre ville ta jordbruksareal dersom det var regulert til bustad.. ! Eg stussa litt over dette svaret, håpa i det lengste det betydde at dei ikkje ville omregulera landbruksareal, men no regulerer dei ,og "kysten er klar".
I valkamputspørjinga sa Sp som forventa nei til å øyda jordbruksareal, men dei stemte i mot KrF sitt framlegg om å føra innatt landbruksarealet i planen- endå merkelegare enn Ap sin handlemåte. Kva seier veljarane deira??
FrP sa nei i ei avis og ja i ei anna, det var nok ikkje deira feil, eg hugsar deira svar i møte med lokalavisene som nei, i kommunestyret sa dei ja bustader på dyrka mark, kva meiner veljarane deira? Høgre og Venstre har jo sagt nei til tradisjonell landbruksdrift på Matre lenge, og vi lyt respektera det, men eg takkar i alle høve Karstein Totland for engasjement slik at vi fekk ein liten debatt. Men argumentet ditt Karstein om at vi kan ta saka att "neste gong", det vert for passivt for meg.
Eg skjønar bonden på Matre sin frustrasjon og engasjement, og eg frydar meg eigentleg over at det endå er unge bønder som orkar, som tek ansvar og som kjempar med nebb og klør for garden og framtida si på den. Alt for mange gjev opp. Du og dei andre der inne burde sleppa å kjempa mot dykkar eige kommunestyre, det er andre løysingar på bustadutfordringa,vi fattar ikkje at ikkje kommunestyret ser det.

tirsdag 25. september 2007

Litt konstitueringsfundering

Det nye kommunestyret i Masfjorden har konstituert seg i dag, og eg fekk raskt inntrykk av at dette blir eit spanande kommunestyre. Dette trur eg fordi eg m.a. såg at eg var ganske "gamal" i dag... Eg registrerte med tilfredshet at det var eit forholdsvis ungt kommunestyre som sette seg rundt bordet, eg var nest eldst i forsamlinga fann eg ut, og det var faktisk heilt ok. Eg synes det er så bra at det er mange yngre og nye politikarar som er med og tek ansvar. Faktisk var eg òg rimeleg ung då eg starta, 20 år yngre enn i dag.. Merkeleg- eg burde kanskje hatt vèt til å gje meg, men det vetet har eg ikkje fått endå, eg er kanskje litt politisk "seigliva" eller kanskje rett og slett ei "seigedame"??

Det andre eg registrerte som positivt var at det var ein perfekt kjønnsbalanse rundt bordet i dag, 8 kvinner og 9 menn! Slik har det ikkje vore før. Formannskapet vi valde i dag har faktisk tre kvinner og to menn, og varaordføraren vart endå til ei kvinne. Slike overtak og "sigrar"har ikkje vore kvinner forundt i Masfjorden tidlegare......

Synes også det er flott at det var heilt nye representantar på plass. Både Ap, Venstre og KrF har fått representantar inn som aldri har vore med før.
Eg ser fram til å bli kjent med heilt nye masfjordpolitikarar.

Vi skal utvikla kommunen - eg gler meg!

torsdag 20. september 2007

Masfjordingar med viktig jobb

Knarvik senter er ein positiv samlingsstad for både born, ungdom, vaksne og eldre frå heile Nordhordland. Men det er og ein stad der enkelte born og unge kjem i kontakt med miljø der dei får sitt første møte med alkohol og narkotika. I går var det informasjonsmøte på Nordhordland Folkehøgskule om den nyoppretta ungdomskontakten, skriv avisa Strilen.

Dette prosjektet er eit interkommunalt og tverrfagleg arbeid som også Masfjorden kommune er ein del av. Vi i KrF har sjølvsagt støtta opp om dette fordi Knarvik er ein viktig stad for oss. Dei fleste av ungdomane våre har Knarvik som den første stoppestad for eit liv på eigne bein, og senteret er ein viktig møteplass også for våre ungdomar.

Vi ønskjer dei to masfjordingane, May Bente Matre og Kristin Midtgård som har fått ansvar i dette prosjektet, lukke til!

onsdag 12. september 2007

Takk for støtte

Valet over og KrF fekk ein framgang på 0.9 %. Sjølvsagt er vi skuffa over at vi ikkje fekk tre representantar, men vi mangla omlag 15 stemmer for å få dette mandatet. Dette viser oss igjen at kvar stemme er viktig!
Forhandlingar om dei viktigaste verva er også over, og KrF har i samarbeid med Høgre, Venstre og FrP sikra Håkon Matre fire nye år som ordførar. KrF fekk varaordførar - den nye varaordføraren er altså meg...

Dette er ei løysing KrF er godt nøgde med, både det at det vart så brei semje om samarbeid, og sjølvsagt det at KrF fekk varaordføraren. Vi har særleg grunn til å takka Venstre som aksepterte å "berre" ha 1. varaplass i formannskapet.

