tirsdag 31. oktober 2017

Barndomsminne

Ho lika ikkje når fjorden var grå, lika ikkje fargen, lyset og det lauvtomme rognetreet som sto ved sjøkanten og sprikte med dei tomme greinene sine ut i den gråe vinterdagen. Ho kjente noko trist inne i seg ved desse fargane, det gråe lyset, den gråe fjorden og dei tomme, svarte greinene på rognetreet. Stundom sat ho ved stoveglaset og ville prøva å teikna dette treet, det var jo berre gråe strekar trudde ho, men erfarte at ho tok feil. Ho fekk det ikkje til. Det var mykje lettare for storesøstera å teikna, visste ho.

Men når fjorden var blå, og kveldssola kasta stjerner bortover vassflata, då var det annleis. Då lika ho å stå ved gjerdet - ikkje utanfor men innanfor - slik mor hadde sagt, å sjå på fjorden. Stå der og lengta etter ein fiskebolleboks med snøre og sluk på, og eit trygt fylgje ned på steinane slik at ho kunne få prøva fiskelukka. Ho hadde forresten laga boksen sin klar. Spikra ein rund pinne fast med ein pappspikar på kvar side. Det var handtak, det skulle ho halda i medan ho skulle halda fast i snøret med den andre, kjenna tyngda av sluken skapa kraft til snøret som skulle senda sluken ut til fisken. Ho kjende det i heile seg at det skulle bli spanande å dra inn, få snøret rundt boksen og dra i land ein sprellande liten torsk. Ho drøymde seg vekk med den tanken, for ho hadde prøvd det, og det skulle kunna gå .

Ho sto og tenkte på dette mange sommarkveldar - der på den rette sida av gjerdet, medan ho såg på båtane som rodde utover fjorden for å fiska i sommarkvelden. Ho høyrde dei før ho såg dei, båtane. Det var taktfaste knirk frå åredraga, og det var spennande å sjå kven som kom bakom trea i sjøkanten. Ein var kvit med grøn kjøl, ein var brun med raud esing, ein var tjørebreid og ein var kvit og raud. Ho kjende dei som sat oppi og rodde. Dei hadde båt dei, dei var liksom litt annleis enn oss  tenkte ho. 

Ein kveld skjedde det noko, som ein draum som vart oppfylt. -  Kari, ropa Johannes frå båten sin med dei raude sideborda - Kari, du må gå opp til mor di og sei at i kveld skal du utpå og fiska. Kva sa han? Skulle ho utpå og fiska? Litt andpusten sprang ho inn til mor . Mor, han Johannes seier at eg skal ut å fiska i kveld? Seier han det, seier mor litt spørjande - då må du ta sokkar på deg, og den raude jakka. Det er kaldt på sjøen om kvelden.

Lika mor dette skal tru? Det er ho som har sagt at sjøen er grå og trist når det er grått. At ho ikkje lika når det susar frå sjøen. Det er ho som seier at ho er ikkje vand med sjø, og at vi må passa oss for den. Men no finn ho klede til jenta si, og sender henne ned til båten til Johannes. Brått kjende jenta ein klump i magen, men det lyt våga seg. Det er jo dette ho har drøymt om så mange kveldar, at ho skulle få vera med, og no må ho gripa sjansen. Dette vil ho! Dette skal ho, og båten og Johannes låg ned med steinane og venta.

Johannes røykte pipe. Slik skulle det vera med han. Johannes var snill, og han hadde namn på alle dyra sine, kattar og sauer og kyr - alle hadde namn, tenkjer ho. Vi også har namn på dyr, men berre på kyrene, tenkte jenta - Ein gong fekk ho ein kvalp av Johannes, Laika sin kvalp, men då ho kom heim med den fekk ho ikkje lov å ha den, og ho måtte gå den tunge vegen og levera den tilbake! Johannes er snill, tenkte ho.
Jenta var trygg med Johannes. Ho kjende han, han var naboen hennar og ho hadde fått 25 øre for å finna hesteskoen på beitet deira ein gong eller to. No rodde han henne utover fjorden, og ho kan endå kjenna stemninga av sjø, åretak, piperøyk, og ei spenninga ved å halda i dorga hans.

Det kom litt fisk, og turen vart ikkje så lang. Kanskje kjende Johannes både Kari og mor hennar så godt at han visste at turen ikkje skulle vera så lang for dei to. Dei var ikkje så vane med sjøen, dei hadde ikkje båt der nord, men at Kari hadde stått så mange kveldar og sett ned på sjøen det hadde nok den barneglade naboen sett, og han skjøna at det var han som kunne gje nabojenta ein kveld på fjorden. Det var klokt og snilt av den gode naboen nede på Skår - tenkjer den vesle jenta 60 år etterpå.

lørdag 28. oktober 2017

Bladkrans

Det er siste laurdagen i oktober
Blada på trea får god hjelp til å dala ned på bakken
Det vekslar mellom sol og regn
og eg tenkjer at i dag skal eg ha ein inneheimedag

Eg har ein kringledeig til heving, og synes det er fint at den berre står der og gjer seg klar utan mi hjelp nett no
Så kan eg skriva - likar betre å skriva enn å baka

Håpar eg har hugsa å ta alle ingrediensane opp i deigen
Det er faktisk ikkje alltid slik - dei som kjenner meg veit
For det blir ikkje det same utan gjær
eller sukker, kardemomme
eller smør.
Mjøl og mjølk hugsar eg
kjem ikkje i gang utan det.

