torsdag 11. november 2010

Lukke til Marit

Marit Steinestø har blitt ny varaordførar i Masfjorden ! Eg synes det er spennande at ho får denne muligheten, og eg er overtydd om at det går bra. Det er fleire grunnar til at eg trur dette går bra for Marit har lang erfaring frå Masfjordpolitikken, og ho har evne til å tenkja politisk. Ho har også engasjement og driv i seg til å finna løysingar for saker innbyggjarane synes er viktig, og det er ein god eigenskap. I tillegg har ho eit aktivt lokalt KrF i ryggen, det viste Masfjorden KrF i gårkveld då ca 30 av ca 45 medlemar stillte på medlemsfest, ei flott fest som Marit leia på ein god og trygg måte.
Når ho i dag også får meldinga om at KrF sin Knut Arild Hareide seier ja til å bli leiarkandidat i partiet hennar, ja då trur eg ho får seg ein ekstra inspirera for partiet som har satsa på henne. Lukke til Marit

tirsdag 2. november 2010

Buplikt

Eg set i stova vår - VÅR stove! Vi har flytta i eige hus for første gong, i ein alder av 60 +. Vi har kome heim, heim til Skår! I 27 år har vi budd i prestegarden i Masfjorden, og vi har hatt det så flott der! Men sjølv om det var vår heim så var det ikkje vår heim likevel. I alle år har ein snikande tanke lagt på lur, kva om noko skjer med presten? Kvar skal vi flytta dersom familien har tre mnd på seg å flytta ut på? Heldigvis har det gått bra for oss, og vi har fått hatt ei "styrt" flytting.
Buplikta for prestar er spesiell, på godt og vondt. Vi har fått bu i ein stasleg gamal prestebustad med historie, kultur og mange kvadratmeter og det har vore på mange måtar eit privilegium. Minuset for oss som prestefamilie har vore usikkerhet om framtid, at draumen om eige reir først kan realiserast når vi nesten er pensjonistar.
Eg vil tru at denne bupliktordninga står for fall, og eg trur det er andre måtar at prestegjeld kan hjelpa ein ny prest med bustad på enn denne buplikta. Eg ser fram til at den nye prestegenerasjonen kan få gleda seg over å vera prestefamilie på ulike stader i landet, men at dei når dei sjølve ønskjer det, kan få flytta i eigen bustad.