I kommunestyret dei neste åra vil eg og Siri Kratzmeier møta fast. Marit Steinestø er første vara, Frank Kvinge 2. vara og Lillian Andvik 3. vara.

Vi skal gjera vårt beste for innbyggjarane i Masfjorden. To stemmer er berre to stemmer, men vi trur vi kan vera "gode" på samarbeid og gler oss til å ta fatt!
Takk til dykk som har hatt tru på oss og som har gjeve oss støtte !

Her finn du det nye kommunestyret

lørdag 8. september 2007

Gul rose

Så er det siste innspurten i valkampen. I går og i dag er Masfjorden KrF ute med gule roser. Dersom du ikkje har fått, så er det fordi vi ikkje møtte deg då vi var i di bygd. Om du ikkje har fått rose så har du i alle høve fått programet vårt. Kanskje er du i tvil kva du skal velja og for moro skuld kan du jo ta denne testen. Den er litt "søt" men kan vera ok på ein laurdagskveld.

Har du spørsmål til KrF før du bestemmer deg kan du leggja det under kommentar på dette innlegget, så svarar i kveld eller i morgon tidleg. I heile dag er det valkamp, og eg skal ut og køyra på partileiar Høybråten i dag. Eg skulle jo drive valkamp i Masfjorden, men slik er jobben min (men før eg reiser skal eg dela ut roser på Andvik og Sandnes...)De møter Marit, Lillian, Helge, Jon og fleire i bygdene i dag, snakk med dei og spør....

torsdag 6. september 2007

Berre veg, ferje og bru ?

Det har vore mykje veg, ferje og bompengar i denne valkampen og det er viktig. Likevel, dette er ikkje alt.
Masfjorden KrF vil først og fremst at eit godt oppvekstmiljø skal vera Masfjorden sitt varemerke. Vi vil ha eit lokalsamfunn der unge familiar trivst fordi dei og borna deira har det godt. Vi vil ha full barnehagedekning også når øyremerke tilskot fell bort, vi vil ha ein skule utan mobbing og som har tid til å sjå enkeltelevar sine behov. Vi vil tilby samlivskurs for førstegongsforeldre og ha eigen koordinator for familiar med funksjonshemma familiemedlemar. I tillegg er vi garantisten for fortsatt sertifikatstøtte på 4000 kr til unge som deltek på kurs om trafikk og rus.
For oss som er kandidatar for Masfjorden KrF er også dette viktig!

mandag 3. september 2007

Betre alderdom

Vi har ei god eldreomsorg i Masfjorden. Vi har ein god og moderne sjukeheim, omsorgsbustader og ei god heimeteneste. Likevel har vi utfordringar å ta tak i. KrF vil særleg ha fokus på innhaldet i eldreomsorga i tida framover. Dei eldre har, som alle andre, både kropp, sjel og ånd som treng næring og stell. Vi ønskjer at dei tilsette i omsorgstenesta skal få betre tid til den enkelte brukar slik vi veit at dei ønskjer å gje det. Vi ønskjer at det frivillege sosiale arbeidet som vert drive av organisasjonar, frivilighetssentral og kyrkje skal verdsetjast endå meir. Difor har KrF føreslått å auka budsjettrammene innanfor desse felta dei siste åra. Vi har fått til ein del, men ønskjer meir.
I programmet vårt står det m.a.:
KrF vil
- styrkja innhaldet i eldreomsorga
- vidareutvikla aktivitetstilbodet for eldre i bygdelaga
- støtta Frivillighetssentral, organisasjonar og kyrkja sitt arbeid for eldre

lørdag 1. september 2007

Førstegongsforeldre

Å bli foreldre er vel det største som kan skje, og eit nyfødt barn er ein fantastisk liten skapning. Eg snakka med ein ung far i dag, han hadde to små vogna, og med stolthet fortalde han at han hadde fire til! Eg vart imponert!

Å bli foreldre for første gong endrar tilværet for foreldra. Eit lite "vesen" som krev all merksemd, og som ikkje spør om sin rett til å få det. Dag og natt får ein ny rytme, og familielivet skal inn i ein ny fase.

KrF i Masfjorden ønskjer at alle nybakte førstegangsforeldre i Masfjorden skal få tilbod om eit enkelt samlivskurs.
Slike kurs er for tida svært populære, og vert meir og meir vanleg i heile landet. På kursa får ein kunnskap og orientering om kva som skjer med mor, far og barn i den nye livssituasjonen. Det er på ingen måte "krisehjelp" som skal tilbys, men kunnskap og forståing om kva som er "det vanlege" og "normale" i ein slik lukkeleg situasjon. Vi trur at samlivskurs førebyggjer kriser, gjer foreldra tryggare, og vil vera med å gje ein god og trygg oppvekst for det vesle "nurket"