Kringla skal bli rund tenkjer eg
Eg kjem til å klippa oppsida og la det bli ein bladkrans
Så håpar eg at eg treffer med steiketemperatur og steiketid
Når den er kald skal den i fryseboksen
og så set vi att med berre lukta her i huset

For kringla skal brukast til dugnadsgjengen
som kjem med alle sine ingrediensar
som skal setja farge, smak og duft
som skal gje innhald og næring
og som saman skal baka ei god misjonsmesse
som kan gje glede, fellesskap og trivsel
og gje kampen mot urettferd og fattigdom fornya styrke
og stimulera iveren etter å dela tru og håp med medmenneske fjern og nær!


torsdag 19. oktober 2017

Togtankar

Set på toget
ut frå byen med sitt yrande, spennande og støyande liv
Sig avgarde gjennom stadig opnare landskap
med toghjul som seier:
mot vest, mot vest
Ein vakker, klår oktoberettermiddag
- der hausthimmelen stadig skiftar farge mot kveld
- der konturar av åsar og toppar markerer seg mot den gylne himmelen
og eg kan telja grantoppar mot synsranda
Over myrar og elveleie legg råskodda seg lågt
breier sitt teppe over gulnande gras.

No har eg site og sett, og sett
og det eg har sett blir til ord
her oppover dalen med dei kvite bjørkeleggene og dei stolte furuene,
og inn i meg kjenner eg glede over dette landet mitt!

Dette landet som har så mykje
som vil så mykje
og som er så lite
og likevel så stort

Og her får eg vera
inne på eit tog som susar avgarde
Her kan eg sitja å sjå og sjå, like til mørkre let auga kvila
og let tankane fara vidt og langt
heilt opp til han som har skapt alt "synleg og usynleg"
og som har sett vesle meg
og som har gjeve meg så mykje rikt.

Her set eg saman med han som har fylgt meg i 45 år
Vi ser mykje det same
vi pratar om det vi ser
og så er vi stille - stille
treng ikkje prata
let berre toget rulla og rulla

I går var eg, ei vanleg kvinne,
gjest hjå kongen på slottet hans saman med andre kvardagsfolk
No køyrer vi gjennom kongeriket hans og vårt
I dag har vi vore innom huset til dei som styrer gjer sine demokratiske vedtak

I kveld kjenner eg meg priviligert
i eit ope, vakkert og rikt land
med folkekonge og folkestyre!
Måtte vi ha klokskap og få visdom til;
- å ta vare på
- å vidareutvikla
- å dela
alt vi har til beste for dei som treng det mest.

søndag 15. oktober 2017

Ord frå godstolen

Ja, eg likar å vera ute!
Det store spørsmålet i kveld er: kvifor går eg ikkje ut?
Kvifor er dørstokken så høg?

Dette tenkjer eg på her eg set inne og kjenner meg søvnig i andletet og lat.
Eg burde gått ut i vinden og regnet!
Eg burde kjent meg søkkvåt og vaken, blitt kvikk og rask!
- Det er jo så herleg Kari!

Ja, for eg likar å vera ute, meiner eg, men eg set likevel inne og ser ut på piskande striregn og frisk vind som herjar på stoveglaset.
Men det rare og fantastiske er; eg kjenner at berre det å skriv nokre ord om regn og vind i andletet, gjer at eg kviknar til - at eg rett og slett vaknar!
Det var rart!!
Så kvifor gå ut då?
Å setja nokre ord på saka har alt gjort underveket!

Du verden kor mykje som blir løyst med ord!
Eg har sagt det før og seier det igjen - Ord er ein fantastisk ting!

Det var berre dette i kveld. Handling får bli eit anna tema! Ha ei fin veke!

søndag 8. oktober 2017

Kyrkjesøndagen

Kyrkja lever!
Også her heime på Seim!
På ein dag som denne med strålande haustver.

Vi var mange i kyrkja i dag. 
Konfirmantar for 50 og 60 år sidan hadde funne heimekyrkja si att.
Unge seimarar som går til undervisning dette året hadde sine oppgåver.
Søndagsskule for dei yngste.
Gode, glade salmar med Odd Leif sitt vakre tonefylgje!
Frivillege medliturgar!
Ein dyktig Torbjørn prest, som gav mat til tru og tanke.

Etter gudstenesta var det tur i haustsola som enda med
middag&misjon i bedehuset! Initiativrikt sokneråd!

Guds rike er nær!
Guds rike er her!
Her hjå oss på Seim, i Eitopia og alle stader der vi samlast om ord, sakrament og fellesskap.

Takk for trua!
Takk for kyrkja
Takk for fellesskapet!