onsdag 26. desember 2018

Heime

Middagskvil på ein 2.juledag!

Syntes eg høyrde stega
som ikkje var der
Syntes eg høyrde praten 
som berre eg kunne høyra

Brått vart eg ungjenta
på sofaen i skumringstimen 
med juletreglansen
i stova
som skapte den gode ungdomskjensla
av å vera HEIME

Ei lita lukkestund
med takk for det som var
og med takk for det 
gode som kan finnast att
i skumringstimen 
I julelys glans 

lørdag 15. desember 2018

Saxofon i gravferd

Klokkene tonar ut
Nokre sekund er det kyrkjestille
Det er gravferd - det blir stille då

Så tonar saxofonen frå galeriet
"Jeg vil heller ha Jesus enn perler og gull"
Saxofonen er i gravferd.
Eg kjenner melodien
Jeg vil heller ha Jesus
I ei gravferd

Vakkert, sterkt og sårt som berre ein saxofon kan uttrykkja det
Lyden breier seg gjennom heile meg
Tårene kjem
"heller ham enn de skatter som smuldrer til muld"
I ei gravferd

Orda høyrde ingen
det var ingen ord
berre tone
Tonen frå saxofonen
"Jeg vil heller ha Jesus"
Eg kjenner orda
Det gjorde nok fleire enn meg også
Vi song den frimodig i unge år
"enn ha kongemakt og en fyrstes prakt
men i lenker være lagt"
Melodien er sår på denne linja - inne i meg
Saxofonen ropar det ut
Likevel
alt blir så rett
så vakkert
så sterkt

Og då kista vart bore ut
spela saxofonen
glade tonar
"Å, hvor salig å få vandre hjemad ved vår Faders hånd"
medan vi fylgde vår ven som hadde vandra heim
"Her vi skilles fra hverandre"
Vi erfarte det

"Herlig sangen der skal bruse
sterkt som lyden av en mektig flod
Ære være Gud og Lammet 
som oss kjøpte med sitt blod"

Saxofonen jubla for håpet
I ei gravferd

Gravferd for Ottar Vikane i Austrheim kyrkje 13.12.18
Saxofon: Kjell Bergsvik
Begge to vener frå ungdomstida.

tirsdag 11. desember 2018

Stormen lovar ingen ting

Meiner så sikkert eg høyrde fjellbjørka si bøn til stormen då vi køyrde over Haukeli på fredag.
Alt var froststille, snødekt og vakkert.

Ei einsam, vakker fjellbjørk
høgt oppe på Haukelifjell
Ho bar si kvite snødrakt stolt
og alt var fredfullt, stilt og godt

Ho sa:
I vår så var eg ung og grøn  
eg kjende meg så mjuk og sterk 
og alle tykte om meg slik
Men hausten kledde prakta av
og eg vart naken
grå og kald

I dag kom snøen, vakker, mjuk og kvit
den la seg tett omkring meg
eg kjenner meg så trygg

Eg bed deg
kalde vinterstorm
Spar kappa kvit 
når du kjem hit
Lat meg få stå 
med kåpa på
til vårsola drypper 
den leikande av
og eg på nytt 
vert mjuk 
og grøn 
og ung 

Men stormen lovar ingen ting