tirsdag 30. april 2019

30 april

På ein kveld som denne
der russen startar festen
og andre teiknar raude plakatar til morgondagen
På ein kveld der Frp-Sylvi kvesser våpen
og vil ha straffa utmålt etter gatenummer
På ein kveld der dei viktige flygararane framleis streikar
og keisaren i Japan abdiserer
På ein slik kveld - dagen før flagget skal opp
set eg i stolen min og lengtar etter kusymre
Lengtar etter noko så enkelt som gul og velduftande kusymre

Kan det finnast noko betre å tenkja på på ein kveld som denne
enn ein gul, velduftande kusymre?

Om det blir med kusymrelengten i kveld
gler eg meg likevel over
at eg:
- ikkje er russ i natt
- ikkje skal halda appell morgon
- ikkje treng høyra meire på Frp-Sylvi
- ikkje er i streik
- og ikkje blir ny keisar i Japan

Livet er heilt ok med
gul kusymrelengt
Det er lov å håpa at
den kanskje kjem i hus i morgon
medan flagget vaiar
over bygd og by


søndag 14. april 2019

Heile verda song

Heile verda song
Alt vart fullt av jubel
Stemmer og orgelbrus
trompetklang og paukeslag
tona ut for all verda
"Jeg vet at Jesus lever!
Jeg tror at Herren Krist
når alle håp er ute
skal stige frem til sist"

Stemma brest
gledestårer finn veg
Sigeren hans
er sigeren vår
"når alle håp er ute"

Sitat frå Eyvind Skeie sin salme "Jeg tror på jordns forvandling"